søndag 6. september 2015

OMVEND HUSJAKT

Som forklart i går, eg søkte ikkje etter hybel i Bergen for femti år sidan, det var eg som vart oppsøkt. Og slik har det vore for meg dei fleste gongene. Til dømes var det eit lærarhusvære i skulehuset på Nordanger, og det var knapt nokon diskusjon om eg skulle bu der eller ikkje, det året eg var der som lærar. Det var berre å flytte inn og begynne å bu.
   Hausten 1967 flytte tre av kompisane mine inn i eit husvære oppe på Lægdene i Bergen by.  Utpå hausten flytte ein av dei ut av ekteskaplege grunnar. (Nygift.) Og eg som framleis etter godt og vel to år budde på kvisten i Tartargaten 16, fekk klar melding frå dei to andre at no måtte eg flytte inn istadenfor den nygifte. Der oppe var det mykje meir komfortabelt enn på kvisten; me delte eit romsleg kjøkken og bad med både dass og dusj. Til gjengjeld var det nok litt dyrare, og no var det altfor langt å gå til Sydneshaugen på lesesal eller forelesingar.
   Det kunne vere mykje å fortelje om tida på Lægdene. Men eg hoppar eit år fram og presenterer den neste etappe i bustadhistoria. Bror Steinar og Olemann, ein felles ven av oss, hadde fått kloa i eit husvære like ved Fløybanen. Ei dobbel stove, eit separat soverom, kjøkken med kjøleskåp av alle ting, bad, gong og kjellarrom. Dei to karane påla meg å flytte inn saman med dei, for det vart litt dyrt for berre to. Eg aksepterte på vilkår av at eg fekk soverommet. Dei andre to låg i den romslege spisestova, om eg ikkje hugsar feil.
   No var det kort veg til sentrum og Universitetet, og endå kortare til ho som eg på det tidspunktet var ringforlova med (og som eg no har vore gift med i 46 år!)
   Men sidan me to gifte oss utpå våren, ville me bu for oss sjølve, og då laut eg søkje på Fantoft. Ei kurant sak; då neste semester byrja, var me på plass i E-blokka, som var nesten ny og topp moderne.
   Og kva hende då me hamna på Husnes i 1973, der eg hadde fått lærarjobb? Kommunen opna dørene for eit nybygd rekkjehus med hage, berre å flytte inn.
   Men då me flytte ut derifrå etter ti år, laut me byggje oss hus sjølve. Her på Valen. Bortsett frå det har husværa stort sett søkt meg som leigebuar, ikkje omvendt.

lørdag 5. september 2015

KVISTHÒLET

Eg forhasta meg ikkje med å gå på hybeljakt sommaren for femti år sidan, jamvel om eg skulle til by'n og studere. Det lagar seg nok, tenkte eg sikkert, når eg berre kjem meg på plass og får sjå meg om. Eg hadde ein bror og nokre tanter og onklar som sikkert kunne forbarme seg over meg nokre dagar. Og kompisar.
   Den sommaren hende det noko tragisk. Ein ung kar i bygda vår døydde brått og uventa, og etterlét seg kone og eit barn. Den hausten var det meininga at han skulle ta eit skuleår i Bergen. Nokre dagar etterpå kom ei grannejente som arbeidde i Bergen og skulle ha tak i meg. Ho hadde flytta ut or den vesle hybelen sin og inn i eit større husvære, og ho hadde avtalt med den tidlegare vertinna at han Per Atle skulle få overta kvistrommet oppe i Tartargaten 16. Men kva no? Hadde eg fått nokon stad å bu?
   Såleis hamna eg på kvisten, som det heiter i Bergen. Opp fire trapper og inn ein gang. Eit knøttlite rom med eit takvindauge og eit tekjøkken akkurat stort nok til at eg kunne klemme meg ned på ein stol. Vask og dass på gangen. Seks ampères sikringar som rauk viss eg var så uforsiktig at eg gløymde å slå av varmeomnen når eg skulle speile meg eit egg. Ikkje eit einaste klesskåp eller andre skåp, men ei lita hylle med ein portière i ein krok der eg kunne smette ei jakke og ein dress attom. Var det sytti eller åtti kroner månaden eg betalte?
   Men dette vart heimen min i over to år. Eg storkoste meg på kvisten, usjenert og uforstyrra som han var. Kompisane og eg fann ut at dette var ein grei plass å samlast når me hadde ei hyggjestund, om det enn vart litt trongt. Vertinna budde heilt nede i første etasjen. Dei andre hybelbuarane på kvisten merka eg lite til. Eg kunne spasere til by'n om eg ikkje var lat og tok Mulenbussen. Og me var ikkje alle så godt vane, me som kom til storbyen og skulle studere. Forresten var ikkje bustandarden for tusenvis av bergensarar så sprek heller.
   For femti år sidan.
 

fredag 4. september 2015

ENDÅ EIT JUBILEUMSÅR

Eg likar å kalle meg historikar, sjølv om eg berre har eit mellomfag og ein del års ansiennitet som historielærar i det vidaregåande skuleverket. Men eg har iallfall ein viss sans for årstal, når dei berre er eit stykke bak i tida. Og så legg eg merke til ein del runde og halvrunde jubileum.
   Men dette skal verken handle om åttehundreårsfeiringa av Magna Carta eller tohundreårsmarkering av mellomrikslova. Nærsynt som eg er, vert det eitt eller kanskje fleire innlegg om mi eiga historie. I desse dagar er det femti år sidan eg lét meg immatrikulere ved universitetet i Bergen og gav meg i kast med filologien.
   Eg hadde lagt bak meg eit år som lærar i barneskulen på Radøy, nord på Strilelandet, eit arbeid som mange nybakte artianarar tok på seg i gamle dagar. Me kan jo skjelve av uhyggje når me tenkjer på kva dei lét oss ta ansvar for. Men slik var det. Skuleverket skreik etter lærarkrefter, og somme tok til takke med kva som helst, om det så berre var ein halvstudert røvar som hadde dumpa til artium. Vel, det gjorde ikkje eg, heldigvis. Karakterane var greie nok, om ikkje nett i toppsjiktet. Og raværingane tok godt imot den unge spirevippen som skulle vere skulemeister for småungane deira.
   Men dette skulle handle om det som kom etterpå. Året på Radøy førte til at eg fann ut at det gjekk an å vere lærar, men eg kunne helst tenkje meg å arbeide i gymnaset, ikkje i barneskulen. Då laut eg hive meg på eit mangeårig studium  på universitetet. Og det var ikkje småting, det dei kravde. Ein filolog måtte rekne med fem og eit halvt år for å verte adjunkt, og skulle du ende opp som lektor, vart det minst halvtanna år i tillegg. Til samanlikning kunne du gå to år på lærarskulen etter artium for å verte allmennlærar. Så då eg nemnde planane mine for papen, vart han betenkt. "Da æ et långt lerret å bleikje," sa han. Han hadde sjølvsagt rett. Men for meg var ikkje tid noko problem. Eg var tjue år og hadde oseanar av tid framfor meg. Og Bergen lokka, for der hadde eg både slekt og vener i hopetal.
   Eg må nemne eit pussig poeng: Mange studium var såkalla opne studium på den tida. Filologien var eitt av dei. Det ville seie at du kom inn så sant som du hadde fullført gymnaset med ståkarakterar. Då var det verre å kome inn på den toårige lærarskulen oppe på Landås. Der var det ei poenggrense. I prinsippet kunne såleis ein artianar som ikkje kom inn på lærarskulen, begynne på universitetet og verte lektor. Ja, i neste omgang kunne han kome attende til Landås. Som høgskulelektor.
   Det var ikkje difor eg møtte opp med lånt studenthue, lét meg immatrikulere og tok imot mitt akademiske borgarbrev frå Universitas Bergensis i september 1965.

lørdag 20. juni 2015

SMÅ OG FÅ EPISODAR FRÅ LIVET TIL EIN 70-ÅRING.

Reidarbror 70 år, 19. juni 2015

Det kunne vel vere i jula 1944 at mamma . eller var det papen . orda frampå om at eg kanskje til sommaren skulle få ei lita syster… Då reiste eg meg i senga, logisk tenkande som ein toåring ofte kan vere, og messa med ettertrykk desse orda: «D’æ ‘kjæ plass te nòka syste i din´je sen’jine».

Nei, vel! Så laut systa vente, men ein vakker sommardag vart det fødd ein gut Ovaihogja, halvannan månad etter fredsslutninga med naziveldet. Gutlarken fekk namet Reidar Fridjov, venteleg etter Ragna, bestemora i by¨n og bestefaren som heitte Franz, men som ikkje var nokon bestefar likevel.

Franz var med i organisasjonen til Kristian Stein, denne vart opprulla hausten 1941 som ein av dei første motstandsrørslene og mange vart sende til Tyskland i konsentrasjonslæger. Franz var ein av dei som ikkje kom heim att, han døydde ved juletider i 1944.

Dompapusa tyttamai
Men dette visste me ingen ting om før mange år seinare. Bestemora i by’n hadde det med å bruke kjælenamn på oss ungane, og medan eg ofte vart kalla «han goa» fekk Reidaren kallenamnet «Dompapusa» Etter kvart vart han nok høveleg lei av pusenamnet, men som liten var det annleis, og han vart aldri lei av å sjå biletet av seg sjølv i matrosdress «Dompapusa tyttamai», venteleg som toåring. I bloggen sin har Reidar omtalt dette, og kva endelykt  dompapusa fekk.

I ei tidleg etterkrigstid var det mykje som var nytt og ukjent, som td appelsiner og sjokolade. Reidaren var nok for liten til å smake, men det går gyskjer om to eldre brør som sputta det ut første gongen dei fekk sjokolade. Men det var den gongen det....
Om det var første gongen me fekk smake fiker, veit eg ikkje sikkert, men i eit julebesøk på Igelkjøn fekk me i alle fall fiker. Så fann tante Målfrid ein fike på golvet, og som det ordensmenneske ho var vart det forhøyr: Kven var det som for slik åt? Og vesle Reidar, som ikkje likte denne nye og ukjende smaken laut med gråtkvalt røyst vedgå: «Eg rette handa ut slik, og så miste eg da».

fireårsdagen, 19. juni 1949, var me på ungdomsstemne i Holmedal, der me fekk smake is for første gong, og der Reidar plukka med seg småstein i lomma som han strødde på tunet då me kom heim att. Dette og meir til har også Reidar, som er vel utrusta så vel som med langtidsminne som med skriveførleik. også blogga om. To år tidlegare var me på songarstemne i Holmedal -  "Da va denn gonjin Reidar'n prekte i Holmedalskjirkjine," sa papen.
Ser du etter fly Reidar?

Første gongen det landa fly på Flekkefjorden var truleg sommaren 1946, ein friar til ei Flekkejente hadde sett seg råd til å imponere. Me var i gang med slåtten, og det kom eit fly som  krinsa over tretoppane.

Grunnen til at eg kan minnest dette, er nok at papen – som sjeldan sprang når han heller kunne gå – tok Reidaren under armen og sprang med kurs mot Røvebakkjen, som me kalla det fordi papen hadde revegard der, men som Jørgina kalla Nepehogjen. 

Frå Røvebakkjen kunne me sjå sjøen, og dette flyet var langt nærmare enn dei me hadde sett i det fjerne den svarte fredagen 9. februar 1945 med luftkampar over Førdefjorden

Andre gongen eg hugsar at papen sprang, var då Reidar og eg (det var nok heller eg og Reidar...) laga dampmaskin ved løeveggen……
                                                                                                                                                     I vår tidlege barndom var det berre godver og me bada heile somrane og gjekk på ski og skeiser heile vintrane. Såleis hadde me ei sutalaus barndomstid. På skulen gjekk me annankvar dag: I småskulen tysdag, torsdag og laurdag – i storskulen måndag, onsdag og fredag. Reidar var rimeleg skuleflink, og kunne komme med vel gjennomtenkte svar, som då Årøyen i ein bibelsogetime ville vite kvifor Israelittane ikkje bygde hus, men låg i telt då dei vandra i øydemarka i 40 år. Og Reidar presterte eit logisk svar: «Dei hadde vel ikkje spikar!»

Vortne litt større, hugsar me nok at det ikkje alltid var godver, hesjing i høljeregn var ikkje det me sette størst pris på. Då var det likare med turrhøytaking. Etter kvart som me nærma oss bølgjeblekktaket i gamle-løa, laut me vere to i høystålet for å ta unna til neste høylass. Og var me effektive nok, rakk me ein runde eller to med «Bondebridge». Å spele kort likte me godt, anten det no var kasino, raudskjegg, spar dame, amerikanar eller andre spel. Og så Monopol – det fekk me til jul eit år, og me spelte morgon og kveld dagleg i månadsvis, pengesetlane vart etter kvart utslitne, men det var råd å få tak i nye ved å skrive til forlaget.

Etter kvart skildes vegane våre. I 1959 drog eg til Bergen for å gå på gymnas, og då eg etter to år var heime att og praktiserte som lærarvikar eitt år, var Reidar byrja på gymnas på Sandane. Der var han ferdig i 1964, og fekk ein Amerikasommar før han freista læra Radværingane folkeskikk eitt år som lærar. Eg fekk forresten vere vikar for vikaren første fjorten dagane, til han kom heimatt frå den veldokumenterte USA-turen som han har memorert i bloggen sin "Tankar om no og då".  Medan eg er inne på temaet, lyt eg få takke for utvist storsinn ved at eg og får tilgang til å memorere...

Begge studerte me ved Universitetet i Bergen, og hadde Bondeungdomslaget i Bergen som vår andre heim, der me brukte mest all fritida vår og i tillegg gjerne litt av studietida med! Ein episode lyt eg nemna, sidan det nok har rydda veg for Reidar sitt vaksne liv: 
Reidar hadde fleire studiekameratar frå gymnastida som var frå Nordfjord, og eg var ved eitt høve avløysar for vaktmeisteren i Fensal, møtestaden til Bondeungdomslaget, der Nordfjordlaget hadde fest og Reidar med vener deltok.

Då festen var slutt, stod me ein flokk utafor og tøysa, og humøret var på topp inntil Reidar etter ein fleip fekk eit nakkedrag med paraplyen av ho som han seinare skulle dele livet med så paraplyen knakk i to. Så gjekk alle kvar til seg, men to dagar etter kom Reidar og sa at han kunne tenkje seg at me og bror vår, Arne, som no også var i Bergen på Lærarskulen, samlast ein kveld til ei lita feiring – Reidar hadde nemleg trulova seg med ho med paraplyen!

Etter at me etter kvart fekk etablert oss med eigen familie med gilde born og barneborn, går åra fortare og fortare, og eg skal la vere å gå min kjære broder nærare etter i saumane. 


Berre ein ting i tilknytning til det eg starta med: 
Me fekk ei syster, men det tok 11 år, og då hadde både Reidar og eg for lenge sidan fått eiga seng, slik at det venteleg var plass…

Så får eg slutte av dette nattarbeidet med eit bilete der Reidar og konfirmanten (ikkje paraplydama) er i aksjon ved førebuingane til konfirmasjonsfesten til syster vår (seinare; «Tante Liv»)


God 70-års dag, Reidar!                        



                            

onsdag 31. desember 2014

AMERIKATUREN 31: ETTERORD OG LITT TIL


Eg hadde tenkt å skrive eit etterord til den langtekkelege framhaldssoga mi om amerikaturen for femti år sidan. Skal eg greie å gjere det i jubileumsåret, må det gjerast i dag.
   Dette etterordet skal handle om eitt av emna som bror Steinar tok opp til drøfting i eit innlegg i haust. Eg kom altså heim med ein platespelar som var tilrigga for amerikansk straumnett, altså 110 volt og 60 vekselstraumvekslingar i sekundet. Og her til lands har me dobbelt så mange volt på nettet til vanleg, men berre femti vekslingar. Altså eit problem, men ikkje heilt uløyseleg. Då må eg be deg gå på nettet:
Amerikaspelaren

Min kjære bror dreg i tvil om ein fyr med berre engelsklinja kunne finne ut slikt på eiga hand. Men då gløymer han at denne broren her har ord på seg for å vere klåfingra, og dessutan hadde han fysikk på realskulen og hadde vore borti juletrelys.
   Sogeskrivinga frå 1964 er for det meste teke ut frå minnet, med litt hjelp av det gamle albumet mitt. Difor er du nøydd til å lese tekstane med tvil og kritikk. Men fotoa lyg ikkje. Biletfiksing var ikkje så avansert den gongen. Det var dyrt å fotografere med det nyinnkjøpte kameraet eg handla til meg i River Falls, men eg lét det stå til, heldigvis. Kan eg hugse feil når eg minnest at det kosta meg om lag fem kroner for kvart fargebilete eg tok innomhus? Først skulle filmen kjøpast, så kosta blitzpærene om lag ei krone stykket, så skulle filmen framkallast og kopierast. Og fem kroner var nesten ei timeløn i 1964 for oss fattigfolk. Som før fortalt, fekk eg ein dollar i timen då eg jobba i vaskeriet i River Falls. På den tida var nok lønsnivået høgare der borte enn her i gamlelandet. Ikkje rart at eg gjekk over til lysbilete etter kvart.
   Amerika er framleis langt borte, og sidan eg ikkje har vore tilbake etter 1964, kan eg ikkje påstå at eg kjenner landet. Då er bror Steinar og syster Liv i særklasse og langt føre meg i erfaringsmengd, dei som fartar dit både tidt og ofte.
   No er året 2014 nesten omme. Men det store året 1964 har nok vore mat for mykje meir blogging og artige minne enn dette året. Det var eit merkeår i livet, og ikkje berre på grunn av amerikaturen. Det var året då eg tok eksamen artium, var russ og sa farvel til Firda Gymnas og Sandane. Det var året då eg prøvde meg som lærar på Radøy og tente store pengar etter eigen målestokk. Og det var året som slutta med ei julebukkvitjing som eg har skrive om før (berre sjå!)
   Godt nytt år!



torsdag 20. november 2014

AMERIKA - AMERIKA (2) - Eit lite oversyn

Jau, då! Visst har eg og vore i Amerika – heile tre gonger, og to gonger berre i sommar! Bror Reidar rår til at eg bør ikkje venta i 50 år før eg fortel litt om Amerikaturane mine, han stolar nok ikkje på at eg vert så gammal…
Sjølv tek eg sikte på å leva minst 20 år til: Det har seg slik at ein fetter av Annbjørg har lova henne at når ho vert nitti, skal han spandere helikoptertur til Fadnesstølen. Og eg har lova å minne dei på det, om dei no skulle bli litt tutlete sjølve, og Annbjørg er enno ikkje meir enn 69…
Om dei tre Amerikaturane vil eg først nemne kortversjonen:


·         Svigerson Jon Kåre fekk eit PostDoc stipend og budde nær eitt år i Raleigh, North Carolina i 2002 med kone og 4 born. I påsken vitja me dei. Forutan Annbjørg og eg var dotter Kjersti og dei to borna hennar med.

·         I Washington finst ein framståande forretnings­advokat med husvære i Watergate. Besteforeldra hans drog til Amerika først på nittanhundretalet, og han har vore primus motor for eit slektstreff eller «Reunion» på Hamar i 2005 og på Beitostølen i 2010. Då Don tok initiativet til ein ny «Reunion» i 2015, fekk han klår melding om at så lenge ville ein ikkje venta, og at neste slektstreff burde haldast i Amerika.
Oldefar til Annbjørg var eldste bror til bestefar til Don, yngste bror deira var den legendariske skeiselauparen Peter Sinnerud. Slik hadde det seg at me drog til Washington og New York i månadsskiftet juni/juli i sommar. Av nære slektningar var eldste dotter vår med, det var og eldste bror til Annbjørg og kona hans.

·         Jon Kåre har ein del reisedagar for året i stillinga si, og er til USA rett som det er. Men dette er ikkje nok, i haustferien har han fleire år vore til Florida saman med familien. I år greidde ungane å lokka bestefaren med, kanskje var han ikkje vanskeleg å lokka, og det var slett ikkje kusina deira, Mari. Dermed var me heile 7 som drog av garde, noko som stilte visse krav til både husvære og transport «over there».


Så er det vel kanskje best å ta det siste først, og dermed lyt eg starte med Floridaturen ved neste høve.


onsdag 5. november 2014

AMERIKA - AMERIKA (1)

Jau, bror Reidar har vore i Amerika! Og han har dokumentert det i søkk og kav via 30 velskrivne blogginlegg, som det sømer seg ein pensjonert lærar. No veit ikkje eg om han skreiv dagbok eller i det minste gjorde notatar dei 6 vekene han var borte, men 50 år er ein monaleg tidsepoke, mykje har hendt og mangt vil det vera å minnast. Går me endå 50 år attende, er me i 1914, det året papen vart fødd, bestefar vår motviljug drog heim til gamlelandet for å gifte seg og ta over farsgarden, og skotet i Sarajevo som utløyste første verdskrigen var enno ikkje avfyrt.

Her heime var me i 1964 midt i ei brytningstid: På garden heime vart den nye driftsbygningen teken i bruk, traktor og siloslått avløyste kilometervis med hesjar og det vart god plass til turrhøyet, det som før var til hovudbry korleis ein skulle få det i hus.

Men no var det Amerika som var temaet, ikkje slåtten og turrhøyet som bror Reidar slapp unna denne sommaren. No var det ikkje noko særsyn at Flekkingar hadde vore i Amerika. Før er nemnt bestefaren på »Ilkjen», men både Berenten på Vellereina og Johannesen i Gara, og ikkje å gløyme Jørgina «Ovaihogja» hadde vore der. Jørgina fekk tæring og kom heim att for å døy. Ho var ei tid på Luster Sanatorium, og levde sidan i beste velgåande til ho døydde 50 år seinare.

På biletet sit Jørgina midt i baksetet, bestefar Peter med krosslagde armar i framsetet– dei hine er ukjende.

Det var ikkje fritt at me var litt nyfikne etter å høyra korleis bror Reidar hadde hatt det i Amerika. Han har nemnt at han kom heim i kvite sokkar, og at det vekte noko åtgaum, men no var det derimot ikkje mote å stille med hatt, slik biletet viser at det var 50 år før. Litt likskap med Daniel Davidson som Jakob Sande hadde sendt ut i verda, var det nok – begge hadde utvilsamt mykje å fortelje. Reidar hadde dessutan kjøpt seg fotoapparat og kunne dermed levandegjera mykje av det han hadde sett – endåtil på ljosbilete i fargar, det høyrer me ikkje at Daniel hadde rådd seg til.  
Så hadde han skaffa seg ein platespelar. Men medan me har 230 volt har amerikanarane 110 volt straum, derimot har dei ein frekvens på 60 medan me har 50. Korleis fikse platespelaren til å gå med rett fart? Om Reidaren kom på det sjølv, som berre har engelslina på gymnaset, eller om andre som har reallina visste råd, veit eg ikkje, men ved hjelp av ei serie-kopla lyspære med høveleg styrke vart det lyd i heimen og på hybelen.

Reidar hadde hatt meir enn lang nok ferie, og tok til i lærargjerninga 14 dagar etter skulestart ved Nordanger skule på Radøy. Hybel hadde han i skulehuset, så skulevegen vart enno kortare enn ved barneskulen heime. Det var sikkert godt etter den lange Amerikaturen….

fredag 31. oktober 2014

torsdag 30. oktober 2014

AMERIKATUREN 30: SISTE ETAPPE

Eg skal ikkje gløyme kvelden, augustikvelden du veit... Nei, det var ikkje den kvelden då Gud heldt fest i Fjaler. Men eg hadde kome meg heilskinna tilbake til kjende trakter frå Amerika og Stavanger og hadde ein mykje betre kveld enn kvelden før, då eg vart akterutsegla. No smilte lukka til meg. Eg gjekk strake vegen til fylkesbåtkaia og rakk akkurat å kome meg med nordfjordbåten som skulle innom Askvoll utpå natta. Og då var det berre å vente på sunnfjordbåten. Tidlegare var det ei båtrute til Førdefjorden og ei til Dalsfjorden. No var dei slegne i hop. Så den båten eg venta på, kom ut Førdefjorden, var innom Askvoll og deretter skulle han inn Dalsfjorden og vende i Bygstad, og så ut att og til Bergen by. På vegen inn Dalsfjorden skulle han altså inn Flekkefjorden til Flekke ein tur. Tidleg på føremiddagen skulle eg vere heime.
   I Askvoll gjekk alt etter planen. I land frå ein båt og om bord i den neste etter ei stund. No kjende eg meg så ovanpå at eg la meg trygt og godt ned på ein benk og sovna. Det hadde ikkje vore for mykje svevn dei siste nettene. Ikkje natta før eg forlét Wisconsin og stod opp grytidleg for å nå flyet i Minneapolis. Ikkje natta på Kennedy-flyplassen, ikkje natta i flyet til Icelandair, ikkje natta i Stavanger. 
   Så no gjekk eg glipp av å vere vitne til ein av dei fagraste båtturane du kan tenkje deg: inn Dalsfjorden, inn Flekkefjorden med soloppgang ein krystallklar grytidleg seinsommardag.
   ZZZZZZZZZZZZZZZ
Eg bråvakna og skjønte at båten låg i ro. Kva var det for noko? Ein smule omtåka kom eg meg opp or salongen og såg at me låg ved bryggja ... i Flekke! Eit blikk på klokka avslørte at me sikkert hadde lege der i snart ein time, og at båten var klar til å leggje frå kai. Så då var det berre å kome seg i land. Så ringla dei med bjella i båten og gjorde vendereis.
   No hadde det vore meir flautt enn farleg å verte med eit stykke til. Eg hadde vel hamna i Dale eller i Bygstad, så då hadde eg nok kome meg heim den dagen. Men no var det berre å spasere den siste biten heim. På vegen møtte eg eldstebror Arne, som skulle til Dale på jobb og begynne litt seint den dagen. Det første han la merke til, var at eg hadde kvite sokkar.

onsdag 29. oktober 2014

AMERIKATUREN 29: NÅR NAUDA ER STØRST ...

Klokka nærma seg ti, det mørkna og var hustre i vêret. Men dette var før Stavanger by var ein av dei dyraste byane i verda. August 1964 var lenge før oljå. Eg rusla opp i byen og snubla over eit lite pensjonat der eg fekk meg eit rom for natta utan å blakke meg. I lommeboka var der nokre dollars og litt norsk valuta. Takka vere svart arbeid på eit vaskeri i Wisconsin var eg ikkje heilt snau etter seks veker over there.
   No vart det ikkje så fredeleg og god svevn den natta som eg skulle ønskje. Tanken på bagasjen som var på veg til Bergen, uroa meg, likeeins utsiktene til å kome seg nordover neste dag.
   Dagen etter synte det seg at stoda ikkje var så ille. Eg kom meg ned på kaia, og der kunne dei fortelje at eg fekk ta snøggbåten til Bergen og bruke billetten eg gjekk med i lomma, med litt tillegg ettersom denne båten var litt dyrare. Men dessverre var morgonruta innstilt på grunn av dårleg vêr. Eg laut vente nokre timar til ettermiddagsbåten skulle gå, men då ville eg kome meg til Bergen før kvelden.
   Her var det snakk om dei nokså ferske hydrofoilbåtane, som etter kvart vart eit kjent fenomen på kysten. Me kalla dei stundom for hydrofeilar, for det feila dei ofte noko slik at dei var ute av drift. Denne føremiddagen var det vêret som var feil.
   No var eg noko lettare til sinns, sjølv om det regna og bles og var så surt at eg gjekk og kjøpte meg ein burgunderfarga v-genser og ein paraply. Den garderoben som eg ikkje stod og gjekk i, låg vonlegvis ved kaia i Bergen, pent nedpakka i ein brun koffert.
   Utpå dagen sessa eg meg i den flotte hydrofoilen, Sleipner eller Vingtor, måtte det vel vere. Turen til Bergen gjekk i ei snøggvende, i brott og bram. Båten heiv seg til sides og i djerve byks framover. Men fram kom me. Utpå kvelden la me til kai i Bergen attmed nattruta. Eg spaserte om bord, og bagasjen min låg pent og pynteleg der eg hadde lagt han.
   Så då var det berre å runde Vågen og ut til fylkesbåtkaia og sjå om eg kunne kome vidare.

tirsdag 28. oktober 2014

AMERIKATUREN 28: NO KJEM PROBLEMA

Vel og vakkert framme i gamlelandet gjekk eg i Stavanger by og småsmilte med meg sjølv. Det var som om eg var heime blant kjære og kjende, jamvel om eg aldri hadde vore i den byen før. Noko av det første eg gjorde, var å finne kaia og kontora til Stavangerske Dampskibsselskap og kjøpe billett til nattruta til Bergen. Eg spurde om kva tid båten skulle gå, og eg høyrde ikkje heilt om han sa ni eller ti om kvelden. Men det hadde eg god tid til å finn ut av. Det var berre ettermiddagen enno. Båten låg der, så eg lempa bagasjen min om bord og gjekk lett og glad derifrå.
   På veg opp att i byen trefte eg forsyne meg ein kar eg kjende. Han var russ i lag med meg på Firda gymnas, og no tente han  kongen på Madla som marinegast. Me hadde knapt hatt kontakt i gymnastida, men no var det som å treffe ein nær ven. Det var heile tre månader sidan me hadde forlate Sandane og gymnaset, ein stad me hadde svært gode minne frå, begge to. Me sette oss på ein kafé og tok ein kopp kaffi og lét praten gå. Jau, han visste kva tid nattruta skulle gå. Det var klokka ti om kvelden. Han hadde teke båten frå Bergen og sørover.
   Timane gjekk, me sa farvel og gjekk kvar vår veg. Klokka var berre halv ti då eg kom ned til kaia. Men der var det ingen båt å sjå! Ikkje folk heller, så å seie, og dei fleste lys var sløkte. Ein fyr dukka opp, og han kunne fortelje at båten gjekk klokka ni. Ni frå Stavanger og ti frå Bergen. Den gode marinegasten frå Hornindal var nok i god tru; han rekna vel med at dei brukte den same klokka i Bergen som i Stavanger.
   Det var seine kvelden. Bagasjen var på veg til Bergen, og eg stod att på kaia og småfraus i ein mørk og framand by, heimlaus, frendelaus og lite kjend, og lika på leiken ille.

fredag 24. oktober 2014

AMERIKATUREN 27: PÅ VEG HEIMOVER

Kalenderen viste at me var komne eit godt stykke ut i august i 1964, og eg sat i flyet som letta frå Kennedy-flyplassen. No var det heimferda som stod for tur. I rekkja vår sat ein amerikanar som skulle til Keflavik, ein nordmann busett i USA og eg.
   Denne turen gjekk utan komplikasjonar av noko slag. Me hadde ei mellomlanding i Nord-Canada denne gongen òg. Den eine vegen var det i Goose Bay på Labradorhalvøya, den andre vegen i Gander på Newfoundland. Men kva som var kva på turen mot vest og turen mot aust, hugsar eg ikkje. Det spelte lita rolle, me var der berre ein halvtime eller noko slikt. Men eg var innom terminalen i Gander, trur eg, og såg biletet av dronninga deira, Elizabeth. Me var ei lita stund i det tidlegare Britiske samveldet, som ikkje lenger var britisk, berre Samveldet av nasjonar.

   Eg hugsar fint lite av den sytten timars lange ferda mot aust. Truleg fekk eg litt velfortent svevn etter vakenatta i New York. Karane ved sida av meg prata litt politikk; amerikanaren meinte at Goldwater hadde mange gode poeng. Eg torde nok ikkje blande meg så mykje inn i den diskusjonen.
   I Keflavik hadde me lang nok pause til at amerikanaren bad oss opp der han budde, så me kunne få oss ein dusj. Det gjorde me med glede, sa farvel til han og kom oss vidare.
   Me passerte den nye tilveksten til staten Island: Surtsey. Eg klemde meg inn til flyvindauga og fotograferte:


                          
  Nokre timar seinare kryssa me vårt kjære heimland, landa på Fornebu, gjorde vendereis og rusla ut på Sola flyplass. No kjende eg meg ovanpå, prøvde å snakke norsk, men hadde ein tendens til å innleie førespurnader om t.d. bussar til byen med eit "Excuse me..."
   Og etter kvart tårna problema seg opp. Etter seks veker i ukjende farvatn.
 


