Me går tilbake til 1964. Det var eit innhaldsrikt år i livet mitt, men no skal eg berre skrive om den einaste stafetten eg deltok i som representant for det ærerike Idrottslaget Svint, som visstnok har årsmøte om eit par dagar. Det var sundag, tidleg på sommaren eller kanskje seint på våren, og me reiste mannsterke til Leirvik i Sogn for å forsvare Svints ære i stafettløypa. Då me kom fram, synte det seg at oppslutnaden om ein slik stafett ikkje var som i glansåra på femtitalet. Det vart berre fire lag som stilte til start, to frå Svint og to frå arrangøren Sentrum. Eg veit ikkje kor stort rekrutteringsområde Sentrum hadde, men dei hadde no basen sin i Leirvik. Forresten haddde Bygstad idrettslag køyrt over seks mil kvar veg dagen før for å delta, men dei hadde bomma på dagen. Og dei kom ikkje att denne sundagen, så me fekk ikkje prøve oss mot dei.
Eg kjende meg svært usikker på om eg vart teken ut på noko av laga våre, men håpa på ei etappe på b-laget. Men bror Arne, som sjølvsagt hadde eit ord med i laguttaket som i så mykje anna, sette både seg sjølv og begge brørne sine inn på a-laget. Og "gamle" Olav Sande var med og sprang, sjølvsagt fekk han den lengste etappa. (Me tykte jo han var gammal, men han var nok berre 46 år.)
Ja, så sprang me då, og eg laut ta første etappe. Det gjekk ikkje verre enn at eg veksla med bror Arne like i hælane på sentrumløparen, som visstnok dreiv og sprang ein del. Og forlåte meg vann me heile stafetten. Noka stor bragd var det knapt; eg trur ikkje Sentrum idrettslag låg i første rekkje blant friidrettsklubbar i fylket. Likevel var dei litt snurtne, leirvikingane. Premiar? Nei, dei hadde bestilt pokalar, påstod dei, men dei var dessverre ikkje komne, så dei skulle ettersendast. Me trudde no helst at dei hadde teke for gitt at dei skulle vinne, så dei kunne spare utgifter til premiar. For me fekk aldri nokon pokal.
Viss dei ansvarlege les dette, kan dei jo rette opp skandalen.
tirsdag 7. mars 2017
søndag 5. mars 2017
UVENTA KNAPP
Eg har somla urimeleg mykje med skriving til ære for det stolte idrettslaget Svint. No har det gått vekevis sidan eg skreiv sist, endå eg er pensjonist og i utgangspunktet skulle ha allverda med tid. Men sidan laget skal ha årsmøte snart, tenkjer eg at eg får ta meg i hop.
Laget hadde eit godt og tenleg stadion til bruk for friidretten, som var hovudsatsinga til Svint i mi barne- og ungdomstid. Stadionet låg i Skor, heime hos eldsjela Olav Sande. Sand'n var jo den store stjerna i laget, ein seig liten tapp som var i landseliten på lange løp og ein sikker vinnar på ankeretappa i Svintstafetten. Ja, når han berre kom på å ta av på rett plass og ned til målområdet. Heime ved tunet sitt hadde han rigga til hoppestativ, lengdegrop og kulering, og han hadde målt opp distansar i riksvegen for løpsøvingane. Så alt var tilrettelagt for treningsstunder og klubbstemne.
Ein fager sommardag var me opp til Skor og tok idrettsmerke. Etterpå for me bort i Markhusvatnet, ikkje langt unna, og tok ein god dukkert. Nokon foreslo at me skulle symje eit stykke og tilbake, og me så gjorde. Symjinga gjekk bra; eg hadde no trass alt sumt frå Båthammaren ute ved Ilkjensfjæra og over til Kobbeskjeret og tilbake. Eller frå Saueskjeret over til Flekkebryggja og tilbake. Mange gonger.
I juleferien var det årsmøte i Svint, og på same møtet fekk me utdelt idrettsmerka som me hadde gjort oss fortente til. Men så kom Olav Sande med eit merke til: symjeknappen. Eg var blant dei som vart oppropte for å ta imot denne ærefulle knappen. Eg protesterte, eg hadde vel aldri vore med på nokon knappetest? Det måtte vere feil. Men så vart eg påmint om badinga i Markhusvatnet om sommaren. Å ja, no først skjønte eg poenget med den symjeturen. Og knappen vart min.

tirsdag 24. januar 2017
EIN AMERIKANSK DYSTOPI
Når det gjeld denne bloggsida, har
folk all grunn til å sjå på meg som ein halvnostalgisk mimrar.
Difor ser eg det slik at eg må sjå inn i framtida av og til. Då
burde eg nok ha vore meir optimistisk enn denne dystopien tilseier.
Eg skriv om Donald Trump. Sjølv om
eg mislikar han intenst, må eg tilstå at han har nokre poeng. Han
finn gjenklang hos folk som sikkert treng merksemd, og han har peikt
på manglar og misforhold i det amerikanske samfunnet. Han har rett
i at styresmaktene har sløst vekk mykje pengar på tvilsame
engasjement utanfor landegrensene.
Men han er ufyseleg sjølvopptatt,
lyg og overdriv når det passar han, skjeller ut eller snakkar
nedsetjande om folk han mistrur eller mislikar, og han legg fram eit
politisk program som knapt kan tene den jamne veljaren. No lovar han store skattelette til dei rike og nesten-rike. Kakse-venene hans skal grafse i statskassa der òg.
Det eg no fryktar, er at han kjem til å
sitje i stolen dei neste åtte åra. Når det så skal veljast ny
president i 2024, kjem ein av ungane eller kanskje ein svigerson til
å rykkje opp. Han vil arbeide målretta for å sikre dynastiet sitt,
og han kan lukkast.
Eit lite kjent innslag i
verdspolitikken er det som pressetalskvinna hans kalla «alternative
facts», altså reinhekla løgn, eller avvising av fakta som dei
seriøse media formidlar. Putin og hans regime har nytta metoden.
Trump gjorde det neste kvar gong han opna kjeften eller tvitra i
valkampen. Goebbels i Nazi-Tyskland lærte oss at ei løgn som blir
gjentatt mange nok gonger, etter kvart blir oppfatta som ei sanning.
I valkampen sa Trump sjeldan namnet til Hillary Clinton utan å
innleie med «crooked». Me kjem til å oppleve stadige gjentakingar
av Trumps sjølvskryt og skryt av eigne bedrifter, og grov
nedrakking av alt og alle han ikkje likar. Om att og om att. Og han
avviste faktaopplysningar som ikkje passa han og sa at «dei lyg,
lyg, lyg....»
Noko av det som skremmer meg mest,
er at det nye regimet kjem til å motarbeide og kanskje jamvel bruke
statsmakta til å setje stygge grenser for det frie ordet. Noko av
det flotte med det amerikanske samfunnet er aviser som Washington
Post og The New York Times, som set si ære i utøve skikkeleg
kjeldekritikk og samtidig setje søkjelys på makta og maktpersonar.
Og å halde seg uavhengige av interessegrupper. Det spørst kor lenge
dei greier dette. Trump-dynastiet og alt-right-rørsla likar ikkje
slikt. Kanskje dei finn metodar som skal binde og kneble dei? Saman
med seriøse fjernsyns- og nettkanalar. Det skulle ikkje undre meg.
