Eg trur eg har for lite testosteron i kroppen. Det har synt seg som tydelege resultat av sjølvgransking.
I går fortalde ei kone på jobben om kor mykje arbeid, omtanke, sjel og innsikt mannen hennar la i arbeidet med å skifte hjul på bilen deira. Ho uttrykte ekte glede ved at ho slapp unna dette tidkrevjande og slitsame arbeidet. Då måtte eg tenkje på kor glad eg var då Tore skifte hjul på bilen vår påskeafta, og at eg slapp. Tore har forresten meir hår på brystet enn papen sin.
Der er fire utslag av høgt testosteroninnhald i blodet: Du elskar bilar, du elskar å sjå fotballkampar, du elskar øl, og du elskar kvinner. I denne rekkjefølgje. Har du litt testosteron, likar du damer, har du litt meir, drikk du øl, har du mykje, er du fotballgalen, og har du svært mykje, er du ofseleg oppteken av bilen.
Eg for min del likar kvinner og øl, følgjer litt med på fotball, men med måte. Når det gjeld bilar, slit eg meir. Eg synest dei er nyttige når eg skal forflytte meg frå A til B, som me sa i militæret, men vask, stell, beundring av dei nyaste og dyraste modellane, fiksing og smørjing kan andre ta seg av. Ikkje spør meg kva bilmerke grannane eller kollegaene mine har. Ein bil er ein bil for meg. Eg ser forresten at dei kan ha ulike fargar.
Når eg skal snakke med Stensletten om stell av bilen neste gong, skal eg dessutan spørje om han kan måle testosteroninnhaldet mitt med det same. Det må ein bilverkstad kunne ordne.
onsdag 27. april 2011
tirsdag 26. april 2011
ATOMTRUGSMÅLET
Det er tjuefem år sidan Tsjernobyl-katastrofen i dag. 27. april 1986 hende det, men det gjekk dagar og veker før alvoret sokk inn i oss her oppe i det fredelege Norden. Me fekk ein alvorleg støkk, og minne frå dei første par tiåra etter krigen dukka opp att. Då var det eit vanvittig kappløp mellom amerikanarar og sovjetarar om kven som kunne fyre av den frekkaste og sterkaste atombomba. Me som har felles grense med det tidlegare Sovjet, var mest opptekne av deira bomber oppe i nord ved Novaja Zemblja. Og det var ikkje småting: For femti år sidan small det ei sovjetisk gigantbombe på 50 megatonn. Talet sa oss lite, men me hadde sett bilete og lese skildringar av katastrofen Hiroshima, då byen vart utsletta av ei bombe på "berre" om lag 15 kilotonn. Og både amerikanarar og russarar leika seg med prøvesmell i atmosfæren heilt til dei begynte å skjemmast og avtalte å avgrense seg til underjordiske prøvesmell, kva no det er for noko.
I mellomtida var det norske politikarar langt inn i Arbeidarpartiet som meinte at når russarane hadde våpen, måtte me stå saman med amerikanarane og tillate atomvåpen på norsk jord og. Det vart det ikkje noko av, heldigvis. Andre har ivra sterkt for atomkraftutbyging. Det er slett ikkje det same som våpen, men i aller verste fall kan resultatet av uhell minne om bomba. Stakkars japanarane, dei einaste som har vorte ramma av atomvåpen i krig, fekk seg meir enn ein støkk etter jordskjelvet og tsunamien. Atomkraftverka lek. Det er ikkje berre ein storsmell som er farleg. I Japan dukkar det framleis opp offer for strålinga etter bombene i 1945. Nær Tsjernobyl vert framleis folk helselause på grunn av hendingane våren 1986. Men då me var i Paris i vår, tenkte eg mens eg stod i dusjen at no nyt du godt av varme frå atomkraft, Reidar!
Norske forståsegpåarar for tjuefem år sidan gav råd som sprikte i alle retningar. Helsedirektør Mork sa eine dagen at me kunne slappe heilt av. Få dagar etter viste målingar somme stader i landet radioaktive verdiar som låg høgt over faregrensa. I Japan var ekspertane svært tilbakehaldne med åtvaringar no i vår.
Men no strålar sola dag etter dag over ein annan eksplosjon: Vårblomane, struttande grøn plen, den skinande blå fjorden like nedanfor huset vårt, morell- og plommeblomane, den nye rabarbraen som me smakte på i dag. Best å ikkje tenkje på dei usynlege strålane ein kan verte utsett for.