torsdag 23. oktober 2014

AMERIKATUREN 26: PÅ UTSTILLING


Så var dagen opprunnen då eg laut ta farvel og forlate Wisconsin. Flyet gjekk om morgonen, og grytidleg den dagen vart eg skyssa til Minneapolis, kom meg på flyet og gjennomførte den første etappen. Til Kennedy Airport i New York.
   No var det inga sak å kome dit; det var lyse dagen, eg hadde vore der før, og eg tok meg lett fram til den internasjonale terminalen. Der fann eg disken til Icelandair og la fram to ønskemål: Kunne eg få utsett avreisa til dagen etter? Og kunne eg få endre reisemålet og gå av flyet i Stavanger, dersom det landa der òg,  i staden for Fornebu, som stod på billetten? Begge delar let seg gjere utan særleg om og men.
   Grunnen til at eg ville reise ein dag seinare, var at eg ville innom verdsutstillinga i byen, sidan eg no likevel var i New York. Så då fekk eg låst sakene mine inn i ein boks, fann bussen som gjekk til utstillingsplassen og lét det stå til.
   Der vandra eg rundt på den eine utstillinga meir spektakulær enn den andre. Vårt kjære fedreland hadde ingen eigen stand, berre ein slags souvenirbutikk attmed den svenske paviljongen. Nokre bunadskledde jenter stod og marknadsførte landet sitt, og selde varer med norsk design.
   Eg vart svolten og fann ein kiosk der dei selde mat og drikke. Kva eg ville ha i magen, hugsar eg ikkje. Men eg trudde det var sjølvbetjening og begynte å forsyne meg. Det skulle eg ikkje ha gjort, for ei illsint dunse kom og tok sakene ifrå meg med tydelege signal om kva ho tykte om åtferda mi, sjølv om eg prøvde å forklare mistaket. Og ein yngre fyr kom og snerra: ”So you kind’a help yourself, you!”


Utpå kvelden hadde eg fått nok av utstillinga, fann bussen og kom meg tilbake til flyplassen. No stod det att å vente ein heil kveld og ei lang natt før eg kunne kome meg vidare. Vakenetter var eg ikkje heilt ukjend med, så det gjekk på eit vis. Det var jo mange rare folk å sjå på, og greie nok benker å kvelve seg nedpå. Om eg duppa av litt, kan eg ikkje hugse. Men tida gjekk.
   Og så trefte eg Jesse James. Ein ung fyr, ikkje mykje eldre enn meg sjølv, fomla og balte med låsen til bagasjeboksen sin og trudde at det lét seg gjere å låse opp og att utan å ha på meir pengar. Eg kom i preik med fyren, og såg på kofferten kva han heitte. Så eg spurde jo om han var i slekt med den store revolvermannen med same namnet. Det spørsmålet hadde nok Jesse høyrt før, og noko svar fekk eg ikkje. Men ein hyggjeleg kar var han, og han lurte på om eg var frå Island. Det var eit underleg spørsmål, tykte eg. Korleis kunne han vite at dei første islendingane kom frå Sunnfjord? Nei, forklaringa var at han tykte eg snakka så likt islendingane, for han hadde vore stasjonert som soldat på Keflavik. Så det han høyrde, var nok det same som gubben på flyet til Minneapolis, som eg fortalde om her ein gong: Engelsken min røpa at eg ikkje var oppvaksen der i nærleiken.

onsdag 22. oktober 2014

AMERIKATUREN 25: WILD, WILD WEST

Eg har visst nemnt at Jim tok meg med på telttur ut i South Dakota. Der ute krydde det av indianarar, revolvarmenn og cowboyar. Vel, eg må tilstå at det ikkje var så mange att i 1964 då me var der. Men nitti år før vårt besøk fann dei gull i Black Hills, og då vart det liv, kan du tru. Der det finst gull, finst det kjeltringar. Her ute herja dei vilt, ho Calamity Jane og han Wild Bill Hickok.
   Indianarane, som  åtte landområdet, hadde minimale sjansar til å hevde sine avtalefesta rettar då  bandittane, gullgravarane og andre eventyrarar og investorar dukka opp i store flokkar. No stod det ein og annan og stilte seg ut i bunadene sine så turistane kunne fotografere. Det same gjorde oldtimeren nedanfor, som ikkje eingong hadde hest, men måtte nøye seg med eit muldyr. Etter fotoseansen rette dei fram handa og sa: "We ask for donations."
Ein retteleg stor attraksjon var Mount Rushmore med dei fire presidenthovuda hogne ut i fjellet. Eg fekk sjå Deadwood og skjønte kvifor namnet passa på området. Elles var det svært så naturskjønt og dramatisk ulikt dei austlege delane av staten.
   Men før me kom til Black Hills, og etter visitten der ute, kryssa me dei endelause slettene i Sør-Dakota. Jim og eg låg i telt tre-fire netter. Eg fekk oppleve kor flat prærien faktisk er. Eg såg ekte bisonar, eller bøflar, som dei feilaktig vert kalla i indianarbøkene. Bøffel er i grunnen eit anna dyr. Tja, ekte og ekte... Dei eg såg, verka ikkje så fyrige og ville som i cowboyfilmane. Men dei var freda og hadde ikkje flokkar av hylande indianarar eller lystskyttarar i forbipasserande jernbanetog å passe seg for.
   Well - det beste med turen var trass alt dei lange og gode samtalane eg hadde med reisefelagen min, James Rupert.

 



mandag 20. oktober 2014

AMERIKATUREN 24: FJERNSYNET

Eg hadde ikkje sett mykje fjernsyn i 1964. Ikkje før eg kom til Amerika. Heime hadde me ikkje noko slikt på den tida, og eg sakna det ikkje. Ute hos onkel Anders hadde dei fått det, men eg var ikkje interessert i å vitje dei for å sitje der og sjå på ein skjerm.
   Heime hos familien i River Falls hadde dei sjølvsagt TV, og eg brukte nok ein del timar på titting. Som nemnt sist eg skreiv, var det ein del dramatikk å melde den sommaren frå både USA og frå andre delar av verda. Men bortsett frå nominasjonen av Goldwater er det skam å seie reklamen som har festa seg best av tv-stoffet. Ikkje fordi eg var spesielt interessert i nyhende om filtersigarettar og cornflakes. Men den systematiske dundringa av bodskapane trengde seg langt inn i øyregangane og endå lenger. "Buy Country Cornflakes...!" Eller "How can all that flavor get thru all that charcoal (...) The secret 's in the structure!" gjalla det i fengjande rytmar.
    Og så såg eg såpeseriar, jamvel på føremiddagen. Eg hugsar eit par glimt og tittelen på ein av dei: "Make Room for Daddy", der ein stakkars pappa vart uthengd på det mest skammelege.
   Dave, som var ein særs reflektert yankee, hylla ikkje nett det amerikanske tv-tilbodet. Han fortalde at programmakarane hadde analysert seg fram til at gjennomsnittsprogramma skulle treffe det intellektuelle nivået til ein tolvåring. Då var sjansane størst for å få mange sjåarar.
  I det evensonske huset hadde dei "berre" svart-kvitt fjernsyn, og det var visstnok det vanlegaste blant folk flest. Men hos syster til Cliff hadde dei jamvel fargefjernsyn! Det slo dei av då me kom der på besøk, heldigvis, så det var ikkje mange minutta eg fekk nyte det. Like godt!

onsdag 15. oktober 2014

AMERIKATUREN 23: AUH2O

Amerikansk  politikk er underlege greier, i dag som i 1964. For meg som ikkje eingong var van med fjernsyn, vart møtet med ein amerikansk valkamp eit skikkeleg show. Eller sjau, alt etter som. Republikanarane hadde nominasjonsmøtet sitt mens eg var i landet. Det var tøffe tider. Godt og vel eit halvt år tidlegare var president Kennedy skoten. Den kalde krigen gjorde amerikanarane meir utrygge og urolege enn oss nordmenn, som delte grense med den store, stygge Sovjetunionen. Det var mindre enn to år sidan Cuba-krisa. Uroa i Vietnam var i ferd med å ta form som ein verkeleg krig, med amerikansk opptrapping. Raseuroa flamma opp i takt med aukande engasjement for borgarrettar. Allmenta hadde fått augo opp for dei store skilnadene mellom fattig og rik i verdas rikaste stat. Dette siste var ei hjartesak for den nye presidenten, Lyndon B. Johnson, han som overtok då Kennedy vart skoten. Johnson hadde ”War against Poverty” som sitt slagord. Ikkje alle amerikanarar meinte at det var noko å slåst for.
   På det republikanske nominasjonsmøtet oppstod det ei kraftig stemningsbølgje til fordel for han som klarast markerte alternativa til Johnson: Barry Goldwater. Den konservative senatoren frå Arizona stod for ei knallhard linje overfor Sovjet og alt som kunne lukte eller smake av kommunisme, anten det no var i heimlandet eller utanfor USAs grenser. Elles kjenner me att mykje av tankegodset hans i det som den konservative fløyen i det republikanske partiet meiner i dag: mindre stat, meir privat armslag. Mindre sentralmakt, meir fridom for einskildstatane. Mindre makt til fagforeiningane, meir til arbeidsgjevarane. Og så bortetter. (At Goldwater kom frå ein søkkrik familie, gjorde kanskje sitt til å utforme tankane hans.)
  Den meir liberale Nelson Rockefeller (med norsk svigerdotter og endå rikare enn Barry) hadde ikkje sjansar. Ein gong han stod på talarstolen, gaulte og gaulte ein horde av Goldwater-tilhengjane i fleire minutt: ”We want Barry” slik at ingen skulle høyre kva Rockefeller hadde å seie. Ordstyraren dunka og dunka med kølla si, men til lite nytte. Vel, etter ei lang stund stilna sjauen, så talaren fekk snakke.
   Elles var det faner, flagg, konfetti og spetakkel som om det var fotballkamp i Rio. Goldwater vart nominert, og jubelen var endelaus. Og i River Falls sat eg og var vitne til det meste av det som skjedde. På fjernsyn, rett nok.
   Fire månader seinare var det val. Johnson vann ein overlegen siger. Men kampen mot fattigdom drukna i ein annan kamp dei neste fire åra: Vietnamkrigen. I 1968 kasta Lyndon B. Johnson korta og nekta ny nominasjon. Richard Nixon vart vald. Han var republikanar. Tolv år seinare valde dei ein president med mykje av det same programmet og ideane som Barry: Ronald Reagan.

tirsdag 14. oktober 2014

AMERIKATUREN 22: BERMUDASHORTS OG KVITE SOKKAR

Eldstebror Arne påstod at det første han la merke til då eg kom heim att frå seks veker i Amerika i 1964, var at eg gjekk med kvite sokkar. Javel. Eg har eit minne frå svært tidleg barndom - kanskje eg var i tre-fireårsalderen då - at eg hadde eit par kvite sokkar på den tida. Bortsett frå det var det slett ikkje vanleg at karfolk gjekk med denslags på våre kantar.
   Men i Amerika, you know, der gjekk alle med kvite bomullssokkar. Så då eg var nedom butikkane i River Falls og dressa meg opp litt, kjøpte eg mellom anna bermudashorts og kvite sokkar. Fleire par sokkar. Begge delar vekte ein smule åtgaum i Flekke.  Kortbukse som rakk ned til knea, var heller ikkje vanleg flekkemote på sekstitalet. Men tillaupa til erting beit ikkje på meg. Dei som prøvde å erte, hadde ikkje vore i Junaiten, veit du.
   Mange år seinare var syster Liv Elisabeth på vitjing hos kjærasten sin i California. Då ho trefte han, braut ho ut i lått og peikte på sokkane. "Kva er gale med dei, alle går jo i kvite sokkar her," sa han ein smule fornærma. Og Liv måtte unnskylde seg og fortelje om broren som fekk så mange kommentarar om fottyet sitt.
   Same hausten kjøpte eg meg svart fløyelsjakke og lys bukse med pepitamønster. Slike plagg var heller ikkje komne på moten i våre krinsar. Bror Arne såg granskande på innkjøpet mitt då eg kledde meg opp og synte meg fram. "Men er det ikkje fint, synest du?" spurde eg. "Jau, fint er det. Men torer du gå med det?" svarte han.
   Mamma har fortalt at far hennar, altså den bestefaren min som var nesten ti år i Amerika, pla gå i dei lyse bestkleda sine om sundagane. Kleda han hadde med heim frå Amerika. Då var han så staseleg, tykte mamma. Noko heilt anna enn dei mørke vadmålskleda hine karfolka gjekk med.

mandag 13. oktober 2014

AMERIKATUREN 21: LØER I WISCONSIN OG PÅ IGELKJØN



Her har eg stole eit bilete frå nettet med teksten "Wisconsin Barns". Dei løene eg fekk sjå der borte, hadde nok eit meir moderne snitt, men takprofilen var mykje i same stilen. Mange av løene hadde eit avrunda tak som sikkert kvilte på stålbøylar. Somme hadde ein liknande knekk som desse to. Me snakkar då om mansardtak. Det var sjeldsynt å sjå eit vanleg norsk beint saltak.
   Morfaren min, Pitter'n Ilkjen, kom heim frå Amerika etter nær ti år, gifte seg med bestemora og overtok farsgarden. Han hadde hatt ein tur heimom eit par år tidlegare, Kanskje han fridde, kanskje han ordna med overdraging av bruket. Ikkje veit eg. Eg spurde han ein gong om kvifor han ikkje vart verande der borte når han var så godt i gang. Då skulda han på at faren gnålte og maste om at han måtte kome heim og overta.
   I alle fall gjorde han så. Etter nokre år bygde han ny løe. Og korleis såg ho ut (og ser delvis ut slik den dag i dag)? Jau, slik:

Då eg kom tilbake frå USA, påpeikte eg at han måtte ha fått ideen frå Wisconsin då han bygde løa. Men han bles av det. Han laut gjere det slik, for han hadde ikkje sperrebjelkar som var lange og sterke nok viss han skulle strekkje dei beint. 
      Men eg lurer no på om ilkjensløa hadde sett ut som ho gjer, viss bestefar ikkje hadde sett løene i Wisconsin og snusa på teknikken med noko så unorsk som mansardtak.

søndag 12. oktober 2014

AMERIKATUREN 20: IMPROVISERT EKSPEDISJON

Bestefar gjekk på amerikabåten den tiande mai 1905, mens kong Oscar den 2. framleis var konge i landet vårt, fire veker før Stortinget avsette han. Morfar Peter Igelkjøn kom til tanta si i Wisconsin, som saman med mannen sin åtte ein farm. Framleis sat ætta på garden, og då eg drog til Amerika i 1964, ville bestefar gjerne at eg skulle vitje familien, til dømes syskenbarnet hans, Arthur Jarstad.
   Trøyste meg for ein dårleg planlagd ekspedisjon eg var med på. Eg burde jo ha teke kontakt før me drog av stad. Nei, det gjorde me ikkje. Oscar køyrde, og kona hans og Marie var med i bilen.
   Oscar Flekke har eg ikkje skrive mykje om, men det burde eg. Han var eldste sonen til den før omtalte Mathias Flekke, pensjonist og ein blid, kvikk og omgjengeleg gubbe. Og så snakka han norsk når det høvde seg. Men eg trur ikkje kona hans forstod så mykje av det språket, så det gjekk nok helst på engelsk. Dei budde i nabobyen Baldwin, ikkje mange mil frå River Falls.
   Adressa til syskenbarnet åt bestefar viste at me laut køyre eit par timar mot aust i Wisconsin, og me så gjorde. Etter litt spørjing og leiting fann me gardstunet, og eg ringde på. Ut kom ein ung mann som såg mistruisk på den jyplingen som stod på trappa. Eg snakka som ein foss og forklarte stoda. Mannen, som viste seg å heite Mike og var sonen i huset, endra fjes frå nokså bryskt til spørjande, så smilande og drog oss inn i stova. Der dreiv mor hans og stulla. Dessverre var ikkje han far i huset, Arthur, heime. Me sat og prata passeleg lenge, tok avskil og køyrde heim att.
   Eg trur ikkje den omtalte Arthur heilt tilgav meg at eg ikkje varsla og avtalte ankomsten. Det er utruleg kva det har å seie for desse amerikanarane å få kontakt med slekta til forfedrane som ein gong emigrerte. Og bestefar tykte sjølvsagt det var toskje at eg ikkje trefte syskenbarnet hans. Men han likte godt at eg hadde vore på tunet.
   Det vart etablert brevveksling, og fleire i familien deira har vore i Noreg og treft slekt. Og syster Liv med fleire har vore hos dei.



lørdag 11. oktober 2014

AMERIKATUREN 19: EIN UTFLYTT FLEKKING

På Vellene i Flekke kom det til verda elleve born i åra 1908 til 1929. Alle var gutar. Faren i huset jobba på fabrikk i Dale, og så hadde dei småbruket sitt.
   Hausten 1929 drog eldsteguten, Albert, til Amerika. Han hadde litt flaks, for same hausten råka børskrakket i New York landet som ein farang og førte med seg den velkjende og ille berykta depresjonen og verdskrisa i trettiåra. Ikkje lenge etter at Albert var komen til landet, vart det innført strenge restriksjonar på immigrasjonen, og arbeidsløysa steig og steig med skremmande fart.
   På sett og vis vart eg ein utsending frå heimetrakene mine denne sommaren i 1964, og fleire enn familien til Albert nemnde på at eg kunne jo prøve å snuse opp slektningane deira der borte. Det var grenser for kva eg kunne ta på meg av slike ærend, men for Løseth-familien var det annleis. Eg kjende jo godt fleire av brørne til Albert. Dei yngste kunne ikkje hugse eldstebroren; Anton var nett fødd då han forlét heimen for godt. Og både mamma og papen kjende fyren i gamle dagar.
   Ein dag mens eg var der borte, tok eg telefonen og ringde eit nummer i Minneapolis. Jau, det var Albert Loseth, no utan tødlar i etternamnet. Eg fekk presentert meg og bore fram ærendet mitt. Om det var mogeleg å treffe han? Jau, eg måtte berre kome innom sundag, då var han heime og ikkje på jobb. Eg prøvde å slå over til norsk flekkemål i samtalen vår, men då oppfatta han ikkje kva eg sa. Så då eg la på røyret og skulle fortelje Dave kva som hadde kome ut av praten, var eg ein smule språkforvirra og snakka like godt norsk til han òg. Han såg på meg med eit lurt flir og sa ingen ting før eg skjønte kva mål eg dreiv og prata med.
   Jau, eg innfann meg i heimen til Albert og frua i Minneapolis og hadde ei triveleg stund. Han var godt nøgd med livet og gav ikkje uttrykk for noka form for heimlengt. Om han hadde hatt problem med å få arbeid i krisetida på trettitalet? Å nei, han fekk alltid arbeid, han. Løsethkarane heime var forresten store kraftkarar og flittige arbeidsfolk. Og Albert ruva svært godt, han òg. Det var nok mange arbeidgjevarar som hadde bruk for han. "Jau, det var mange som gjekk arbeidslause i trettiåra. Men så vart Roosevelt president, og då vart det jobb til alle," meinte han.
   Tanta til Albert, ho Gudrun, budde i lag med mannen sin eit stykke utanfor byen. Henne hadde eg sett før, ein gong ho vitja gamle trakter. No tok Albert og kona hans meg med på ein biltur opp til henne. Mens Albert var ein sindig kar, var tante Gudrun impulsiv og full av liv og lått. Då ho fekk høyre kven eg var, og kva folk eg var av, vart ho hylande begeistra og tok ein runddans med meg på tunet. No fekk eg snakke litt norsk, for mens Albert og kona hans heldt seg til engelsken, preika Gudrun og mannen norsk seg imellom. Han var visstnok frå Bergen, om eg hugsar rett.
   No leid det mot kvelden, og fru og herr Loseth køyrde meg heim til River Falls før dei vende tilbake til Minneapolis.
   Albert kom aldri heim att til gamlelandet. Han døydde få år etter dette. Men kona hans og dottera vitja skyldfolket i Flekke seinare.