Her kjem den siste forelesinga om flekkemålet i denne omgangen. Det er som eit etterord å kalle.
I meir enn femti år har eg budd andre stader enn i Flekke. Difor vonar eg at folk vil tilgje meg for ei viss utvatning av det originale talemålet. Det begynte med tre år på Sandane i Nordfjord. Så kom det fleire år i Bergen med alskens folk i ymse omgangskrinsar. Ikkje minst med gode vener frå Nordfjord som studiekameratar. Og sommarjobbar i Gloppen. Alt dette gjekk ikkje upåverka hen. Når eg var heime på ferie, påstod dei at eg hadde pådrege meg nordfjordtonefall. Eg merka det ikkje sjølv og hadde vanskeleg for å tru det. Ein gong fortalde to jenter frå heimetraktene mine at dei hadde treft på ein kar med eit tonefall i pratet som verka kjent. "Han snakkar jo nesten slik som Reidar'n," sa dei seg imellom. Karen ville vite kven dei snakka om og fortalde det. "Men håno kjennje eg!" sa han. Han var frå Sandane i Nordfjord.
Seinare vart det eit par mannsaldrar i Sunnhordland. Her har det ikkje vore mange fjordingar å snakke med.
Eg har ikkje vore flink til å tvihalde på alle dialekttrekka eg har omtalt dei siste dagane. I lærarjobben har eg ikkje hatt lyst til stadig å forsvare dativbruk og svarabhaktivokalar. Eg har heller ikkje slengt om meg med "kate" og "kjøle". Men ein del av målarven heng att. Og det gleder meg når språkkunnige ein sjeldan gong skryter av at eg snakkar så pent sunnfjordmål.
Endå det nesten ikkje er fortent.
fredag 21. mars 2014
torsdag 20. mars 2014
FLEKKEMÅL 5: MONOFTONGERING
Ein diftong er ein vokallyd som høyrest ut som ein kombinasjon av to vokalar: ei, øy, au. Ei/ai og au var gamle lydar og gav det urgermanske språket klang og farge. Me snakkar då om eit opphavsspråk til tysk, engelsk, nederlandsk og nordiske språk, og som var brukt for to tusenår sidan. Seinare gjekk det litt ymseleis i det germanske området. Me skal ikkje rippe opp i alt, men nemne at tyskarane framleis seier Stein og laufen, mens danskane har funne det for godt å seie sten og løbe. Denne overgangen til enkle vokalar (monoftongar) kallar me monoftongering.
I norrøn tid snakka dei med diftongar her i landet så det song i øyro. Då Ivar Aasen oppdaga det norske målet, fann han at dei gamle diftongane var livs levande dei fleste plassar i landet. Difor kom dei i høgsetet i det nyreiste landsmålet hans.
Men diftongane hadde møtt ein vanlagnad i delar av Norden. Lenger sør og lenger aust kom det etter kvart på moten å seie sten og røk eller røg. Slik gjorde dei Danmark, i Sverige og i mange norske bygder langs svenskegrensa. Men ikkje berre der. Innslag av monoftongering smeit seg inn i norske bygder der ein ikkje skulle tru at dei kunne finne på noko slikt. Likevel er det framleis flust opp av diftongar i norsk talemål, og dei har jamvel fått ein raus plass i bokmålet etter kvart, trass i ein viss kamp frå konservativt riksmålshald.
Kva så med flekkemålet, som eg driv og skriv om? Jau, så sanneleg slo me inn på den danske linja med monoftongering, me òg. Me sa rent, bent, sent. Med korte vokalar, merk deg det. Me sa e(i)n hòge(=ein haug) med svarabhaktivokal, og monoftongering. Heimen vår låg bak Storehòjen med oksytonering, altså trykk på andre leddet, og med monoftongering. I tillegg vart g-lyden dregen fram i kjeften så det vart ein j i staden (palatalisering). Eldre folk snakka om ein dråme (= ein draum), med svarabhaktivokal og monoftongering. Straum vart stråme.
Men reinhekla monoftongistar var me ikkje. Det heitte lauv, sau, dau, rein, bein, røyk og øyk. Me lauga oss og drakk saup. Men me drog i hop diftongane etter ein regel som du skal få del i: Me artikulerte ikkje diftongar framfor dobbelkonsonant eller konsonantgruppe. Viss det kom meir enn éin konsonant etter diftongen, vart han forenkla. Ofte ser me det i bøyingspar, og det er gjerne ein bøyings-t som får oss til å dra i hop: sein-sent, rein-rent, røykje-røkte, laus(e)-løst og dau-døtt. Me følgde regelen om monoftongering framfor konsonantgruppe og sa høst, øst, trøst og nøst.
Då har du fått ein regel for storparten av monoftongeringane i mitt barndoms Flekke. Men det forklarar ikkje stråme, dråme og hòge.
Om me danska aldri så mykje når det galdt diftongar, var me ihuga målfolk. Det skulle meir til enn litt monoftongering før me fornekta målet.

onsdag 19. mars 2014
FLEKKEMÅL 4: DATIV
Lukkelege var me som lærte tysk i vår ungdom og vart tvinga til å bøye sustantiv og meire til i fire kasus. Eitt av desse kasusa heitte dativ. Me lærte òg at visse preposisjonar styrte akkusativ, andre styrte dativ og atter andre styrte både dativ og akkusativ, alt etter om noko var i ro på staden eller var på veg til staden.
For oss flekkingar og mange andre var ikkje dette siste så underleg. Slik hadde me det i målføret vårt òg. Me sette oss ned på stolen, me sat på stola. Me gjekk opp på loftet, eller me leikte oss oppe på lofta. Me køyrde høyet inn i løa, og me hadde mykje høy i lø-ine. Oppi bakkå stod det mange hesjar, og no skal me opp i bakkane og ta turrhøy. Hesa er lang, i denne hesine er det over hundre rom. Skogen er full av bjørk, og i denne skogja skal me hogge ved. Han far site på takja og arbeider, for takjet var ikkje tett.
Der fekk du heile bøyingsmønsteret servert. Verre var det ikkje. Orsak meg, eg har ikkje gjeve att alt på lydrett flekkemål, som du ser, men eg håpar eg har fått demonstrert dativsystemet. Hadde me eit preposisjonsuttrykk som ikkje uttrykkjer rørsle til staden, så brukte me dativ.
Som før fortalt (les om Krisling i buka) er dette fenomenet kjent over store delar av landet vårt.

tirsdag 18. mars 2014
FLEKKEMÅL 3: SVARABHAKTIVOKALAR
Eit underleg ord, ikkje sant? Nesten like nifst som det som
var overskrift i går. Det kling litt indisk, og med god grunn: Det er lånt frå hindi. Og fenomenet har lite
å gjere med at flekkemål og hindi er i slekt. Eg siktar til urspråket
indoeuropeisk, som kan ha eksistert for fem-seks tusen år sidan og har vore
opphavsspråk til dei fleste europeiske og ein del asiatiske språk.
No snakkar eg meg
heilt vekk. Men før eg går over til å skildre bruken av svarabhaktivokalen i
flekkemål, vil eg gjerne sitere forfattaren Kristian Elster d.e.(1841-1881),
oppvaksen i Sunnfjord, men av pen familie og med eit visst avstandsblikk på
bygdefolket i førdetraktene. I det kjende essayet Om Modsætningen mellem det
vestlige og østlige Norge tillet han seg å samanlikne sunnfjordingar og
sogningar. Om sunnfjordingane skriv han:
I Søndfjord bor kanskje Landets tyngste,
seigeste og sendræktigste Folk.
Søndfjordingen er godt udrustet, han baade tænker skarpt og føler dybt;
men han trænger tre Gange så lang Tid til alt som andre Mennesker. Læg bare
Mærke til Gang og Holdning hos disse to Nabofolk. Sogningen gaar let og snart
og holder sig opret; Søndfjordingen luder under en uhyre Vegt og drager sig
sagte frem i de tykke Vadmelsklæder, de uformelige Støvler og under det Skind,
han bærer paa Ryggen til Værn mof Væden.Efter lange Forberedelser kommer
Ordene sigende sejgt som Taagen fra Havet, de aabne Vokaler har lukket sig,
og han har et Hang til at føje et ”e” i
Enden af alle Ord, ligesom om han ikke kan beslutte sig til at slippe dem fra
sig.”
Elster skriv mykje
meir, men det er denne ”e” -lyden me skal sjå på i dag. I flekkemålet (og meir eller mindre i
mange dialektar) dukkar han opp i tre slags kategoriar:
1: I substantiv
hankjønn, ubunden form: ein heste, ein grise, ein fugle.
2: I adjektiv eintal, både han- og hokjønn: ein fine heste, ei søte jente.
3: I sterke verb, presens: eg finne, du lyge, han bite.
Og Elster rotar litt, me hengjer ikkje nokon e på kva som
helst. Me seier ei bjørk, eit fjell, eit godt matamål.
Denne e-endinga har
sine røter i norrønt. Dei sa svartr hestr bítr og meinte at (ein) svart hest
bit. Så smaug det seg inn ein e-lyd før
r-lyden, sidan dei ikkje likte så godt å uttale r etter ein konsonant. Svarter
hester biter. Neste steg i utviklinga var at r-lyden forsvann, men e-lyden stod
att. ”Han Ola he en svarte heste så bite,” kunne flekkingane og andre
sunnfjordingar seie.
At e-lyden også vart hengd på adjektiv i hokjønn, kan me kanskje forklare med smitteeffekt. For
der stod det ingen r i endinga i norrønt.
Svarabhakti-vokal
kan me kalle for hjelpevokal, ein vokal som skal lette uttalen av fleire
konsonantar etter kvarandre i visse samanhengar. I vanleg norsk finn me han i
ein del ord: våpen, bøker, der e-lyden ikkje var med i gammalnorsk. På Island
tok dei i bruk u som hjelpevokal: hestur. Og ein u-aktig vokal vart brukt på
Voss, seiest det.
Kristian Elster var
ein lærd mann, men nokon språkvitar var han ikkje. Om hans dom over sunnfjordingen elles var rettferdig, vert framleis diskutert i dette fylket.
mandag 17. mars 2014
FLEKKEMÅL 2: OKSYTONERING
Oksytonering høyrest farleg ut. Er det giftig, kanskje? Nei, så vidt
eg veit, er det ikkje det. Eg snakkar om eit målmerke i flekkemålet som eg voks
opp med. Eg tippar at mange unge flekkingar i dag knapt vil vedkjenne seg dette
fenomenet. Her eg sit, langt sør i Hordaland, er det vanskeleg å sjekke. Men
det kan du gjere viss du bur i Flekke eller der omkring
Det handlar om det
som òg vert kalla for etterleddstrykk eller etterleddsaksent. Det normale i norsk er at trykket kjem på første stavinga av eit ord, også i samansette ord. Men i samansette ord
kan trykkstavinga stundom kome i andre leddet. Fenomenet er kjent mange stader i verda,
også i mange norske dialektar. Men systemet og reglane ymsar ein del. No skal
me sjå på det systemet eg voks opp med i Flekke og prøve å forme ut nokre
reglar.
Før eg går vidare,
er det nødvendig med litt teori og nokre hjelperåder. Først vil eg nemne at eg
treng eit teikn som markerer kvar ordtrykket ligg i fleirstavingsord, til dømes
der me finn oksytonering. Språkfolk brukar gjerne eit aksentteikn. Somme set det føre trykkstavinga, andre set
det etter. Norske dialektgranskarar har hatt for vane å setje teiknet etter den
vokalen som har trykk, så kanskje eg skal gjere det slik. Så når eg skriv ordet
pote´t, ser me at trykket kjem på den siste stavinga, altså er det vokalen e
som ber trykket.
Så må eg nemne eit
underleg fenomen i norsk, utbreidd over mesteparten av landet, ja, jamvel i
Sverige: Aksent (tonelag) ein og aksent (tonelag) to. Viss me seier landet (til dømes Noreg) og lande (å kome til lands eller ned på
jorda), er dei to orda uttalt nesten heilt likt, men med ein merkbar toneskilnad.
La´ndet har aksent ein, verbet la`nde har aksent to. Heretter viser eg dette med
ulike aksentteikn, akutt aksent (´) for tonelag 1, grav aksent (`) for tonelag
2. Du kan gjerne lese den ikkje heilt gode artikkelen i wikipedia: http://nn.wikipedia.org/wiki/Tonelag
No må me vidare.
Kjennskap til tonelagsskilnad er interessant når me drøftar oksytonering.
Høyr for deg orda steuedø´ra (”stovedøra”) og kjø´kkendøra. Trykket kjem ikkje
på same staden. I det første ordet har me oksytonering, men ikkje i det andre.
Kvifor? Me formulerer ein regel. Orda steue og kjøkken har ulikt tonelag.
Steu`e har tonefall to, kjø´kken har tonefall ein. Og regelen: Me får ikkje
etterleddstrykk når første leddet har tonefall ein! Det heiter sta`bburstakjet,
men skykkjeta`kjet. Sta´bbur og sky`kkje har ulikt tonelag. Merkeleg!
Det er meir som er
underleg. Det heiter sky`kkjetak og steu`edør. Brått er trykket på første
stavinga, ikkje i siste leddet. Kva har hendt? Legg merke til at det siste
leddet i desse samansette orda berre har ei staving. Me formulerer ein ny
regel: Oksytonering oppstår når andre leddet har fleire stavingar. Når eit samansett ord får ei bøyingsending,
flytter trykket seg til andre leddet. Sjå på bøyinga av det bartreet du dreg inn i steua i desember og legg merke til trykkvariasjonen: Eit ju`letre, juletre´et, fleire ju`letre, juletre`a.
Det finst fleire finurlege fenomen innanfor
emnet oksytonering i gammalt flekkemål, men dette får greie seg i dag. Håpar du
er skikkeleg forvirra!
søndag 16. mars 2014
FLEKKEMÅL 1: INNLEIING
Den avdanka norskfilologen har tenkt å bruke fagkunnskapar til å forklare nokre språklege fenomen i flekkemålet han voks opp med. I tidlegare bloggar har eg nok nemnt einskilde rare ord som me gjekk og sa i Flekke før i tida. Det som kjem no, skal handle om målmerke som ikkje gjeld berre eitt og anna ord, men som er særmerkte trekk i lydverk eller grammatikk. Men når eg lanserer desse forelesingane, må eg før eg set i gang for alvor, kome med nokre atterhald:
Det flekkemålet eg skriv om, er det eg trur eg voks opp med frå siste halvdel av førtitalet og utetter. Når eg skriv trur, er det fordi minnet kan narre meg som så mange andre. Etter meir enn femti år i andre bygder og byar, kan det ha skjedd saker og ting som har forstyrra språksansen og språkminnet. Ei anna side ved saka er at moderne flekkingar, til dømes dei ungane som spring rundt i Flekke no for tida, knapt vil kjenne seg att i det eg skriv. Flekkemålet har vore utsett for hardhendte endringar dei siste par mannsaldrane. I den samanheng må eg late tankane mine gå til bestefar Pitter'n Ilkjen, fødd sekstiein år før meg. Han brukte ord og former som me ungane nesten ikkje forstod. Ikkje sa me tvo og sjau for to og sju, til dømes. Det gjorde han. Og papen sa kver når me sa kem. Levande språk er alltid i endring.
Dei fenomena eg skriv om, treng slett ikkje vere noko særeige for flekkingane. Somme er eller har vore utbreidde i mange område både i landet vårt og i det store utland. Eg kjem nok til å smette inn enkelte døme på det, men tek ikkje sikte på fullstendige kartleggingar. Det ville i så fall sprengje rammene både for min eigen kompetanse og for lengda på rimeleg lesarvenlege blogginnlegg.
Eg lyt nok nemne det med kompetanse. Rett nok låg eg på Universitetet i Bergen og las nordisk språk og litteratur nokre år tidleg på syttitalet og har undervist norsk i vidaregåande skule i halvannan mannsalder. Men å kalle meg ekspert i dialektografi og den slags, er for drygt. Berre så det er sagt. Du får lese det eg skriv med tanke på at det er ein halvstudert røvar som står bak.
Eg må få kome med eit par praktiske opplysningar om skriftfestinga eg brukar. Eg tyr ikkje til lydskrift, og kjem ikkje til å skrive ortofont når eg meiner at det ikkje er nødvendig. Men stundom er det jo det. Det kjem du sikkert til å merke viss du følgjer med. Så må eg jo vise trykkmarkeringar i innlegget mitt i morgon.
Då får du gå til bloggen min i morgon og sjå kva eg finn for godt å skrive om i den første forelesinga.

mandag 10. februar 2014
"SKULEPARTIET?" HØGRE. KAPITTEL 2
Når eg no fyrer laus på ærverdige Høgre, har det sine grunnar.
Hovudgrunnen er at partiet dominerer regjeringa og sit med kunnskapsministeren.
Grunn nummer to er at partiet både før og etter valet har presentert seg som
bestevenen til skulen og lærarane. Den tredje grunnen er at eg tvilar sterkt på
om den praktiske politikken til partiet kan gagne desse kjærleiksobjekta.
Eg lovde i går å skrive litt
om lærarløna. Ein skulle ikkje snakke om noko så småleg som pengar når emnet er
omsut for den oppveksande slekt. Men lell. Eit ideologisk hovudfundament for
partiet Høgre er trua på marknadskrefter og konkurranse. Så då skulle ein tru
at dei ville framheve eit skikkeleg lønsløft som det aller viktigaste
verkemiddelet for å få rekruttert ideallæraren. Her gjeld ikkje grunnsynet lenger.
Statsrådane nemner forsiktig at lønsoppgjer, nei, det har ikkje regjeringa noko ansvar for. Det
er opp til partane, der KS (arbeidsgjevarorganisasjonen til kommunane og
fylkeskommunane) er reiskapen til det offentlege. Som nemnt i går, var den
førre kunnskapsministeren frå Høgre med på å skilje lærarane frå
statsoppgjeret. Ei høgrekvinne er i dag leiaren for KS.
Statsministeren og
kunnskapsministeren har ymta om at dei kanskje skal leggje ut læraragn i form
av nokre karrierevegar for særskilt dugande lærarar. Med andre ord: Nokre få
lærarar kan kanskje få litt meir inn på konto. Korleis desse skal
plukkast ut, kan de berre kvi dykk til, de som framleis er lønsmottakarar
i skulen. Vituge rektorar har betakka seg for ansvaret med å sortere i
lærarflokken. dei har anna å gjere på, ære vere dei. Men kanskje rådmennene veit råd, her òg?
Lønsoppgjeret i
kommunesektoren kjem vel til å gå føre seg om lag slik:
- Først fastset dei ei ramme på eit
par-tre prosent eller noko slikt.
- Så skal ramma fordelast. KS vil ha
mest mogleg til lokale tillegg og minst mogleg til generelle tillegg. Me får
tru at lærarorganisasjonane vil ha mesteparten i den potten som alle skal få
del i.
- Truleg får KS gjennomslag for ein bra lokal pott. Så skal
kommunar og fylke dele dette ut. Me kan lett risikere at ein god av desse pengane dermed
hamnar hos andre enn lærarane. Til andre verdige trengande, som sikkert
fortener det.
- Men nokre kroner må nok
tilfalle dei sagnomsuste ideallærarane, så ikkje Utdanningsforbundet går heilt
amok.
- Med andre ord: Det store fleirtalet av lærarar og andre
kommunetilsette må betale for desse superpedagogane. Alt skal jo gå frå den
ramma som først er fastsett!
Så går livet sin gang. Lukrative
løner i ein del statusyrke lokkar mange unge talent til heilt andre utdanningsvegar
og ganske andre yrke enn det høgt lovpriste læraryrket.
Høgre har iallfall mykje
rett i at marknadskreftene er sterke. Også i arbeidslivet. Spørsmålet er om
partiet vil kviskre sine vener i KS desse sanningsorda.
Eg tvilar.
søndag 9. februar 2014
"SKULEPARTIET?" HØGRE. KAPITTEL 1
Både før og etter valet har Høgre masa mykje om at den norske skulen er sjølve hovudsaka deira. I den retorikken har dei òg framheva læraren som den viktigaste suksessfaktoren. Slike ord kling godt i mine øyre, jamvel om eg forlét yrket for snart to år sidan. Fru Solberg talte pent om læraren i nyårstalen. Minister Isaksen, lærarson og sympatisk forvaltar av den kulturkonservative arven til partiet, går fram med varsame, milde steg. Eg trur nesten dei meiner det dei seier om læraren. Eg er hjartans samd med partiet Høgre i at kunnskap og fagleg styrke er viktig for både lærar og elev, og eg synest at venstresida i norsk politikk gjerne kan tilstå dette.
Men skulepartiet Høgre har ikkje overtydd meg om at dei byr på rett medisin. Kor godt vil dei læraren? Korleis skal det gå med skulen dei styrer? Eg skal utdjupe skepsisen min litt. Så i dag skriv eg litt om kva me opplevde sist partiet Høgre styrte kunnskapsdepartementet.
Eg har ikkje berre gode røynsler med høgrefolk i statsrådstolen. Sist me hadde det, heitte statsråden Kristin Clemet. Ho var ei lynskarp, handlingssterk dame, og ho trumfa gjennom ei gedigen skulereform på rekordtid. Det var sikkert ein del gode sider ved denne reforma, men eg som var i vidaregåande skule, merka lite til det. Tvert imot. For dette skuleslaget vart reformene mest kosmetiske og formelle. Til dømes vart heile fagspråket endra: Alle einingane i skulestrukturen fekk nye namn utan at innhaldet vart nemneverdig forandra. Eitt døme: Det skulle ikkje heite klasse lenger. Basisgruppe var det nye namnet. Derimot fekk me pålagt ein haug med ekstraarbeid for å finne ut av det nye, som stort sett var det gamle. Valfaga - pusterom og høve til estetiske eller praktiske innslag i skulekvardagen - vart fjerna. Alle læreplanar vart fornya, men få vart forbetra. Målstyringsideologien fekk ein brei plass. Testing og konkurranse skulle inn. Utdanningsprogramma ("studieretningane") for yrkesfag vart endå meir teoretiserte, med større elevfråfall som resultat. Me fekk oss påprakka dei første forsøka med nasjonale prøver. Mykje arbeid som kunne ha vore brukt til å førebu skulereforma, gjekk til å finne ut kva i helvete desse prøvene var for noko. Det var me lærarar som skulle gjere arbeidet på skulen, og me vart sende på kurs. Me var lydige og prøvde, men elevane ville ikkje. Dei saboterte, nekta å delta, eller leverte tullesvar. Total fasko, resultata (dei få som kom inn) måtte berre forkastast.
Min dom er at den vidaregåande skulen gjennomgjekk eit kvalitetstap rett før og rett etter innføringa av "kunnskapsløftet". No skal det seiast at dette systemet vart sett ut i livet etter at dei raudgrøne overtok regjeringsansvaret hausten 2005. Dei følgde stort sett opp det som var vedteke, planlagt og førebudd, med få og små endringar. Men me fekk på ny lov å bruke nemninga klasse, og dei nasjonale prøvene vart sette på vent.
Ei sak som rulla fram med full styrke, var inntoget av kommersielle privatskular. Kva skade desse kunne ha gjort, fekk me ikkje vite, for den raudgrøne regjeringa stansa frisleppet. Ein av skulane vart sikta for misbruk av offentlege midlar, og etter det pakka dei i hop. Elevane stod der utan skuleplass. Forretningsfolk er eit gode i samfunnet, men dei bør ikkje få kjøpe elevane for skattepengane våre. For kvar elev som for eit treårsløp vel ein privatskule istadenfor vår heimlege Kvinnherad vidaregåande skule, tappar KVV for om lag kr 165 000 kroner i tilskot!
Kristin Clemet snakka ikkje pent om lærarane, iallfall ikkje slik me oppfatta henne. Lærarane måtte bli flinkare, skulle skulen bli betre. Altså: Skulen og lærarane er ikkje så bra. Og god løn skall dei ikkje ha, berre ein og annan som på forunderleg vis burde få prestasjonsløn. For å ta minst mogeleg av støyten i tarifforhandlingane vart lærarane flytta frå statsoppgjeret til kommuneoppgjeret. Me fekk KS som forhandlingsmotpart. Dermed vart avstanden frå regjering til tariffoppgjer truleg litt større, og dei kunne lettare toe sine hender når det vart snakka om løn. Dette må eg få seie litt om i morgon.

lørdag 1. februar 2014
MEIR LÆRARPRAT: FINLANDISERING?
Finland er eit fascinerande, litt eksotisk land. Rett nok er
landet på mange vis nokså likt vårt eige. Om lag same innbyggjartal, om lag
same flateinnhald, om lag same posisjon på jordkula, ja me er jo granneland. Språket
er derimot heilt ulikt norsk. Så er det flatare og kaldare. Historia dei
siste par hundreåra har vore mykje meir dramatisk enn vår. Eg har aldri vore
i Finland, men eg trur nok at finnane og
nordmennene ikkje lever så svært ulike liv. Relativt sett. Levealderen er om
lag som vår, og landet er på flest alle område blant dei mest velutvikla i
verda.
No er dette eit
nytt innlegg i skuledebatten, skrive av ein avdanka lærar med løn frå NAV
og Statens pensjonskasse. Så
då går
me over til å snakke skule.
Skulefolk og politikarar i mange
land har oppdaga dei gode resultata finske ungar får i ymse internasjonale skuletestar. Spesielt
norske politikarar som vrir seg i hendene for å finne på noko i norsk skule, dreg til Finland og
hentar idear. Så kjem dei heim med dei funna som passar best til deira
ideologiske briller. Desse funna sprikjer derfor i ulike retningar. Somme vil
ha inn karakterar for småungane, andre vil stanse privatisering i skuleverket. Blablabla.
Og slik held dei på.
Eg saknar ein
tydelegare dimensjon i debatten. Kva er det ved skulen som er godt og viktig
for bygging av land og folk, for forming av framtida, for menneskelukka? Evne til samarbeid?
Toleranse? Naturfag? Samfunnsforståing? Data? Litteratur? Matematikk? Disiplin?
Engelskkunnskapar? Estetisk sans? Fysisk fostring? Omsorg? Eller kanskje skulen ikkje er så
viktig, kanskje miljøet kring born og unge er vel så viktig?
Eg skal ikkje dra bastante
slutningar av det eg no skal skriv. Eg skriv ikkje at dei neste momenta har noko
med den finske skulen å gjere. Eg tillet
meg likevel å nemne:
- Finnane har vore kjende for å ha hatt ein svært høg sjølvmordsrate, dobbelt
så stor som den norske.
- Drapsraten i Finland har òg vore markant høgare enn i andre nordiske land.
- Dei par siste åra har finsk bruttonasjonalprodukt gått ned
med over ein prosent per år. Noreg har hatt ein pen auke, og ikkje berre i
oljenæringa.
- På FNs HDI-indeks (velferdsstatus)
ligg Noreg på første plass, Finland på 21. plass. (I internasjonal samanheng
kjem finnane godt frå det med den plasseringa.)
Men norske ungar er
berre middels gode i matematikk, mens finnane briljerer.
torsdag 30. januar 2014
LITT LÆRARPRAT
Takk for sist! Som "hev vore"-lærar greier eg ikkje sitje stille lenger. Eg triv til tastaturet og skriv nokre linjer som innlegg i debatten om skule og lærarar. Det kan kome fleire slike. Du som ikkje bryr deg som mykje om saka, kan heller finne noko meir spennande på datamaskinen eller ipoden din.
Dagens tekst heiter
Skrem vekk ideallæraren!
Dagens tekst heiter
Skrem vekk ideallæraren!
Eg var lærar i den vidaregåande skulen i 39 år. Dei siste
par åra underviste eg i fransk, historie og samfunnskunnskap. Ingen rektor i
desse 39 åra har hatt utdanning i eller erfaring frå undervisning i desse
faga., bortsett frå dei aller første åra, då rektor hadde faget historie. Eg
held det usannsynleg at leiarar i arbeidsgivarorganisasjonen KS har hatt det
heller. Men no vil dei altså lære kollegaene mine å undervise.
Rektorane har vist
meg og kollegaene stor tillit; dei har visst at vi som underviser og kan faga,
veit mest om undervisninga, og at dette arbeidet er det aller viktigaste i
skulen. Om vi sit heime og rettar prøver
når vi har fred og ro kring oss og er passeleg utkvilde, eller om vi gjer det
på eit overfylt arbeidsrom på skulen inn mellom krevjande undervisningsøkter,
har dei ikkje lag seg oppi. Det same
gjeld planlegging og førebuing.
I kommuneoppgjeret
krev arbeidsgivaren fleire radikale grep for omlegging av arbeidstida:
Strekking av arbeidsåret. Vekk med skiljet i avtalen mellom undervisningstimar
(”leseplikta”) og anna arbeid. Meir frammøteplikt.
Færre arbeidstimar
i skuleåret skal vegast opp mot fjerning av nokre vekers avspasering –
”lærarferiane”. Kva som skal skje dei arbeidsvekene elevane ikkje er på skulen,
er høgst uklart. Det er mellom anna snakk om etter- og vidareutdanning. Men kva
slags vidareutdanning skal ein tilby lektorar og andre med brei kompetanse
allereie? Og kva skal ein planleggje før ein ser elevane?
Det at KS vil
fjerne lesepliktforskriftene (kor mange timar ein skal undervise), er ei frekk
nedvurdering av det viktigaste på ein skule:
Arbeidet saman med elevane i verkstaden, skulekjøkkenet eller
klasserommet. Det vi kallar undervisning.
Lærarane skal
kontrollerast meir, dei skal heile tida halde til på skulen og vere
disponible for skuleleiinga. Retting
eller førebuing på eit stille rom heime må det bli slutt på. Betyr det at føre-
og etterarbeid blir betre? Meir effektivt? At læringsutbytet blir større? Er
kontroll og styring godt for den kreative, iderike og reflekterte læraren?
Arbeidstidsreforma
som KS vil ha trumfa gjennom, er eit åtak mot den beste reiskapen skulen har
for å sikre kvalitet: Den autonome
læraren i ein relativt fri arbeidssituasjon. Men verre er det at lærarane som
profesjonelle fagfolk blir så sterkt undervurderte at dei kanskje bør sjå seg
om etter andre yrke.
Utdanningsforbundet
og dei andre lærarorganisasjonane burde ha kravd mindre bunden arbeidstid, og
dei bør slåst med nebb og klør mot krava frå KS. Streikevåpenet har ikkje vore
brukt på ei stund,
fredag 22. november 2013
EIN REPRISE
På denne merkedagen smeller eg til med ein reprise. Eg skal ikkje gjere det til ein uvane. Og med merkedagen tenkjer eg ikkje på at me fekk ein norsk verdsmeister i dag i verdas mest utbreidde individuelle idrett. Nei, som historikar let eg tankane gå til Dallas og Firda gymnas november 1963. Så då gjev eg ordet til meg sjølv, januar 2009:
http://reidarfk.blogspot.no/2009/01/historisk-dag-i-washington.html

fredag 8. november 2013
REVOLUSJONEN SOM GLAPP
Dei hundre elevane på Kvinnherad gymnas fekk halde prøveval hausten 1973. Det gjekk rykte om at ein del elevar var farleg radikale, og enkelte samfunnsstøtter i bygda åtvara rektor Døssland mot den raude faren. Døssland forsvarte elevane sin, og var skeptikaren venstremann, sa Døssland noko slikt som: "Nei, ta det med ro, om nokre år er dei gode venstrefolk, heile hurven!" Og var det senterpartifolk som spurde, tillempa han svaret på same måten.
Det var i alle fall ein del politisk medvitne og taleføre unge i den vesle elevflokken, og dei ville svært gjerne påverke det dei oppfatta som eit forgubba samfunn og skulesystem. Me lærarar laut skjerpe oss. Men revolusjonsiveren deira tok me med ro. Me vart jo godt kjende med og glade i elevane, og me hadde høyrt verre tendensar på Nygårdshøyden - Leninhøyden, som ein bergensar døypte universitetsområdet.
Prøvevalet demonstrerte ei tydeleg tyngd på venstresida. SV fekk om lag 35 % og var det klart største partiet i flokken. Og dei raudraude RV fekk om lag 15 %. Så desse to rivalane på den kanten hadde reint fleirtal. Anders Lange-tilhengjarane gjorde òg eit godt val. Elles fordelte røystene seg jamt utover den midtre delen av skalaen.
Det glitra raude stjerner i augo på dei reine og ranke med over 15 prosent av røystene. Kanskje revolusjonen ikkje var så fjern? Kamerat Lenin hadde jo trass alt berre 25 % av røystene ved valet i Russland hausten 1917. Det var rikeleg til ein proletær revolusjon. Vegen fram var ikkje uoverkommeleg.
Men det var på Kvinnherad Gymnas. Landsresultatet som vart forkynt om kvelden, gav drygt ein halv prosent til RV. Og revolusjonen kunne vel ikkje berre omfatte gjengen i Brakko og klasseromma i nordfløyen på barneskulen?
Akk, ungdommen er svikefull. Kvar vart det av den revolusjonære ungdomsgløden? Åtte år seinare var det prøveval på Kvinnherad vidaregåande skule med ein overhendig oppslutnad om partia på høgresida.

torsdag 7. november 2013
POLITISKE STORMKAST
Åra 1972 og 1973 var prega av politiske stormkast utanom det vanlege. EF-striden i 72 reiv opp både politiske konstellasjonar og politisk vanetenking, fiendar vart vener og vener vart fiendar. Nye parti spratt opp, andre gjekk inn i alvorlege kriser. Stortingsvalet i september 1973 viste at store veljargrupper var i rørsle. Arbeidarpartiet gjekk kraftig tilbake, Venstre vart nesten utradert. Den store vinnaren var koalisjonen av radikale sosialistar: SV, som var samansmurt av det gamle SF, gammalkommunistar i NKP og misnøgde arbeidarpartistar som sa nei til EF. SV var ikkje forkorting for Sosialistisk Venstreparti enno; det skjedde først to år seinare. Det stod for Sosialistisk Valforbund. Ein annan vinnar var det nyskipa "Anders Langes parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep". Den fargerike partieigaren Anders Lange gjorde inntrykk med sin eggelikør og si tordnande røyst og reaksjonære tankar, så partiet fekk faktisk inn nokre karar på Tinget. Så skal me nemne eit anna nyskipa parti, Arbeidernes Kommunistparti (m-l) med forkortinga AKP (m-l). Folkerepublikkar som Kina, Nord-Korea og Albania var dei store ideala, og m-l stod for marxist-leninistane. Dei hadde ikkje noko særleg sans for valkanalen og det parlamentariske spelet, så dei stilte ikkje til val under eige namn. Det gjorde dei derimot under paraplyen Raud Valallianse (RV). Det partiet som i dag heiter Rødt, er å rekne for ein avleggjar. RV fekk godt under ein prosent av røystene til stortingsvalet i 1973, så det tydde på at gamle Noreg ikkje var fullmoge for ein proletarrevolusjon enno. SV, derimot, segla opp med over elleve prosent og seksten mandat. Somme av dei var kanskje litt revolusjonære, iallfall frykta mange det verste. To år etter skipa dei partiet SV med brask og bram, og to år deretter vart dei nesten feia heilt ut av Tinget.
Så skjedde det underlege hausten 1973 at Arbeidarpartiet, partiet med størst tilbakegang, overtok regjeringsmakta etter valet. Ikkje sidan 1930 hadde dei gjort det så dårleg på eit stortingsval. Men no fekk dei og SV til saman eit knapt fleirtal, så då så. SV ville heller ha ei A-regjering enn ei borgarleg. Og sentrumsregjeringa som hadde losa landet trygt gjennom det uklare året etter EF-neiet året før, ville ikkje halde fram utan at Høgre vart med på laget i ein borgarleg fleirtalskoalisjon. Høgre ville gjerne, men fleirtalet glapp.
Nei, eg skulle jo skrive om førtiårsminne frå Kvinnherad Gymnas, men då får du heller sjå kva du finn her i morgon. Kva med revolusjonen i Kvinnherad?

onsdag 6. november 2013
DA KLOKKA KLANG ...
Eg var på gamle skulen min eit par timar i dag. Skuleklokka var ikkje å høyre. Heldigvis. Då me flytte inn i nybygget i 1979, det bygget som no er gamlebygget, var skulen velutstyrt med ringjeklokke, på vanleg skulevis. Men ho vart ikkje teken i bruk. Difor skvett elevane så det nesten er helsefarleg når brannalarmen av og til vert utløyst. Gjester på skulen har undra seg over dette fenomenet. Korleis veit elevane når timar begynner eller sluttar? Og kva med lærarane? Kan dette fungere?
Eg torer tippe at det ikkje er så mange som veit bakgrunnen for den manglande klokkekiminga på Kvinnherad vidaregåande skule. Me må tilbake til brakkelivet og samrøret med Undarheim barneskule, nokre hundre meter lenger borte i bygda. Då gymnasklassane starta opp, var kommunen meir enn velvillig. Gymnaset fekk leige klasseromma me trong på barneskulen. Nokre barneskuleklassar måtte ty til gamle og utrangerte rom på den gamle barneskulen på hi sida av bygda. Spesialrom til naturfag fekk me tilgang på oppe på ungdomsskulen, rett bak barneskulen. Gymsalen og symjebassenget som dei to kommunale skulane brukte i lag, delte dei med oss så lenge det var nødvendig.
Men så oppstod den situasjonen at me ikkje begynte og slutta timane våre samstundes med barneskulen. Det kan godt hende at dette ikkje skjedde før hausten 1974, då me fekk ei endring i timeprogrammet. Skulle ringjeklokka på Undarheim kime for både oss og for småungane? Nei, det måtte verte kaos. Rektor Døssland visste råd: Me treng ikkje ringjeklokke. Me går etter våre eigne klokker. Elevane og lærarane får lære seg kva tid timane og friminutta begynner og sluttar.
Dette gjekk smertefritt. Svært smertefritt. Og då me flytte opp på nyeskulen våren 1979, var det ingen som ønskte noka skramlande skuleklokke.
Noko av det gamle heng framleis att i veggene der oppe på KVV.
tirsdag 5. november 2013
SJÅ DEG I SPEGELEN!
Det med alder er eit underleg fenomen. Du skal ikkje vere mykje over tjue før småungane ser på deg som gammal. På den andre sida er nok den "gamle" gubben eller hurpa på nær tretti tilbøyeleg til å sjå på tenåringane som obsternasige småungar.
Då me hadde drive på ei stund i den nye jobben vår hausten 1973, trefte me foreldra. Rektor Døssland skipa til ein av sine fortreffelege og legendariske elevkveldar med allsong, folkedans og andre lødige innslag. Denne gongen var foreldra innbedne og fekk høve til å treffe desse ungstyvingane til lærarar. Ein far, ein akta og æra mann i bygda, mønstra oss kritisk og uttalte: "Eg tykkjer at de lærarar ser like unge ut som elevane!"
Eg var frå første stunda klassestyrar for den nye engelsklinjeklassen som fekk sin faste base i klasserom nummer 5 etter at me flytte i brakka.Etter tre år sa me pent farvel. Ti år deretter heldt dei jubileumsfest. Eg fekk lov å delta, og eg sa nokre ord til dei. Eg minte dei om at dei no var eldre enn eg var då dei begynte i første klasse. Dette kom som eit sjokk på dei. Var dei verkeleg vortne så hauggamle?
Då rektor Leiv Døssland kom til Kvinnherad og starta opp med gymnasklassane, var han 57 år, og fru Eldbjørg var eit par år yngre. Me lærarane som fekk den gleda å stå under hans kommando, tykte nok at han stundom var litt for gammaldags, men det plaga oss ikkje. Døssland var ein uformell og humørfylt kollega som gjekk i busserull og sykla til og frå skulen. Han fortalde frekke historier frå bygda, og han viste oss stor tillit.

Elevane såg nok på han med større skepsis, og somme tykte at han var fælande gammal og gammaldags. Men dei hadde ikkje vore borti andre gymnasrektorar. Og viss du som begynte i ein av dei to gymnasklassane hausten 1972 les dette: Sjå deg i spegelen både godt og lenge! No er du minst like gammal som Døssland var då du begynte!
onsdag 30. oktober 2013
UNGKALVANE I BRAKKO
Eg skal prøve å lage eit oversyn over personalet som hausten 1973 gjekk til si gjerning for å banke rein ånd inn i skoltane på unge kvinnheringar. Først må eg nemne rektor Leiv Døssland, som trass i namnet ikkje var frå Uskedalen, men frå Sunde. Då eg gjekk på Firda Gymnas på Sandane i Nordfjord, var han ein vel omtykt adjunkt der på huset, som hjelpte oss litegrann med russerevyen me hadde der for nøyaktig femti år sidan i desse dagar. Hausten 1972 tok han farvel med Firda og gauv laus på oppgåva med å få i gang eit gymnas i heimbygda hans. Fru Eldbjørg var sjølvsagt med på lasset. Ho var ikkje tilsett på skulen, men stilte opp når det trongst eit tak, og det gjorde det ofte. Til dømes var det ho som pynta pianokrakken i songtimane til Døssland. Litt kontorarbeid tok ho òg.
Så var det eit sprang i alder på meir en eit kvart hundreår til den nest eldste læraren i heil stilling: Leiv Guddal. Han var ein seig kar som heldt ut på skulen fram til Statens Pensonskasse tok på seg å brødfø han. Han òg var og er kvinnhering, han underviste i engelsk, norsk og tysk, rykte opp gradene og var rektor i årevis på det som etter nokre år vart Kvinnherad vidaregåande skule.
Me hadde ein timelærar i religion som ikkje var så mange år yngre enn Døssland: Trygve Teigen. Han rekna seg ikkje heilt ufortent som ein av skulen sine åndelege fedrar, sidan han som politikar var med og drog i trådar som førte til at bygda fekk gymnas.
Ole Per Tau frå bygda eit kort stykke utanfor Stavanger med same namn som etternamnet hans var ein høgt skatta språklærar som fekk ansvaret for mykje av dei framifrå fransk- og engelskkunnskapane som grodde fram i unge kvinnheradssinn på syttitalet. Etter fem år forlét han oss dessverre til fordel for heimbygda si.
Ei dame som var innom og doserte litt tysk, heitte Jorun Stangnes Norum. Ho hadde elles si gjerning på ungdomsskulen. Kvar ho vart av i verda, anar eg ikkje.
Så var det realistane: Trond Vikane frå Herand er ein av dei legendariske lektorane i realfagf som dominerte dette fagområdet i mange år. Han heldt det gåande på denne skulen til han møtte den same lagnaden som Leiv Guddal: Statens pensjonskasse.
Magnar Velsvik frå Voss var med oss berre eitt år. Han var den yngste av oss i heile stillingar, og den som først forlét oss. Litt motvillig, faktisk. Han stortreivst i bygda og på skulen, men fagkombinasjonen gjorde at han laut vike plassen. Ingen av oss hadde faste stillingar då, berre på åremål i påvente av ny lov om vidaregåande opplæring. Magnar døydde dessverre altfor ung. Det gjer meg vondt. Eg hadde god kontakt med han i fleire år etter at han drog. Så dabba kontakten av. For nokre år sidan oppdaga eg dødsannonsen.
Tre personar i andre jobbar steppa inn som gymlærarar dette første året eg var der: Tore Kjell Olsen, betre kjend som sjåførlærar, Torfinn Myklebust, ein allsidig mann som hadde mange jern i elden, men som no er død, og så ei dame frå Nord-Noreg, fru Kristensen. Førenamnet hennar hugsar eg ikkje.
Har eg fått med meg alle no? Viss eg har gløymt nokon, får du bruke kommentarfeltet.
Og bortsett frå sjefen sjølv var det altså ein flokk med ungkalvar. Leiv G. var 33, Trond og Ole Per var 30, eg var 28 og Magnar endå eit år eller to yngre. Kunne slikt gå bra?

tirsdag 29. oktober 2013
FLYTTESJAU
Det første året mitt og det andre året til gymnasklassane i Kvinnherad kunne starte opp. Det gjekk nokre dagar i kummerlege kår. Klasserom nr. 5 på Undarheim skule fungerte som lærarrom, kontor, arbeidsrom for lærarar, lager, bibliotek og plass til læremiddelsamling. Stakkars 1R, dei laut ha undervisninga nede i bomberommet til så lenge.
Men så opprann dagen då me kunne flytte inn i Gymnasbrakko! 1R fekk det største og lysaste klasserommet av alle: Det store enderommet inn til venstre i brakko. Rett nok laut dei låne det ut når Eldbjørg og Leiv Døssland hadde sine legendariske songtimar der inne.
Apropos songtimar: Rektorparet gjekk til si gjerning på Husnes i sann folkehøgskuleånd. Fru Eldbjørg Døssland var oppvaksen på ein folkehøgskule, dotter til rektor – orsak: folkehøgskulestyrar! – Martin Birkeland på Fana folkehøgskule. Song var eit viktig oppsedingsgrep i det skuleslaget, og dei to musikk- og songglade idealistane ville gjerne føre denne arven vidare inn i den høgare skulen. Difor stod det eit piano nede i bomberommet. Det skulle flyttast over i klasserommet i Brakko. Me lærarane, fem i full stilling utanom rektor, tok oss av flyttinga av alt som var. Det einaste eg hugsar, var flyttinga av pianoet. Du veit sikkert kor krevjande det er å flytte slike instrument, gu’gje dei hadde brukt munnharpe til songakkompagnement! Det skjedde ikkje noko høgdramatisk, men eg hugsar at då me etter eit fælande strev og mykje innvendig banning (me torde ikkje banne høgt, me visste ikkje då at Døssland var humanetikar) fekk pianoet ut or hovudbygget og ut på plassen. Då gjekk det lettare, og Ole Per utbraut: ”No går det så fint at me kan gå like til Rosendal med det!”
Snart var alt og alle på plass: Døssland fekk sitt kontor inst til høgre, læremiddel og utstyr vart sortert og lagra, gangen vart til bibliotek, og inne i det store midtrommet kunne me setje oss ned med nista vår eller halde lærarråd når det trongst. Eller berre preike drit om elevane våre eller kva det no var.
Og når kulturen kravde det, vart det kulturkveldar og andre samkomer i rommet til 1R, der pianoet stod. Til dømes med Olav H. Hauge nokre år etter innflyttinga.

mandag 28. oktober 2013
GYMNASBRAKKO
Slik ser gymnasbrakko ut i dag.
Eg har truga med å skrive om saker og ting som hende for tretti-førti-femti år sidan. Så no kjem det nokre glimt frå brakkelivet på syttitalet.
Ordet brakke assosierer me gjerne med to forhold: tyskarar og rallarar. Under krigen smelte tyskarane - eller like gjerne krigsfangar eller nordmenn som jobba for okkupantane, opp brakker i hopetal. For det første hadde dei brave krigarane allereie bomba eller brent ned ein del hus her og der. Så noko måtte kome i staden. For det andre var det på det meste om lag 350 000 tyskarar her i landet på slutten av krigen, for det meste soldatar. Dei stakkars folka laut jo ha ei stad å bu. Og for det tredje oppretta dei ein del fangeleirar der brakkene stod på rekkje og rad.
Mange av tyskarbrakkene vart brukte og misbrukte i fleire tiår etter krigen, ja, det finst visst framleis ei og anna i full bruk.
Rallarar - anleggsarbeidarar - også kalla slusk - vart eit vanleg fenomen her i landet frå slutten av attenhundretalet. I dei første tiåra etter 1900 aula det av dei: Bergensbanen og andre jernbaner og vegar vart bygde, fossefall lagde i røyr og stolte fabrikkbygningar reiste seg i Odda, Notodden, Høyanger, Sauda og kvar det no var. Og brakker laut klare seg for dei som bygde landet så lenge de bygde. Når ein jernbanestubb eller ei demning var ferdig, kunne rallaren så å seie ta brakka på ryggen og flytte henne til ein annan anleggsplass. Ei brakke er rask å reise og rask å plkke ned, og i våre dagar kan dei faktisk vere både funksjonelle og trivelege. Eg vil tru at anleggbrakkene langs den nye jernbana over Hardangervidda var både gisne og utrivelege. Men det var før mi tid.
Kvar vil eg hen med dette? Jau, då eg kom og begynte som lærar på det som den hausten fekk namnet Kvinnherad gymnas, var ei nesten nybygd brakke, fin og trekvit, eitt av dei husa som omkransa skuleplassen på Undarheim skule. Byggverket vart kalla Gymnasbrakko i mange år etter at me flytte ut våren 1979. Så om eg har budd fint lite i brakke, har eg arbeidd ein del år i eit slikt utskjelt hus. Ja, mens dei for fem-seks år sidan pussa opp den vidaregåande skulen på Husnes og bygde eit nybygg i same slengen, underviste eg og fleire med meg ein del timar i nokre brakker som dei kom trillande med, og som vart fjerna etter at dei hadde gjort like for seg.
Gymnasbrakko står ved Undarheim skule enno, og har tent ulike pedagogiske føremål i førti år. Som så mangt ein sleit med i gamle dagar, står brakketida i syttiåra i ein eigen, rosa glans. Med rette og urette.

lørdag 26. oktober 2013
SAUP
Då syskenbarnet Ove fylte femti rett etter tusenårsskiftet, skreiv han ein sjølvbiografisk song på femti vers som han framførte i bursdagslaget mens han klimpra på trekkspel attåt. Heilt mot slutten - i vers 47 og 48 - mimra han litt om maten heime på Ilkjen og konkluderte med
-"å, kor eg saknar saup"!
- saknar eit spann med saup.
(Sitert utan løyve frå forfattaren.)
No trengst det litt folkeopplysning: Her er det snakk om den beste tyrstedrykken som finst - eller fanst. Men han er ikkje å få kjøpt her i landet. Kanskje hos nokre lokale matprodusentar, om me leitar gurndig. Bror Steinar inspirerte meg til å skrive om denne vidunderdrykken då han skildra Jørgina i går.
Nemner du ordet saup for folk no til dags, er det små sjansar for at dei forstår. Du kan prøve å omsetje det til kinnemjølk eller kjernemelk, og då er det nokre få - men ikkje mange - som skjønar litt meir. Det handlar altså om restproduktet når ein kinnar smør; ei væske som både på smak og utsjånad liknar på surmjølk. I alle fall viss du kinnar smøret frå rømme, slik det vart gjort før i tida.
Tidleg på femtitalet slutta me å produsere smør heime og leverte direkte til det nybygde Bygstad meieri. Mjølkespanna stod først til kjøling i kjelda til dess me trilla dei i ei handvogn bort i riksveg 570 og sette dei på den nybygde mjølkebukken i lag med spanna frå Garatunet og Finntunet.
Så kom mjølkebilen og lempa dei inn, køyrde til Dale og fekk dei om bord i båten til Bygstad, der dei i neste omgang vart skyssa opp på meireiet på ein eller annan måte. Korleis dette kunne løne seg, må ein lure på. Eit par år seinare var vegen frå Dale til Bygstad fullført, så transporten vart enklare. Så bygde dei eit meieri med avgrensa produksjon i Dale: Skummestasjonen. Då fekk spanna våre mykje kortare reise.
Bror Steinar bommar litt når han seier at det minka på saupdrikkinga etter at me begynte å levere mjølka til meieriet. Nei, slett ikkje! Me hengde ei lita trespil på eitt av spanna der Papen hadde skrive: SAUP ATTENDE. Då kom spannet heim fullt i meierisaup. Me snakkar om trettiliterspann. Det var eit billeg produkt å kjøpe, og det me ikkje drakk sjølve eller brukte i brød og saupsupe, gjekk i kalvane og grisen. Men sant skal seiast: Det var ikkje fullt så godt som saup frå heimekinning.
Ja, saupsupe var ein høgt skatta matrett, spesielt om sommarkveldane når me var tyrste og svoltne. Det var fort gjort å koke opp ei panne med saup, hive oppi nokre skeier mjøl og late det putre litt før me supplerte med ei teskei salt, sette produktet på bordet, auste opp og sukra det godt i den djupe tallerken. Tre-fire store tallerkar gjekk gjerne ned før ein var forsynt.
I barndomsheimen til førnemnde Ove kinna dei i mange år etter at me gav oss. Skulle ikkje forundre meg om dei stundom gjer det framleis. Og viss sauphungeren vart for overhendig når eg var heime på ferie i Flekke, gjorde eg meg ærend til onkel Anders og tante Målfrid og spurde forsiktig om eg kunne få eit glas saup.
Danskane og tyskarane kan kunsten framleis. Når me kjem over danskegrensa på sommartur i bil, trillar me inn på ein butikk og kjøper kærnemelk. No er visstnok den vanlegaste kjernemjølka der i landet laga om lag som skumma surmjølk eller Cultura her i landet, altså av separert mjølk og ikkje frå kinninga. Men om du leitar, finn du "Gammeldags kærnemelk", og då begynner det å likne på noko. På det saupet me drakk heime. Når me så kjem over tyskegrensa, må me leite etter Buttermilch.
Eg nemnde forresten Cultura. Og her har me eit produkt som liknar mykje på saup. Cultura naturell, vel å merke. Forferdeleg namn, men godt å drikke!
Kanskje eg skal prøve å koke saupsupe av det ein kveld?
-"å, kor eg saknar saup"!
- saknar eit spann med saup.
(Sitert utan løyve frå forfattaren.)
No trengst det litt folkeopplysning: Her er det snakk om den beste tyrstedrykken som finst - eller fanst. Men han er ikkje å få kjøpt her i landet. Kanskje hos nokre lokale matprodusentar, om me leitar gurndig. Bror Steinar inspirerte meg til å skrive om denne vidunderdrykken då han skildra Jørgina i går.
Nemner du ordet saup for folk no til dags, er det små sjansar for at dei forstår. Du kan prøve å omsetje det til kinnemjølk eller kjernemelk, og då er det nokre få - men ikkje mange - som skjønar litt meir. Det handlar altså om restproduktet når ein kinnar smør; ei væske som både på smak og utsjånad liknar på surmjølk. I alle fall viss du kinnar smøret frå rømme, slik det vart gjort før i tida.
Tidleg på femtitalet slutta me å produsere smør heime og leverte direkte til det nybygde Bygstad meieri. Mjølkespanna stod først til kjøling i kjelda til dess me trilla dei i ei handvogn bort i riksveg 570 og sette dei på den nybygde mjølkebukken i lag med spanna frå Garatunet og Finntunet.
![]() |
| Bror Arne balar med meierispanna |
Bror Steinar bommar litt når han seier at det minka på saupdrikkinga etter at me begynte å levere mjølka til meieriet. Nei, slett ikkje! Me hengde ei lita trespil på eitt av spanna der Papen hadde skrive: SAUP ATTENDE. Då kom spannet heim fullt i meierisaup. Me snakkar om trettiliterspann. Det var eit billeg produkt å kjøpe, og det me ikkje drakk sjølve eller brukte i brød og saupsupe, gjekk i kalvane og grisen. Men sant skal seiast: Det var ikkje fullt så godt som saup frå heimekinning.
Ja, saupsupe var ein høgt skatta matrett, spesielt om sommarkveldane når me var tyrste og svoltne. Det var fort gjort å koke opp ei panne med saup, hive oppi nokre skeier mjøl og late det putre litt før me supplerte med ei teskei salt, sette produktet på bordet, auste opp og sukra det godt i den djupe tallerken. Tre-fire store tallerkar gjekk gjerne ned før ein var forsynt.
I barndomsheimen til førnemnde Ove kinna dei i mange år etter at me gav oss. Skulle ikkje forundre meg om dei stundom gjer det framleis. Og viss sauphungeren vart for overhendig når eg var heime på ferie i Flekke, gjorde eg meg ærend til onkel Anders og tante Målfrid og spurde forsiktig om eg kunne få eit glas saup.
Danskane og tyskarane kan kunsten framleis. Når me kjem over danskegrensa på sommartur i bil, trillar me inn på ein butikk og kjøper kærnemelk. No er visstnok den vanlegaste kjernemjølka der i landet laga om lag som skumma surmjølk eller Cultura her i landet, altså av separert mjølk og ikkje frå kinninga. Men om du leitar, finn du "Gammeldags kærnemelk", og då begynner det å likne på noko. På det saupet me drakk heime. Når me så kjem over tyskegrensa, må me leite etter Buttermilch.
Eg nemnde forresten Cultura. Og her har me eit produkt som liknar mykje på saup. Cultura naturell, vel å merke. Forferdeleg namn, men godt å drikke!
Kanskje eg skal prøve å koke saupsupe av det ein kveld?
fredag 25. oktober 2013
GEORGINER OG JØRGINE
Bror
Reidar har kvesst pennen og er på banen att etter ein lang bloggtørke, og det
er bra.
I april for vel to år sidan var veslesystra og eg på
sykkeltur til Bekkjarvik og hefte vekk sjølfolket medan dei heldt på å plante
ut ein haug georginerøter. Det enda med at eg fekk 4-5 røter i gåve, og som til
no har vore ut og inn i terrassekassen der dei har blømt så høveleg. Når det no
er tid for å ta dei inn, kom eg til å tenkje på at Georgine og Jørgine visseleg
har same rot.
På garden heime i Flekke levde to gamle damer i min
oppvekst: Maria og Jørgina. Ifølgje SSB finst der no berre 6 kvinner i landet som
heiter Jørgina, men heile 89 med namnet Jørgine. No var rett nok Jørgina døypt
Jørgine ifølgje kyrkjeboka, men sjølv signerte ho som Jørgina. Som ung var
Jørgina nokre år i Amerika, tilliks med fleire av syskena, andre Flekkingar og
ei mengd nordmenn som vandra ut. Så fekk ho tæring, og drog heim ”for å døy i
gamlelandet”
Etter opphald på Luster Sanatorium, noverande ”Harastølen”
vart ho likevel frisk og levde til ho var langt over 80.
Når eg tenkjer på Jørgina, minnest eg henne først og fremst
i to-tre situasjonar, alle har med sylting og suppe å gjere. Ho sat ved
stovebordet og reinska (N)juper, som me kalla det – du er venteleg meir
fortruleg med ”nyper”. Ho delte njupene i
to og skar vekk rusket med kniv, og så brukte ho ei hårnål til å fjerne ”lusa”.
Og så skreiv ho etter kvar økt opp talet på njuper – visseleg hadde ho sans for
statistikk. Statistikk førde ho også når ho reinska bringebær. Det ho då talde
var makkane, som ho samla på ein papirbit til dei vart så mange og ustyrlege at
ho laut rope på ein av oss ungane for hjelp til å bere dei ut!
Attende til njupene som vart nytta til syltety og gjerne til
saftsuppe. Suppe høyrde til
ved middagsmåltidet i min oppvekst. Det kunne vere saftsuppe eller
mjølkesuppe, alt etter kva hovudretten var. Men det var også slik at me ungane
ikkje var like glad i all slags suppe. Jørgina hadde eit fast uttrykk: ”Supa æ go’e
den, berre et”! Men mamma hadde seinare dette å fortelje:
”Reidaren brukte å rope ned og spurde kva suppe me skulle ha i dag. Og var svaret ”melkesuppe”, nekta han å stå opp” (Orsak, Reidar). Bror Reidar vart forresten ein klyppar i å lage saupsuppe til kvelds om somrane. Og med godt med sukker i, kunne me seie med Jørgina, at suppa var god. Berre synd at det vart sjeldnare med saup etter at me tok til å levere mjølka og slutta å kinne smør!

Jørgina var fødd i 1882, og var såleis 60 år eldre enn meg.
Men eg kan ikkje seie at eg kjenner meg på langt nær så gammal som eg tykte ho
måtte vere når ho var på min alder! Så gjeld det å halde liv i georginene, dei
er vare for frost!
Abonner på:
Innlegg (Atom)