mandag 25. april 2011
2. PÅSKEDAG
No har eg følgt ein son til bussen, hin sonen for av garde i føremiddag, eldste sonen har ikkje vore heime i helga, Anne og eg er åleine i huset att, og det meste tyder på at Molde slår Brann på stadion. Livet fell inn i vanlege former.
I ungdommen gjorde eg som dei fleste andre unge (og enkelte eldre) i bygda: Me gjekk til fjells. På ski, viss det var mogleg. Me sleit oss opp stølsvegen, kvilte ei stund i ein solvegg ved eitt av sela,
Påska 1968 på Flekkestølen. Frå venste: Reidar, Arne og Anne Kyrkjebø (sistnemnde heitte den gongen Ness). Skjeggebusen ved hjørnet: Jostein Obrestad. Ståande bak hjørnet: Knut David Hustveit. Foto: Steinar Kyrkjebø.
sleit oss opp bakkane og over til Longevatna der me hadde ei ny pause med appelsiner og kvikklunsj, og så sette me ned unnabakkane, ned Strupen, ned att til stølen og vidare ned den kronglete og ikkje heilt ufarlege stølsvegen. Utstyret var Åsnes turlangrennski og bambusstavar. Kanskje ein liten ryggsekk med appelsina og sjokoladen og ein ekstra genser.
Somme vårar var det så lite snø at me laut bere skiene nesten heilt til støls og ned att. Den våren eg var raudruss, var det knapt eit snøfnugg på dei høgaste toppane eingong. Men vêret var innbydande, og me kompenserte med mange og lange fotturar. Dei var mykje meir sosiale enn skiturane. Då kunne me lettare gå jamsides og preike drit, anten det var i unna- eller motbakke. Og det var ikkje så nøye med utstyret.
Ei av dei vakraste påskehelgene eg kan hugse, var for førtifem år sidan. Bror Steinar, som eg kjem i skade for å nemne av og til i mimrebloggane mine, var heime frå eksisen og prøvde lukka på ski. Men den aller første dagen vrikka han foten så pass at han laut gå og humpe på krykkje heile påskehelga mens me hadde dei lekraste skiturane i dei solbada påskefjella. Ein kveld var me i påskeselskap nede hos Hustveit-folket (- var det ein bursdag, skal tru? Mange flekkejenter hadde bursdag i påskehelga). Men då me skulle gå, forbarma Knut David seg over han, henta traktoren og køyrde han heim.
Året før var det dritvêr heile påska. Me sat vel mykje kringom i stovene og spelte kort, tippar eg. Andre påskedag om kvelden kom eg tilbake til Bergen og skulle vidare til Radøy, der eg var erstatningslærar det året. På vegen skein det opp, og det var godvêr heilt til sommarferien begynte.
Vêret i år har vore strålande, men me har altså knapt rikka oss frå eigedommen. Det verste er at eg har ikkje sakna skiene, ikkje snøen og ikkje fjellet. Og tida har gått altfor fort. I morgon sist eg på kateteret att.
I ungdommen gjorde eg som dei fleste andre unge (og enkelte eldre) i bygda: Me gjekk til fjells. På ski, viss det var mogleg. Me sleit oss opp stølsvegen, kvilte ei stund i ein solvegg ved eitt av sela,
Påska 1968 på Flekkestølen. Frå venste: Reidar, Arne og Anne Kyrkjebø (sistnemnde heitte den gongen Ness). Skjeggebusen ved hjørnet: Jostein Obrestad. Ståande bak hjørnet: Knut David Hustveit. Foto: Steinar Kyrkjebø.sleit oss opp bakkane og over til Longevatna der me hadde ei ny pause med appelsiner og kvikklunsj, og så sette me ned unnabakkane, ned Strupen, ned att til stølen og vidare ned den kronglete og ikkje heilt ufarlege stølsvegen. Utstyret var Åsnes turlangrennski og bambusstavar. Kanskje ein liten ryggsekk med appelsina og sjokoladen og ein ekstra genser.
Somme vårar var det så lite snø at me laut bere skiene nesten heilt til støls og ned att. Den våren eg var raudruss, var det knapt eit snøfnugg på dei høgaste toppane eingong. Men vêret var innbydande, og me kompenserte med mange og lange fotturar. Dei var mykje meir sosiale enn skiturane. Då kunne me lettare gå jamsides og preike drit, anten det var i unna- eller motbakke. Og det var ikkje så nøye med utstyret.
Ei av dei vakraste påskehelgene eg kan hugse, var for førtifem år sidan. Bror Steinar, som eg kjem i skade for å nemne av og til i mimrebloggane mine, var heime frå eksisen og prøvde lukka på ski. Men den aller første dagen vrikka han foten så pass at han laut gå og humpe på krykkje heile påskehelga mens me hadde dei lekraste skiturane i dei solbada påskefjella. Ein kveld var me i påskeselskap nede hos Hustveit-folket (- var det ein bursdag, skal tru? Mange flekkejenter hadde bursdag i påskehelga). Men då me skulle gå, forbarma Knut David seg over han, henta traktoren og køyrde han heim.
Året før var det dritvêr heile påska. Me sat vel mykje kringom i stovene og spelte kort, tippar eg. Andre påskedag om kvelden kom eg tilbake til Bergen og skulle vidare til Radøy, der eg var erstatningslærar det året. På vegen skein det opp, og det var godvêr heilt til sommarferien begynte.
Vêret i år har vore strålande, men me har altså knapt rikka oss frå eigedommen. Det verste er at eg har ikkje sakna skiene, ikkje snøen og ikkje fjellet. Og tida har gått altfor fort. I morgon sist eg på kateteret att.
søndag 24. april 2011
PÅSKEDAG
Først tenkte eg at denne bloggen ikkje skal vere noka dagbok om trivielle gjeremål og opplevingar som stort sett er uinteressante for andre enn den som skriv og kanskje dei nærmaste i familien. Så spør eg meg om kva eg skreiv om i fjor og året før på påskedagen. Sanneleg har eg nytte av bloggarkivet mitt; der fann eg tekstar frå dei to føregåande påskedagane. Og kva inneheldt dei? Nettopp! Ei lita oppsummering av trivielle gjeremål og opplevingar som stort sett er uinteressante for andre enn den som skriv og kanskje dei nærmaste i familien. Difor har eg funne ut at det ikkje er noka større skam i år enn i fjor og året før å skrive om trivielle gjeremål og opplevingar som stort sett er uinteressante.
Eg har allereie røpa at me var i Paris i veka før påske, at me drog til Bekkjarvik og heim att derifrå måndag. Sidan det har me kun pusla kring hus og heim; fått skuta Sofie Karoline på sjøen med nysnikra treverk, pusla litt i hagen, frakta opp i garasjen all veden som låg i lad ved husveggen, ete, løyst kryssord, sett påskekrimmane på fjernsyn, kosa oss og erta på dei to yngste sønene og stort sett vore unyttige. Eg nemnde at me har ete, og det har vore ein høgt prioritert aktivitet. Me har til dømes ete påskelammet tre gonger, først i form av pinnekjøt fredags kveld, så i form av spekekjøt attåt rømmegrauten i går kveld, og sist men ikkje minst mors lammesteik i dag. Eg skal vente nokre dagar før eg stig oppå badevekta.
Men fjellet då? Vel, det lyt vente til ein annan gong. Hagen vår er smikkfull av påskeliljer, eg har ikkje sett så mange påskeliljer på ein stad sidan eg såg filmen Doktor Zhivago. Me kan ikkje forlate dei no, dei må skodast på, dei og tulipanane som no driv og sprett ut, det same gjer det japanske kirsebærtreet.
Då ønskjer eg deg ei vel overstått påske så langt!

lørdag 23. april 2011
PÅ SKAFTA
Bror Steinar briljerte med ei gåte i påskehelgene, spesielt dagen før påskedag: "Kæ da så æ på skafta enn gång i åre?" "???" "Jau dæ påskafta!"
Var det ikkje løye, tykte du? Nei, det tykkjer ikkje eg heller. Jau litt, forresten. No er påskeafta nesten over for i år. Og me slepp vente eit heilt år til neste gong. Det vert påskeaft allereie den 7. april neste år.
Gled deg!

fredag 22. april 2011
BASTILLEN
Eg skreiv i går at me hadde tenkt ut to programpostar i Paris, men no har eg talt ein gong til og funne ut at det var tre. Utanom kanalturen var me på to museum som me ikkje har vitja tidlegare. Eg skal ikkje skrive om dei, men om noko me ikkje såg. Det vart nemleg rive for 222 år sidan.
Andre dagen om føremiddagen rusla me roleg av garde i det vakre vårvêret, såg på blomar og kenguruar (heilt sant; i ein park gjekk det nokre kenguruar og beitte), kryssa Seinen og sette oss med ein god kopp kaffi på Bastilleplassen. Her stod det ei kongeleg borg, ei drusteleg mellomalderfestning (une bastille) som Ludvigane mellom anna brukte til fengsel for prominente poitiske fangar. Revolusjonen i 1789 var i emning, men noko særleg fart i sakene vart det ikkje før utpå sommaren. Midt i juli gjekk ein opphissa folkeflokk laus på den gamle festninga og gav seg ikkje før kommandanten og forsvararane av Bastillen overgav seg. Det roa ikkje gemytta, kommandanten vart eit hovud kortare. Slik gjekk det òg med borgarmeisteren i byen, og begge troféa vart tredde på stakar og førte i triumfprosesjon gjennom byen.
Det var smått med politiske fangar i borga denne sommardagen. Dei sju fangane som sat der, fekk kome ut i sola og varmen, både dei fire falskmyntnarane og svindlarane, dei to sinnsforvirra gubbane og greven som var skulda for utukt. Den eine galningen kunne nesten gå for å vere ein politisk fange; han påstod at han var Julius Caesar, og den karen hadde erobra Gallia før!
No var det ikkje dei innesperra fangane bygeriljaen i Paris ønskte å hjelpe. Dei var ute etter våpen- og ammunisjonslageret, og dei ville svekke den kongelege kontrollen av byen. Det greidde dei. Og dei gjorde det grundig. Den digre byfestninga vart forvandla til ein steinhaug, og det er sagt at mykje av steinen vart seld som suvenirar, nett som Berlinmuren to hundre år seinare. Og revolusjonen i Frankrike heldt fram.
Kong Ludvig den 16. førte dagbok. Om kvelden den 14. juli 1789 skreiv han berre eitt ord i dagboka si: Ingenting. Han var ikkje blant dei mest politisk medvitne franskmenn på den tida, derimot elska han å gå på jakt i skogane der ute ved Versailles. Den dagen hadde han vore av garde utan å få felt noko vilt. Dagen var eit vonbrot, med andre ord. Det som skjedde inne i hovudstaden, brydde han seg mindre om. Enn så lenge. Etter kvart fekk han anna å vite.
Den 11. april 2011 var det mykje fredelegare på Bastilleplassen enn den 14. juli 1789.

