torsdag 31. januar 2013

TRUVERDIG AUGEVITNE

Du har sikkert treft på han, du òg. Han som er så skråsikker på at han har rett, fordi "...eg var der sjølv og såg det med mine eigne auge!" Ein nær slektning var sjømannen som meinte å ha god innsikt i eit lands tilhøve fordi han hadde vore i ei hamnekneipe i ein hamneby der i landet og opplevd dei innfødde. Me som har fuska litt i historiefaget, har òg lært at ein bør vektleggje primærkjelder og førstehandskjelder. Men me har lov å vere kritiske.
   I februar 1967 var det VM i skeiser på Bislett. Me vona sjølvsagt sterkt på Fred Anton Maier frå Tønsberg Turn, guten som skulle ta arven opp etter Kupper'n, i det minste på dei to lange løpa. Og Fred Anton gjorde sitt beste, han hausta både gull og ære i karrieren sin.
  Nokre studentar eg kjende flyktig mens eg studerte i Bergen, heiv seg på toget og lét Bergensbanen føre seg trygt over fjellet så dei kunne få oppleve norsk verdsmeister på norsk is. Dei hadde det retteleg lystig, og dei fekk vel med seg litt av det som hende på isen.
   På toget heim att kom den eine av karane i heftig disputt med ein medpassasjer som hadde opplevd VM gjennom NRK si eminente overføring. "Ja, det var flott å sjå at Maier vart verdsmeiser," sa studenten. "Maier? Han vart nummer tre, berre. Det var jo Kees Verkerk som vann laurbærkransen!" opplyste den andre.  "No må du gje deg! Maier vart verdsmeister. Eg var jo sjølv til stades på Bislett og såg det med mine eigne auge!"
   Ja ja. Guten hadde iallfall fått med seg at Maier hadde vore ute på isen. Men slått av både Verkerk og Schenk i samandraget. Og så tapte han milløpet i samløp med Kees. Me får unnskylde vår mann med at skeiseløparar ser svært like ut i draktene sine.



onsdag 30. januar 2013

KONTRAREVOLUSJONEN

Viss du blar tilbake til bloggen min den 27. januar, finn du meir om revolusjonar og om skeiserevolusjonen i 1963. No kunne eg ha venta nokre veker med dette innlegget til femtiårsjubileet for den helga eg skal dvele ved. Men det er like greitt å få det sagt. Alle revolusjonar som det har vore litt tak i, møter veggen og må svelgje nokre usle nederlag.
   Etter skeise-EM i Göteborg den første helga i februar 1963 såg me med begeistring og spenning fram til VM i Japan. Nei, spenninga var ikkje så svært stor. Me visste jo at dei norske triumfane skulle kome, spørsmålet var berre kor overlegne gutane våre skulle verte denne gongen, og kva for ein av dei som skulle stå øvst på sigerspallen. Kunne det verte den pur unge nye stjerna Per Ivar Moe? Eg vona sjølvsagt på Kupper'n, min store helt.
   I Karuizawa var klokka allereie tolv om dagen når ho ikkje var meir enn fire om natta heime. Skulle me følgje med på direktesendingar, laut me velje mellom å vakje rundt eller å stå grytidleg opp. Eg trur eg kom meg til sengs og stod opp i otta, for dette var det viktig å få med seg, og litt utkvild burde ein vere. Laurdagen gjekk slett ikkje som me hadde tenkt. Han der svensken, Jonny Nilsson, han som snytte oss for distansesigeren på mila i EM, gjekk sigrande i mål på halvmila og stal den nye verdsrekorden til Kupper'n. Og verre skulle det verte. Dagen etter utmanøvrerte han det fem-mannsterke norske laget, snytte oss for laurbærkransen og attpåtil sette to nye verdsrekordar, på mila og samanlagt. Ja, han slo Kupper'n sin uslåelege 15.46.6 frå Squaw Valley! Vår store helt hadde mista tre verdsrekordar på to dagar og måtte nøye seg med andreplassen samanlagt
   No var rett nok den norske laginnsatsen heiderleg: fem blant dei sju beste. Men det var ikkje ein lagkonkurranse.
   Namnet Karuizawa smakar ekkelt den dag i dag.

tirsdag 29. januar 2013

HISTORIKAREN JON

Ved minnestunda etter Jon i går vart det opplyst om den glupande interessa han hadde for historie. For meg som historielærar var det både ei stor glede og ei viss utfordring. Enkelte emne hadde han mykje meir peiling på enn eg. Men våre felles interesser for faget gav grunnlag for mang ein gjevande prat.
   På ein festmiddag på Voss i fylkeslaget av lærarorganisasjonen vår var me der begge. Eg hugsar ikkje om det var mens organisasjonen heitte NUFO eller om det var etter at det vart Lærarforbundet. Eg innbiller meg at det var eitt eller anna rundt jubileum som skulle feirast. Jon var med i fylkesstyret, eg var ein skarve lokallagsleiar.
   Jon hadde eit frodig foredrag om læraraksjonar under krigen. Han drog linjer, han spissa det med dramatiske episodar og ein snev av humor. Etter at me hadde klappa ferdig, utbraut ein som sat til bords nær meg: "Du så heldige dei må vere, dei elevane som har ein slik historielærar!" Eg skaut inn at han slett ikkje var lærar i det faget. Undringa til dei som sat der, vart ikkje mindre då eg utdjupa at Jon var sivilingeniør av utdanning og underviste for det meste i økonomifag og matematikk!