Forresten er det dessverre slik at eit stort fleirtal av
amerikanarar aldri les desse avisene. I staden for seriøst
nyhendestoff har altfor mange amerikanarar mata seg med såkalla
reality-seriar, der Trump var ei stjerne. Og dei har lært å like
den bøllete reality-tonen.
Like ille som presidentvalet var
senatsvalet, som gav fleirtal til det republikanske partiet. No kan
Trump foreslå sine vener til høgsterettsdommarar etter kvart som
seta der blir ledige. Senatet skal godkjenne dei. Dermed kan
Høgsterett bli eitt av dei viktigaste maktmidla for den ekstreme
høgresida i landet.
Gjennom dei neste åtte åra får
landet ei avdemokratisering og ei avhumanisering med stendige åtak
på fundamentale menneskerettar og vern av minoritetar. Og så blir
den neste Trump vald. Det blir kanskje bruk for nokre tiltak mot
valsystemet og valordninga for å få det i hamn, men det fiksar dei
greitt.
Men får han folket med seg? Nei,
han må slite litt. Men no får han ein svært god start. Landet er
trass alle misforhold i betre stand enn på mange år. Arbeidsløysa
har gått kraftig ned og sysselsetjinga kraftig opp. Kriminaliteten
har gått ned. Utanlands er USA mindre involvert enn på lenge. IS
(som Trump skulle «utslette»,) er kraftig redusert allereie. Alle
opplysningar om dette og meir til avviste Trump som «løgner» i
valkampen. Snart får me statistikkar som viser framgangen, og som
Trump vil ta æra for. Om att og om att. Til tilstrekkeleg mange trur
han har rett. New York Times les dei ikkje.
Om åtte år er eg så gammal at eg
kanskje har gløymt kva eg skreiv i dag. Og eg vonar inderleg at eg
tek skammeleg feil.
søndag 22. januar 2017
FLEKKES (OG SVINTS) STORE DAG
I Den sjuande sans-dagboka mi frå 1958 er det ikkje mange notatar, men den 22.juni laut eg notere litt: "I dag er Flekkes store dag! Noregsmeisterskap i kort maraton." Og så har eg notert ned resultatlista.
Jau, det var ein stor dag, ein godvêrssundag og folkefest. Løpet - også omtalt som 25 kilometers landevegsløp - gjekk frå vegeskiftet i Flekke og følgde riksvegen til Nautsund, der deltakarane vende og sprang ned att til Flekke. Deltakinga var ikkje så mykje å skryte av, berre sju stykke. Finn Systad vann, og Svints store stjerne, Olav Sande, vart nummer fem. Men at Idrottslaget Svint fekk dette meisterskapet, var ikkje noka lita bragd. Tykte me.
Broder Steinar og jamaldringen Erik Sølvberg synte seg å inneha ein god grann forretningstalent. Onkelen til Erik hadde jo butikk i bygda, og no fekk desse to karane låne garasjen hans og rigge seg til med sal av brus. Kanskje jamvel is og snop, det hugsar eg ikkje. Onkel Odd kunne stå som forretningsansvarleg, så her vart det nok ikkje søkt om noko løyve. Litt lenger borte hadde Storakerfolket sin butikk ope og selde brus og denslags, dei òg. Men mens Erik og Steinar tok betalt for flaskepant og betalte tilbake når tomflaska kom i retur, tenkte ikkje Storakerfolka slik. Dei bad folk kome att med flaska når ho var tom. Det var det ikkje alle som gjorde; somme var så uærlege at dei gjekk til garasjen og fekk flaskepant hos Erik og Steinar.
Dagen etter var det jonsokaftan. Som vanleg når denne dagen kom, romsterte eg i hus og stabbur etter tomflasker som kunne pantast, og så gjekk eg på butikk for å få inn pengar til jonsokbrus. For det måtte me ha; kjekspakke og brusflaske med hòl i korken som me gjekk og patta på mens jonsokbålet brann og sommarkvelden lakka og lei.
Men då eg kom til Mathilda på Storakerbutikken med tomflaskene mine, vart ho bisk i åsynet og nekta å betale ut nokon pant. Dagen før hadde dei tapt fleirfaldige kroner på flasker som ikkje vart returnerte, fortalde ho.
Eg laut gå på Oddbutikken, og der fekk eg pengar og kunne kjøpe jonsokbrusen min. Noko særleg minne frå sjølve NM har eg ikkje, men flaskehistoria hugsar eg.
torsdag 19. januar 2017
VÅRENS VAKRASTE EVENTYR
Nei, i Flekke var det ikkje Holmenkollstafetten som var vårens vakraste eventyr. Det var Svintstafetten. Det unge idrettslaget staka opp ei stafettløype som høvde godt til laget. Den unge, særs talentfulle Gunnar Kalstad fekk ein høveleg kort etappe. Langdistansestjerna vår, Olav Sande, fekk sluttetappen, som var lang nok til at han lett kunne nå att eventuelle konkurrentar som prøvde å stele sigeren frå Svint-gutane. Løpet starta ved ungdomshuset, følgde postvegen (eller gamlevegen, som me sa i den tid) inn Stavsdalen til Våkneskarvadet, der turen gjekk opp Tjuvevegen til riksveg 570 (seinare riksveg 57, seinare fylkesveg, eller Nyevegen, som me sa). Så følgde dei denne vegen ned att til Flekke, tok av over Finnbrua, gjennom Finntunet og Garatunet ut til skulehuset og opp om bøgarden ved kalvehuset til Garagutane, og deretter langs bøgarden heilt til kalvehuset til Finn, og så ned att til ungdomshuset. Skal tru om dei kanskje la til ein ekstra runde og sprang den aller siste sløyfa to gonger så Olav Sande skulle få sikre sigeren? Denne blide skoringen var den beste langdistanseløparen i fylket og hevda seg i landstoppen, må me hugse. Når så Olav passerte målstreken, hadde Svint drege sigeren i hamn. Heile bygda stod og jubla i det vakre vårvêret. Etterpå var det premieutdeling og fest i ungdomshuset.
Men eitt år skar det seg. Olav gløymde å ta av ved Finn-kalvehuset og sprang vidare innover utmarka i retning Grønekvia og Årelia. Dei som kom bak han, følgde på. Ingen rekna med at ankermannen på heimelaget skulle ta så feil. Så vart tabben oppklara, og ei gruppe andpustne, sveitte og tafatte idrettsgutar labba tilbake til kalvehuset, stansa opp, stod og såg på kvarandre og lurte på kva dei no skulle gjere. Dei tok like godt og stilte seg opp, sa "Klar, ferdig, gå!" og la på sprang dei siste to-tre hundre meterane ned til mål. Og stakkars Olav, som ikkje var nokon sprinter, måtte sjå seg slått av tre-fire andre.
Eg anar ikkje korleis dei takla premieutdelinga den dagen.