torsdag 21. april 2011
I BYENS MULM OG MØRKE
Paristuren som me avslutta for ei veke sidan, var roleg og udramatisk. Du skal ikkje få noka reiseskildring, men eit par punkt vil eg nemne. Me var på båttur gjennom halve byen, delvis oppe i dagen, delvis under jorda. Kanaltur var ein av to programpostar som me hadde planlagt. Me tok oss fram til Villetteparken, fann ut kvar me skulle gå om bord, kjøpte seniorbillettar (i Frankrike vert folk gamle når dei fyller seksti!) og sette oss godt til rette på øvre dekk. Sola skein, temperaturen var sommarleg, og byen smilte til oss i vårdrakta si.
Tre timar tok turen, ein halv time lenger enn planlagt på grunn av noko tull med ei av dei fem slusene me passerte. Siste stykket var ned langs Seinen.
Byfolket sette tydelegvis pris på at me tok turen. Langs slusene og gangbruene over kanalen høgt over hovuda på oss stod det rader av skuelystne og bisna. Me vinka, og dei vinka tilbake.
Men det som mest vekte tankane mine, var dei stubbane me passerte under jorda. Om lag to kilometer av turen var gjennom ei underjordisk verd, trolsk og mørk. Med faste mellomrom skein dagen ned til oss gjennom gitterdekte runde hol. Eg såg på dei pent oppmurte vegg- og takkvelvingane og tenkte på dei flittige murarane som la stein på stein, kitta med mørtel og gjorde det mogleg å leggje gater og hus over denne stubben av kanalen. Grunnen som Paris kviler på, er gjennomhola av allslags gangar og gap. Metroen susar i kryss og krok under den pulserande byen, milevis av kloakkar fiksar all den driten me ikkje vil sjå, det finst digre katakomber, nokre med dødningebein som er dei jordiske restane av millionar lik, og det kryr av ymse underjordiske hemmelege rom som gøymer seg i djupet. Dei kan ikkje utan vidare byggje høghus i delar av byen, då ville undergrunnen svikte.
Så kom me brått fram att i lyset i båthamna i Paris, eit basseng mellom Bastilleplassen og Seinen. Resten var elvecruise langs nokre av dei kjende bymonumenta før me steig i land ved Musée d'Orsay, den gamle jernbanestasjonen som no er eit flott museum.
Me vart solbrende i ansikta våre etter denne turen, men det var han verdt
onsdag 20. april 2011
EI OPPSUMMERING
Sonen Tore kom heim på påskeferie i går. Han klagar over at det har vore daudt på bloggen altfor lenge, endå så mykje eg har opplevd dei siste par vekene. Han har sjølvsagt rett som vanleg, så her kjem ei oppsummering:
Vårt første besøk i lag på Brann stadion gjekk av stabelen laurdag den 9. april. Anne, eg og Tore stilte opp med raude skjerf, heldigvis for det, det vart litt kaldt, og me såg lite som gav varme. Den niande april er symbol på nederlag, og slik vart det, Fredrikstad fekk det einaste målet i kampen. Aldri meir niande april, seier me då. Forresten var eg saman med bror og komande svigerinne og såg Brann slå Rosenborg hausten 1965.
Dagen etter drog Anne og eg til Paris, til sol og sommar. Viss eg hadde hatt lett tilgang til datamaskin der sør, kunne eg saktens ha produsert eit par bloggar for dagen. Torsdag kom me tilbake til gamlelandet til kuling, regn og ti-tolv grader lågare temperatur enn der me kom frå.
Me drog rett frå Flesland til Bekkjarvik der det var kome nytt tak på huset vårt sidan sist. No er det stålpanner som liknar på raude teglpanner. Dei er heller ikkje ulike dei gamle eternittskiferflisene, som òg var rustraude, men akk så mosegrodde.Tore kom dagen etter. Me stelte rundt huset, felte nokre bjørker, saga, kløyvde og lødde, og tenkte på vinterkulden som kjem neste år.
Og så kom me heim til vakkert vårvêr måndag. Eit hovudprosjekt har vore å få båten Sofie Karoline på sjøen, som no ligg nysmurd og med nytt treverk og duvar stille ved moloen. I dag har me dessutan fått ut or kjellaren og teke i bruk terrassemøblane og grillen.
Det å ha eit loggarkiv har sine føremoner. Her kan eg samanlikne med datoar for tilsvarande aktivitetar i fjor. Då kom ikkje båten på sjøen før 15. mai og grillen kom ut den 11. april. Så me ligg både før og etter fjorårsskjemaet.
Då er eg ajour med bloggen, og Tore kan halde kjeft.

søndag 3. april 2011
MUNTERT GJENSYN
Me var og feira ein sekstiårsdag i går. Helge Mikal, kollega og livskunstnar, jubilerte med om lag eit kvart hundre festdeltakarar heime i Månedalen. Merk deg namnet. Månedalen. Faren til Helge Mikal var ein ivrig lesar og beundrar av Jack London, som skreiv om den vidløftige eventyraren som endeleg roa seg i ein landleg idyll med nett det namnet. Difor døypte Elias'n eigedommen for Månedalen. Det stod ei hytte der før Tone og Helge Mikal bygde huset sitt. Den har dei innreidd til pub, som sjølvsagt heiter Jack London Pub.
Dei som var med på festen i går, har vore på fest der tidlegare. Til dømes var mange av oss der ein kveld i julehelga for om lag tjuefem år sidan. Det fekk me ei kraftig påminning om. Den gongen hadde vertsfolket nyleg fått seg videokamera, som vart utprøvd på oss festdeltakarar. I går fekk me sjå opptaket. Kvar gong eit ungdommeleg fjes frå åttiåra kom på skjermen, jubla og kneggja me. Var det slik me såg ut?
Akk ja, tida har gjort noko med oss.

tirsdag 29. mars 2011
LE DÉJEUNER
Du verda! Eg reknar med at du las bloggen i går om den franske lunsjen. Eg tenkte som så at me skulle gå gjennom leksa og deretter rigge til klasserommet for det planlagde måltidet. Eg var forresten litt spent på om dei stilte opp med noko spennande å ete, slik me hadde snakka om.
Då eg kom innom døra på 016, sat dei der og skein. Alt var klart, pultane var arrangerte til eit langbord, haugevis med mat på bordet og blide elevar sat klare til innsats. Dei hadde jamvel fått bakaren på Halsnøy til å bake pariserbrød, lange grove baguettar. Her var ein diger salatbolle, quiche lorraine, ostar, kjeks og kaker. Då var det berre for meg å hente dei franske ostane mine, dra opp ein tusjbart og få på plass alpehua.
Dei fire modigaste elevane følgde eksempelet mitt og teikna seg snurrbart, dei og. Leksa får vente til torsdag.