mandag 28. januar 2013

JON





Torsdag den 17. januar døydde Jon Lund, min gode kollega, granne og ven gjennom eit tredjedels sekel. Eikelandsberget grendalag bad meg seie nokre ord ved minnehøgtida i dag. Då sa eg mellom anna dette:

I år er det tretti år sidan tretten hus vart bygde og tretten familiar flytte inn på den staden som fekk klengjenamnet Raudaberget i Valo. Det bur framleis urinnvånarar i dei fleste husa, og dei som har flytt inn seinare, vart snøgt minst like gode grannar som me som kom først.
   Det var eit vågalt prosjekt å kjøpe, tilretteleggje og fullføre eit slikt byggjefelt der det før berre fanst berg, brakje og sauer. Men heldigvis hadde me Beate og Jon med på laget frå starten. Eg fattar ikkje korleis me kunne  ha  makta det utan dei.
   Jon hadde blant så mykje anna fire høgt utvikla eigenskapar som me drog vekslar på, og som gjorde han til ein leiarfigur:
1) Ein umåteleg teoretisk kapital. Det han ikkje visste nok om, fann han fort ut av.
2) Velutvilkla organisasjonstalent som skapte orden i ein urskog av arbeidsoppgåver me måtte gjennomgå.
3) Utprega praktisk sans og praktisk erfaring med alt frå rekneskapsføring til innkjøp og traktering av spikar.
4) Og sist, men ikkje minst: Ei nesten barnsleg tru på verdien av fellesskap og det å lyfte i flokk. Derfor sette han til sides personleg vinning og brukte ein rikeleg del av den enorme arbeidskapasiteten sin på oss og det me skulle ha i hop. 
   Ordet dugnad fekk eit nytt innhald takka vere Jon. Det vart ein livsstil, ikkje berre ei organisasjonsform som skulle gje synlege resultat både i byggjefasen og seinare. Når Jon kom skrevande i den falma blå overallen sin, sneipen i munnvika og topphuva på plass, vart det plan og mål med gjeremåla våre.  Rett nok kunne han irritere oss med sine grundige planleggingsprosessar: "Her må vi tenke oss godt om før vi begynner!" Iblant munna det ut i litt for trauste og monumentale løysingar. Jon tok ikkje lett på noko. Hovudregelen var likevel at arbeid vart gjort med velvalde og varige løysingar.
   Ei sak som eg ikkje har tenkt særleg over før no dei siste vekene, er kva han har hatt å seie for dei som voks opp her på Eikelandsberget. Ungane våre. Mange av dei la for dagen ei ekte sorg då tilstanden hans vart kjend, og ikkje utan grunn. Jon var kanskje den av oss vaksne som var mest oppmerksam på at dei yngre skulle dragast med i fellesskapet med meiningsfylte oppgåver når me hadde dugnad. I fritida og i festleg lag brukte han sin kreativitet til beste for ungane og ungdommane, anten det no var på båt- eller fjellturar eller i festlege samkomer.  Skattejaktleikane når det vart feira bursdagar i den ullmannlundske heimen vart legendariske.
   Me på Eikelandsberget kjenner ei stor sorg og eit tomrom som ikkje kan fyllast.  Men skal me leve vidare i Jon si ånd, tillet eg meg å sitere ertekroken  Johan Herman Wessel: "Man sukkar for han er ei mer. Man husker hva han var - og ler."
   Til slutt vil eg minne oss på at lesehesten Jon også var glad i poesi, og særleg då Olav H. Hauge. Då vil eg avslutte med dette diktet, som eg veit at Jon sette stor pris på:


Gjer ein annan mann ei beine

Han kom or fjellet, skulde heim,
fekk føring ifrå Osa
ut til Øydvinstò.
Og han var raust
og baud betal.
Men Osamannen 
var ikkje fal.
Eg vil betala;
eg kan ikkje nå deg
med ei beine att.
So gjer ein annan mann
ei beine då,
sa Osamannen,
og skauv ifrå.



søndag 27. januar 2013

REVOLUSJONEN I 1963: ULIKE REVOLUSJONSFASAR

I dag er det nøyaktig femti år sidan eit markant høgdepunkt i ein markant revolusjon. Dette fortener nokre kommentarar. Ein revolusjon kan delast inn i ulike hovudfasar. Han byrjar gjerne i rolege former og med stor optimisme. Så går han over i ein radikal fase med rasande eldhug, tru på mirakel og skilsetjande gjerningar. Men etter kvart glir han over i antirevolusjonære former, vonbrot og nederlag, og dabbar av.
   I dag skal eg nøye meg med å minnast dei to første fasane i den revolusjonen me opplevde vinteren 1963. Me snakkar om skeiserevolusjonen.
   Etter bragdene vinteren 1960 i Squaw Valley-leikane var  min store helt Knut "Kupper'n" Johannesen mest med på kjøt og flesk eit par år. Det rakk til norske meisterskap både i 61 og 62, men internasjonalt rakk han ikkje på pallen. Der stod det sovjetarar og nederlendarar. Dei andre nordmennene låg endå lenger bak.
   Så kringkasta dei resultata frå nyttårsløpa på Bislett ved inngangen til året 1963. Kupper'n hadde sett ny norsk rekord på 5000-meteren! Eg hoppa i stolen: "Han er betre enn nokon sinne!" ropte eg. Det viste seg dessutan at ei heil røys med unge løparar gjekk i mål på ulike distansar med strålande resultat. Optimismen steig. Enno var ikkje heimlandet til Oscar, Ivar, Hjallis og Knut avskrive som skeisenasjon.
   Festen følgde ei bratt kurve. Midt i januar vart Knut Johannesen norsk meister med flotte norske rekordar på både halv- og heilmila. Han snuste jamvel på den gamle rekorden til Sjilkov på legendariske 7.45.6. Berre eit par sekund unna, og det på norsk låglandsis! "Eg kunne nok ha greidd den òg, men me får ta ein ting om gongen," kommenterte han.
   Og så! Nøyaktig femti år sidan i dag var det norsk-sovjetisk landskamp. Dei siste ti åra - etter at Hjallis la opp første gongen - hadde jo sovjetarane forsynt seg grovt av titlar, medaljar og rekordar på skeiser. Men denne gongen vart dei totalt overkøyrde. Fire nordmenn gjekk under den gamle verdsrekorden til Sjilkov på halvmila! Kupper'n sette krona på verket med 7.37.8. Jubelen ville ingen ende ta. No gledde me oss fælt til EM i Göteborg veka etter!
   Der nådde festen nye høgder.  Radioapparata gløda der reporterane med håse røyster ropte ut rundetider og plasseringar. Me sat og noterte for harde livet og rekna på poengsummar. Og me fekk løn for strev. Firedobbelt norsk med Nils Aaness på topp. At det ikkje vart Kupper'n, var nok ikkje eg så glad for, men det fekk våge seg. Skeiserevolusjonen var langt inne i den radikale fasen. No trudde me at alt var mogeleg. Snart var det VM i Japan!
   Det var berre ein liten hake ved Göteborg-EM: Svensken Jonny Nilsson vann mila.

torsdag 24. januar 2013

LESEGLEDER 10: DEN GODE GRANNEN

For meir enn tretti år sidan fekk me ei driftig tysk dame som kollega på den vidaregåande skulen. Ho underviste i dei framandspråka me hadde: engelsk, fransk og sjølvsagt tysk. Mannen hennar var med på lasset. Han kunne titulere seg som lektor med fransk hovudfag. Men me hadde jo så mange fransklærarar gåande der, så strengt teke trong me han ikkje. Hos oss fekk han undervise i tysk, om eg ikkje hugsar feil. Han var eit stillfarande, langt og tunt rekel, lågmælt og fredsæl og kom litt i skuggen av den geskjeftige frua.
   Namnet hans var òg svært lite originalt, så eg reagerte ikkje mykje på det, sjølv om eg meinte å ha sett eller høyrt det før han dukka opp. Men etter nokre dagar eller veker kom eg over ei bok der forfattaren hadde nett same namnet som denne nye kollegaen. Om han hadde skrive boka? Jau, det kunne han ikkje nekte for.
   Så då kom eg heim med Alltid fleire dagar og begynte å lese. Nokså snøgt ropte eg på fru Anne at ho måtte kome og lese med meg. Me sat ei stund i lag i sofaen og las og klukklo over dei underlege påfunna som Ragnar Hovland serverte oss. Ho hadde enno ikkje helst på fyren. "Tru korleis eg kjem til å takle det," sa ho. "Eg kjem vel til å storflire når eg ser han!"
   Etter nokre år bygde me oss hus her på Eikelandsberget. Det gjorde Sabine og Ragnar òg. Han la bort lærargjerninga og sat heime og skreiv. Det sterkaste minnet eg har om dei, var då me skulle buksere pianoet til Ragnar ned frå andre etasje i huset dei budde i på Sunde dei første åra. Det var eit gammalt, trongt hus med ei smal trapp, og at me fekk pianoet ned i heilinga utan å måtte rive ned altfor mange vegger, må jo vere eit godt prov på at Gud er til. Ragnar er presteson, på same vis som Wergeland og Bjørnson. Og ein dugande musikar.
   Med Ragnar si hjelp og ein god forlagsrabatt fekk eg kjøpt inn eit klassesett til skulen av den før omtalte debutboka hans. Klasse etter klasse, elevkull etter elevkull, las og sleit på bøkene så dei løyste seg opp til eit lausbladsystem etter kvart. Me dreiv òg høgtlesing frå kateteret til klassar der elevane ikkje var særleg ihuga lesarar. Då sat dei i ro og følgde med.
   Etter nokre år flytte dei, først Ragnar, så Sabine. Men ei røys med bøker av denne originale skribenten står i bokhylla vår. Det er litteratur som glir lett ned, men som gjev ein underleg ettersmak. Siste romanen, Stille natt, har ein tittel som i verste fall kan tolkast som om ringen er slutta, den som byrja med Alltid fleire dagar.
   Eg vonar eg tek feil. Den gode grannen vår frå åttitalet har nok meir på hjarta.

torsdag 17. januar 2013

LESEGLEDER 9: DEN BERGENSKE DETEKTIVEN

I desse dagar er det - skrekk og gru! - førtifem år sidan eg heiv meg på franskstudiet på universitetet i Bergen. At eg skulle hamne på eit av dei faga eg mislikte mest på gymnaset, skal eg ikkje fundere over no. Eg fekk ikkje lite kjeft hos universitetslektor Grundt når eg opna kjeften og prøvde å lese eller seie noko på dette kråkespråket. Sunnfjordintonasjonen heldt ikkje mål: "Nei, nei og atter nei!" hylte han nesten før eg fekk fram ei halv setning. Sjølv stod han og knika seg mot den tettskrivne tavla med kritet vippande i kjeften så han såg ut som den avskyelege snømannen når han avslutta ei undervisningsøkt. For ordens skuld: Me elska fyren, med alle hans unotar og direkte stil. Det krydde ikkje nett av slike personlegdomar på Romansk institutt.
   I tillegg til ein del småsnobbete damer og eit par andre bondestudentar begynte det ein bergensgut som eg vart kjend med. Han var ganske fersk som student, hyggjeleg, usnobbete og svært ulik den brautande kjuagutten i parodiane. Gunnar var grei å ty til som samtalepartnar i pausane mellom dobbeltimeførelesingar.
   I eksamenssemesteret vårt hadde Gunnar ein stri tørn. Han gifte seg, fekk utgitt sin debutroman og tok altså mellomfageksamen i fransk. Det var ein tøff haust for den ferske ektemannen, forfattaren og studenten, og då han vitja Rosendal og las frå den nye boka si rett før jul, sa han: "Eg hadde nok mest suksess med de to første av disse tre prestasjonene!"
   Eg må tilstå at eg ikkje har lese debutromanen "Uskyldstider", heller ikkje neste boka "Fortellingen om Barbara". Men så tok Gunnar Staalesen steget ut i underverda og vart kriminalforfattar. Dermed kom suksessen, og eg vart del av leseskaren hans. Krimlitteratur har lege mitt hjarte nær, heilt sidan eg studerte Detektivmagasinet i svært unge år (jamfør kommentar frå bror Steinar for nokre bloggar sidan.) Jamvel mi fredsæle kone har i minst like stor grad late seg fange av av den handlekraftige bergensaren Varg Veum, glad som ho er i Bergen By. No fyller bøkene til Staalesen nesten to hyllelengder nede i kjellargongen, om det seier deg noko.
   Om me ikkje treffest mellom forelesingar lenger, Gunnar og eg, så hender det at våre vegar kryssar einannan framleis. Det er slett ikkje berre krim me snakkar om då.
 

onsdag 16. januar 2013

LESEGLEDER 8: DEN BLINDE FARTEN

I 1960 begynte dei å sende ein opplesingsserie i radioen med trønderen Toralf Sandø. Han las om nokre villmenn oppe i Namdalen som levde sine liv i ein blind fart utan å ottast verken Vårherre eller trollpakk. Det eine karsstykket avløyste det andre, den eine ættleden kvassare enn den neste. Så gjekk det nedover med ætta, heilt til han Odin kom og freista å sameine etisk høgverde og ættebyrgskap. Han enda sitt liv på eit båtkvelv for at hans argaste fiende, Laurits, skulle få leve.
   Papen vart fengsla av opplesingane, og me andre høyrde nok litt, me òg. Men papen nøgde seg ikkje med Sandø og NRK, han fekk lånt bøkene om Juvikfolket og pløgde gjennom både dei og fleire andre bøker av Olav Duun. Papen las alt mogeleg, frå dei mest tullete kioskbøker til høgverdige romanar av aktverdige diktarar. Når han hadde lese ei Duun-bok eller ei anna bok, brukte han seine kveldsstunder til å fortelje  mamma kva dei handla om, så ho slapp å lese dei.
   På gymnaset var det min tur. Me skulle lese skuleutgåva av Odin i norsktimane. Ho inneheldt nokre utdrag frå dei tre siste binda i seksbindserien om juvikingane. I staden gjekk eg på biblioteket og lånte heile serien og vel så det, og las med god appetitt både dei og fleire andre Dunn-romanar. Eg stolte på smaken til papen og tok ikkje feil.
   Nokre år seinare nylas eg serien, dei siste binda tok eg føre meg i militæret, der eg hadde slikt å gjere om kveldane. Og endå fleire år seinare kjøpte eg serien, samla i eit grisetjukt bind. Men den gongen stansa visst lesinga opp eit stykke ute i femte boka, viss eg hugsar rett.
   Og så har eg torturert elevar med  både Olsøygutane og Medmenneske. Eg trur ikkje dei hadde vondt av det.
 

tirsdag 15. januar 2013

LESEGLEDER: PAUSE FØR INNSPURTEN

I fjor begynte eg på ein serie som eg kalla lesegleder. Det var ikkje ulikt meg å sjå tilbake til yngre år, til den tida då eg var ein fyrig lesehest. No er eg meir som ein kjepphest, kanskje ein sengehest som står seint opp om morgonane, eller som Jakob Sandes grå og slitne Gideon legdeblakk. Eg les nok litt enno, men ikkje med den same appetitten som i mine glansdagar. Det burde eg skjemmast over. No eg er pensjonist, har eg tid. Eg brukar forresten meir tid på aviser no enn før. Det skal eg ha.
   Etter at eg kom i gang med funderingane omkring lesinga mi, bestemte eg meg for å avgrense meg til ti innlegg. Dette eg kjem med i dag, vert unummerert, sidan det handlar om laust og fast. Og med nokre tankar om utvalet mitt. Eg burde jo ha teke med han som er nemnd lenger oppe, sidan han sikkert er den diktaren som er vanskelegast å kome utanom for oss sunnfjordingar. Det er fleire andre som eg har kome på undervegs, som absolutt burde ha vore representert. No er ikkje dette eit rettferdig meisterskap i diktekunsten, det er meir som eit lotteri, urimeleg og tilfeldig. Det får du hugse på når du (dersom du) les dei tre siste tekstane, som kjem utetter veka.
   Så undrast du kanskje på kvifor eg har teke så lang bloggpause før eg avsluttar serien. Me kallar det latskap.

søndag 6. januar 2013

KRISLING I BUKA

Det er ei påkjenning å høyre på den strålande langrennsjenta frå øvste grendene i Østerdalen. Når Therese Johaug slepp til ved mikrofonen, sit eg med spissa øyre og lyttar intenst. Men eg må tilstå at eg er meir oppteken av korleis ho seier det, enn kva ho seier. Eg veit det er ei dårleg innstilling, men slik kan ein gammal norsklærar med ei viss interesse for norske målføre oppføre seg. Og denne jenta brukar talemålet sitt så fritt og direkte at det gleder ein forherda målmann. Truleg har ho dugande medierådgjevarar som oppmuntrar henne til å bruke media slik, som ein del av merkevarebygginga av eit naturbarn, ei hulder frå ein norsk avkrok. Og så er ho flink å gå på ski, jamvel om ho ikkje nådde att Justyna Kowalczyk opp monsterbakken i dag.
   Rett før eitt av renna i Tour de Ski snakka NRK-dama med Therese og Kristin Steira og spurde Therese om korleis ho følte det no. "Jau, det krislar i buka!"  svarte jenta frå Dalsbygda med eit godt glis. Eg er ikkje sikker på om den pentsnakkande NRK-dama forstod kva ho meinte, men eg som er oppvaksen med den same dativen som Therese, var med på notane. Rett nok vert ein buk til bukjen og bukja i bunden form på min barndoms dialekt, alt etter om det er dativ eller ikkje. Og reglane for dativ er om lag dei same som på tysk i preposisjonsuttrykk. Me kan altså veksle slik: "Bukjen min æ'kje goe i dag, eg he ilt i bukja." Forresten la Kristin S. Steira til at "det krisle i buka på mæ også", men lo på ein måte som avslørte at ho apte etter Johaug.
   Hadde det vore meg, så hadde eg vel sagt: "Da kitla i maja." Viss eg hadde kome på å snakke ekte flekkemål.
 

tirsdag 1. januar 2013

TOKRONESETELEN


Godt nytt år!

Først lyt eg få takke bror Reidar for gild bloggomtale jolaftan i fjor. Dette fekk tankane mine til å gå attende til første jula eg kan minnast, då var eg nok 65 år yngre enn no, og såleis om lag på den alderen biletet viser. Eldstebror, Arne, var to år eldre og var vorten skulegut. Eg fekk ein stor pengesetel, og vart tilkjend den tillit å skulle ordna med julegåver. Pengesetelen var raud, pålydande 2 kroner – året var 1947.

På butikken til Odden var litt av kvart å finne, og eg valde ut ein blyantkvessar til Arne – det hadde han sikkert bruk for, og han kosta 40 øre, så enno hadde eg att rikeleg med pengar. Kva eg kjøpte til Reidarbror, kan eg ikkje minnast, men han var jo så liten at han var sikkert nøgd med det han fekk …

Så vidt eg hugsar var det ”Butikk-Helena” som ekspederte då eg eit par dagar seinare var på butikken att for å få julepapir til blyantkvessaren og til ein hekla serviett eg hadde vunne på ein basar, og som mamma skulle få. Eg var blyg, og torde ikkje seie stopp då ho rulla ut meter på meter av fint, og sikkert dyrt julepapir, og var redd for kostnadene – eg hadde jo hatt meir enn nok med ein halvmeter… No gjekk det likevel bra, ho skulle berre ha 5 øre, og eg pusta letta ut, sjølv om eg nok kunne fått 5 eittøres eller 3 eittogeithalvøres fiskeonglar for femøringen.

Ho var forresten litt rar, den same ”Butikk-Helena”. Eg hugsar første gongen eg handla med henne, eg skulle eit butikkærend for eit kvart lite. ”Versågod!”, sa ho. Dette skjøna eg lite av – var jo opplærd til å seie ”Takk” når eg fekk noko, og at den som gav noko gjerne sa   ”Versågod”. Eg hadde slett ikkje fått noko, og visste ikkje kva eg skulle seie. ”Versågod” sa ho ein gong til, og eg kunne ikkje takke, men så hadde ho heldigvis vit til å spørje kva eg skulle ha, og då ordna det seg!

No er eg vorten vis med at di eldre ein blir, di meir tek langtidsminnet over etter kvart som korttidsminnet skrantar. Førebels er eg såleis ikkje komen lenger enn til fem-årsalderen, men det kjem venteleg med tida - eller???

mandag 24. desember 2012

JULEGUT I SYTTI ÅR



Som du ser, var han eit vakkert barn då han var i femårsalderen. Ser du lenger nede, skjønar du at han no er ein pen gammal mann. Eg snakkar sjølvsagt om storebroren Steinar.
   Det var med naud og neppe at papen fekk med seg jordmora då han kom ramlane seint på julafta i 1942 og drog henne ut or stova nett då saueribbene begynte å spreie sin himmelske ange i jordmorstova i Dale. Ho var, som ein kan skjøne, pottande sur. Men då alt var over utpå kvelden, kom papen med ei flaske nybryggja øl som svigerfar hans hadde produsert. Bestefar kunne sine ting, han! Då skein jordmora opp og gledde seg til heimkomsten.
   Det har vore så som så med bursdagsgilde for denne jubilanten fram gjennom tidene. Til gjengjeld er det lett å hugse datoen. Så greidde han å gnure det til slik at eldste dottera også vart julaftebarn, fødd på 29-årsdagen til Steinar'n. Tenk det! Hemne seg på det stakkars jentebarnet, som var heilt uskuldig i lagnaden han. Men det er noko som heiter arvesynd ...
   Må eg få ønskje jubilanten til lukke, og gledeleg jul til alle mine blogglesarar!

Sytti år og like blid!

mandag 17. desember 2012

LESEGLEDER 7: MARK TWAIN


Eg er nøydd å love meg sjølv at eg snart skal kome til endes med denne serien av leseminne. Rett nok er det eit emne som kan nyttast lenge, men trass alt er det gitt ut bøker om litteratur som er mykje meir å rette seg etter enn mine subjektive røynsler uti lesekunsten. Så no lovar eg at det ikkje skal verte meir enn ti.
   Dagens forfattar er nok ikkje den eg har lese mest av. Men ein gong gjorde han eit sterkt inntrykk. Det var då eg fekk tak i boka om Tom Sawyer med ei flott teikning utført av Jens R. Nilssen på framsida. Du hugsar vel han, han som skapte Vangsgutane og Smørbukk?
   Tom Sawyer høyrde definitivt heime i kategorien skøyige bøker. Litt spennande var ho òg, særleg mot slutten. Dette gjekk føre seg ved elva Mississippi midt på attenhundretalet, men personskildringane, gutepåfunna og tilhøvet mellom dei dumme vaksne og dei mykje gløggare ungane kunne like gjerne ha handla om Flekke godt hundre år seinare. Me hadde òg ei stor elv og fleire små. Eit poeng til: Slektskapen med Gutane på Tedneholmen av Ragnvald Vaage er påfallande.
   Etter at eg hadde lese Tom Sawyer nokre gonger, vart eg konfirmert, ein smule bemidla og begynte på realskule nær ein bokhandel. Så noko av det første eg gjorde då, var å gå inn i butikken til Skaar'n og forlange på disken boka Huckleberry Finn. Denne kompisen til Tom spelte ei mindre viktig rolle i den første boka, sameleis som Tom i den andre. No var det Finn som førte handlinga vidare. Det var ei heilt anna bok enn boka om Tom, ikkje så skøyig, svært spennande, og med innslag eg truleg ikkje skjønte rekkjevidda.
   På tide å lese ho om att?
   

lørdag 15. desember 2012

LESEGLEDER 6: NORSK BARNEBLAD



Når eg først har gitt meg ut på å omtale lesegleder frå tidlege stadium i lesekarrieren min, kan eg ikkje kome unna Norsk Barneblad. Det bladet voks eg opp med; brørne mine hadde det før meg, så eg kan ikkje hugse anna enn at det kom kvar fjortande dag i posten. Det var i A2-format, bretta to gonger, så kvar av dei åtte tekstsidene var i A4. Så når det skulle lesast, laut me brette det opp og leite oss fram til dei rette sidene etter kvart.
   Eg viser til den tidlegare klassifiseringa i kjekke, skøyige og spennande tekstar. Her fann me alle tre kategoriane. Bladet baud på alt frå klassikarar av Jules Verne, James F. Cooper (indianarbøkene) og Frances Hodgson Burnett (sjå ovanfor) til norske slitarar langt til fjells eller på den ytterste nøgne ø. Og kva med baksida? Smørbukk! Same karen som teikna Vangsgutane, Jens R. Nilssen. Ein lubben mirakelfyr med frekke påfunn og blømande fantasi.
   Og oppunder jul kom Juletre og eit dobbeltnummer av Norsk Barneblad sendande i ein stor konvolutt. Juletre var eit hefte på heile 36 sider og er eitt av dei lengstlevane julehefta i norsk pressehistorie. Dobbeltnummeret av bladet var denne gongen stifta i ryggen og med oppskorne ark, så her slapp me brettte ut og leite oss fram. Men før mi tid hende det visst at det kom uoppspretta dobbeltnummer med seksten sider som laut brettast ut eller sprettast.
   Konvolutten med dei to juleblada kunne brukast til lagerplass for heile årgangen. Det fekk iallfall eg til, og blada vart gøymde og lesne om att og om att. Eg skrapte jamvel sparebøssa og kjøpte nokre gamle årgangar, som du no får sjå ein smakebit frå.
   Seinare har eg prakka bladet inn på ungane våre, så her eg sit, står det eit lager med godt over førti årgangar. Men det spørst kva som skjer med dei når eg ikkje passar på lenger. Eg nemnde med ein son kva eg skulle gjere med dei. Ærleg som han var, sa han: "Eg trur det er du, pappa, som er mest interessert i dei, så gjer som du vil!"
   Legg du inn eit bod?




onsdag 5. desember 2012

LESEGLEDER 5: JULES VERNE OG DEN SISTE MOHIKANAREN

No rotar eg meg snart vekk i lesegleder frå farne tider. Eg går like usystematisk til verks som eg alltid har gjort i blogginga mi. Du treng ikkje tenkje som så at eg går kronologisk fram, eg planlegg ikkje på den måten.
   No rotar eg meg snart vekk med tankar om blogginga, eg går difor over til emnet: For nokre tiår sidan sa forståsegpåarar at ungane måtte få lesestoff som dei kunne kjenne seg att i. Dei måtte få lese om slike røynsler dei truleg hadde gjort seg i sitt unge liv. Helst skulle det skrivast om problem og om stussleg oppvekst. Det ville hjelpe dei til å bere sin eigen lagnad. Ja vel. Det var ikkje så vanskeleg å kjenne seg att i forteljingane om Vangsgutane og Larris, og barndomslandet som Ragnvald Vaage skildra, hadde tydelege parallellar til mine heimetrakter. Rett nok vart eg verken mor- eller farlaus i ung alder, men elles var det mykje som likna.
   Men å lese Jules Verne var noko anna. Her handla det ikkje om ungar (det fanst unntak), men om velvaksne karar og enkelte kvinner som strutta av fantasi og heltemod. Hendingane gjekk ikkje føre seg i vestlandske fjord- og kystbygder. Nei, her var det snakk om ferder djupt under havflata, over dei endelause sibirske viddene, i eit farty på veg til månen eller på ei audsleg øy i Stillehavet. Ein kunne følgje Phileas Fogg og hans trufaste tenar Passepartout på ferda deira rundt heile jorda i den eventyrleg korte tidsrommet 80 dagar, i underlege farkostar og med farefulle situasjonar rundt kvar ein sving. Kvar var attkjenningsgleda som burde vere i barnelitteraturen? Jau, eit par tilknytingspunkt var det: Trongen til eventyr, gleda over å få eit glytt inn i det ukjende.
   Så skulle eg vel ha skrive om sjangeren indianar- og cowboybøker. Eg nemner det i same tankegangen. Her var det ikkje mykje som likna på oppveksten heime i Flekke. Men det var svære greier å verte kjend med Hjorteveidar og mohikanarane.
   Det var ikkje mange indianarar eller månefararar heime i Sunnfjord på femtitalet. Ikkje ubåtar heller.
 

tirsdag 4. desember 2012

LESEGLEDER 4: DEN FORUNDERLEGE VEGEN

Er ikkje det ein vakker boktittel? Eg har skaffa meg boka, ei tunn flis som biblioteket i heimbygda til forfattaren kvitta seg med for nokre år sidan. Når biblioteka sel ut slikt dei ikkje vil samle på lenger, kan du gjere svært gode kjøp!
   Ragnvald Vaage var bonde og diktar, fødd i 1889 og kvinnhering. Han har skrive nokre av dei mest fengslande barneskildringane eg har vore borti. Mesteparten av det han skreiv, var tydeleg merkt av heimemiljøet hans på Sunde og bygdene heromkring for om lag hundre år sidan. Han skreiv romanar og noveller for både born og vaksne, han skreiv dikt, frekke meiningsytringar og kåseri, og han var ein høgt skatta folketalar.
   Eg har faktisk høyrt han tale ein gong, men det var den 19. juni 1949, så eg har diverre gløymt det meste. Derimot brukte me bøkene hans til opplesing i teikne- og skrivetimar på Flekke skule. Dei kunne me trygt plassere i kategorien "kjekke bøker", med fleire innslag av "skøyige stykke". Jamvel om eg-personen i Den forunderlege vegen og framhaldet Den gode sumaren er morlaus og etter kvart mister faren òg, er det bøker som struttar av livsglede og humor. Slik var det òg i Gutane på Tedneholmen.
   Læraren vår var ikkje like nøgd som me. Det hende seg at det kom eit nesten-kraftuttrykk som "Å faselen" eller noko slikt. Det var ikkje bra. Og nokre av gutepåfunna meinte han var på grensa av det forsvarlege i ei barnebok. Men me ungane var nøgde og gledde oss over desse lesestundene. Då eg som pur ung lærar på Radøy administrerte høgtlesing, vart det for min del reprise på barnebøkene til Vaage, og suksessen var sikra.
   Dei hadde ein lesering i Flekke, og ein dag kom papen heim med ei bok av Ragnvald Vaage som heitte Den vonde draumen. Eg var vel i tolvårsalderen, kanskje. Då papen hadde pløgt igjennom henne, ville eg overta. Eg kjende att namnet på forfattaren og rekna med at dette var kjekt å lese. Han drog på det: "D'ækje nett noka barnebok...!" Men han blånekta ikkje. Og det var litt av kvart å lese om, det fann eg ut då eg la ho frå meg. Verda kunne vere mykje vondare enn langs den forunderlege vegen i barndomsriket til Vaage.
   Merkeleg nok er mange av vaksenbøkene til Ragnvald Vaage nokså ulike barnebøkene. Dei er mykje dystrare, og der møter me tidt born og unge som vert forsømte og krenkte. Dei skil seg tydeleg ut frå dei lett sjølvbiografiske skildringane han skreiv for born.
   I år kom det ut ei bok gamle Vaage-tekstar både for born og vaksne, henta frå ymse blad og julehefte. Eg vart spurd om å skrive forord, kjende meg smigra og sa ja.
   Men det treng du ikkje lese om du kjøper boka Heng i og ro!