onsdag 18. januar 2017
SVINT MOT LUNGEBETENNELSE
Eg kan ikkje dy meg. Sidan eg presenterte Svint-drakta frå sekstitalet i går, vil eg få syne fram ein av dei unge, lovande stafettdeltakane som hausta ære og fagnad på fleire tevlingar der Idrottslaget Svint stilte opp. Då dette biletet var teke, var nok løparkarriera hans på hell. Derimot hadde han pådrege seg ei lei sykje og laut halde senga i Krybbesmuget 2 i Bergen by. Eg trur det var i januar 1969 eller der omkring. Olemann, bror Steinar og eg delte ei leiligheit ein periode. Seinare på våren gifta eg meg og flytte etter kvart ut, mens dei andre to heldt det gåande endå ei tid. Men dette hende før eg flytte, bror Steinar hadde sikkert fare ute i januarkulda utan langt ullunderty, hue og sjal og hamna i senga med lungebetennelse, stygg hoste og flammande febertokter. Eg fekk pleie storebroren min etter fattige evner, eg ringde etter dokter og ringde ein gong til og kjefta fordi visitasen drog ut. Men så kom dokteren omsider, han lytta på pasienten, medisin kom i hus, og feberen minka. Og no, som du ser, har Steinar fått på seg Svint-drakta med den umiddelbare verknaden at feberen dalar ned mot trettisjutalet. Så her ser me den trufaste Svint-guten stire nøgd på febertermometeret og konstaterer at han er "på bedringens rand," som ein fyr så presist uttrykte ein gong.
Det var ei fin og god drakt, og god for helsa.
Det var ei fin og god drakt, og god for helsa.
tirsdag 17. januar 2017
IDROTTSLAGET SVINT
I dei godt og vel fem hundre blogginnlegga eg har hatt her på denne nettstaden, har eg visstnok enno ikkje skrive om Idrottslaget Svint. Det er ei alvorleg forsømming. Så etter ei lang, lang bloggpause skal eg no bøte litt på denne stygge slurveferda mi.
Inspirasjonen har eg fått frå nokre gledelege kunngjeringar på feisbukk, som syner at laget er i beste velgåande. I barne- og ungsomsåra heime i Flekke var Svint eit heidersnamn, idrettslaget som femnde om Skor, heile Guddalsdalføret og Flekke-krinsen. Seinare breidde det seg visstnok langt ut langs fjorden.
Eg veit ikkje heilt kvar eg skal begynne, men då presenterer eg den første idrettsdrakta som hadde namnet på laget godt synleg på ryggtavla. Det var ei flott drakt, friskare i designet og fargevalet enn dei vanlege blåkvite draktene folk gjekk med viss dei hadde råd til å kjøpe seg treningsdrakt. Trøya ser du her, kvit, raud og svarte bokstavar. Broka var svart, kan eg nemne. Flott, ikkje sant?
Då drakta var ny, var eg og ein guddøling i Høyanger og sprang. Eg trur det var sommaren 1965. Me gjorde stor lukke. Ikkje for det at me la beslag på dei to siste plassane på både firehundre og femtenhundre i juniorklassa. Nei, men me vart hylla for dei vene idrettsdraktene våre.
Om lag femten år seinare grov eg fram drakta, som låg svært langt nede i kleskåpet vårt på Husnes. Det var ein fin vårkveld, og eg fekk for meg at det ikkje var for seint å prøve seg med ein joggetur etter gammalt. Så eg kom meg av garde og jogga pent og pynteleg langs Kaldestadvegen. Nokre gutlarvar såg meg og las høgt og skingrande: "Sviiiin...(t)!" Siste bokstaven var nesten ikkje høyrbar.
torsdag 19. mai 2016
MERKEÅRET 1956
På denne dagen, seksti år tilbake i tida, fekk dei to brørne mine og eg ei syster, som me gjorde vårt beste for å skjemme vekk. Til ære for henne tillet eg meg å klyppe litt frå to gamle skriftstykke. Aller først noko som eg produserte for snart tjue år sidan, og som handla om hundane i Flekke og litt til. Åra mellom 1956 og 1960 var hundelause. Derimot var det så mykje anna spennande som gjekk føre seg i Flekke, og som kom med i hundeboka. Stort sett er dette uredigert. Fleire av dei eg skriv om, er døde no. Folk frå andre byar og bygder som måtte finne på å lese dette, får ha meg orsaka om det finst namn og ord som er ukjende for dei.
Me er ikkje ferdige med merkeåret 1956. Den 30 april, ein
halvgrå vårsundag, sa mamma farvel og reiste med dampen til by’n for å få den
store magen av seg. Ein heil månad var ho vekke, den lengste ferien ho nokon
gong har hatt. Ola Espedal og Arne var på hyttetur den helga, og vel heimkommen
vakna bror Arne den 2. mai med ein masse raude prikkar i ansiktet. Så skreiv eg
til mamma - kanskje ho har brevet framleis, ho har gøymt på masse brev - då
skreiv eg at han hadde fått ein brote med raude, små, fine bissevovvar.
Dagane gjekk, og me
feira syttande mai. Den 18. vakna Steinar og eg
og måtte stå opp og gå på skulen, endå så trøtte me var etter feiringa.
Ikkje misforstå, me var nok i seng ved midnatt etter skodespelet og fyrverkeriet.
Men likevel. Då oppdaga den eine av oss at den andre hadde fått raude hundar om
natta, og ved nærmare ettersyn hadde me såmenn fått sykja begge to! Sjuke
kjende me oss slett ikkje, men no kunne me glade og med godt samvit halle oss
ned att i senga og ta det med ro. Å gå på skulen vart ikkje aktuelt den dagen![1]
Det som hende dagen
etter, fekk me ikkje greie på før dagen etter det att. Då kom det telefonisk
beskjed om at me hadde fått ei syste. Nett så uventa var det ikkje, men det
kunne like gjerne ha vorte ein bror til, slik eg ønskte meg. Nett det ønsket
vart fort fortrengt eller gløymt[2].
Papen var så gild at han visste ikkje kva fot han skulle stå på, derfor brukte
han begge føtene og gjekk til Ilkjens med meg på slep for å fortelje om
nyhendet. Dei raude hundane var allereie på retur.
På Ilkjen spreidde
ryktet seg fort, men Asbjørn var ikkje heime nett då. Då han kom heim, fortalde
tante Målfrid han at no hadde Arne,
Steinar og Reidar fått ei syster, dei og. Asbjørn vart vilt begeistra og
ville gjerne bere nyhendet vidare. Først opp på loftet til besteforeldra, men
dei visste alt om det. Så på Kvia, men dei og hadde frett det. Då kom han på
noko lurt: “Men tante Lisbet, ho er i by’n, ho veit sikkert ikkje om det!”
For broder Steinar
vart denne pinsehelga ein blanda fornøyelse. Han skamsykla ned gamle Gota på
det vis at han ikkje greidde svingen ved gamle Storakerbruna og kolla så
kragebeinet gjekk tvers av. Det hadde vore mykje likare om han hadde halde seg
i ro og pleia dei raude hundane sine. Men så fekk han komme til Dale til dokter
og vart bandasjert etter kunstens reglar. No vart det ikkje slutt på syklinga
for denne helga. Det var pinsehelg med to helgedagar, må me hugse. Og kanskje
det var andre pinsedag at det var damp. Mamma i by’n hadde ordna med kjøp av
ny, dvs. brukt, sykkel til Steinar. Og så kom sykkelen med dampen lenge før
herda var grodd. Sjølvsagt kunne ikkje katen dy seg, han laut prøve det nye
vedunderet.
