Litt hagearbeid har me rokke, me har kvista plommetre og bærbusker, kasta ut nokre nevar kunstgjødsel og rydda litt, men alt for lite, sjølvsagt.
Inne i sofakroken har det gått ein del på kryssord, og på påskekrim om kveldane. Og me skal ikkje klage på serveringa. I går kveld hadde me tradisjonen tru rømmegraut og spekekjøt. Spekekjøtet var i år som så mange gonger før salta og røykt av huseigarane. Og i pakt med tradisjonen vart den første smaksprøva av låret teken attåt påskegrauten. I tillegg hadde med ein bit italiensk spekeskinke. Begge delar smakte. Solbærsafta var og heimedampa av heimedyrka og heimeplukka bær frå hagen. Men rømmen var kjøpt på Rema. Det var nok sauelåret og, før me la det i salt i haust. Apropos sauelår: det vert sauelår til middag og i dag. Det er og ein av påsketradisjonane våre. Mora si lammesteik, beste middag som tenkjast kan.
Tore har vore her i påska, og han var ute på livet i går kveld. Faktisk stod han opp og kom til frukostbordet før me var ferdige der, så han kan ikkje ha teke det så hardt. Det andre avkommet vårt er i Trondheim og feirar best dei kan.
Viss nokon les desse bloggane, har dei kanskje vorte forvirra av klokkesletta. Dei er steikhakkande galne og viser kanskje amerikansk vestkysttid eller noko slikt. Ikkje lat deg forvirre! Men då ønskjer eg deg rett og slett god påske!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar