lørdag 14. september 2013

IVAR AASEN PÅ GÅTUR

No kjem den andre og siste av skrønene om Ivar Aasen, fortalde i hine hårde dage av vår kjære klassestyrar og norsklærar på Firda gymnas.
   Siste åra Ivar Aasen levde, var han nokså dårleg til beins. Ein dag kom det ein kjenning på vitjing, og mens dei sat der og rødde, reiste Ivar seg opp. Så krekte han seg tvers gjennom den vesle stova med små, små steg og bort åt skåpet.Venen hans talde stega, og gubben brukte hundre og tjue steg på ferda til skåpet. Der tok han fram akevittflaska si og unnte seg ein god støyt. Så gjekk han tilbake og sette seg. Men no brukte han berre hundre og ti steg!
   Og viss me lo av skrøna, tenkjer eg at Ryssdal lo med og kommenterte: "Va'kje dette ei god historie?"

fredag 13. september 2013

IVAR AASEN PÅ ROTUR

Sidan det no er Aasen-år, tykkjer eg at eg må gjere ein innsats for å markere denne karen. Eg tek sjansen på å publisere to skrøner som eg plukka opp då eg gjekk Firda gymnas for femti år sidan. Den første skrøna kjem i dag, og så kjem det ei i morgon òg.
   Me fekk slett ikkje med oss alt som gjekk føre seg der oppe ved kateteret og tavla, me som sat bak i kråa og putla med vårt. Men når Ryssdal'n fortalde skrøner, spissa me øyro. Dagens sladderhistorie er ikkje særleg poengfull og fortel meir om Ryssdal enn om Aasen, tippar eg.
   Jau, ein dag la Ivar merke til ein robåt som såg folketom ut og låg og rak ute på fjorden. Han fekk tak i ein annan båt og rodde ut for å berge den havarerte skuta.Men då han kom nær nok, såg han at det var folk i båten likevel. Ein kar som stod i med eit kvinnfolk nede i båten. "Er det her du held deg med kjerringa di?" spurde Ivar Aasen. "Nei, dette er då ikkje mi kjerring," svarte mannen i båten.
   Så tippar eg at Ryssdal avrunda med å opplyse at det berre var ein vits. Iallfall viss me ikkje lo av stubben hans.

torsdag 15. august 2013

UNYTTIG ARBEID

For fire år sidan skreiv bror Reidar:
"Stundom skryter eg av at det einaste arbeidet eg kan, er å renne opp og hesje i hesjar. Eit arbeid eg aldri praktiserer lenger, og som er så godt som unyttig."

Men kjære Reidar:
Det er min erbødige påstand at me i våre barndoms- og tidlege ungdomsår gjorde dugande og nyttig arbeid med hesjing.
Derimot var eg nok hyppigare i sving med å renne ned enn å renne opp, det siste var nok helst papen sin profesjon. Me hjelpte nok til med å "gå med strengja", passe strengrullen og bere staur (der me nok var langt flinkare enn "Borte-Per"). At papen hadde betre tyngde til å handtere spettet og å setje fast stauren er nok utvilsamt.
Elles kunne du nok anna arbeid, som td grøftegraving, her saman med papen.

Og så  var vel både du og eg nokre klypparar til å "riste håstakkjen", eit arbeid som no ikkje lenger trengs i traktoreggas tidsalder,

 Men hesjing var du flink i (-  og til å helse fotografen -), her saman med mamma, tante Karen, meg og storebror Arne heilt til venstre.
Legg elles merke til at Arne har langbukse og langerma skjorte, det har eg og (ekstra lang langbukse?), men med oppbretta ermar, medan Reidar har stuttbukse og (snart orvaksen?) genser. Mamma har - som det sømer seg - kjole, og tante Karen som var byjente stilte i bukse og Fanatrøye.
Er det forresten eit kledeplagg som ligg på bakken (eller kan det vere vår kjære hund: "Lukki"?)
Men det var då, det - og ikkje no!

tirsdag 13. august 2013

12. AUGUST - EIN MERKDEDAG



I dag, som dei fleste dagar elles, var eg innom bloggen til bror Reidar. Men nei, siste livsteikn frå bloggaren var 10. juli, rettnok ein merkedag for somme. Men vår gamle merkedag Ovaihogja, den 12. august hadde ikkje inspirert den nybaka pensjonisten til å ta seg på tak og gå til arbeids….
12. august 1878 vart det fødd ei jente som fekk namnet Helene Marie, foreldra var Anne Lovise og Østen Ingerigtson Gjermundstad.
Østen var bondeson frå Viks­dalen i Gaular, ved giftar­målet tente han hjå handelsmann Boalth (som døydde 1865, og som åtte bruk 1 i Flekke), og i 1873 kjøpte han bruk 5 i Flekke for 1300 spd.
Den førre eigaren, Anders Hansson, kjøpte Stav og flyt­ta dit - det er sagt at han flytta fordi han ikkje fekk fred meddi "Gamle-Hans'n" (faren) gjekk att...
Fønad på garden i 1865: 1 hest, 17 storfe, 16 sauer, 15 geiter og 1 svin. Utsåd: 5 t. havre og 4 t. poteter.
Lovise og Østen fekk 10 born i åra 1867 - 1888, 7 gutar og 3 jenter, yngste guten døydde 2 år gamal, dei hine vaks opp.
Dei fleste i syskenflokken var ugifte, fleire drog til U.S.A. og det vart inga etterslekt i Noreg. Ragnvald Kyr­kjebø, son til Ragna Tysse (Kaarstad), syskenbarnet deira, vaks opp på garden som fosterson, og tok sidan over garden.
Maria hadde frå ung alder krøkt rygg og brukte stav, visstnok etter eit fall i løa (høy-stålet), ho var gardsjente heime til ho døydde i 1961.
Så fekk me kvart år vite at onkel Trygve hadde og bursdag 12. august, og at dette også var dåpsdagen til bror Reidar. Det trefte seg og slik at likkjesyster Liv Elisabeth og vart døypt den 12. august, og dette vart ein dag mange vil hugse, ikkje berre me Ovaihogjen.
Turrhøytaking ein godversdag Ovaihogjen
I 1956 var det ikkje traktorvelde med siloslått og seinare traktoregg. Nei, høyet måtte turkast, det vil med få unntak hesjast sidan det sjeldan var lagleg ver til flatturking ved brøying. Og slåtten varte hjå oss som for dei fleste til midt i august. Natt til 12. august bles det opp med slik vind at hesjane stod mest tomme då sundagen kom. Hjå oss var det altså barnedåp, og på veg til og frå kyrkja i Dale var det full aktivitet med berging av turrhøy frå dei orblesne hesjane.
Det skulle ikkje undra meg om Papen bad til dei høgare makter om å halde regnet unna, men i så fall vart han ikkje høyrd: Regnet kom, og dei som ikkje har vortne plaga med å hesje vått høy som i utgangspunktet var turt, er ei oppleving fattigare. Hjå oss gjekk vel mest veka til endes før foret var samla saman og komme i hes på nytt. Og 12. august vart mint kvart år Ovaihogjen: ”Hugsar de barnedåpen til Liv?”
(Du har vel ikkje gløymt dagen, Reidar?)

onsdag 10. juli 2013

KASTE RYMMASKE

Du kan truleg hoppe over denne blogsida viss du ikkje er oppflaska med ein dialekt frå Sunnfjord eller deromkring, eller viss du irriterer deg over løgne dialektord.
   Først ordet rymmaske, som er forklart i førre blogginnlegg, det om tettegubben. No har det seg slik at ein annan sunnfjording har gjort meg merksam på at det finst ei anna tyding av dette ordet. Så lurte han på om eg kjenner til den. Det gjer eg jo, viss det er dette han meiner:
   Du finn ein flat stein, går ned til sjøen og kastar steinen slik at han fyk mest mogeleg beint langs vassflata. Er du heldig, vil steinen sprette bortover både ein, to og mange gonger. Dette kallar me å "kaste rymmaske". Kvifor? Jau, det å få ein stein til å sprette og ikkje å søkke med ein gong, slik steinar helst gjer, er så ærerikt at du fortener ein rymmaske for kvart sprett. Denne kunsten har ulikt namn i ulike delar av landet. Har du eit anna ord for det, kan du jo bruke kommentarfeltet nedanfor.
   Det er berre så forbaska vanskeleg å få fat i nymjølka mjølk no for tida og heromkring. Dei er jo heilt slutta med mjølkekyr i ytre Kvinnherad. Og mjølk til rymmaske bør ikkje innom kjøletanken, og slett ikkje innom meieriet.
   Kva hjelper det då å kaste stein som sprett på vatnet?

tirsdag 25. juni 2013

TETTEGUBBEN

Tanken var at dette skal handle om tilknytingar mellom sniglar og sur mjølk med rømme på toppen. Då må eg nesten klargjere enkelte moment. Me har nyleg hatt jonsok, og jonsokdag hadde me her i huset mylse til middag, nett som i barndommen min heime i Sunnfjord. Rett nok kokte me ikkje mylsa sjølv, og det stod Vossadravle på den bytta me kjøpte. Men godt smakte det, nesten som heimekokt.
   Jonsokafta  var det rymmaske som stod på menyen heime i Flekke. Her må eg kome med ein språkanalyse av ordet. I normert språk kan denne fortreffelege retten heite rømmekolle eller mjølkering(j)e. Skulle me skrive rymmaske i normert form, kunne det verte ein rømmeask. Ein ask står i nynorskordboka, og tyder anten eit rankt og lyst tre, som du sikkert kjenner, eller ein bolle eller ei øskje opphavleg laga av trevyrke frå asken. Sidan eg no er langt inne i filologien, kan eg leggje til at ordet øskje/eske òg er avleidd av treslaget ask.
   Men rymmaske fekk eg ikkje jonsokafta, og har ikkje fått det på mange herrens år. Når mamma sette ned rymmaskar, var det ikkje i treskåler. Det høyrde ei fjern fortid til. Nei, ho henta fram det ho fann av glas- og steintyskåler, fylte dei med nysilt mjølk frå beista, og så var det berre å vente eit par dagar til mjølka var syrna. Her snakkar me sjølvsagt om upasteurisert og uhomogenisert mjølk, med andre ord eit reint naturprodukt. Såleis låg det ei god hinne av rømme på toppen når retten vart servert, derav namnet.
   Mange stader i landet snakkar dei om tettemjølk, som visstnok er noko liknande. Men då brukte dei å tilsetje litt bakteriekultur som dei hadde på lur, og som fekk mjølka til å arbeide seg sur på ein særskild måte. Dette kan du prøve å finne ut om sjølv, eg må snart kome til poenget med dagens tekst.
   Eg meiner å hugse bitar av noko som mamma har fortalt, og som kanskje skjedde i ei bygd ikkje langt frå barndomsbygda mi. Dei fekk byfolk på besøk og sette fram herlege rømmaskar til dei. Gjestene var tyrste og svoltne i sommarvarmen og åt av hjartans lyst. Men så fekk ein av dei ein slimut klump i skeia og lurte på kva i all verda det var. "Å nei, det er berre tettegubben, det. Han behøver du ikkje ete!" sa mor i huset. Tettegubbe? Jau, dei sleppte ein snigel opp i rømmasken for å få rett gang på syrninga av mjølka.
   I alle dei år ar eg trudd at dette var ei skrøne. For ordens skuld: Mamma brukte ikkje tettegubbar. Men no har eg leita på nettet og sett at det har gått rykte om ein slik framgangsmåte somme stader i landet. Difor håpar eg at du, kjære lesar, kan hjelpe til og hente fram opplysningar om liknande døme på edel matkunst.
   Kanskje sniglane kan brukast til noko likevel? Bon appétit!

mandag 24. juni 2013

MOLOSERVITUTTEN

Me har vore i retten. Me tretten fredsæle grannar her på berget laut svare for oss i jordskifteretten onsdag. Det handla om fortøyning av båtar i hamna vår. I denne prosessen, som har vart i snart to år, har eg lært mykje om havrett. Og om juss. Eg ser for meg at eg bør verte oppringd til hausten når den nye regjeringa Solberg/Jensen skal skipast. Dei treng ein havrettsminister. Ein veit ikkje kva vår kjære sjøfarts- og fiskerinasjon kan kome ut for, og eg kan ikkje hugse at me har hatt havrettsminister sidan salige Jens Evensen sine dagar.
   Så vil kanskje somme meine at eg ikkje er medlem i noko av dei to partia. Men kva skjedde då Jens vart utnemnd? Eg meiner å hugse at han ikkje melde seg inn i Ap før dei spurde han om han hadde lyst på jobben som statsråd utan departement. Kvalifikasjonane mine  kan det ikkje lenger vere tvil om, og dei står seg same kva parti som styrer landet. I pausen den dagen saka gjekk, drøfta advokaten vår og eg korleis rangordninga her i verda er skipa. Me vart om lag samde om at den er slik: Høgast rår pengane, så advokatane, så Gud, og heilt i botnen demokratiet.
   Eg har lært mange og viktige ord i desse åra mens me har kjempa for rettane våre i hamna. Det viktigaste er det du finn i overskrifta. Du skal få litt hjelp av nynorskordboka:
   servitutt m1, n1 (gjennom ty, frå lat av servus 'slave, træl') hefte på fast eigedom som gjev ein annan enn eigaren ein viss bruksrett eller rett til å nekte visse disposisjonar. Døme: Eit servitutt som gjev grannane vegrett over garden.
   I vår sak har me fått medhald i at eigedomsrett til sjøgrunnen utanfor tomtene til tre nausteigarar ikkje kan hindre oss i å leggje båtar der. Saka endte med forlik, så no må  eg kome vidare i min juridiske karriere før det vert for seint. Eg vart trass alt eit år eldre den dagen me sat i retten.
   Eit anna viktig ord me har lært takka vere denne prosessen, er tilflot og tilflotsrett. Det er så vanskeleg at ikkje eingong Nynorskordboka har funne noka forklaring.
   Men eg veit.
 

torsdag 23. mai 2013

SKULEPOLITIKK OG PEDAGOGIKK

Kjære politikarar! Valkampen er i gang, og mange av dykk har lagt sin elsk på skulen.  Eller læst som de har gjort det. Eg er sterkt i tvil om kor bra det er. Uttrykket bjørneteneste er kanskje ikkje så lett å forstå i våre dagar, i og med at bjørnar for dei fleste er nokre søte dyr som går og ruggar eller klyv i trea i dyreparkar, godt inngjerde og i trygg avstand frå undrande tilskodarar. No slår eg opp på Wikipedia og  sjekkar opphavet til ordet:
   Bjørneteneste er eit uttrykk for overdriven hjelp som er meir til skade enn gagn for mottakaren. Munnhellet «å gjere nokon ei bjørneteneste» stammar frå Jean de La Fontaines fabel om tambjørnen som drap herren sin då han ville slå i hel ei fluge på nasen hans. Fabelen har opphav i ei eldre vandresegn. (Kjelde: Nynorsk wikipedia.)
   Kvar er det bloggaren og den pensjonerte læraren har tenkt seg i dag?  Jau, når politikarane diktar opp kjekke løysingar for yrkesutøvinga til profesjonelle lærarar, har dei gått langt over streken, eller klatra over gjerdet. Brått så har dei løysingar på alt frå mobbing til matematikk. Karatakterar skal inn der dei ikkje  høyrer heime, retting skal skje anonymt, ordensreglar skal skjerpast eller lempast på, alt etter kven politikaren snakkar til,  hovudplagga til elevane skal sorterast og vurderast, glupe pappagutar skal skjermast frå dei dumme og late ungane, strebarar i lærarflokken skal få meir pengar i pungen på kostnad av dei stillferdige slitarane, alt læraren gjer, skal kontrollerast, dokumenterast, noterast og arkiverast...
   Nei, no skal eg slutte å ramse opp. Kva ville du ha sagt, gode snikkar, om Siv og Erna hadde forklart deg kva slags treverk som er det beste, kor langre spikrar du skal bruke, og kva tid du bør bruke uimpregnert eller impregnert? Skal Kristin og Jens  velje oljetypen til bilen din og bestemme målemetoden når bilmekanikaren skal sjekke lysa?
   Kjære politikarar! Ikkje bland dykk inn for å fjernstyre fagområde de ikkje har greie på! No bør skulen få fred, bortsett frå når det kjem sterke råd frå lærarar og andre som arbeider i skulen. Men skaff heller dei ressursane som trengst!
   Og ei sak til: Norsk skule er mykje betre enn dei rykta som maktbrunstige politikarar vil ha det til. Nokre resultat kunne og burde vere betre, viss me skal tru på enkelte målingar. Men hugs korleis uttrykket bjørneteneste oppstod!
 

onsdag 22. mai 2013

FØRSTE MØTE MED KVINNHERAD

Eg gjekk meg litt trøtt og lei av hovudfagstudiet på universitetet i Bergen og tenkte som så at det kunne smake med ein pause. Så eg søkte tre lærarpostar våren 1973. Eg fekk napp to stader, og den første som tok kontakt, var ein gammal kjenning frå Firda Gymnas. Eg hadde han ikkje som lærar sjølv, men han var med og hjelpte oss litt med russerevyen. No var Leiv Døssland, som han heitte, dagleg leiar for dei nyoppretta gymnasklassane i Kvinnherad. Jau, han kunne så godt som love meg jobben, og husvære skulle ikkje verte noko problem. Sommarjobb? Me måtte jo ha noko å leve av før den første lærarløna kom. Jau, det skulle gå fint. Han hadde kontaktar både på Søral og Valen sjukehus.
   Anne og Rune var einige. Så drog eg ein vakker maidag for nokså nøyaktig førti år sidan med snøggbåt til Sunde. Eg hadde med måleband, for noko av formålet med turen var å sjå på huset me skulle leige og ta gardinmål. Og så ville eg sjølvsagt sjå skulen og snakke litt med rektor.
   På Sunde kai fann eg ein buss som frakta meg trygt til Husnes. Det var eit merkverdig bygdesenter.  Nokre få butikkar, eit forsamlingshus og eit hotell låg ihopklumpa der bussen stansa, og oppetter bakkane strekte seg det eine rekkjehuset etter det andre med fire bueiningar i kvart. Og så skimta eg aluminiumsverket under ein dis av røyk eit stykke unna.  Nokon skule var ikkje å sjå. Men bussjåførar er venlege vegvisarar, så eg fekk ei grei forklaring om kvar eg skulle gå.
   Etter ein liten kilometers rusletur dukka det opp eit umiskjenneleg skulehus. Gymnasklassane skulle halde til på hi sida av bygget, attmed ein gymsal. Her laut eg gå rundt, og valde sjølvsagt den galne vegen.
   Brått kom det til syne nokre digre panoramavindauge, og innanfor dei såg eg ein flokk nesten nakne jenter som dreiv og plaska i eit basseng. Her var det best å ta ein stor boge og ikkje labbe langs glasveggen, skjønte eg. Det skulle ta seg ut om gymnasjentene første skuledagen til hausten når eg skulle presentere meg som læraren deira, at dei då skulle stikke hovuda i hop og kviskre at "sjå der, der er jamen santen han fyren som gjekk og glodde på oss mens me hadde symjetime i vår!"
   Omsider fann eg det som førebels var lærarrommet: eit klasserom som var innreidd til kontor,  arbeidsplassar for lærarane, læremiddelsamling, bibliotek og alt det ein skule med to klassar hadde bruk for utanom undervisningsromma.
   Førti år er gått. Det vart ein lang pause i arbeidet med hovudfaget i norsk. Pausen er ikkje slutt enno. Han tek aldri slutt. Men lærargjerninga tok slutt for snart eit år sidan.

søndag 5. mai 2013

FAN(ER) I DOMKYRKJA 17. MAI



Snart er det syttande mai. Det har vore ein årleg tradisjon i Bergen at det denne dagen har vore nynorsk festgudsteneste i Domkyrkja om morgonen før Hovudprosesjonen og Flaggtoget marsjerer ut på vandringa gjennom bygatene. Vestmannalaget, Bondeungdoms­laga og Bygdelaga har stilt med faneborg i kyrkja, men det må nok leggast til at det år om anna har vorte færre faner å sjå…..
I fjor gjorde styret i Bergen ungdomslag Ervingen vedtak om at dette ville dei ikkje vere med på lenger. Og i år har dei i sin visdom konfirmert vedtaket! Grunngjevinga skal vere at laget er eit frilyndt lag, og som difor ikkje kan stø eit bestemt livssyn.
Kva er dette for tøv? Styret må ikkje gløyme at laget er eit mållag som bør stå i front når det gjeld fremjing av nynorsk på alle område, også som kyrkjemål. Dette har ikkje med kristent livssyn å gjere, men med målpolitikk. Om ein skal stille med fanene i kyrkja eller ei, er ei sak for seg – i dette høvet er det som ei markering av kven som står bak dette måltiltaket.
Ved framvokster av nynorsk som bruksmål på alle omkverve først på nittanhundretalet var det ein klår strategi å arbeide for å innta viktige postar: Nynorsk i skuleverket, Nynorsk som kommunalt og statleg administrasjonsmål, Nynorsk i forretningslivet og Nynorsk som kyrkjemål var gjerne dei viktigaste arbeidsfelta i målstriden, sjølsagt med tillegg av Nynorsk som teatermål og nynorsk i presse og kringkasting. Og det kan sjølsagt nemnast kampen for norsk namneskikk så vel for stadnamn som for slektsnamn. Ein opplevde sjølsagt stor motstand, som når det galdt nynorsk liturgi at ein ”ikke kunne tolerere dette bondesproget, men la oss høre evangeliet på det sprog som Frelseren talte på Sinai bjerg” (fritt sitert).
Så til spørsmålet om faner i kyrkja: Det kan då ikkje vere det viktigaste i denne saka. Det viktige må vere å halde oppe tradisjonen med nynorsk gudsteneste i Bergen by. Og det bør laget stå bakom og stø – det går då på ingen måte i motsetnad til det grunnleggande og frilynde livssynet - tvert imot, skulle eg meine! Så får ein tillegge laget sine valde tillitsfolk i Bygdelagsnemnda avgjerdsmakt i fanespørsmålet og oppgåva å få fanene til og frå kyrkja, om det er det som er problemet.