mandag 28. mars 2011
VIVE LA FRANCE
Eg er mellom anna fransklærar. Det er nok takka vere eit sett av tilfeldige disposisjonar og val i ungdomstida. Eg fann ein gong ut at eg skulle studere fransk, ikkje så mykje på grunn av eldhug for faget, men meir av praktiske og taktiske grunnar som eg knapt hugsar no. Det handla sikkert om å skaffe seg ein fagkombinasjon som kunne gje gode jobbutsikter utan at eg trong slite meg forderva med rettingsarbeid viss eg hamna i skuleverket. Den gongen var faget eit såkalla munnleg fag i gymnaset, og lærarar flest dreiv lite med skriflege prøver.
Eg har knapt vore nokon stor frankofil. I motsetning til mange tykkjer eg ikkje eingong at det er noko spesielt vakkert språk. At det skal vere så flott til å uttrykkje dei skjønnaste nyansar i dikting og filosofi er eg direkte ueinig i. Det er eit heilt greitt språk og sikkert vel og bra for franskmenn. For elevane mine er det både gåtefullt og ubegripeleg.
Men ein ting skal dei ha, desse franskmennene: Dei har eit flott land, og dei har mykje god mat og drikke i dette landet. Og gamle kulturminne. Dei siste sytten åra har Anne og eg vore innom landet i gjennomsnitt minst ein gong i året, og me storkosar oss. Om fjorten dagar skal me til Paris og vere der fire dagar. Det vert femte gongen me er der i byen, like mange gonger som me har vore i Nice. Me gler oss.
Eg er ein nokolunde keisam embetsmann i teneste for Hordaland fylke, møter til timane mine og underviser (viser under, som ein ordsjonglerande kollega seier) med grunnlag i læreplanar og forskrifter. Men ein hende gong slår eg meg laus i fransktimane og arrangerer fransk lunsj med franskelevane mine. Rett nok liknar det lite på ein skikkeleg déjeuner. Den franske lunsjen er som ein norsk middag, varmrett og gjerne ein dessert. Kanskje ein pichet med husets vin attåt. Eg og franskklassen tyr til kaldmat, oftast ost og brød eller kjeks. Men gjerne franske ostar. Og raudbrus.
Franskmenn går ikkje med alpehue, ikkje har dei bart eingong. Men i morgon tek eg på meg alpehua mi og får nokon til å teikne ein svart snurrbart under nasen. Dette påfunnet har eg tradisjon for å handheve. Nett då slepp eg å gå usynleg gjennom korridorane på veg til fransktimane mine.
Sønene mine har måtta bite i seg å vere elevar på den vidaregåande skulen der far deira var lærar. Det har sikkert vore verre for dei enn for meg. Iallfall den gongen midt på nittitalet då son min i ein korridor på skulen trefte far sin ("gamlingen" som han kalla meg på den tida) med alpehue og bart. Han vart så opprørt at han nærmast gjekk til åtak og ville fjerne attributtane mine. Nyttelaust. Eg fekk min franske lunsj med elevane mine, me song om vindrikkande riddarar av det runde bordet, gumla ost og kjeks og gløymde lekser og vrange verb for ei stund.
I morgon er det ny runde. Salut!

torsdag 24. mars 2011
MACKØL OG EKKEL KNURR
Somme av dei bloggteksane mine som handlar om gamle dagar i fødebygda mi nord i Sunnfjord, er publiserte på ei lokal nettside. Ein flittig sunnfjording har funne ut at stykka har kulturhistorisk interesse, og sidan han styrer med denne nettsida (fjaler.origo.no), har han fått lov å "stele" med han vil frå bloggane mine. Det er eitt emne som har vekt stor interesse og avla mange kommentarar på den nettstaden: knurr. Difor tenkte eg som så at eg lyt skrive meir om det.
Me hadde ikkje vore så nøgne med avrenning frå siloane våre dei første åra etter at den nye løa vår vart bygd. Krava var vel ikkje særleg strenge på den tida. Så silosafta rann ned i ei grov og etter nokre hundre meter ut i fjorden. Det var til vanleg godt drikkevatn i denne grova, men ikkje i høysesongen.
Nokre unggutar i Flekke ville prøve kunsten å bryggje knurr. Det var sommar og godt råd å setje dunken ute i det fri. Dei stasjonerte seg nede ved utlaupet til grova. Der var det lett å finne rikeleg med ferskvatn. Truleg var dei ikkje så tyrste mens dei bryggja, så dei smakte ikkje på vatnet. Men då dei fulle av forventningar skulle smake på knurren nokre dagar seinare, fekk dei noko å tenkje på. Eg veit ikkje kva som hende med vara, om dei tvinga fluidet i seg eller tømde det ut.
På Sandane i gymnastida mi var det ikkje uvanleg at somme elevar bryggja. Kva skulle dei elles gjere? Nærmaste ølbutikk var i Høyanger. Ein gutegjeng gjorde seg føre, venta til brygget klarna, tappa det pent opp på mjølkeflasker og slo botnfallet i dass. Men då skimta dei ein del småmakk på botnen, truleg dauddrukne og uskadeleggjorde. Spørsmålet var om ølet var drikkande. Men etter modne overveielsar kom dei til at dei hadde laga mackøl, som hadde eit svært godt ord på seg.
Desse karane brukte som sagt mjølkeflasker til å lagre ølet på. Hugsar du dei gamle brune mjølkeflaskene? Ein av gutane kom innom hybelen til kompisen sin, og der stod ei full mjølkeflaske på bordet, og det var ikkje mjølk som var i henne. "Det var jævla fint øl på denna flaska, blankt som vatn! Får eg smake?" spurde gjesten. Det fekk han, sette flaska for munnen og drakk. "Men det var jo vatn," sa han med sorg i stemma.

tirsdag 22. mars 2011
LIBYA OG VESTEN
No undrast eg. Eg beundrar ikkje Gaddafi. Eg beundrar ikkje Vestens tidlegare innsats i arabarverda. No står me der, like i nærleiken, med kampfly og mannskap. Samstundes er det full kløyving i verda om kva som må hende. Kva slags maktbruk skal ein ty til? Kva er målet med maktbruken? Kven skal stå på kommandobrua og styre aksjonane? Kven skal me ta mest omsyn til: store og små makter, Vesten, arabiske granneland, oljeselskapa, folket i Aust-Libya, folket i Vest-Libya, våpenprodusentane, offiserane, politikarar hist og her? Me har rota oss opp i ei ny røre, og eg veit verken ut eller inn.
Alle me veloppdregne vesteuropearar er opprørte av Gaddafis maktbruk mot sine eigne landsmenn. Det skulle berre mangle. Me er ikkje like harme når israelarar bombar Gaza (kor mange born vart drepne i Gaza i dag, trur du?), eller kvar gong amerikanarar bombar afghanske landsbyar. Ok, me skal ikkje setje ugjerningar opp mot kvarandre på denne måten, men kva tiltru har den muslimske verda til dei som bombar? Nei, dette er ei skikkeleg røre.
Men er me villige til å gå inn med våpen og verne om fredelege demonstrantar i Aust-Libya? Det kunne truleg ha spart ein del liv og kanskje medverka til å snu kampen mot GaddAfi, viss det er dét me vil. Det er berre det at då ville me blø meir enn om me hiv ut nokre bomber frå eit fly. For oss er det reinslegare å krige frå 20 000 fot.
Vel, kva er det me vil med aksjonane? Velte regimet? Då seier Vesten både ja, nei og veit ikkje. Heilgardering. Men å verne om sivile liv skulle vere eit hovudsiktemål ifølge FN-resolusjonen. Ja, viss bombinga oppnår det, så berre køyr på.
Og kven skal styre ståket? Mange vil vere med, men ingen vil ta ansvaret. Viss NATO eller USA tek styrespaken, knurrar russarane. Det same gjer faktisk franskmennene. Tyrkarane toar sine hender. Og amerikanarane vil absolutt sleppe ansvaret. Dei har meir enn nok å styre med for tida, men vil ikkje sleppe heilt taket om saka likevel. Franskmenn og engelskmenn er hissige kleggar som vil markere seg, same kva. EU og NATO veit ikkje kva dei vil.
Men FN, då? Dei har jo sagt ja takk til aksjonar. Men der sit Peer Gynts medsamansvorne og utbasunerer: " Tænke det , ønske det, ville det med, men gøre det, nei, det skønner jeg ikke!"
Nei, eg veit verken ut eller inn. Kanskje kunnskapsminister Kristin Halvorsen, som hyllar FNs initiativ, burde verte øvstkommanderande og samordne aksjonane? Så kan ho late oss lærarar vere i fred ei stund.

torsdag 17. mars 2011
FRÅ TREKVITT TIL MAGNOLIA
Det rommet me ser inn i her, brukte me som soverom i seksten år. Det var inngang frå gangen og vegg i vegg med stova. Så ønskte Anne seg så inderleg ei støre stove. Me opna veggen mot den gamle stova, ho som i grunnen framleis er hovudsalongen vår, der me tek imot kaffigjester, har juletreet og pakkar ut julegåvene når der er aktuelt, og har den finaste salongen, den i brunt skinn. Den nye stova vart kledd med brei, fin vekselpanel og er fjernsynsstove og fast opphaldsrom om kveldane - bortsett frå julafta og når me har kaffigjester eller liknande. Eg har meir enn ein gong omtalt henne som Annestova, noko som mi kjære frue vert irritert av.
Så har det hendt seg at ho tykkjer at dei gamle trekvite panelveggene har vorte for mørke for dei gamle augo våre, og at heimen i det store og heile treng litt fornying. Dette er grunnen til kaoset på dette biletet:
Og det skal verte meir som dette biletet viser. Og her ser du faktisk litt av det originale panelet med fine, breie furubord. Snart vert det òg magnoliafarga, men først må me flytte den digre veggseksjonen, dore spikrar, sparkle spikarhol og smørje på grunning.
Då nærmar me oss stunda når kan me setje oss ned i ei lysare Annestove!

onsdag 16. mars 2011
VÅRTEIKN VED UNGDOMSHUSET
Bror Steinar tipsa meg for nokre dagar sidan om å skrive om vårteikn, og han viste til nokre karar i Flekke som såg det som eit lovande vårteikn at me gutane i bygda begynte å springe rundt ungdomshuset. Ja, springinga hugsar eg godt, men ikkje at det vart omtalt som vårteikn.
Den vanlege organiseringa av desse løpa var sterkt inspirert av skeiseløp. Skeiseløp var den mest populære medieidretten i glansdagane til radioen frå femtitalet og eit par tiår framover. Laurdagar og sundagar på etterjulsvinteren sat heile det norske folket klistra til radioen med nervane i heilspenn og blyant og papir i nevane. Rundetider vart noterte, sluttider og poengsum kom på plass i tilhøyrande rubrikkar, og endeleg kunne Hjallis, Gontsjarenko eller Kupper'n få laurbærkransen over skuldrane.
Etter mønster frå dei klassiske skeisedistansane sprang me ein runde, tre rundar, fem rundar og ti rundar rundt ungdomshuset. Rett nok måtte me opp ei trapp før første langsida og deretter ned ei trapp i neste sving, elles var ikkje løypa ulik ei skeisebane. Litt kortare, heldigvis. Noka ytre og indre bane var det ikkje råd å få til, men me sprang to og to likevel. Me mangla stoppeklokke, men dei største gutane hadde armbandsur med sekundvisarar. Det heldt i massevis for oss. Me skipa til noregs-, europa- og verdsmeisterskap, men eg hugsar ikkje om det vanka laurbærkransar i ei eller anna form.

tirsdag 15. mars 2011
PÅ FEST
No kjem det meir mimring frå gamle dagar i Flekke. Dei som er luta leie av slikt skriveri, kan finne ein annan blogg å lese, til dømes den som min eks-nabo, eks-kollega m.m. Gunnar held seg til: gunnares.blogspot.com Han lever heldigvis mykje i notida.
Men altså: Når det vart arrangert dans i ungdomshuset i Flekke, kalla me det for fest. Det galdt forresten dansefestar i andre forsamlingshus òg. Var det i jula, heitte det juleball. Men oppskrifta i åra rett før og rett etter 1960 var nokså lik: Det vart hyrt inn ein spelemann som kunnne traktere trekkspelet. Han sat på scenekanten og spelte. Me stod på den delen av golvet som vende mot utedøra. Nokre få fekk seg sitjeplass på benkene langs langveggene. Stundom låg det einkvan der og sov utpå kvelden. Dei av oss som dansa, brukte den delen av golvet som var nærast scenekanten. Gutane baud opp. Men utpå kvelden ein gong eller to kunngjorde spelemannen "damenes". Då kunne jentene by opp. Når det var skotårsfest, men det var det berre kvart skotår, kunne jentene by opp med dei ville. Dei dansane det gjekk mest på, var vals, tango, reinlender og swing (eller rock.) Den sistnemnde trengde seg meir og meir inn på dansefestane utetter sekstiåra. Unntaksvis kom det ein pariserpolka eller springpolka.
Nede i billettluka sat billettøren og selde billettar til kroner to eller to femti per stykk. I trappeoppgangen stod billettkontrolløren og tok imot billettar for dei som skulle opp i salen, eller delte ut ein billett til den som skulle ut og lufte seg, gå på do eller ut og drikke knurr. Eit par handfaste karar var vakter og greip resolutt inn mot uro av alle slag.
Festen begynte gjerne klokka ni, og klokka to var det slutt. Ti på to kunngjorde spelemannen at no kjem dei tre siste. Frå klokka tolv var det vanleg å slutte billettsalet og sleppe inn gratis dei stakkarane som stod nede ved utedøra og ikkje tok seg råd til å betale. Men det hende seg at me tøygde den tida litt, og då prøvde dei seg med krav om juridiske rettar til å sleppe billettkjøp etter midnatt. Å nei, det einaste dei kunne påberope seg, var sedvane.
Har eg fått med det viktigaste no? Viss ikkje, les eller syng visa "Stå med glans" av Kjartan Fløgstad. Vestlandsfanden har visa på plate.

søndag 13. mars 2011
KNURR
Eg nemnde produktet knurr i siste bloggen min. Så skreiv eg at du kunne google viss du ikkje visste kva det var. Det lèt seg gjere med litt fantasi, men du bør kople søkjeordet med eit anna stikkord, til dømes øl eller heimebrygg. Elles kjem det opp ei endelaus rekkje med sider om ein liten, sinna fisk. Og det var ikkje det dei hadde på norgesglasa me fann borte med ungdomshuset i gamle dagar.
No tek eg det steget å foreslå ei oppskrift. Få tak i ein trettiliters dunk av til dømes glas eller plast. Helst skulle det vel ha vore ei lita tretønne. Gå på butikken og kjøp fire kilo sukker, to pakkar gjær, ei lita flaske tomtebrygg og ein liter maltekstrakt. Løys alt saman opp i lunka vatn. Pass på at vatnet ikkje vert for varmt, gjærsoppen likar ikkje det. Så har du alt i hop opp i dunken og fyller han med meir lunka vatn. Men pass på at dunken ikkje vert smikkfull. Det må vere litt klaring på toppen, for viss du er heldig, skal det snart skumme kraftig. Rist godt om og set dunken i romtemperatur. Ikkje skru korken heilt att. Har du gjærlås, kan den brukast no.
No må du vere sterk i karakteren og vente minst ei veke, helst to. Når du ser og høyrer at det ikkje knurrar i dunken lenger, er brygget truleg utgått. Ta ei lita smaksprøve. Viss det ikkje smakar søtt lenger, er det teikn på suksess. No kan du godt setje det litt kjøleg og late det klarne litt før du smakar meir. Hugs på at dette er kraftige saker, så drikk med andakt. Eller slå det i do, viss det ikkje fall i smak, eller gje det til ein granne du mislikar.
Eg har forresten ikkje sagt at du skal lage noko slikt, eg berre foreslår ei av tusen oppskrifter på knurr.