Torsdag den 31. mai
var eg på Ilkjen ein tur. Mens me sat der på kjøkkenet og åt non, reiv tante
Målfrid av kalenderen så juni månad kom fram. “Korfor gjer du det no, det er
ikkje juni før i morgon,” innvende
Peter Kåre. “Jau, for då er det nett som om det ikkje er så lenge til
tante Lisbet kjem heim med den nye systa deira,” var svaret.
Og tidleg, tidleg fredags morgonen var Steinar og eg på
bryggja og skulle ta imot dei. Me var ute i god tid, men det var ikkje dampen.
Han var noko slikt som to timar for sein. Me gjekk der og trakka ei god stund,
men så laut Steinar på skulen[3].
Omsider kom båten,
mamma kom med ei aldeles nydeleg lita jente sovande i ei vogn, og eg fekk æra
av å trille henne heim. No var papen kommen til og, han var vel ferdig med
mjølking og slikt, tenkjer eg.
Same dagen troppa
Asbjørn opp og måtte sjå. Men sundagen etterpå, eller kanskje sundagen
deretter, tenkte dei på Ilkjen seg inn om Hogjen med barsengmat og skulle sjå
den nye systa vår. Spørsmålet var om heile hurven skulle vere med denne første
gongen. Då sa Ove: “Du Asbjørn treng ikkje vere med, for du har sett Else Karin
deira hos tante Lisbet før!
[1] Slik er
det eg synest å hugse det. Men det kan knapt stemme at begge skulle på skulen,
for eg gjekk fjerde og Steinaren sjuande
året, så me hadde nok Årøyen begge og gjekk kvar sine dagar. 18. mai trefte
forresten på ein fredag det året.
[2] Eg sa ikkje, slik dei seier i vitsane, når
ein av syskena vert konfrontert med utsikter til å få ein bror eller ei syster:
“Eg vil mykje heller ha ein hund!” Men skal eg tru tante Gerd, så sa Bjarne nett det då han fekk vite at dei
venta Pettermann.
[3] At han
og ikkje eg skulle på skulen denne fredagen, er ein sterk indikasjon på at
fotnoten min om kven som slapp å gå på skulen den 18. mai er korrekt.
Så tillet meg ganske enkelt å leggje inn peikaren til ei gammal bloggside:
mandag 14. september 2015
RØYSTERETTEN
For femti år sidan i går var det stortingsval, og eg fekk
ikkje røyste, jamvel om eg hadde klare meiningar om kva parti som burde ha fått
stemma mi. Men tjueåringar var ikkje modne for ei så alvorsam akt som å vere
med og velje styringskvinner og -menn. Me såg kor det gjekk, heidersmannen
Einar Gerhardsen laut gje seg og sleppe til den frittalande bonden frå Senterpartiet
og Trøndelag, bestefar til oljeinvestor Ola Borten Moe. I lag med tre andre
parti.
Denne sommaren
hadde eg prata med ei godt vaksen engelsk dame som eg trefte på båten til
Bergen. Ho var og såg på dei vedunderlege norske fjordane, naturlegvis. Ho var
ikkje heilt blank på norsk politikk. Ho hadde fått med seg at me skulle ha
stortingsval, og at Arbeidarpartiet, som no hadde styrt i tjue år, såg ut til å
måtte gje frå seg makta. Kva eg meinte om det? Eg sa at eg trudde ikkje det
ville utgjere særleg stor forskjell for verken land eller folk. Sidan ho ikkje
hadde røysterett ved det norske valet, kunne eg trygt seie det som det var; her
var det ikkje røyster å hente. Ho forstod slett ikkje at eg kunne seie noko
slikt. Ho hadde fått det for seg at dette var den første gongen det norske
folket skulle få velje på tjue år, og at alle gledde seg til å få vekk dei
sosialistiske undertrykkjarane.
Nei, eg fekk ikkje røyste
som tjueåring, fortredeleg nok. Men verre var det for mamma og papen. Røysterettsalderen
var 23 år før krigen. Og då måtte du ha fylt år innan valdagen. Frå 1814 og
fram til 1920-talet var grensa faktisk 25 år. Ved kommunevalet i 1937 kunne nok
papen gjerne ha tenkt seg å delta, interessert i politikk som han var. Men nei
då. Han fylte 23 eit par veker etter valet, så då fekk han ikkje sleppe til. Den
gongen var det ikkje nok å nå grensa seinast nyårsafta i valåret slik som no. Og
mamma, stakkar, var berre tjueein.
Så gjekk åra, og i
1940 bryggja det seg opp til stortingsval. Endeleg skulle mamma og papen få
gjere si samfunnsplikt. Men den gong ei. Det sytte Quisling og Hitler for. Ikkje
før hausten 1945 fekk foreldra mine sleppe til. Papen var nesten 31 og mamma 29.
Og Einar Gerhardsen
fekk sitje trygt i stolen sin.
tirsdag 8. september 2015
NOMADELIV SOM STUDENTAR
Å kome til Bergen for femti år sidan for å studere, var ikkje heilt fritt for utfordringar. Noko slikt som fadderveke var ikkje oppfunne. Men me fann ut av det meste ved hjelp av kvarandre. Eit orienteringsmøte hadde dei skipa til, og då trefte eg to karar som eg kjende flyktig frå dei tre gymnasåra mine i Nordfjord. Dagfinn frå Ervikja i Eid og Roald frå Kleivedammen på Sandane. Ingen av dei hadde vore firdaelevar, men dei kom i same ærend som eg, og utetter haustsemesteret vart me godt samansveisa. For ikkje å snakke om åra som følgde, anten det no var studium, fritid eller skogplanting om somrane.
Nett i desse åra midt på sekstitalet rann universitetet i Bergen fullt av studentar. Og enno hadde dei ikkje lært seg å stengje så mange studium. For å få systemet til å gå rundt lét dei oss studentar springe hit og dit i byen på førelesingar, kollokviegrupper, eksaminatorium og lesesalar. Dette var heilt ulikt tida på Firda, der me hadde dei aller fleste timane våre i klasserom nummer 5 (populært kalla "Bussen"). Førelesingane til examen philosophicum vart haldne i Folkets hus. Latinkurset gjekk i Muséplass 1. Så var det eitkvart i Lars Hillesgate 20, skal tru om det var kollokvie i logikk? (Då hende det seg at me heller gjekk på Chianti over busstasjonen.) Så var det noko som dei kalla eksaminatorium i filosofi oppe på Florida. Og viss me ville på lesesal, noko som ikkje var lett på grunn av plassmangel, var det eit par-tre meir eller mindre gode alternativ her og der. På Universitetsbiblioteket var det kø allereie ved hanegal. Dette trur eg må behandlast i eit eige blogginnlegg ein gong.
Og så hadde me hybelen min på kvisten i Tartargaten. Universitetet betalte ikkje eingong leige for dei timane me tre karane heldt kollokviemøte der.

