søndag 18. januar 2009
DAGEN I DAG
Søndag, innedag, surt vêr, kuling og regn. Eg mislikar ikkje slike innedagar, eg kroar meg i sofaen med aviser, kryssord, bøker og sport på fjernsynet. Det same gjer Anne, som sit i godstolen og puslar med kryssord, ho og.
Anne kokte bacalao til middag, og stort betre mat er ikkje å få. Såleis er det ikkje så farleg om dagen utanfor stova er grå og sur. I går kom katten til Vegard heim att, så det er lyspunkt i denne mørke årstida.
Kanskje det er eit par lyspunkt i Gaza og? Iallfall er det rolegare i dag. Israelarane har tillyst våpenkvile. Kva dei no meiner med det. Håpar dei har fått eit par rifter i samvitet. Meir enn 1000 drepne palestinarar sidan offensiven begynte rett før nyttår. Det er meir enn dei norske tapa våren 1940 fram til landet kapitulerte. Dei fleste nordmenn var soldatar. Dei fleste palestinarar var sivile, mange var born og kvinner. Men døde i krig er aldri vakkert, same kva land eller kva tid det måtte vere.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar