søndag 12. oktober 2014

AMERIKATUREN 20: IMPROVISERT EKSPEDISJON

Bestefar gjekk på amerikabåten den tiande mai 1905, mens kong Oscar den 2. framleis var konge i landet vårt, fire veker før Stortinget avsette han. Morfar Peter Igelkjøn kom til tanta si i Wisconsin, som saman med mannen sin åtte ein farm. Framleis sat ætta på garden, og då eg drog til Amerika i 1964, ville bestefar gjerne at eg skulle vitje familien, til dømes syskenbarnet hans, Arthur Jarstad.
   Trøyste meg for ein dårleg planlagd ekspedisjon eg var med på. Eg burde jo ha teke kontakt før me drog av stad. Nei, det gjorde me ikkje. Oscar køyrde, og kona hans og Marie var med i bilen.
   Oscar Flekke har eg ikkje skrive mykje om, men det burde eg. Han var eldste sonen til den før omtalte Mathias Flekke, pensjonist og ein blid, kvikk og omgjengeleg gubbe. Og så snakka han norsk når det høvde seg. Men eg trur ikkje kona hans forstod så mykje av det språket, så det gjekk nok helst på engelsk. Dei budde i nabobyen Baldwin, ikkje mange mil frå River Falls.
   Adressa til syskenbarnet åt bestefar viste at me laut køyre eit par timar mot aust i Wisconsin, og me så gjorde. Etter litt spørjing og leiting fann me gardstunet, og eg ringde på. Ut kom ein ung mann som såg mistruisk på den jyplingen som stod på trappa. Eg snakka som ein foss og forklarte stoda. Mannen, som viste seg å heite Mike og var sonen i huset, endra fjes frå nokså bryskt til spørjande, så smilande og drog oss inn i stova. Der dreiv mor hans og stulla. Dessverre var ikkje han far i huset, Arthur, heime. Me sat og prata passeleg lenge, tok avskil og køyrde heim att.
   Eg trur ikkje den omtalte Arthur heilt tilgav meg at eg ikkje varsla og avtalte ankomsten. Det er utruleg kva det har å seie for desse amerikanarane å få kontakt med slekta til forfedrane som ein gong emigrerte. Og bestefar tykte sjølvsagt det var toskje at eg ikkje trefte syskenbarnet hans. Men han likte godt at eg hadde vore på tunet.
   Det vart etablert brevveksling, og fleire i familien deira har vore i Noreg og treft slekt. Og syster Liv med fleire har vore hos dei.



lørdag 11. oktober 2014

AMERIKATUREN 19: EIN UTFLYTT FLEKKING

På Vellene i Flekke kom det til verda elleve born i åra 1908 til 1929. Alle var gutar. Faren i huset jobba på fabrikk i Dale, og så hadde dei småbruket sitt.
   Hausten 1929 drog eldsteguten, Albert, til Amerika. Han hadde litt flaks, for same hausten råka børskrakket i New York landet som ein farang og førte med seg den velkjende og ille berykta depresjonen og verdskrisa i trettiåra. Ikkje lenge etter at Albert var komen til landet, vart det innført strenge restriksjonar på immigrasjonen, og arbeidsløysa steig og steig med skremmande fart.
   På sett og vis vart eg ein utsending frå heimetrakene mine denne sommaren i 1964, og fleire enn familien til Albert nemnde på at eg kunne jo prøve å snuse opp slektningane deira der borte. Det var grenser for kva eg kunne ta på meg av slike ærend, men for Løseth-familien var det annleis. Eg kjende jo godt fleire av brørne til Albert. Dei yngste kunne ikkje hugse eldstebroren; Anton var nett fødd då han forlét heimen for godt. Og både mamma og papen kjende fyren i gamle dagar.
   Ein dag mens eg var der borte, tok eg telefonen og ringde eit nummer i Minneapolis. Jau, det var Albert Loseth, no utan tødlar i etternamnet. Eg fekk presentert meg og bore fram ærendet mitt. Om det var mogeleg å treffe han? Jau, eg måtte berre kome innom sundag, då var han heime og ikkje på jobb. Eg prøvde å slå over til norsk flekkemål i samtalen vår, men då oppfatta han ikkje kva eg sa. Så då eg la på røyret og skulle fortelje Dave kva som hadde kome ut av praten, var eg ein smule språkforvirra og snakka like godt norsk til han òg. Han såg på meg med eit lurt flir og sa ingen ting før eg skjønte kva mål eg dreiv og prata med.
   Jau, eg innfann meg i heimen til Albert og frua i Minneapolis og hadde ei triveleg stund. Han var godt nøgd med livet og gav ikkje uttrykk for noka form for heimlengt. Om han hadde hatt problem med å få arbeid i krisetida på trettitalet? Å nei, han fekk alltid arbeid, han. Løsethkarane heime var forresten store kraftkarar og flittige arbeidsfolk. Og Albert ruva svært godt, han òg. Det var nok mange arbeidgjevarar som hadde bruk for han. "Jau, det var mange som gjekk arbeidslause i trettiåra. Men så vart Roosevelt president, og då vart det jobb til alle," meinte han.
   Tanta til Albert, ho Gudrun, budde i lag med mannen sin eit stykke utanfor byen. Henne hadde eg sett før, ein gong ho vitja gamle trakter. No tok Albert og kona hans meg med på ein biltur opp til henne. Mens Albert var ein sindig kar, var tante Gudrun impulsiv og full av liv og lått. Då ho fekk høyre kven eg var, og kva folk eg var av, vart ho hylande begeistra og tok ein runddans med meg på tunet. No fekk eg snakke litt norsk, for mens Albert og kona hans heldt seg til engelsken, preika Gudrun og mannen norsk seg imellom. Han var visstnok frå Bergen, om eg hugsar rett.
   No leid det mot kvelden, og fru og herr Loseth køyrde meg heim til River Falls før dei vende tilbake til Minneapolis.
   Albert kom aldri heim att til gamlelandet. Han døydde få år etter dette. Men kona hans og dottera vitja skyldfolket i Flekke seinare.

torsdag 9. oktober 2014

AMERIKATUREN 18: JIMMEN

Eg kan ikkje fullføre denne krøniken om amerikaturen 1964 utan å nemne Jimmen. James Rupert var barndomsven til Dave og budde i nabolaget. Men det var sagt at han dreiv ikkje berre og leikte med Dave, han var likså gjerne saman med mamma hans, Thora, for å lære norsk.
   Jim var òg av delvis norsk avstamning, slik folk flest der borte var, meir eller mindre. Og interessa hans for dette lange, kalde landet var umetteleg. Det var såleis ikkje underleg at han vart begeistra då det dukka opp ein vaskeekte nordmann i omgangskrinsen. Utanom familien vart det Jimmen eg fekk best kontakt med. Mellom anna tok han meg med på telttur ut i Sør-Dakota nokre dagar. Eg kjem til det òg i denne mimrerunden. Biletet er frå den turen.
   Jim var ein svært impulsiv, pratsam og godmodig kar. At han var tolv-tretten år eldre enn meg, var lite til hinder for eit flott venskap, tykte eg.
   Jim  hadde gjort språkinteressene sine til yrke og underviste i tysk, fransk og spansk. Eg var jamvel med han i språklab ein dag han hadde sommarkurs i tysk for nokre studentar. Det var første gongen eg opplevde eit språklaboratorium. Seinare underviste han meir og meir i norsk. Alt i alt var han ti gonger i Noreg.
   Tre gonger på syttitalet besøkte han oss på Husnes, ein gong åleine, ein gong med frue og tre born, og siste gongen i lag med dottera Anne. Første gongen var i 1973, rett etter at me hadde flytta til Husnes. Om dagane jobba eg på Sør-Al, men Jim og Anne (altså fru Kyrkjebø, ikkje Anne Rupert) gjekk heime i Furuvegen og snakka om laust og fast. Jim noterte stadig nye ord i notisboka si: Kva det heitte på norsk, korleis det vart sagt på strilemålet til Anne, og kva det tydde på engelsk.
   Amerikaturen min hadde ikkje vorte den same utan Jimmen. Mine omtalar av fyren gjorde sitt til at syster Liv besøkte han på ein av sine mange amerikaturar.
   James Rupert døydde for fem år sidan. Dei hadde ein grei nekrolog i ei lokalavis i River Falls.


onsdag 8. oktober 2014

AMERIKATUREN 17: ALKOHOLPOLITIKK

Eg var med Dave på omvising på eit stort bryggjeri i Minneapolis, viss det ikkje var i St. Paul, då. Der var det osande kjempekar med ølsats, uendelege rekkjer med ståltankar og eit hurlumhei av klirrande flasker som gjekk på band og fekk sitt påfyll. Etter omvisinga vart me inviterte ned i smakerommet. Men eg fekk ikkje smake ølet. Eg fekk eit krus brus istaden. Eg var altfor ung. Nitten år var ikkje nok for å få kjøpt eller servert øl i staten Minnesota. Aldersgrensa var tjue eller kanskje tjueein.
   Denne norskaste av alle statar i USA hadde òg den strengste alkohollovgjevinga, slik eg oppfatta det. Ikkje usannsynleg at dei har arva litt av den svensk-norske skrekken for rusande drikk. Om sundagane var det strenge reglar for alkoholservering i staten, skal tru om det var fullt skjenkjeforbod. Då gjekk det ein straum av tyrste minnesotingar over grensa til Wisconsin, som hadde litt meir liberale reglar, vart det fortalt.
   No skal me ikkje berre flire av fenomenet. Midt på attenhundretalet var det så godt som ingen restriksjonar på produksjon og omsetnad av øl og brennevin i Noreg. Etter kvart som den økonomiske liberalismen slo gjennom på alle område i samfunnet, følgde rusdrykken med på lasset. Konsekvensane vart fatale. Misbruket vart så omfattande at det var knapt å fatte. Forbruket omrekna til rein alkohol per innbyggjar var minst dobbelt så stort som i dag.
   Så kom reaksjonane, og måtehald, fråhald og restriksjonar vart ei vinnarsak, jamvel for politikarane. Truleg var utvandrarane frå Noreg og Sverige påverka av dette.
   I Evensonfamilien vart det likevel stundom opna ein ølboks, også for nittenåringen frå Noreg. Men ikkje mange!

mandag 6. oktober 2014

AMERIKATUREN 16: "YOU'RE FROM WAY DOWN SOUTH"

Ja, kva dreiv eg på med dei seks vekene i Junaiten? Truleg gjekk no dagane utan dei store eventyra. Og bra var det. Kanskje det var det aller viktigaste med turen: Få vere ein nesten naturleg familiemedlem i ein nesten vanleg heim i ein vanleg småby i Midt-Vesten.
   Berre førti mil unna låg Minneapolis-St. Paul, "Twin Cities", som til saman var ein millionby. Du må vere lokalkjend for å skjøne kva tid du forlèt den eine av dei og kjem inn i den andre. Familien tok meg med på fleire besøk inn dit. Ein gong var me der og såg ein baseballkamp, utan at eg forstod så mykje av det.
   Så ein dag foreslo Dave at eg kunne ta ein tur til Minneapolis på eiga hand om eg ville. Eg kunne ta bussen inn om føremiddagen og heim att seinare på dagen. Det var ein god idé for oss begge: Eg fekk eit lite prosjekt å løyse, og han slapp å tenkje på kva me skulle finne på. Forresten var han sikkert på vaskeriet og stod i med sitt.
   Eg tok bussen, og susa av garde på dei breie vegane der det stod oppstilt det eine reklameskiltet meir prangande enn det andre langs sidene. På ein stopp kom det ein raudmosen kar og sette seg attmed meg i setet. Det lukta øl av han, elles var han både blid og hyggjeleg. Og pratsam. Han høyrde snart på engelsken min at eg ikkje var nett derifrå, så han prøvde denne: "Du er frå "way down south", det kan eg høyre når du snakkar!" Nei, eg er ikkje frå way down south, eg er frå way up north, frå Norway, sa eg. "No bløffar du, du er frå way down south, you speak too much English til å vere frå Noreg," meinte han. Så eg vart jo smigra, og eg veit ikkje om eg greidde å overtyde han.
   Kva eg gjorde i Minneapolis på eiga hand? Tja, eg rusla jo gatelangs, var innom eit bibliotek og såg på bøker, slappa av i ein park og tok bilete av Ole Bull, som stod der og spelte nett slik han gjer på Ole Bulls plass i Bergen. Og fann bussen som førte meg trygt tilbake over grensa til Wisconsin og heim att til River Falls

Ole Bull spelar fele i Minneapolis

søndag 5. oktober 2014

AMERIKATUREN 15: SJØLIV


Tja... , sjøliv og sjøliv. Eg var ein god del både i og på vatnet over there. Men det var ferskvatn. Nord-Amerika har ein stor del av ferskvatnet på jorda. Eg tenkjer på Dei store sjøane og ein del mindre sjøar, og så elvekomplekset Mississippi med alle sine sidearmar. Der er det mykje vatn, kan du tru.
  Me var og bada i St. Croix-elva både tidt og ofte, og det hende seg at me var i sjølvaste Ol' Man River også. Det var ingen grunn til å klage over badetemperaturen, han var nesten like bra som i Flekkefjorden på varme sommarkveldar.
   Dave hadde ein god ven som heitte Robert - populært kalla Bob. Dei to karane hadde snikra ein flåte som kvilte på nokre oljefat. Kring kantane hadde dei sytt for eit solid gjerde slik at ingen skulle trø utfor, fare med elvestraumane og hamne i Mexicogolfen. "The pontoon" hadde ein solid påhengs i ene enden, og slik kunne ein reke både opp og ned elva, eller på tvers. Tom hadde med Shirley og dottera Anniken (som Dave var gudfar til), og Dave hadde med meg. Så der  sat me i gode fluktstolar, med litt forfriskningar i kjølebagen og lét elvebrisen svale oss i den steikjande sommarsola.
   I gamlelandet hadde sommaren vore sur og fuktig, og betre vart han visstnok ikkje av at eg drog mot vest. Eg hadde såleis dårleg med brunfarge å byggje på då eg kledde av meg ved St. Croix River. Resultatet vart ein raudsvidd og flassande lekam. No gjekk dette fort over, og brunfargen tok overhand.

lørdag 4. oktober 2014

AMERIKATUREN 14: TIL BORDS

Eg la visst på meg dei vekene eg var i Statane. Maten var god, og eg hadde nokså rolege dagar. Eg stifta kjennskap til nye retter, somme hadde eg høyrt om, andre var heilt ukjende. Til dømes fekk eg servert noko dei kalla pizza, ein rett av italiensk opphav, men som den siste tida var vorten så populær i Amerika. Det var ikkje så aller verst, men ikkje det beste eg fekk. Tykte eg då. Noko som eg sette stor pris på i varmen, var vassmelon. Melonar hadde eg høyrt om, men knapt sett før eg kom til Amerika.
   Eg visste ein del om amerikansk historie og samfunnsliv før eg kom, takka vere eit krevjande engelskpensum på gymnaset og ein del halvgod amerikansk litteratur som eg hadde fortært opp gjennom barne- og ungdomsåra. Men korleis ein skulle te seg ved eit amerikansk måltid, visste eg lite om. Kva skulle ein gjere med den og den retten? Kva skal ein begynne med, kor mykje skal du ta oppå tallerken, og kva passar i hop med kva? Det er eit særs stort problem når du er gjest og lyt forsyne deg først. "Ja, det går fint å ha det på der òg," sa Thora venleg då eg hadde salatdressing på kjøtstykket. Og gjorde meg diskret merksam på kva som var den mest vanlege bruken.
   Så kunne eg forresten lære meg av med den innterpa norske skikken med å ha gaffelen i venstre handa og kniven i den høgre når ein skulle ete fint. Dei gjorde det enkelt og praktisk, dei trakterte gaffelen med høgre handa når maten var passeleg sundknurva. Flott!
   Eit problem for både dei og meg var kva eg skulle seie når eg gjekk frå bordet. Takk for maten eksisterer ikkje på engelsk. Tjaaaa, eg kunne jo seie "Thank you for the meal..." Eller noko slikt. Dei visste ikkje heilt kva dei skulle foreslå. Seinare lærte Dave meg eit amerikansk triks. Etter bordsetet fiksar du ein diskret passiar på tomannshand med vertinna og skryter av maten.
   Engelskmenn og amerikanarar kan ikkje ha slite like mykje som me nordmenn med å skaffe seg det daglege brød.  Dei takkar ikkje for maten, og dei har ikkje eingong eit ord for å vere mett. Eldste bror til Thora, Oscar, var den i syskenflokken som kunne mest norsk, og han heiv seg mang ein gong frampå med heilt greie utsegner på det språket. Men det hende seg at han bomma litt. Til dømes avslutta han eit måltid med å klappe seg på magen og utbasunerte: "Å, jeg er så full!"
   Det minner meg om ein kamerat av meg som i eit bordsete med engelsktalande vertskap avslo påfyll med "No, thanks, I am fed up!"

onsdag 1. oktober 2014

AMERIKATUREN 13: VASKERIARBEIDAREN

Bestefaren min var ti år ”over there”, og lengta nok litt tilbake stundom. Ein periode arbeidde han i byggjebransjen i Chicago. Han tykte det var stas at dottersonen drog til Amerika, ”men han sku ha teikje seg arbei,” ikkje berre reist på tur, meinte han.
   No hadde det seg slik at eg tok meg arbeid. Heilt ulovleg, sjølvsagt, eg hadde jo ikkje arbeidsløyve, berre turistvisum. Men vertsfolket mitt dreiv vaskeri, og dei kunne ikkje berre stengje det fordi dei fekk vitjing frå Noreg. Både far Cliff, mor Thora og junior David var der og sytte for drifta. No tok dei seg nok litt fri når det høvde, men faktisk var pågangen med skite ty så stort at dei ein periode mens eg var der, laut utvide med eit ekstra ettermiddagsskift. Og så tok dei inn ein ulovleg lausarbeidar frå Flekke. Eg var med dei enkelte dagar og jobba. Mitt arbeid var å vinde opp handklerullar, slike du sikkert har tørka nevane dine i på ymse offentlege toalett. Du kan ikkje hive ein slik rull inn i vaskemaskinen sånn utan vidare. Han må vindast ut og lagast til ei slags hespe. Dei hadde ein liten maskin som gjorde mesteparten av jobben, men eg måtte hjelpe til. Betalinga var ein dollar i timen. Altså sju kroner og femten øre. Til samanlikning kan eg nemne at Mathias Flekke i den første jobben sin i Amerika fekk ein og ein halv dollar for dagen, noko som i 1890 svarte til kroner 5,50. Då arbeidde han på ei linmølle. Ein ung kollega på vaskeriet kommenterte jobben min: ”Reidar har sikkert høyrt at amerikanarane har plenty of everything. Men når han kjem heim, fortel han vel at det einaste dei hadde plenty av, var handklerullar.”
   Temperaturen ute låg på over tretti grader i skuggen dei fleste dagane eg var der, ein gong opp i 37. Inne i vaskeriet var det mykje varmare. Men eg var van med å arbeide under svært varme tilhøve; du skulle ha vore med og stappa turrhøy inn under bølgjeblekktaket i gamleløa vår i Flekke på heite sommardagar.
   I vaskeriet fekk eg treffe det arbeidande amerikanske folk. Somme snakka jamvel litt norsk, ein arv dei var stolte av: ”Det er godt og varmt her!”


   Mens eg var i River Falls, tok familien Evenson rett og slett og selde vaskeriet sitt til eit konsern! Tru kva som har skjedd med det sidan?


tirsdag 30. september 2014

AMERIKATUREN 12: FAMILIEN I 710 OAK KNOLL AVENUE

No er det på tide å presentere dei eg budde hos i seks veker i USA i 1964. Først viser eg fram min gode firmenning, velgjerar og ven David Allan Evenson. Den gongen var han ugift, 29 år og ein litt utypisk amerikanar. Han hadde jo reist ein god del kringom i verda og sett meir enn jordiske flest.  Dave tenkte før han snakka, men det vil ikkje seie det same som at han var fåmælt. Han var ein velståande forretningsmann, men drøymde om å forlate vaskeribransjen og begynne som t.d. historielærar eller noko slikt (kva no noko slikt skulle vere). Han var nokså mørk å sjå til, så i så måte minte han litt om firmenningen frå Sunnfjord. Men eg vart aldri teken for å vere av afrikansk herkomst og beden om å setje meg ein annan stad i bussen. Det hadde visst Dave opplevd.
   Eg hadde med som gåve til han ei jakke som mamma hadde spøta. Den hadde han på seg då han kom uventa til Flekke to-tre år seinare, så mamma slapp lure på kven som stod på trappa.
   Midt på sekstitalet gifte han seg med Carmen, og dei fekk sonen Eric.


   Papen hans heitte Clifford (Cliff) og var minst like godsleg som han ser ut på biletet. Han òg hadde visstnok norske anar, men han visste ikkje noko særleg om dei, trur eg. Han var seksti år då eg var der. Ein ekte amerikanar, blid, jovial og litt konservativ.
   Mamma i huset heitte Thora og var eit par år eldre enn kallen sin. Ho var altså den eldste av døtrene til den før omtalte Mathias Flekke, og ho kunne aldri så lite norsk (kanskje meir enn  ho fekk demonstrere). Ei blid, roleg og omsorgsfull dame! Eg vil tru at Dave likna mest på mor si.
   Og så må de få sjå Marie, den ugifte lærartanta til Dave. Ho var eit par år yngre enn storesyster Thora. Marie verka alvorleg og tenksam, og ho hadde eit visst lærarinnepreg, tykte eg. Det var på ingen måte til plage! Marie budde i Boise, Idaho, men heile denne sommaren mens eg var "over there", heldt ho til hos syster Thora med familie.(Til ære for meg, kanskje?) To gonger etter at eg var der borte, vitja Marie Noreg og Flekke. Onkelen hennar (Karl Flekke, "Nesa-Karl'n") levde første gongen, andre gongen kom ho same dagen som Karl skulle gravleggjast. Ho budde hos onkelen og kona hans, Marta. Dei budde på Neset ved bryggja i Flekke. Marie greidde så nokolunde å bruke den norsken som sat att frå barndommen til å kommunisere med dei.
Cliff i godstolen
Thora
                Marie                                 



mandag 29. september 2014

AMERIKATUREN 11: RIVER FALLS OG 710 OAK KNOLL AVENUE

Eg var komen til ein liten by i Midtvesten som heitte River Falls. Eg undrast litt over namnet, for eg kan ikkje hugse at eg såg nokon foss å skryte av der i byen. Men det rann ei fredeleg elv der, og ho hadde eit koseleg indianarnamn, Kinnickinnic River med utløp i den noko større St. Croix River, som igjen flaut ut i Mississippi.
   Eg hugsar ikkje kor mange menneske som budd der, eg trur det var godt under ti tusen. I Wikipedia står det at dei fann om lag 15 0000 i den siste folketeljinga i 2010. Der gjekk ei typisk amerikansk Main Street tvers gjennom byen med ei husrekkje på kvar side, elles trur eg busetnad og byggverk var bra spreidd og ikkje særleg ruvande. Men byen hadde ei avdeling av Wisconsin State University, så heilt ubetydeleg var han ikkje. 
   Eg talde noko slikt som ti-tolv gudshus i byen. Eg tok ein gong eit bilete av ei lutheransk kyrkje nokså nær huset til Evenson-familien. Eg trudde det var deira kyrkje, sidan ho var lutheransk. Men det var ho ikkje. «Dei trur ikkje på nøyaktig det same som me,» opplyste Thora. Men eg fekk sjå kyrkja deira òg. Ho var ikkje så svært kyrkjeaktig, men meir praktisk utforma, tykte eg og lét vere å fotografere henne.
   I 710 Oak Knoll Avenue låg huset til Evenson-folket. Slik såg det ut frå hagesida turkesommaren 1964, med ein brunsvidd plen, men med ein frodig raun full av fagre, raude bær:
   Internett er ei mirakuløs oppfinning. Eg kan søkje på bynamnet og finne ein haug med opplysningar som eg ikkje kunne finne då eg drog heimanfrå i 1964. Ja, eg kan søkje på gatenamnet og finne eit hus som liknar litt på huset "vårt", men det er definitivt ikkje nett det same, anten ombygd og påbygd eller eit heilt anna hus.
   Du trong ikkje leite lenge for å finne spor av skandinavar; både her og der dukka det opp namn av nordisk opphav, på butikkar og ymse skilt. Men spesielt påfallande var det når me køyrde omkring på landsbygda, å sjå skilt eller namn på postkassar som fortalde kven som budde på den og den garden. Då var det Hanson, Anderson, Haugen, Bakke, Vik, Rud og Peterson i hopetal. Ekstra snodig var det då å sjå eit italiensk namn dukke opp og skape uorden i systemet.
   Meir enn tjuefem år seinare hadde eg ein elev som hadde vore utvekslingselev eit år i USA. Og kvar? River Falls! Då ho var ferdig hos oss, drog ho på ein sommartur tilbake og sende meg eit kort frå byen. Det ligg i amerikaalbumet mitt.

søndag 28. september 2014

AMERIKATUREN 10: CHEVROLET IMPALA


Då eg vakna til live utpå dagen etter ei skikkeleg sovenatt, fann eg vegen opp i stova til dei to systrene Thora og Marie. Thora var frua i huset, to-tre og seksti år, trur eg. Den ugifte systera Marie, lærar i mellom anna latin, var eit par-tre år yngre. Dei stappa i meg mat og tok i det heile pent imot meg. Så kom pappa Cliff (Clifford) og sonen Dave heim frå jobb. Familien dreiv eit vaskeri i byen. Dessutan eigde Dave eit vaskeri i ein naboby, Red Wing. Cliff var seksti år, lubben og godsleg, og med eit lite hjarteproblem. Men godhjarta var han. Sonen Dave var ti år eldre enn eg. 
   Kva skulle Dave finne på for å kombinere underhaldning, bli-kjent-prat og sight-seeing? Jau, han bad meg med på biltur. Ikkje med seg sjølv bak rattet; eg skulle få lærekøyre bilen hans! Det var ein Chevrolet Impala med automatgir. Lat meg straks få skyte inn at det gjekk 49 år før eg sjølv vart medeigar i ein bil med automatgir. Det hende for halvtanna år sidan då me kjøpte vår Subaru Forester.
   Så fekk me prate om laust og fast, og eg fekk sjå litt av landskapet i Wisconsin. Eg lærte ikkje så lite om bilkøyring, trafikkreglar og skilting. Når du kom til eit STOP-skilt, skulle du stoppe og sjå deg om, og ikkje køyre vidare før du var sikker på å ha fri bane. For nokre få år sidan fekk me eit slikt Stop-skilt på Husnes, men det er ikkje alle som skjønar at stopp betyr stopp.
  Eg sat mykje og svært mange mil i bilen til Dave dei neste vekene, men som regel sat eg i høgre setet med armen oppe i det opne vindauget. Det førte med seg at eg vart mykje brunare på høgre armen enn på venstre. 
   Eg oppdaga fort at USA var eit billand, at bilen var viktig for land og folk, og at dei gjerne sette seg i bilen når dei skulle eit lite ærend. Eg sa mange gonger "nei takk" når eg ville gå ein snartur ned til by'n (nokre hundre meter frå huset), og dei  tilbaud meg bilskyss.
   Men det var kjekt å få køyre Chevrolet Impala med Dave som sjåførlærar.

lørdag 27. september 2014

AMERIKATUREN 9: DÅ MATHIAS FLEKKE DROG OVER THERE

Så var eg komen fram etter om lag tre døgn, lite og inkje søvn, venting og forseinkingar,  men  ingen dramatikk å snakke om. Men korleis var turen til Mathias Flekke syttifire år tidlegare? Det fortel han om i eit brev til ein grannegut heime i Flekke:
  
Det brevet du faar blir nok ikke saa langt, og tørt og kjedelig kan ogsaa hende det blir. Det er rart du naar man skal så  langt bort fra hjemmet. Langt fra kjente og kjære er man fjernet. Mindet om hjemstedet, hvor hver busk og hver sten bærer minde om barndomsdagene (…).
   Reisen her til gikk godt. Lørdagskvelden den 26de juli reiste vi fra Bergen. Billetten kostede fra Bergen og her til kr 174,00. Over Nordsøen fulgte vi med dampskibet ”Mercur”. Det huskede adskilligt på sig, saa størstedelen af mit reisefølge var ondt søsyge. Jeg var hele tiden frisk og følte ikke noget til søsygen. Vi kom til Newcastle i England 28de. Det er ikke sædvanligt at man kommer til denne by, saa vi havde et stort besvær med at finde agenten. Over England til byen Liverpool kjørte vi med banen på 5 timer. Det var en frygtelig kjøring. I Liverpool var vi 1 1/2 dag. Alle engelske storbyer er lige hverandre. Husene er næsten sorte av stenkulsrøg. Jeg finder det ikke saa underlig om engelskmændene gjerne reiser til udlandet en tid af aaret. Vi forlod England 30te juli med dampskibet ”Germanic”, som tilhører ”Hvide stjerneline”. Noksaa bra skib og taalelig behandling. Kosten skulde være noksaa bra, men jeg kunde ikke rigtig like den. Det kommer vel med paa slige reiser om man er forsynet med lidt niste selv, især rugkavringer og spekekjød er godt. Over Atlanterhavet havde vi pent veir, langt penere end over Nordsøen. Der var 800 mennesker om bord foruden mandskabet, som skulde udgjøre 156 mand. Skibet er ikke af de største. Der er mange skibe der er mere end dobbelt saa store. Omtrent 9 døgn var vi i havet og 3 døgn tog det med jernbanen fra New York og op her til St. James. (Det udtales St. Jems.)

Eg trur det er snakk om St. James som ligg sør i Minnesota. Det slår meg at han ikkje skriv det slag om sjølve møtet med USA då han kom til lands i New York. Det har kanskje gått så raskt og knirkefritt at han ikkje kjem på  å nemne det. Sidan han nemner agenten i Newcastle og at han snakkar om ein billett frå Bergen til St. James, skjønar me at heile ferda er nøye tilrettelagd.  Verdsveven er så visleg innretta i dag at me finn både bilete og andre opplysningar om gamle skip. Her er "Mercur"!  Og kva med "Germanic"-skuta. Jamvel turen til Mathias er nemnd: Frå Liverpool 30.7.1890 til New York 8.8! Berre klikk her!
   Og han slapp å dra innom Island. Men seksten reisedagar pluss turen frå Flekke til by'n vart nok drygare enn mine tre


fredag 26. september 2014

AMERIKATUREN 8: ENDELEG I HUS

Så stod eg i ankomsthallen i det internasjonale terminalbygget på Kennedy-flyplassen i eit mylder av framande og kjende meg heimlaus, frendelaus og lite kjend og lika på leiken ille. Eg skulle jo vidare, eg skulle finne flya til North Western Airlines, og dei gjekk visstnok frå ein annan stad på den digre flyplassen som no låg meir og meir innhylla i kveldsmørkret, trass i alle lysa. Men så såg eg ei dame frå det islandske flyet vårt, og eg visste at ho skulle same vegen og var kjend i dette landet. Ein føremon med all ventinga på Island var at mange av oss vart litegrann kjende med kvarandre. Og ho der var norsk, gift med ein amerikanar og skulle heim etter ein ferietur i gamlelandet. Så då hekta eg meg på henne, så å seie.
   Me gjekk på ein buss som flytte oss nokre hundre meter til ein annan inngang, og etter litt meir venting sat eg på eit nytt fly, eit jetfly denne gongen.
   No kjende eg meg bra ovanpå og småsov mykje av vegen vidare. Me var nedom Detroit og Milwaukee før me landa i Minneapolis. No var det midt på natta og nesten folketomt i hallane på flyplassen. Då eg kom inn dit, runga det over høgtalarnettet at ein person med eit namn som kunne vere mitt eige, skulle melde seg i ein informasjonsskranke.  Eg har eit etternamn som byr på uttaleproblem for utlendingar, ikkje minst for engelsktalande.
   Jau, dei hadde eit telefonnummer til meg som eg skulle ringje, så skulle eg verte henta. Nummeret var sjølvsagt fullt av både tal og bokstaver, slik amerikanske nummer kunne vere, og det same var talskiva i telefonboksen. "Kan du hjelpe meg?" spurde eg ein kar i nærleken, og han sa eg skulle ringje O for Operator. Eg så gjorde. Eg bad om å få ringje med noteringsoverføring (altså at  dei eg ringde til, skulle betale for samtalen), og leksa opp telefonnummeret. Då ville telefonsentralbordet vite kva eg heitte, og ikkje berre det: Eg måtte stave namnet mitt. No dreiv me lite med staving på engelsk der heime på Firda gymnas, utan at eg dermed vil klandre engelskopplæringa vår. Eg heiv meg uti det, og litt stamming og fomling etter dei rette lydane vart det nok. Men då eg var halvveges ute i etternamnet, sa det i den andre enden: "Ou kei, dæts enoff!" Og snart stod eg og snakka med firmenningen min, David Allan Evenson.
   Han hadde om lag førti engelske mil å køyre for å plukke meg opp. Han og fleire frå familien hadde sete i timevis og venta på meg dagen før, stakkars folk, men så hadde dei funne ut at dei kunne vente heime og heller gjere det på denne måten.
   Det vart ikkje så mykje prat på den korte vegen til River Falls denne natta. Me kom fram til ein småby og eit fint hus med ein stor hage med ein stor plen. Dave viste meg vegen ned i kjellaren, det beste og svalaste rommet no i den intense sommarvarmen. Etter tre døgn utan å vere ute or kleda, kunne eg endeleg stupe opp i ei herleg seng og sove.

torsdag 25. september 2014

AMERIKATUREN 7: GJENNOM PORTEN

Utpå morgonkvisten fann islendingane det for godt å få oss om bord i flyet og starte opp. Eg kan ikkje hugse at dei kom med nokon forklaringar på det lange avbrotet. Kanskje pilotane  hamna på fylla i heimbyen? Eg trur det må ha vore ei laurdagsnatt. Kanskje bensinbutikken var stengd den natta, så dei ikkje fekk bunkre for ferda over Atlanteren? Eller hadde dei mista ein propell? Eller noko heilt anna?  Skal tru om me sat oskefast? Det var då berre nokre månader sidan landet fekk ei ny øy med ein eldsprutande vulkan i midten: Surtsey ved  Vestmannaeyjar.
   Me letta, men no var det berre nokre minuttars sveving før me landa på Keflavik. Så sat me og venta der eit par timar. Omsider tok flyet av, og me fauk mot vest utover Atlanteren.
   Eg burde ha hugsa meir frå flyferda enn eg gjer. Det var jo mange timar å sitje der. Kanskje eg sov litegrann? Det hadde eg knapt fått gjort den natta eg sat på toget på veg til Oslo. Og slett ikkje den natta i Reykjavik.
   Etter nokre timar såg me land, vide vidder med skog og øydemark. Me var i Nord-Canada. Der var me nede ein tur, men etter ein god halvtime drog me vidare mot sørvest.
   Utpå kvelden, eg trur det var i åttetida, landa me på Kennedy Airport ved New York. Ute var det begynt å mørkne, noko som eg ikkje var van med i juli månad heime i Flekke, der sola framleis skein på denne tida av døgnet. Nei, det gjorde ho sikkert ikkje denne julikvelden, for sommaren 1964 var ein av dei våtaste og suraste i manns minne der heime. Men det var varmt i lufta, formeleg lummert var det.
   Så var det eit hurlumhei av folk, passkontroll og toll. Tollmannen fatta interesse for kofferten min, forlangte å få han opna, tukla litt med underbuksene mine som låg der og sleppte meg gjennom porten og inn i God's own Country.

onsdag 24. september 2014

AMERIKATUREN 6: INGÓLFR ARNARSON

Flyet eg sat i, var eit propellfly som etter planen skulle ta meg til New York på sytten timar med ei mellomlanding i Reykjavik og ei i Nord-Canada. Det tilhøyrde eit islandsk flyselskap, ikkje det velkjende Loftleiðir, men eit selskap som heitte Icelandair. At det var eit stort passasjerfly med propellar, var ingen sensasjon i 1964.
   Utpå kvelden landa me rett ved Reykjavik, ikkje på Keflavik, men endå nærare byen. Me vart skyssa inn til eit venterom og fekk beskjed om å vente ein halv time. Då halvtimen var gått, fekk me høyre at det ville ta endå ein halvtime. Så begynte dei å ta i så det monna: To timar til. Me som skulle byte fly i New York, kunne berre gløyme tidsskjemaet. Og utpå natta kom det ny melding: Endå fire timars forseinking! Inga forklaring.
   Me fekk oss ein kopp kaffi og ei suppe som me diskuterte namnet på og innhaldet i. Og me fekk sendt telegram til folk som burde få vite at me sat der og venta. Så Dave og familien fekk eit hint om årsaka til at eg ikkje dukka opp i Minneapolis då eg skulle.
   Eg nytta høvet til å sjå meg om i Reykjavik by i dei seine nattetimane. Det var lite folk å sjå, men eg høyrde nokre ungdommar som skråla borte i ei gate. Artig å lese gatenamna på eit språk som både likna og ikkje likna på alderdommeleg nynorsk.
   Så fekk eg helse på ein kjenning heimanfrå, eller nesten heimanfrå: Ingólfr Arnarson. Han stod på sin sokkel i framstamnen på skipet sitt og skoda, nett som på statuen i grannebygda Rivedal. Den gongen høyrde jo Rivedal til Fjaler kommune, så eg kan vel seie at me var sambygdingar. Han var den første landnåmsmannen på Island og kom ifølgje islandske soger i året 874. Rivedølene meiner han kom frå Rivedal. I sogene står det at han kom frå Dalsfjorden i Fjaler, men ikkje meir nøyaktig lokalisert.
   I studietida mi i Bergen var eg på ei gjesteførelesing der ein islandsk professor snakka om stadnamn i heimlandet sitt. Hovudpoenget hans var at mange av namnetydingane i islendingesogene er svært tvilsame, og at det ofte er naturformasjonar og ikkje namnet på landnåmsmenn som har gitt opphav til ei rekkje islandske stadnamn. Ja, han meinte at det ofte var omvendt: Stadamnet gav grunnlag for reint oppdikta namnesegner om påståtte landnåmsmenn og ymse hendingar. Og han gjekk så langt at han ymta varsamt om at sjølvaste Ingolv kunne vere ein oppdikta figur. 
   Dette nemnde eg med papen ein gong. Han var stille nokre sekund, men svarte: "Ta no ikkje han Ingolv frå oss!"
   Så det gjer eg ikkje. Me slår fast at han har levd, at han innleidde det islandske landnåmet, at han var frå Fjaler, og at han står støypt i bronse både i Reykjavik og i Rivedal!



   

tirsdag 23. september 2014

AMERIKATUREN 5: FØRSTE ETAPPE

Så stod eg der med ein koffert i Flekke vegeskift og venta på bussen. Nitten år og lite reisevan, hadde aldri vore i fly og knapt nok på eit tog, og aldri lenger vekk enn Bergen og ymse stader i eige fylke. Men bevares, morfar Peter reiste til Amerika som tjueåring, og det utan engelskkunnskapar. Mange drog i mykje yngre alder både til sjøs og til den andre sida av havet.
   På flybilletten som eg bar i innerlomma, stod det at eg skulle dra frå Fornebu. Turen dit gjekk heilt etter programmet, buss til Vadheim, sognebåten inn fjorden til midtfjords, som det heitte, der me gjekk over i den korresponderande båten som frakta oss inn til Flåm, Flåmsbana til Myrdal, nattoget frå Bergen til Oslo, og til sist flybuss til Fornebu.
   Ein kar i gardeuniform gjekk på bussen i Bygstad. Han òg heitte Reidar, og me gjorde oss kjende med kvarandre og heldt lag. Han skulle jo til hovudstaden og tene Kongen.
   På nattoget kom eg i prat med ein amerikanar frå New York, som dreiv og vandra i den norske fjellheimen. Eg ymta frampå om at det måtte vere stussleg for ein mann frå verdsbyen å feriere i landet vårt, men han bles og meinte at New York ikkje hadde anna enn honky-tonk å by på. Norsk natur var mykje meir gjevande. Likevel heldt eg fram med ferda mi mot heimlandet hans.
   Så kom eg altså for første gong i mitt liv til hovudstaden, det var tidleg morgon, og heile dagen kunne brukast til å utforske byen. No hugsar eg ikkje anna frå den dagen enn at eg gjekk i ein bank og kjøpte dollars. Det var i den tida då me måtte ut med om lag kroner 7,15 for ein dollar. Og så fann eg bussen som skyssa meg til Fornebu. Flyet skulle gå utpå kvelden, og eg passa på å vere der i god tid.
   Det kom vel med, for eg fann ikkje utgangen min så heilt med det same. Ikkje før eg fann ut at eg først måtte gjennom passkontrollen før eg kom inn i avdelinga for utanlandsavgangar. Vel, eg hadde svært god tid, flyet var minst ein time forseinka. Og då me endeleg letta, var det ikkje lenge før det skulle ned i Stavanger, viste det seg. Stavanger! Hadde eg visst det før, kunne eg ha spart meg for ein del reisetid og utsett mitt første møte med hovudstaden til ein annan gong.

mandag 22. september 2014

AMERIKATUREN 4: FØREBUINGAR TIL FERDA

Å reise til USA var ingen spøk. Ein kunne ikkje berre gå ned i vegeskiftet i Flekke og vente på bussen den dagen ein fekk lyst å dra. Eller gå ut på bryggja og hoppe på den første  og beste dalsfjordbåten som la til kai. Først måte eg ha pass. Då måtte eg leggje fram dåpsattest, og det viste seg å by på problem. Dåpsattest hadde eg hatt ein gong. Men kvar var han no? Eg var gymnasiast på Sandane og var avskoren frå å leite. Dei heime endevende hus og heim, men fann han ikkje. Til slutt tok dei  kontakt med presten og bad han pent om å skrive ut ny. No var ikkje denne karen av dei raskaste til å hente fram kyrkjeboka og fylle ut ein ny attest. Det varte og rakk, og i mellomtida fann mamma den gamle dåpsattesten min. Utpå sommaren kom ein gammal, pensjonert prest inn som vikar mens vår eigen prelat hadde sommarferie. Den aldrande gubben treiv tak i ein del forefallande saker og sende meg ein ny dåpsattest, utfylt med skjelvande gammalmannsskrift.
   Så laut eg ha visum. Å kome inn i det forjetta land var ikkje så enkelt då heller. Eg måtte svare på ei rekkje rare spørsmål og mellom anna gå god for at verken eg eller andre i familien var kommunistar. ”Der ryk turen din,” meinte nokre av venene mine som sokna til den ytre høgresida og  hadde vondt for å sjå skilnaden mellom ein AUF-medlem og ein reinhekla kommunist.
   Då visumet var på plass, dukka det opp eit  nytt problem. Eg vart innkalla til sesjon. Og sidan eg truleg den dagen var på hi sida av NATO-området, laut eg heilt til Bergen by og ordne dette.
   Ei anna sak var å korrespondere med David i Wisconsin om korleis det stod til med reiseførebuingane mine, og om alt var klart. Epost og sms var lite utbreidd, og eit flybrev tok ei lita veke. Å ringje var spinndyrt, trur eg. Skulle eg sende eit tradisjonelt brev, gjekk det sikkert minst tre veker.
   Flybillettane kom, men så  laut eg vente på klarsignal frå Icelandair om ledig plass i flyet frå Oslo til New York. Slikt tok òg si tid no om sommaren.

   Men endeleg, endeleg, ein dag i førstninga av juli 1964, kunne eg pakke og dra!

søndag 21. september 2014

AMERIKATUREN 3: LITT MEIR OM MATHIAS FLEKKE

Mathias vart fødd den 4. november 1867, fortel kyrkjeboka. Foreldra kom frå grannekommunen Gaular og budde i Flekke, både Østen ("Ystein", sa dei) og Anne Lovise (Lovisa, kalla dei henne. Ho var halvsyster til oldemor mi) . Dei hadde ikkje kjøpt og flytt til Ovahogsgarden enno. Dei fekk skøyte til det bruket i 1873. 


Så ser me i dette utskriftet frå emigrantprotokollen at Mathias no var Gaardmandssøn og drog ut den 26. juli 1890, 22 år gammal. Eg veit ikkje så mykje om kva han hadde drive med før den dagen, men han gjekk i alle fall på folkehøgskulen i Sogndal ein vinter.


I motsetning til dei fleste immigrantane slo han inn på ein akademisk karriere og vart prest, gifte seg og fekk sju born med den første kona Hendrikke. Så gifte han seg med Inga etter at Hendrikke var død, men i dette ekteskapet var det ikkje born. Sommaren for femti år sidan  fotograferte eg grava hans ved kyrkja i Thompson Valley ved byen Mondovi i Wisconsin. Inne i sakristiet ligg ein bibel med namnet hans innskrive, ei minnehelsing frå kyrkjelyden.


Han vart altså knappe 69 år, om lag like gammal som eg er no. Tek eg ikkje feil, vart dottersonen David Evenson fødd same året som Mathias døydde. Så Dave hadde ikkje noko personleg minne etter den bestefaren som han snakka om då han var på vitjing i Bergen.

torsdag 18. september 2014

AMERIKATUREN 2: AMERIKABREV


Hausten 1963 var David Evenson frå Wisconsin på ein tur ute i den vide verda og kom innom Bergen på ein snartur. Han likte å reise, og no var han komen til det landet der mange av forfedrane hans hadde budd. Han tok inn på hotell Skandia og spurde seg føre om det var råd å kome seg til ein stad som heitte Flekke, heimstaden til morfaren hans, utvandra til Midtvesten tidleg på 1890-talet. Hotellfolka meinte at det ikkje var gjort i ei handevende. Men hotellsjefen hadde visst eit feriehus der oppe. Dessverre var han ikkje til stades den dagen. Rett før Dave skulle dra frå Bergen, fekk han tak i disponent Hans Johannessen, som kunne stadfeste at han hadde ei gammalt hus midt i Flekke. Men om det fanst nokon slektningar eller andre med tilknyting til Mathias Flekke, hadde han ikkje peiling på.
   Så hadde Olai'en i Gara ein bytur, snakka med Hans Johannessen og fekk høyre om denne David Evenson som hadde spurt seg føre om slekta si i Noreg. Og han Olai visste godt kven denne Mathias var, sjølv om han knapt kunne hugse han. Han kom jo frå grannegarden, og framleis levde  to av syskena til Mathias der i bygda. Så fekk me ein ufullstendig adresse til denne mystiske amerikanaren.
   Eg gjekk siste året på språklinja på Firda gymnas og var meir enn villig til å ta i bruk mine nyvunne kunnskapar i det engelske målet. Dermed sette eg meg ned og skreiv om oss, om garden, om meg sjølv og om slekta til Mathias Flekke. Ære vere det amerikanske postvesenet i sekstiåra. Brevet kom fram, om enn adressa var ufullstendig. Etter ei tid kom det amerikabrev i posten. "I am Thora Flekke Evenson...," kunne brevskrivaren fortelje. Jau då, ho var eitt av dei sju borna til Mathias Flekke og mor til han som hadde vore i Bergen. David sjølv var framleis ute og ferdast. Jørgina hadde budd ei tid hos broren sin då ho kom til Amerika  og hugsa godt denne Thora, som den gongen var ei lita jente.
   Eg forfatta eit nytt brev. Denne gongen var det Dave sjølv som svarte. Det viktigaste i brevet var at han kunne godt tenkje seg at eg kom på vitjing til sommaren. Heim til dei i den vesle byen River Falls i Wisconsin. Der budde han, saman med mor Thora og far Clifford. Eg skulle vere hjarteleg velkomen. Det var ikkje til å tru, så eg svarte noko slikt som at eg hadde grueleg lyst, men lurte på kva det kunne kome til å koste.  Nytt brev frå Dave. Nei, han skulle skaffe flybillettar, det skulle ikkje koste meg noko.
   No vart det fart i sakene. Først var det husting heime. Eg trur at storebror Arne førte saka for meg og fekk innhenta løyve frå mamma og papen. Likkjebroren hans skulle få dra til Amerika! Arne var nær ved å få AFS-stipend då han gjekk på Hordaland fylkeskommnale gymnas, men vart skuffa. I staden sende dei Daniel Heradstveit.
   Våren 1964 vart ulik alle andre vårar. Eg var raudruss, tok eksamen artium, forlét Sandane og var ramma av amerikafeber.


onsdag 17. september 2014

AMERIKATUREN 1: PROLOG

Sunnfjordingar skal vere seine i snuen. Eg må nok vere av dei aller tregaste, og såleis av dei aller mest typiske sunnfjordingane når eg no først - femti år etter - omsider tek meg på tak og skriv om amerikaturen min sommaren 1964. Som historikar må eg få skyte inn at du må ikkje stole på at alt eg skriv, er korrekt og dokumenterbart. Me gløymer som kjent ein del på femti år, og fakta vrengjer og vrir seg i minnet når dei ligg der og slumrar så lenge. Eg skriv helst for meg sjølv, og eg lurer på om bloglesarar har interesse av å høyre om ei slik ferd, for no i våre dagar fartar jo folk heile tida til alle verdsens kantar. For femti år sidan var ikkje amerikaturar kvardagskost på mine heimetrakter.
   Derimot var det svært vanleg å dra til Junaiten i siste halvdel av attenhundretalet og utetter dei første to-tre tiåra på nittenhundretalet. Blant den eldre generasjonen i Flekke var det ikkje så radt få som hadde vore i Amerika i kortare eller lengre periodar. Og endå fleire hadde drege frå bygda og vorte verande "over there". Ein av dei som var i USA i ti år og kom heim att, var morfaren min på Igelkjøn.
    Heile familiehistoria kjem ikkje på prent her, men den familien eg no skal snakke om, var papen sine slektningar.  Han voks opp der på garden, som han seinare overtok.
   På heimegarden vår "Ovai Hòja" i Flekke var det ti sysken på slutten av attenhundretalet. Ni voks opp. Fem drog til Amerika, fire gutar og ei jente, ho Jørgina.  Tre av dei fire gutane i Amerika døydde ugifte og barnlause i nokså ung alder. Men eldstemann, Mathias, slo seg opp, vart prest, gift to gonger og hadde sju born. Han såg aldri att fødelandet sitt.
 Jørgina vende heim etter fem år, råka av tuberkulose. Men ho fekk eit langt liv. Ho budde i barndomsheimen sin (og min) og vart 82 år.
   Jørgina kunne fortelje mykje om åra i Amerika. Ho kunne jamvel nokre få engelske ord som ho lærte meg. Men ho visste ikkje noko om familien sin "over there". Broren Mathias døydde nokre få år før krigen, og etter den tid hadde dei ikkje hatt noko kontakt med borna hans.
   Men så, i 1963, kunne ein grannegubbe (Olaien i Gara, for dei som er lokalkjende) fortelje stornytt: Han hadde snakka med ein kjenning som jobba på eit hotell i Bergen. Og han hadde treft ein amerikanar som var barnebarnet til ein viss Mathias Flekke.