God fridomsdag!
(Helsing Steinar )

onsdag 1. mai 2013

DEN RAUDE DAGEN

Heime hadde me ein slik kalender du veit, der me reiv av ein liten lapp kvar dag så ein ny dato og dag kom til syne. Dei fleste datoane stod med svart, men minst ein gong i veka dukka det opp ein raud. Då var det helgedag. Når me reiv av den 30. april og 1. mai dukka opp, var det med eit raudt eittal, jamvel om det var midt i veka. Det var ein slags helgedag, eller offentleg høgtidsdag, som det stod på lappen. Og me slapp gå på skulen.
   Barndomsbygda mi, Flekke, var kjend for å vere småradikal, og stort sett respekterte folk at det var høgtidsdag. Ikkje berre arbeidarpartiveljarane, men òg venstre- og senterpartifolk. Ein del flagg kom til vêrs. Det var sagt at ein gong så heiste sonen i huset flagget, faren tok det ned att, men sonen heiste det opp på nytt. I kommunesenteret Dale åtte kilometer lenger nord feira dei med hornmusikk, taler og tog. Dale var den nest største industribygda i Sunnfjord. Berre Svelgen var større, med Bremanger smelteverk. I Dale laga dei sko og tønner i store mengder. Og det aula med sosialistar.
   Mamma og  papen var bønder, som så mange andre flekkingar, men dei røysta Arbeidarpartiet og heldt helg. Det same kan me ikkje seie om dei fire ugifte syskena på grannegarden, eller "i Gara", som me sa. Største bruket i bygda. Dei tre brørne ("garagutane") og systera der var eit stykke oppe i åra, eller hauggamle, tykte me som var eit halvt hundreår yngre. Garagutane dreiv med sitt den første mai, spreidde møk og  pløgde potetåker. Vårvinna var ei travel tid.
   "De må'kje drive å arbeie i dag, d'æ jo helgedag!" forkynte Erik'en ein gong. Han kom frå ein god sosialistisk heim. "Helg i rævine!"  fnyste Olai'en og dreiv på.
   Her på berget har me ei flaggstong i lag, midt mellom dei tretten tuna. Det tok litt tid på morgonen før flagget kom opp.  Men nokon må ha teke affære, for no heng det og vaiar febrilsk i kulingkasta. Elles er  det langt mellom flagga her i Valo, endå denne bygda òg har hatt ord på seg for å vere småradikal.
   "Tider skal koma, tider burt skal kverva..."

mandag 8. april 2013

LEIGESOLDATAR

Då krigar vart førte i eldre tid her i Europa, kunne soldatane kome kvar som helst ifrå. Dei forsvarte ikkje landet sitt, dei slost for pengar eller det pure livsopphald. Dei kunne gjerne skifte krigsherre dersom dei fekk betre vilkår hos fienden. Her til lands var det ikkje vanleg, her var det tvangsutskriving av soldatar frå eigne rekkjer. Også i våre dagar finst det flust opp av leigesoldatar i til dømes borgarkrigar i Afrika. Enkelte nordmenn har vore med på leiken.
   Nei forresten, på eitt område er bruk av leigesoldatar det vanlege også i Noreg. Elitefotball. På laget til Brann sende dei ut i striden åtte utlendingar og tre bergensarar ved kampstart no i helga. Med andre ord eit høgt tal lokale stjerner; det hender ofte at det er ein eller null. Brann er ikkje noko særsyn. Fotballspelarar vert kjøpte og selde, dei spelar stolleiken frå eitt lag til hitt. Det same gjer trenarane. Dei er sikkert lojale mot arbeidskontrakten, men der stansar lojaliteten. Ikkje alle publikumarar skjønar dette, så stakkars Jan Gunnar Solli vart råka av dei eklaste injuriar då han møtte sin barndoms klubb som spelar på eit heilt anna lag. Me kan nok skjøne at tilhengjarane heiar på "vårt" lag, den lokale klubben. Men det er altså drakta, ikkje personen innanfor drakta, dei heiar på.
I gamle dagar var det gjerne slik at ein av fordelane leigesoldatane fekk, var å "skattleggje", det vil seie plyndre dei områda der dei opererte. Det gjorde dei ofte til gagns. I trettiårskrigens Tyskland vart enkelte byar plyndra både fem og ti gonger. Landområde vart så å seie folketomme i lange tider.
   Nei, så gale er det ikkje med fotballen.

søndag 7. april 2013

HEI, SOM DET GÅR!

Eg har inga orsaking for ei uvanleg lang bloggpause. Dei fleste eg har kontakt med, veit at eg går berre og sleng no for tida, forlét yrkeslivet for snart ti månader sidan, og som kjent er lediggang rota til alt vondt. Til dømes at eg gong på gong har skuffa blogglesarane mine når dei sugne på nytt lesestoff berre kjem tilbake til det eg skreiv for godt over ein månad sidan. No angrar eg, og har bestemt meg for å ta tak i problemet. Spørsmålet er om det vert slik at eg skriv berre for å skrive. Tidlegare har eg nemnt det rådet eg ofte gav elevane når dei ikkje kom i gang med stilen sin: Berre begynn å skrive ukritisk eitt eller anna. Ikkje tenk på om det har noko særleg med oppgåva å gjere. Då kjem du i gang, ideane kjem dettande, tankane klårnar, og du får til ein heilt grei stil. Så kan du rett og slett stryke dei første linjene du skreiv, viss du ikkje var så heldig at dei kan brukast likevel. Med andre ord: Vegen vert til mens du går, båten vert bygd mens du seglar. Som kloke folk har sagt. Du må altså kome i gang, ta dei første famlande stega eller dei første åretaka før seglet fer til vêrs.
   Då er eg i gang att. Og viss eg ikkje får andre gode idear, skal eg skrive om leigesoldatar i morgon.

onsdag 6. mars 2013

BREV TIL TÅKEFYRSTINNA

Grete Faremo: Gå til Setesdalen og bli vis!

For ein liten mannsalder sidan dukka ei blid setesdalsjente opp på Slottsplassen då Gro presenterte si tredje regjering. Då NRK tok den unge dama med i studio, drog ho fram gitaren og tralla seg like godt gjennom visa til Lillebjørn om jenta frå Setesdalen.
No, meir enn tjue år etterpå, er ho kåra til tåkefyrstinne, og utnemninga er fullt fortent. Ho språkar på det stivaste bogsprog med "moderne" flosklar og snirklete formuleringar som seier oss lite og ingen ting.
Men det finst rådgjerder: Dra heim att til Setesdalen og lær! Tenk deg ein av desse to måtane:

- Korleis ville den klårtenkte og klårtsnakkande far din, Osmund Faremo, ha uttrykt seg?
- Korleis kunne ei kårkone der i dalen forklart saka til grannekona si?

Eg seier ikkje at du må snakke reinspikka setesdøl når du opptrer i media, i regjeringa eller i stortingsalen. Men hent fram att nynorsken du ein gong lærte. Bruk dette målet når du skriv. Og normer varsamt barndomsdialekten i den retninga når du snakkar offentleg. Det kostar litt, men du skal få rikeleg med løn. Og dersom dette alternativet kjennest urimeleg tungt, er det truleg fordi du ikkje tenkjer klåre nok tankar, eller at tilhøva er så flokute at du heller bør seie at dette veit du ikkje så nøye. Det er ærlegare å seie dét enn å pakke tåketankar inn i skrau.

Venleg helsing
Reidar Kyrkjebø

torsdag 14. februar 2013

EIT DRUSTELEG BANKINNSKOT

Eg er komen til kapittel tre i den bakvende framhaldsforteljinga om den 4. juli 1995, den som vart utløyst av hysteriet omkring hestekjøt. Så no skal det handle om føremiddagen denne tysdagen.
   Me trilla inn i byen Luxembourg i landet Luxembourg, eit land som i utstrekning er jamstort med Kvinnherad pluss Ullensvang, og som har eit folketal i overkant av det me har i Hordaland. Kvelden før hadde resepsjonisten på eit ungdomsherberge litt nord i landet bedt om å få sjå passa våre, og han kommenterte at dei var så store. (Du hugsar sikkert dei gamle passa våre viss du er ein godt vaksen lesar.) "Me kjem frå eit mykje større land," sa eg, ein kommentar som han svarte på med eit lite begeistra "Hø hø!"
   Det me var mest opptekne av på vegen inn mot bysenteret i hovudstaden, var å finne ein parkeringsplass der me kunne gå frå Subaru'en og kikke på byen. Der såg me eit skilt og ei pil, og me hamna nede i ein stor kjellar med god plass. Me tasla ut og uroa oss lite over at me ikkje sjekka korleis me skulle få bilen med oss når me kom tilbake.
   Etter eit par timar var me ferdige med byen og ville gjerne kome oss vidare og inn i  Frankrike. Me fann tilbake til huset der bilen stod i kjellaren. Men me fann ikkje ut kvar fotgjengarar skulle gå inn for å hente bilane sine. Så spurde eg eit par karar som hang der og slang. "Har du parkert her? Då trur eg du har gjort ein tabbe!" Det gjekk kaldt nedetter ryggen, endå julidagen var meir enn varm nok. Så fortalde dei at me stod utanfor ein diger bank, og parkeringa i kjellaren var berre til bruk for bankfolk og kundar. Inngangen var frå banklokalet. "Men gå inn og snakk med dei, du!"
   Eg gjekk inn, kom meg fram til ei luke og med syndefull anger bar eg fram mitt ærend og ei rekkje orsakingar.  Dama i skranken sa ikkje eit ord, såg mulkent på meg, gav meg ei lita brikke og peikte på ei dør.
   Om litt stod me ved bilen vår, fann porten og bommen, heiv på brikka og kom oss ut derifrå. Snart var me på veg inn i Frankrike med kurs for Alsace.
   Banken i Luxembourg ville ikkje eingong ut med litt rente for det drustelege innskotet vårt.

onsdag 13. februar 2013

EI FYRSTELEG OVERNATTING


Eg har stundom tenkt som så, historielærar som eg var, at ein skulle kunne skrive historia hin vegen. Det vanlege er at historieboka begynner med gamle dagar og flytter seg jamt og trutt framover mot nyare tider. Men kva om me begynner med notida og skildrar oss bakover? Det er noko slikt eg driv med no. Det eg skriv i dag, hende tidlegare enn det eg skreiv om i går. Og i morgon skriv eg kanskje om det som hende endå tidlegare. Eg skriv meg altså bakover i tid. Rett nok er tidsfaktoren litt smal. Alle desse tre historiske hendingane gjekk føre seg den same dagen, tysdag den 4. juli 1995. Og kva utløyste lysta til å mimre om nett denne dagen? Hestekjøt! (Sjå gårsdagens blogg.)
   Både turen i 1995 og mange andre liknande bilturar nedover i Europa bar i stor grad smaken av oppdagingsferd og meistringsglede. Til dømes var ikkje overnattingane særleg planlagde. Me hadde med oss telt, og alltid - kanskje etter prøving og feiling - fann me ein campingplass og nattely. Stundom tok me til takke med eit enkelt hotell eller Gasthaus, og iblant hamna me på eit ungdomsherberge. Hugs på at me var svært unge i 1995, eg hadde nett fylt 50 og Anne var mykje yngre, berre 47.  Denne måten å avrunde ein dagstur på, kunne vere både langsam og slitsam, men du verda så lukkelege me var når alt var i boks og me hadde fått opp teltet eller kome oss under tak!
   Denne tysdags ettermiddagen var me på veg inn i Alsace og hadde funne ut at det var eit ungdomsherberge  i ein by som for oss var heilt ukjend: Saverne.  Kvelden før var me seine før me slo leir, så denne dagen ville me kome til ro litt tidlegare. Me rulla så inn i byen og såg til vår store glede at dette var ein svært yndig liten by. Det gjekk ein kanal med sluser midt gjennom byen, og her var flust opp av vene bindingsverkshus og vakre blomedekorasjonar  på husa og langs gatene. Me parkerte bilen der det fall seg og tok beina fat for å spore opp herberget. Det kunne ta si tid, frykta me.
   Der opna det seg endå eit utsyn: Eit digert slott med ein endå digrare park. Då me hadde beundra slottet ei stund, gjekk me oss beint på ei lita bu med turistkontor før me var begynt å leite. Eg gjekk inn og spurde etter ungdomsherberget. "Der borte, i slottet! Femti meter å gå!" Og såmenn! I eine hjørnet av slottet var der ei dør me skulle bruke. "Opningstid klokka 17" stod det. Me såg på klokkene våre. Ti over fem var dei, så her var det berre å gå rett inn.
   Og rom fekk me. No skulle eg ha loge og sagt at det var ein fyrsteleg suite. Men denne fløyen av slottet må ha vore bygd for tenarskapet, tippar eg. Grei, nøktern standard. Me fekk oss eit familierom der det hadde vore god plass til både ungar og barnebarn.
   Då var det berre å ta ein strekk på køya, ein ankerdram, og ut å ete hestekjøt!
 
 

tirsdag 12. februar 2013

HESTEKJØT



Det var då eit fæla oppstyr no om dagane om funn av hestekjøt i ymse matslag nede i Europa. I gamle dagar fekk me rett som det var høyre at hestekjøtet hamna i pølsene. Åt me pølse, var det heilt sikkert iblanda ein del hestekjøt. Sa folk. Likevel åt me pølsene våre med den største ro. Me kunne jamvel våge oss til å nemne gamlemerra når me sat til bords og pølsestubbane dampa på fatet. Ho vart send til slaktehuset for femti år sidan og er omtalt fleire stader i gamle blogginnlegg.
    Så går tankane til ein sommardag for snart atten år sidan. Me var på vår lengste biltur til då og hamna på eit slott i Alsace. No har eg tenkt å nemne det med slottet i morgon og kjem såleis til å skrive tre blogginnlegg i omsnudd kronologi frå same julidagen i 1995.
   Me rusla ut om kvelden i den svært yndige småbyen Saverne, nokre få kilometer frå Strasbourg. No skulle me finne oss ein koseleg plass med god mat og lekker drykk. Som me ofte gjer, rusla me gate opp og gate ned og titta på menyane. Den første staden verka svært tiltalande, og på menyen ved inngangsdøra såg Anne noko som ho meinte var biff. "Vel, det er iallfall hestekjøt," opplyste fransklæraren ho hadde med seg. "Då skal me iallfall ikkje inn der!" slo hestehataren fast. Ho vart i tidleg barndom vitskremd av ein hest på frifot. Ein  fjording, faktisk! Skulle difor tru at ho kunne nyte daude hestar, men den gong ei.
  Me rusla vidare, men Saverne er ein liten by, og  me kom ikkje over noko som me absolutt ønskte oss. Då foreslo Anne at me kunne gå tilbake til den der første plassen og be om biffen deira. Der såg det så koseleg ut! Eg var med. Eg undra meg litt, men nemnde ikkje hesten.
   Snart sat me med glitrande raud drykk i glasa og kvar sin velangande tallerk med eit par stivpynta kjøtsneier på. Anne skar eit stykke og togg ivrig. Me skåla og avanserte vidare inn mot midten av tallerkane. Anne rulla med augo og braut ut med andakt i røysta: "Veit du, Reidar, dette må vere det beste oksekjøtet eg nokon sinne har ete!" Vel, eg drog på det, var einig i smaksdommen, men nemnde i forbifarten at det var no ikkje nett oksekjøt. "Å?"  "Hugsar du ikkje at eg sa i stad at det var hestekjøt?" spurde eg forsiktig. "Cheval betyr hest. Ein kavaler er i røynda ein hestekar."
   Me åt pent opp, men eg trur ikkje maten smakte henne fullt så godt etter denne oppklarande samtalen.
   I går kveld såg me den gamle, svært gode filmen "Siderhusreglane". Djupstrukturen i filmen er at me bør lyge når det er i det godes teneste. Det burde eg ha gjort i Saverne i 1995.
 