søndag 6. september 2015
OMVEND HUSJAKT
Som forklart i går, eg søkte ikkje etter hybel i Bergen for femti år sidan, det var eg som vart oppsøkt. Og slik har det vore for meg dei fleste gongene. Til dømes var det eit lærarhusvære i skulehuset på Nordanger, og det var knapt nokon diskusjon om eg skulle bu der eller ikkje, det året eg var der som lærar. Det var berre å flytte inn og begynne å bu.
Hausten 1967 flytte tre av kompisane mine inn i eit husvære oppe på Lægdene i Bergen by. Utpå hausten flytte ein av dei ut av ekteskaplege grunnar. (Nygift.) Og eg som framleis etter godt og vel to år budde på kvisten i Tartargaten 16, fekk klar melding frå dei to andre at no måtte eg flytte inn istadenfor den nygifte. Der oppe var det mykje meir komfortabelt enn på kvisten; me delte eit romsleg kjøkken og bad med både dass og dusj. Til gjengjeld var det nok litt dyrare, og no var det altfor langt å gå til Sydneshaugen på lesesal eller forelesingar.
Det kunne vere mykje å fortelje om tida på Lægdene. Men eg hoppar eit år fram og presenterer den neste etappe i bustadhistoria. Bror Steinar og Olemann, ein felles ven av oss, hadde fått kloa i eit husvære like ved Fløybanen. Ei dobbel stove, eit separat soverom, kjøkken med kjøleskåp av alle ting, bad, gong og kjellarrom. Dei to karane påla meg å flytte inn saman med dei, for det vart litt dyrt for berre to. Eg aksepterte på vilkår av at eg fekk soverommet. Dei andre to låg i den romslege spisestova, om eg ikkje hugsar feil.
No var det kort veg til sentrum og Universitetet, og endå kortare til ho som eg på det tidspunktet var ringforlova med (og som eg no har vore gift med i 46 år!)
Men sidan me to gifte oss utpå våren, ville me bu for oss sjølve, og då laut eg søkje på Fantoft. Ei kurant sak; då neste semester byrja, var me på plass i E-blokka, som var nesten ny og topp moderne.
Og kva hende då me hamna på Husnes i 1973, der eg hadde fått lærarjobb? Kommunen opna dørene for eit nybygd rekkjehus med hage, berre å flytte inn.
Men då me flytte ut derifrå etter ti år, laut me byggje oss hus sjølve. Her på Valen. Bortsett frå det har husværa stort sett søkt meg som leigebuar, ikkje omvendt.

lørdag 5. september 2015
KVISTHÒLET
Eg forhasta meg ikkje med å gå på hybeljakt sommaren for femti år sidan, jamvel om eg skulle til by'n og studere. Det lagar seg nok, tenkte eg sikkert, når eg berre kjem meg på plass og får sjå meg om. Eg hadde ein bror og nokre tanter og onklar som sikkert kunne forbarme seg over meg nokre dagar. Og kompisar.
Den sommaren hende det noko tragisk. Ein ung kar i bygda vår døydde brått og uventa, og etterlét seg kone og eit barn. Den hausten var det meininga at han skulle ta eit skuleår i Bergen. Nokre dagar etterpå kom ei grannejente som arbeidde i Bergen og skulle ha tak i meg. Ho hadde flytta ut or den vesle hybelen sin og inn i eit større husvære, og ho hadde avtalt med den tidlegare vertinna at han Per Atle skulle få overta kvistrommet oppe i Tartargaten 16. Men kva no? Hadde eg fått nokon stad å bu?
Såleis hamna eg på kvisten, som det heiter i Bergen. Opp fire trapper og inn ein gang. Eit knøttlite rom med eit takvindauge og eit tekjøkken akkurat stort nok til at eg kunne klemme meg ned på ein stol. Vask og dass på gangen. Seks ampères sikringar som rauk viss eg var så uforsiktig at eg gløymde å slå av varmeomnen når eg skulle speile meg eit egg. Ikkje eit einaste klesskåp eller andre skåp, men ei lita hylle med ein portière i ein krok der eg kunne smette ei jakke og ein dress attom. Var det sytti eller åtti kroner månaden eg betalte?
Men dette vart heimen min i over to år. Eg storkoste meg på kvisten, usjenert og uforstyrra som han var. Kompisane og eg fann ut at dette var ein grei plass å samlast når me hadde ei hyggjestund, om det enn vart litt trongt. Vertinna budde heilt nede i første etasjen. Dei andre hybelbuarane på kvisten merka eg lite til. Eg kunne spasere til by'n om eg ikkje var lat og tok Mulenbussen. Og me var ikkje alle så godt vane, me som kom til storbyen og skulle studere. Forresten var ikkje bustandarden for tusenvis av bergensarar så sprek heller.
For femti år sidan.

fredag 4. september 2015
ENDÅ EIT JUBILEUMSÅR
Eg likar å kalle meg historikar, sjølv om eg berre har eit mellomfag og ein del års ansiennitet som historielærar i det vidaregåande skuleverket. Men eg har iallfall ein viss sans for årstal, når dei berre er eit stykke bak i tida. Og så legg eg merke til ein del runde og halvrunde jubileum.
Men dette skal verken handle om åttehundreårsfeiringa av Magna Carta eller tohundreårsmarkering av mellomrikslova. Nærsynt som eg er, vert det eitt eller kanskje fleire innlegg om mi eiga historie. I desse dagar er det femti år sidan eg lét meg immatrikulere ved universitetet i Bergen og gav meg i kast med filologien.
Eg hadde lagt bak meg eit år som lærar i barneskulen på Radøy, nord på Strilelandet, eit arbeid som mange nybakte artianarar tok på seg i gamle dagar. Me kan jo skjelve av uhyggje når me tenkjer på kva dei lét oss ta ansvar for. Men slik var det. Skuleverket skreik etter lærarkrefter, og somme tok til takke med kva som helst, om det så berre var ein halvstudert røvar som hadde dumpa til artium. Vel, det gjorde ikkje eg, heldigvis. Karakterane var greie nok, om ikkje nett i toppsjiktet. Og raværingane tok godt imot den unge spirevippen som skulle vere skulemeister for småungane deira.
Men dette skulle handle om det som kom etterpå. Året på Radøy førte til at eg fann ut at det gjekk an å vere lærar, men eg kunne helst tenkje meg å arbeide i gymnaset, ikkje i barneskulen. Då laut eg hive meg på eit mangeårig studium på universitetet. Og det var ikkje småting, det dei kravde. Ein filolog måtte rekne med fem og eit halvt år for å verte adjunkt, og skulle du ende opp som lektor, vart det minst halvtanna år i tillegg. Til samanlikning kunne du gå to år på lærarskulen etter artium for å verte allmennlærar. Så då eg nemnde planane mine for papen, vart han betenkt. "Da æ et långt lerret å bleikje," sa han. Han hadde sjølvsagt rett. Men for meg var ikkje tid noko problem. Eg var tjue år og hadde oseanar av tid framfor meg. Og Bergen lokka, for der hadde eg både slekt og vener i hopetal.