torsdag 10. mars 2011
FLEKKE UNGDOMSHUS
Bror Steinar vil at eg skal skrive om vårteikn, og så nemner han i same farten ungdomshuset heime. Då trur eg sanneleg at det kan passe med nokre tekstar om denne sentrale kulturinstitusjonen i barndomsbygda mi.
Som du ser - i nedre biletkant – ligg det ikkje mange steinkasta frå tunet vårt, i grensa mellom garden til mamma og papen og garden til Finn og Helene. Den trondhjemske postvei skimtar me òg i nedre høgre biletkant.
Det hender at eg skryter - og ikkje heilt utan grunn - av at eg er fødd og oppvaksen rett utanfor veggen i ungdomshuset i Flekke, og at det pregar meg meir enn noko anna, vere seg arv eller miljø. Det er lov å overdrive i godt lag. Men det nære grannelaget til dette huset har vore til mykje glede og nytte i oppveksten. I tidlegare bloggar har eg nemnt litt om kva ungdomslaget fekk å seie for overgangen til vaksenlivet.
Men huset har hatt verdiar på ulik vis. Når det var dansefestar og andre festar i barndommen min, høyrde me godt sjauen frå ungdomshuset. Det skapte stemning og glede i sinnet, sjølv for oss som var for små til å gå på nett dei festane. Viss me var seint oppe, hende det seg òg at me såg vaksne ungdommar i underlege positurar kring husveggene. Neste morgon sende mamma oss på ekspedisjon. Flaskeplukking. På bøen vår, nede i Tunbakkurda (til venstre for ungdomshuset), bak dass (usynleg på biletet) og jamvel på sjølve ungdomshusplassen fann me flasker i ymse utgåver og fasongar. Dei me ikkje kunne pante, fekk mamma til saftflasker. Me lukta på dropane i botnen og undra oss over at nokon hadde appetitt på slikt. Stundom dukka det opp eit stort norgesglas, og då vart mamma ekstra glad, for dei var dyre i innkjøp. Utetter hausten og vinteren hadde me mykje glede av rips- solbær- og stikkelsbærsafta som stod lagra i kjellaren. Kanskje me ikkje hadde hatt så rikhaldig saftlager utan ungdomshuset?
Du kan vel gjette kva som hadde vore på norgesglasa? Knurr, ja! Viss du ikkje veit kva knurr er (var), kan du prøve å google.
Til slutt ein vits: Gamle Kristoffer kom til dokteren og klaga over synet. Kanskje ham måtte ha seg briller. Dokteren spurde om å få sjå dei brillene han hadde, men Kristoffer forklarte at han aldri i sitt liv hadde brukt noko slikt. "Men du har jo eit tydeleg merke etter briller over naserota," sa dokteren. "Nei, da e tå norgesglaset, da, doktar," sa Kristoffer.
onsdag 9. mars 2011
PRIVATISERING, FASE FEM: HEILT KONGE
Dette vert siste leksjonen i tipse- og undervisningsserien min om privatisering og konkurranseutsetjing. I alle fall i denne omgangen. No ser eg stadig vekk at dei tek emnet på alvor både i riksmedia og i dei politiske partia. Men dei går ikkje langt nok. Dei er for feige. Jamvel Høgre og Frp, som seier at dei vil opne for mykje meir i denne retninga. Og Ap er altfor pysete. Når det stormar litt kring Adecco og andre edle firma, seier Ap at dei er imot, men når dei vil spare ei krone eller ikkje gidd noko anna, hankar dei inn private firma og lausarbeidarar frå gata.
Nei, lat oss kome vidare: Kongen vår er ein aldrande herre, og fuglane veit kor lenge han held koken. No må me vere om oss og privatisere denne geskjeften før son hans kjem springande og påstår at han har arverett til jobben. Me må kunne gå ut i heile EØS-området og endå lenger med eit anstendig anbod. Sist me gjorde det, kom det ein dansk prins og ei engelsk prinsesse. Men Michelsen og Nansen hadde jobba for lite med anbodspapira, så det kom ikkje fleire tilbydarar, og oppseiingsvilkåra vart altfor tåkete. Me må høyre meir på høgresida i politikken, me kan ikkje ha slikt stillingsvern som me har i dag.
Det må stillast krav: Ein aktuell kandidat må kunne gå på ski, kunne føre ein seglbåt og gjennomføre ein nyttårstale med nokolunde forståeleg uttale. Monarken må vere i stand til å stå på ein balkong og vinke ein times tid ein gong i året. Elles skal me ikkje krevje for mykje. Viss det er ei kvinne, må ho kunne snakke med hestar, englar og daudingar.
Formålet med privatisering og konkurranseutsetjing skal som kjent vere sparing, og her er det pengar å hente. Istadenfor å tilby den nye monarken løn og apanasje, må me kunne snu på flisa og krevje at vedkomande skal betale for å få jobben. Kvifor ikkje? Det er sikkert mange kaksar i inn- eller utland som kan hoste opp nokre millionar. Kva med Stein Erik Hagen eller han Røkke? Viss til dømes Gaddafi og sønene hans kjem seg levande unna det rotet han har stelt til i Libya, har dei nok salta ned nokre milliardar som kan gravast fram når det trengst. Viss ikkje gamlingen sjølv vil, tek me ein av sønene. Rett nok bur dei ikkje i EØS-området, men likevel. Byr dei høgt nok, er det ingen ting å stusse på.
Men først må dei lære seg å gå på ski og føre ein seglbåt.

søndag 6. mars 2011
VINTERFERIE? TJA...
Det er kvinnene i heimen som er den store målgruppa for den delen av forretningsstanden som satsar på oppussing, fornying og ommøblering av heimane. Viss Frode, Teigen eller Møbelringen hadde hatt god nok teft, skulle dei ha invitert alle konene i bygda på vinaften med kanapear og samtidig synt fram det nyaste nye eller litt gammalt nytt i krambuene eller katalogane som kunne freiste husfruene over evne.
No var det verken Frode, Teigen eller Møbelringen som overtydde Anne om at me måtte friske opp heimen med ein del kvitmåling her og der, ikkje det eg veit. Korsomer: Dei trekvite dørene, listene og vindaugskarmane som har stritta mot alle framstøyt frå målarfirma i tjueåtte år er no i ferd med å verte magnoliakvite. Det same er spisekroken med sin grøne tapet og brystningspanel i perlefasmønster.
Siste delen av vinterferien har gått til dette prosjektet, og det er langt frå fullført. Den fine fjernsynsstova med liggjande breitt vekselpanel skal òg til pers.
Variatio delectat, hadde Caesar sagt. Men Julius Gaius hadde nok råd til å leige handverkarar. Eg fattar ikkje kvifor eg kom på nett desse avslutningsorda.

Abonner på:
Innlegg (Atom)