torsdag 31. januar 2013

TRUVERDIG AUGEVITNE

Du har sikkert treft på han, du òg. Han som er så skråsikker på at han har rett, fordi "...eg var der sjølv og såg det med mine eigne auge!" Ein nær slektning var sjømannen som meinte å ha god innsikt i eit lands tilhøve fordi han hadde vore i ei hamnekneipe i ein hamneby der i landet og opplevd dei innfødde. Me som har fuska litt i historiefaget, har òg lært at ein bør vektleggje primærkjelder og førstehandskjelder. Men me har lov å vere kritiske.
   I februar 1967 var det VM i skeiser på Bislett. Me vona sjølvsagt sterkt på Fred Anton Maier frå Tønsberg Turn, guten som skulle ta arven opp etter Kupper'n, i det minste på dei to lange løpa. Og Fred Anton gjorde sitt beste, han hausta både gull og ære i karrieren sin.
  Nokre studentar eg kjende flyktig mens eg studerte i Bergen, heiv seg på toget og lét Bergensbanen føre seg trygt over fjellet så dei kunne få oppleve norsk verdsmeister på norsk is. Dei hadde det retteleg lystig, og dei fekk vel med seg litt av det som hende på isen.
   På toget heim att kom den eine av karane i heftig disputt med ein medpassasjer som hadde opplevd VM gjennom NRK si eminente overføring. "Ja, det var flott å sjå at Maier vart verdsmeiser," sa studenten. "Maier? Han vart nummer tre, berre. Det var jo Kees Verkerk som vann laurbærkransen!" opplyste den andre.  "No må du gje deg! Maier vart verdsmeister. Eg var jo sjølv til stades på Bislett og såg det med mine eigne auge!"
   Ja ja. Guten hadde iallfall fått med seg at Maier hadde vore ute på isen. Men slått av både Verkerk og Schenk i samandraget. Og så tapte han milløpet i samløp med Kees. Me får unnskylde vår mann med at skeiseløparar ser svært like ut i draktene sine.



onsdag 30. januar 2013

KONTRAREVOLUSJONEN

Viss du blar tilbake til bloggen min den 27. januar, finn du meir om revolusjonar og om skeiserevolusjonen i 1963. No kunne eg ha venta nokre veker med dette innlegget til femtiårsjubileet for den helga eg skal dvele ved. Men det er like greitt å få det sagt. Alle revolusjonar som det har vore litt tak i, møter veggen og må svelgje nokre usle nederlag.
   Etter skeise-EM i Göteborg den første helga i februar 1963 såg me med begeistring og spenning fram til VM i Japan. Nei, spenninga var ikkje så svært stor. Me visste jo at dei norske triumfane skulle kome, spørsmålet var berre kor overlegne gutane våre skulle verte denne gongen, og kva for ein av dei som skulle stå øvst på sigerspallen. Kunne det verte den pur unge nye stjerna Per Ivar Moe? Eg vona sjølvsagt på Kupper'n, min store helt.
   I Karuizawa var klokka allereie tolv om dagen når ho ikkje var meir enn fire om natta heime. Skulle me følgje med på direktesendingar, laut me velje mellom å vakje rundt eller å stå grytidleg opp. Eg trur eg kom meg til sengs og stod opp i otta, for dette var det viktig å få med seg, og litt utkvild burde ein vere. Laurdagen gjekk slett ikkje som me hadde tenkt. Han der svensken, Jonny Nilsson, han som snytte oss for distansesigeren på mila i EM, gjekk sigrande i mål på halvmila og stal den nye verdsrekorden til Kupper'n. Og verre skulle det verte. Dagen etter utmanøvrerte han det fem-mannsterke norske laget, snytte oss for laurbærkransen og attpåtil sette to nye verdsrekordar, på mila og samanlagt. Ja, han slo Kupper'n sin uslåelege 15.46.6 frå Squaw Valley! Vår store helt hadde mista tre verdsrekordar på to dagar og måtte nøye seg med andreplassen samanlagt
   No var rett nok den norske laginnsatsen heiderleg: fem blant dei sju beste. Men det var ikkje ein lagkonkurranse.
   Namnet Karuizawa smakar ekkelt den dag i dag.

tirsdag 29. januar 2013

HISTORIKAREN JON

Ved minnestunda etter Jon i går vart det opplyst om den glupande interessa han hadde for historie. For meg som historielærar var det både ei stor glede og ei viss utfordring. Enkelte emne hadde han mykje meir peiling på enn eg. Men våre felles interesser for faget gav grunnlag for mang ein gjevande prat.
   På ein festmiddag på Voss i fylkeslaget av lærarorganisasjonen vår var me der begge. Eg hugsar ikkje om det var mens organisasjonen heitte NUFO eller om det var etter at det vart Lærarforbundet. Eg innbiller meg at det var eitt eller anna rundt jubileum som skulle feirast. Jon var med i fylkesstyret, eg var ein skarve lokallagsleiar.
   Jon hadde eit frodig foredrag om læraraksjonar under krigen. Han drog linjer, han spissa det med dramatiske episodar og ein snev av humor. Etter at me hadde klappa ferdig, utbraut ein som sat til bords nær meg: "Du så heldige dei må vere, dei elevane som har ein slik historielærar!" Eg skaut inn at han slett ikkje var lærar i det faget. Undringa til dei som sat der, vart ikkje mindre då eg utdjupa at Jon var sivilingeniør av utdanning og underviste for det meste i økonomifag og matematikk!