Eg må nemne eit pussig poeng: Mange studium var såkalla opne studium på den tida. Filologien var eitt av dei. Det ville seie at du kom inn så sant som du hadde fullført gymnaset med ståkarakterar. Då var det verre å kome inn på den toårige lærarskulen oppe på Landås. Der var det ei poenggrense. I prinsippet kunne såleis ein artianar som ikkje kom inn på lærarskulen, begynne på universitetet og verte lektor. Ja, i neste omgang kunne han kome attende til Landås. Som høgskulelektor.
Det var ikkje difor eg møtte opp med lånt studenthue, lét meg immatrikulere og tok imot mitt akademiske borgarbrev frå Universitas Bergensis i september 1965.

lørdag 20. juni 2015
SMÅ OG FÅ EPISODAR FRÅ LIVET TIL EIN 70-ÅRING.
Reidarbror 70 år, 19. juni 2015
Det kunne
vel vere i jula 1944 at mamma . eller var det papen . orda frampå om at eg
kanskje til sommaren skulle få ei lita syster… Då reiste eg meg i senga, logisk
tenkande som ein toåring ofte kan vere, og messa med ettertrykk desse orda: «D’æ
‘kjæ plass te nòka syste i din´je sen’jine».
Nei, vel!
Så laut systa vente, men ein vakker sommardag vart det fødd ein gut Ovaihogja,
halvannan månad etter fredsslutninga med naziveldet. Gutlarken fekk namet
Reidar Fridjov, venteleg etter Ragna, bestemora i by¨n og bestefaren som heitte
Franz, men som ikkje var nokon bestefar likevel.
Franz var
med i organisasjonen til Kristian Stein, denne vart opprulla hausten 1941 som
ein av dei første motstandsrørslene og mange vart sende til Tyskland i
konsentrasjonslæger. Franz var ein av dei som ikkje kom heim att, han døydde
ved juletider i 1944.
![]() |
| Dompapusa tyttamai |
I ei tidleg etterkrigstid var det mykje som var nytt og ukjent, som td appelsiner og sjokolade. Reidaren var nok for liten til å smake, men det går gyskjer om to eldre brør som sputta det ut første gongen dei fekk sjokolade. Men det var den gongen det....
Om det var første gongen me fekk smake fiker, veit eg ikkje sikkert, men i eit julebesøk på Igelkjøn fekk me i alle fall fiker. Så fann tante Målfrid ein fike på golvet, og som det ordensmenneske ho var vart det forhøyr: Kven var det som for slik åt? Og vesle Reidar, som ikkje likte denne nye og ukjende smaken laut med gråtkvalt røyst vedgå: «Eg rette handa ut slik, og så miste eg da».
På fireårsdagen,
19. juni 1949, var me på ungdomsstemne
i Holmedal, der me fekk smake is for første gong, og der Reidar plukka med seg
småstein i lomma som han strødde på tunet då me kom heim att. Dette og meir til
har også Reidar, som er vel utrusta så vel som med langtidsminne som med
skriveførleik. også blogga om. To år tidlegare var me på songarstemne
i Holmedal - "Da va denn
gonjin Reidar'n prekte i Holmedalskjirkjine," sa papen.
| Ser du etter fly Reidar? |
Første gongen det landa fly på Flekkefjorden var truleg sommaren 1946, ein friar til ei Flekkejente hadde sett seg råd til å imponere. Me var i gang med slåtten, og det kom eit fly som krinsa over tretoppane.
Grunnen til at eg kan minnest dette, er nok at papen – som sjeldan sprang når han heller kunne gå – tok Reidaren under armen og sprang med kurs mot Røvebakkjen, som me kalla det fordi papen hadde revegard der, men som Jørgina kalla Nepehogjen.
Frå Røvebakkjen kunne me sjå sjøen, og dette flyet var langt nærmare enn dei me hadde sett i det fjerne den svarte fredagen 9. februar 1945 med luftkampar over Førdefjorden
Andre gongen eg hugsar at papen sprang, var då Reidar og eg (det var nok heller eg og Reidar...) laga dampmaskin ved løeveggen……
I vår tidlege barndom var det berre godver og me bada heile somrane og gjekk på ski og skeiser heile vintrane. Såleis hadde me ei sutalaus barndomstid. På skulen gjekk me annankvar dag: I småskulen tysdag, torsdag og laurdag – i storskulen måndag, onsdag og fredag. Reidar var rimeleg skuleflink, og kunne komme med vel gjennomtenkte svar, som då Årøyen i ein bibelsogetime ville vite kvifor Israelittane ikkje bygde hus, men låg i telt då dei vandra i øydemarka i 40 år. Og Reidar presterte eit logisk svar: «Dei hadde vel ikkje spikar!»
Vortne litt større, hugsar me nok at det ikkje alltid var godver,
hesjing i høljeregn var ikkje det me sette størst pris på. Då var det likare
med turrhøytaking. Etter kvart som me nærma oss bølgjeblekktaket i gamle-løa, laut me vere
to i høystålet for å ta unna til neste høylass. Og var me effektive nok, rakk me
ein runde eller to med «Bondebridge». Å spele kort likte me godt, anten det no
var kasino, raudskjegg, spar dame, amerikanar eller andre spel. Og så Monopol –
det fekk me til jul eit år, og me spelte morgon og kveld dagleg i månadsvis,
pengesetlane vart etter kvart utslitne, men det var råd å få tak i nye ved å skrive til forlaget.
Etter kvart skildes vegane våre. I 1959 drog eg til Bergen for å gå på
gymnas, og då eg etter to år var heime att og praktiserte som lærarvikar eitt
år, var Reidar byrja på gymnas på Sandane. Der var han ferdig i 1964, og fekk
ein Amerikasommar før han freista læra Radværingane folkeskikk eitt år som
lærar. Eg fekk forresten vere vikar for vikaren første fjorten dagane, til han
kom heimatt frå den veldokumenterte USA-turen som han har memorert i bloggen sin "Tankar om no og då". Medan eg er inne på temaet, lyt eg få takke for utvist storsinn ved at eg og får tilgang til å memorere...
Begge studerte me ved Universitetet i Bergen, og hadde
Bondeungdomslaget i Bergen som vår andre heim, der me brukte mest all fritida
vår og i tillegg gjerne litt av studietida med! Ein episode lyt eg nemna, sidan
det nok har rydda veg for Reidar sitt vaksne liv:
Reidar hadde fleire
studiekameratar frå gymnastida som var frå Nordfjord, og eg var ved eitt høve avløysar
for vaktmeisteren i Fensal, møtestaden til Bondeungdomslaget, der
Nordfjordlaget hadde fest og Reidar med vener deltok.
Då festen var slutt, stod me ein flokk utafor og tøysa, og humøret var
på topp inntil Reidar etter ein fleip fekk eit nakkedrag med paraplyen av ho
som han seinare skulle dele livet med så paraplyen knakk i to. Så gjekk alle
kvar til seg, men to dagar etter kom Reidar og sa at han kunne tenkje seg at me og bror vår, Arne, som no også var i Bergen på Lærarskulen, samlast ein kveld
til ei lita feiring – Reidar hadde nemleg trulova seg med ho med paraplyen!
Etter at me etter kvart fekk etablert oss med eigen familie med gilde
born og barneborn, går åra fortare og fortare, og eg skal la vere å gå min kjære
broder nærare etter i saumane.

Berre ein ting i tilknytning til det eg starta med:
Me fekk ei syster, men det tok 11 år, og då hadde både Reidar og eg for lenge sidan fått eiga seng, slik at det venteleg var plass…
Så får eg slutte av dette nattarbeidet med eit bilete der Reidar og konfirmanten (ikkje paraplydama) er i aksjon ved førebuingane til konfirmasjonsfesten til syster vår (seinare; «Tante Liv»)

onsdag 31. desember 2014
AMERIKATUREN 31: ETTERORD OG LITT TIL
Eg hadde tenkt å skrive eit etterord til den langtekkelege
framhaldssoga mi om amerikaturen for femti år sidan. Skal eg greie å gjere det
i jubileumsåret, må det gjerast i dag.
Dette etterordet
skal handle om eitt av emna som bror Steinar tok opp til drøfting i eit innlegg
i haust. Eg kom altså heim med ein platespelar som var tilrigga for amerikansk
straumnett, altså 110 volt og 60 vekselstraumvekslingar i sekundet. Og her til
lands har me dobbelt så mange volt på nettet til vanleg, men berre femti vekslingar.
Altså eit problem, men ikkje heilt uløyseleg. Då må eg be deg gå på nettet:
Amerikaspelaren
Amerikaspelaren
Min kjære bror dreg i tvil om ein fyr med berre engelsklinja
kunne finne ut slikt på eiga hand. Men då gløymer han at denne broren her har
ord på seg for å vere klåfingra, og dessutan hadde han fysikk på realskulen og
hadde vore borti juletrelys.
Sogeskrivinga frå
1964 er for det meste teke ut frå minnet, med litt hjelp av det gamle albumet
mitt. Difor er du nøydd til å lese tekstane med tvil og kritikk. Men fotoa lyg ikkje.
Biletfiksing var ikkje så avansert den gongen. Det var dyrt å fotografere med
det nyinnkjøpte kameraet eg handla til meg i River Falls, men eg lét det stå
til, heldigvis. Kan eg hugse feil når eg minnest at det kosta meg om lag fem
kroner for kvart fargebilete eg tok innomhus? Først skulle filmen kjøpast, så
kosta blitzpærene om lag ei krone stykket, så skulle filmen framkallast og
kopierast. Og fem kroner var nesten ei timeløn i 1964 for oss fattigfolk. Som
før fortalt, fekk eg ein dollar i timen då eg jobba i vaskeriet i River Falls.
På den tida var nok lønsnivået høgare der borte enn her i gamlelandet. Ikkje
rart at eg gjekk over til lysbilete etter kvart.
Amerika er framleis
langt borte, og sidan eg ikkje har vore tilbake etter 1964, kan eg ikkje påstå
at eg kjenner landet. Då er bror Steinar og syster Liv i særklasse og langt
føre meg i erfaringsmengd, dei som fartar dit både tidt og ofte.
No er året 2014 nesten omme. Men det store året 1964 har nok vore mat for mykje meir blogging og artige minne enn dette året. Det var eit merkeår i livet, og ikkje berre på grunn av amerikaturen. Det var året då eg tok eksamen artium, var russ og sa farvel til Firda Gymnas og Sandane. Det var året då eg prøvde meg som lærar på Radøy og tente store pengar etter eigen målestokk. Og det var året som slutta med ei julebukkvitjing som eg har skrive om før (berre sjå!)
Godt nytt år!
torsdag 20. november 2014
AMERIKA - AMERIKA (2) - Eit lite oversyn
Jau, då!
Visst har eg og vore i Amerika – heile tre gonger, og to gonger berre i sommar!
Bror Reidar rår til at eg bør ikkje venta i 50 år før eg fortel litt om Amerikaturane
mine, han stolar nok ikkje på at eg vert så gammal…
Sjølv tek
eg sikte på å leva minst 20 år til: Det har seg slik at ein fetter av Annbjørg
har lova henne at når ho vert nitti, skal han spandere helikoptertur til
Fadnesstølen. Og eg har lova å minne dei på det, om dei no skulle bli litt
tutlete sjølve, og Annbjørg er enno ikkje meir enn 69…
Om dei tre Amerikaturane vil eg først nemne
kortversjonen:
·
Svigerson
Jon Kåre fekk eit PostDoc stipend og budde nær eitt år i Raleigh, North
Carolina i 2002 med kone og 4 born. I påsken vitja me dei. Forutan Annbjørg og
eg var dotter Kjersti og dei to borna hennar med.
·
I
Washington finst ein framståande forretningsadvokat med husvære i Watergate.
Besteforeldra hans drog til Amerika først på nittanhundretalet, og han har vore
primus motor for eit slektstreff eller «Reunion» på Hamar i 2005 og på
Beitostølen i 2010. Då Don tok initiativet til ein ny «Reunion» i 2015, fekk
han klår melding om at så lenge ville ein ikkje venta, og at neste slektstreff
burde haldast i Amerika.Oldefar til Annbjørg var eldste bror til bestefar til Don, yngste bror deira var den legendariske skeiselauparen Peter Sinnerud. Slik hadde det seg at me drog til Washington og New York i månadsskiftet juni/juli i sommar. Av nære slektningar var eldste dotter vår med, det var og eldste bror til Annbjørg og kona hans.
·
Jon
Kåre har ein del reisedagar for året i stillinga si, og er til USA rett som det
er. Men dette er ikkje nok, i haustferien har han fleire år vore til Florida
saman med familien. I år greidde ungane å lokka bestefaren med, kanskje var han
ikkje vanskeleg å lokka, og det var slett ikkje kusina deira, Mari. Dermed var
me heile 7 som drog av garde, noko som stilte visse krav til både husvære og
transport «over there».
Så er det vel kanskje best å ta det siste
først, og dermed lyt eg starte med Floridaturen ved neste høve.
onsdag 5. november 2014
AMERIKA - AMERIKA (1)
Jau, bror
Reidar har vore i Amerika! Og han har dokumentert det i søkk og kav via 30 velskrivne
blogginlegg, som det sømer seg ein pensjonert lærar. No veit ikkje eg om han
skreiv dagbok eller i det minste gjorde notatar dei 6 vekene han var borte, men
50 år er ein monaleg tidsepoke, mykje har hendt og mangt vil det vera å
minnast. Går me endå 50 år attende, er me i 1914, det året papen vart fødd,
bestefar vår motviljug drog heim til gamlelandet for å gifte seg og ta over
farsgarden, og skotet i Sarajevo som utløyste første verdskrigen var enno ikkje
avfyrt.
Her heime var me i 1964 midt i ei brytningstid: På garden heime vart den nye driftsbygningen teken i bruk, traktor og siloslått avløyste kilometervis med hesjar og det vart god plass til turrhøyet, det som før var til hovudbry korleis ein skulle få det i hus.
Men no var det Amerika som var temaet, ikkje slåtten og turrhøyet som bror Reidar slapp unna denne sommaren. No var det ikkje noko særsyn at Flekkingar hadde vore i Amerika. Før er nemnt bestefaren på »Ilkjen», men både Berenten på Vellereina og Johannesen i Gara, og ikkje å gløyme Jørgina «Ovaihogja» hadde vore der. Jørgina fekk tæring og kom heim att for å døy. Ho var ei tid på Luster Sanatorium, og levde sidan i beste velgåande til ho døydde 50 år seinare.
På biletet sit Jørgina midt i baksetet, bestefar Peter med krosslagde armar i framsetet– dei hine er ukjende.
Det var ikkje fritt at me var litt nyfikne etter å høyra korleis bror Reidar hadde hatt det i Amerika. Han har nemnt at han kom heim i kvite sokkar, og at det vekte noko åtgaum, men no var det derimot ikkje mote å stille med hatt, slik biletet viser at det var 50 år før. Litt likskap med Daniel Davidson som Jakob Sande hadde sendt ut i verda, var det nok – begge hadde utvilsamt mykje å fortelje. Reidar hadde dessutan kjøpt seg fotoapparat og kunne dermed levandegjera mykje av det han hadde sett – endåtil på ljosbilete i fargar, det høyrer me ikkje at Daniel hadde rådd seg til.
Så hadde
han skaffa seg ein platespelar. Men medan me har 230 volt har amerikanarane 110
volt straum, derimot har dei ein frekvens på 60 medan me har 50. Korleis fikse
platespelaren til å gå med rett fart? Om Reidaren kom på det sjølv, som berre
har engelslina på gymnaset, eller om andre som har reallina visste råd, veit eg
ikkje, men ved hjelp av ei serie-kopla lyspære med høveleg styrke vart det lyd
i heimen og på hybelen.
Reidar hadde hatt meir enn lang nok ferie, og tok til i lærargjerninga 14 dagar etter skulestart ved Nordanger skule på Radøy. Hybel hadde han i skulehuset, så skulevegen vart enno kortare enn ved barneskulen heime. Det var sikkert godt etter den lange Amerikaturen….
fredag 31. oktober 2014
HUNDRE ÅR SIDAN PAPEN VÅR KOM TIL VERDA
I dag er det hundre år sidan papen vår vart fødd. Denne fotomontasjen har bror Steinar sydd i hop i høve dagen. Elles kan eg vise til det eg skreiv her for fem år sidan.
torsdag 30. oktober 2014
AMERIKATUREN 30: SISTE ETAPPE
Eg skal ikkje gløyme kvelden, augustikvelden du veit... Nei, det var ikkje den kvelden då Gud heldt fest i Fjaler. Men eg hadde kome meg heilskinna tilbake til kjende trakter frå Amerika og Stavanger og hadde ein mykje betre kveld enn kvelden før, då eg vart akterutsegla. No smilte lukka til meg. Eg gjekk strake vegen til fylkesbåtkaia og rakk akkurat å kome meg med nordfjordbåten som skulle innom Askvoll utpå natta. Og då var det berre å vente på sunnfjordbåten. Tidlegare var det ei båtrute til Førdefjorden og ei til Dalsfjorden. No var dei slegne i hop. Så den båten eg venta på, kom ut Førdefjorden, var innom Askvoll og deretter skulle han inn Dalsfjorden og vende i Bygstad, og så ut att og til Bergen by. På vegen inn Dalsfjorden skulle han altså inn Flekkefjorden til Flekke ein tur. Tidleg på føremiddagen skulle eg vere heime.
I Askvoll gjekk alt etter planen. I land frå ein båt og om bord i den neste etter ei stund. No kjende eg meg så ovanpå at eg la meg trygt og godt ned på ein benk og sovna. Det hadde ikkje vore for mykje svevn dei siste nettene. Ikkje natta før eg forlét Wisconsin og stod opp grytidleg for å nå flyet i Minneapolis. Ikkje natta på Kennedy-flyplassen, ikkje natta i flyet til Icelandair, ikkje natta i Stavanger.
Så no gjekk eg glipp av å vere vitne til ein av dei fagraste båtturane du kan tenkje deg: inn Dalsfjorden, inn Flekkefjorden med soloppgang ein krystallklar grytidleg seinsommardag.
ZZZZZZZZZZZZZZZ
Eg bråvakna og skjønte at båten låg i ro. Kva var det for noko? Ein smule omtåka kom eg meg opp or salongen og såg at me låg ved bryggja ... i Flekke! Eit blikk på klokka avslørte at me sikkert hadde lege der i snart ein time, og at båten var klar til å leggje frå kai. Så då var det berre å kome seg i land. Så ringla dei med bjella i båten og gjorde vendereis.
No hadde det vore meir flautt enn farleg å verte med eit stykke til. Eg hadde vel hamna i Dale eller i Bygstad, så då hadde eg nok kome meg heim den dagen. Men no var det berre å spasere den siste biten heim. På vegen møtte eg eldstebror Arne, som skulle til Dale på jobb og begynne litt seint den dagen. Det første han la merke til, var at eg hadde kvite sokkar.

onsdag 29. oktober 2014
AMERIKATUREN 29: NÅR NAUDA ER STØRST ...
Klokka nærma seg ti, det mørkna og var hustre i vêret. Men dette var før Stavanger by var ein av dei dyraste byane i verda. August 1964 var lenge før oljå. Eg rusla opp i byen og snubla over eit lite pensjonat der eg fekk meg eit rom for natta utan å blakke meg. I lommeboka var der nokre dollars og litt norsk valuta. Takka vere svart arbeid på eit vaskeri i Wisconsin var eg ikkje heilt snau etter seks veker over there.
No vart det ikkje så fredeleg og god svevn den natta som eg skulle ønskje. Tanken på bagasjen som var på veg til Bergen, uroa meg, likeeins utsiktene til å kome seg nordover neste dag.
Dagen etter synte det seg at stoda ikkje var så ille. Eg kom meg ned på kaia, og der kunne dei fortelje at eg fekk ta snøggbåten til Bergen og bruke billetten eg gjekk med i lomma, med litt tillegg ettersom denne båten var litt dyrare. Men dessverre var morgonruta innstilt på grunn av dårleg vêr. Eg laut vente nokre timar til ettermiddagsbåten skulle gå, men då ville eg kome meg til Bergen før kvelden.
Her var det snakk om dei nokså ferske hydrofoilbåtane, som etter kvart vart eit kjent fenomen på kysten. Me kalla dei stundom for hydrofeilar, for det feila dei ofte noko slik at dei var ute av drift. Denne føremiddagen var det vêret som var feil.
No var eg noko lettare til sinns, sjølv om det regna og bles og var så surt at eg gjekk og kjøpte meg ein burgunderfarga v-genser og ein paraply. Den garderoben som eg ikkje stod og gjekk i, låg vonlegvis ved kaia i Bergen, pent nedpakka i ein brun koffert.
Utpå dagen sessa eg meg i den flotte hydrofoilen, Sleipner eller Vingtor, måtte det vel vere. Turen til Bergen gjekk i ei snøggvende, i brott og bram. Båten heiv seg til sides og i djerve byks framover. Men fram kom me. Utpå kvelden la me til kai i Bergen attmed nattruta. Eg spaserte om bord, og bagasjen min låg pent og pynteleg der eg hadde lagt han.
Så då var det berre å runde Vågen og ut til fylkesbåtkaia og sjå om eg kunne kome vidare.

Abonner på:
Innlegg (Atom)