fredag 30. november 2012

LESEGLEDER 3: ODDLEIF, ARNE OG PEER

I 1955 byrja bror Arne på realskulen til den legendariske Oddleif Fagerheim i Dale. Han var så heldig å få Oddleif som norsklærar. Det bar frukter. Oddleif var ei eldsjel og ein glimrande formidlar med skodespelartalent og ei svært berande songrøyst når det høvde slik.
   Litt av det Arne lærte, formidla han gjerne til småbrørne sine. Ein gong fortalde han meg om ei bok dei las, og som han tykte var så gild. Det handla om ein kar oppe i Gudbrandsdalen som rota seg bort i alle slags underlege situasjonar, reid på ein reinsbukk, røva brura i eit bryllaup og tok henne med til fjells, gjesta trollet i Dovre og mykje, mykje meir. Men det mest fantastiske med boka var at alt gjekk på rim. Og når Oddleif framførte høgt - Oddleif trong ikkje boka, han kunne mesteparten utanåt - då var det mykje kjekkare enn sjølvaste Radioteateret eller høyrespela i Barnetimen. Arne fortalde og fortalde, men ergra seg over at han ikkje hadde boka heime, for då kunne eg ha fått høyre kor godt det var skrive.
   Nokre år seinare skulle me lese Peer Gynt på Firda Gymnas. Det fanst ei skuleutgåve som ikkje var så dyr. Men då eg skulle kjøpe boka hos Eikenæs'n, oppdaga eg at Henrik Ibsens samla verk var å få i ei trebinds pocketutgåve. Eg talde på kronene og fann ut at prisskilnaden ikkje var uoverkomeleg, så eg valde samlinga. Eg gjekk glipp av kommentarane i skuleutgåva, men i staden fekk eg alt det andre på kjøpet.
   Så vart Ibsen ein av favorittane mine. Då filmen "Vildanden" skulle gå i Vonheim, var ikkje filmen komen og framsyninga avlyst. Eg sykla heim og las stykket i bind tre av samlinga mi i staden. Nokre Ibsen-drama høyrde eg som radioteater, men eg las mange av stykka sjølv og brukte stoff derifrå i stilskrivinga. Det var ein suksess. Heilt til eksamen. Då ville dei ha oss til å skrive om Wergeland.
   Eg valde ei anna oppgåve og fekk T.

onsdag 28. november 2012

LESEGLEDER 2: LEIF HALSE OG JENS R. NILSSEN

Dette skal handle om Vangsgutane. Det var nordmøringen Leif Halse som sette ord på kvardagslivet oppe i Todalen på Nordmøre. Men det var Jens R. Nilssen som bles liv i gutane, stuten Peik, Larris med hunden Troll, Sterk-Ola Bakken og alle dei andre.
   Me gutane i klassen på Flekke skule delte god lesnad i tre greie kategoriar, som òg kunne overlappe kvarandre. Forteljingane kunne vere skøyige, spennande eller kjekke. Vangsgutane høyrde mest til den siste kategorien. Men stundom var det verkeleg spennande òg. Me skal ikkje gløyme kor nifst det var då posttjuven herja i bygda. Ein del skøyige innslag var det òg, til dømes når Larris dumma seg ut eller fann på noko festleg.
   Men mest av alt var teikneserien kjekk å lese med kjekke teikningar å sjå på. For oss som voks opp på ein gard på femtitalet, var det ikkje så vanskeleg å identifisere seg med ein del grunnleggjande innslag. Det var arbeid og slit, leik og moro. Poteter vart sette og sauer vart sanka. Ved vart hoggen, og skiføret var stabilt om vintrane. Det var juletrefestar og skulegonge.
   Serien har fått mykje kritikk og spitord, og noko er nok rettkome. Vangsgutane er så prektige at ... Og stakkars Larris kom frå ein låk heim og vart uthengd på det grovaste. Halse lytta sikkert til kritikken, for midt på femtitalet snudde lukka seg for Larris. Han slutta med tullefaktene sine, vart godven med Vangsgutane og vart ein kreativ humørspreiar.
   Kritikk eller ikkje: Når Nynorsk Vekeblad kom, kom gutane frå Vangen inn i stova vår og gav oss nokre glade minuttar. Til jul kom heftet med opptrykk frå bladet. Og etter at Vekebladet slutta å kome i 1954, heldt likevel Vangsgutane fram med å dukke opp når jula nærma seg. (Vekebladet strauk ordet Nynorsk frå tittelen på slutten, utan at det hjelpte på opplaget.)
   Så gav Jens R. Nilssen seg, og juleheftet vart aldri det same att. Rett nok dukka Bjarne Kristoffersen opp etter ei tid, og han greidde teiknejobben bra. Etter nokre år var Leif Halse ute av biletet òg. Men trur du Vangsgutane gav opp for den del? Nei, dei kjem og kjem, jul etter jul. Om du ser etter i bladhyllene, finn du dei i år òg. Etter kvart vart det slutt på nye historier, så då var det berre å trykkje opp att gamle, gode remser. Slik heldt dei på. Men i fjor skjedde det noko underleg. Det dukka opp ei nyskriven og nyteikna forteljing, så nokolunde i gammal ånd. Og for å halde nostalgien levande baud dei i tillegg på ei gammal forteljing i nyopptrykk.
   Skal tru kva dei byr på i år? Bladet skal iallfall i hus før julafta!
 
 

tirsdag 27. november 2012

LESEGLEDER 1

Det vart til at eg drog nytte av den viktigaste hobbyen min då eg fann meg ein leveveg, eller levebrød, som me òg seier. Eg meiner: yrkesvalet. Difor har eg tenkt å trø til med nokre blogginnlegg om leseopplevingar i  ymse livsfasar, og då vert det vel mest om det eg las i gamle dagar, kjenner eg meg sjølv rett.
   Eg hadde stor glede av den lærdommen det var å kunne lese, og eg stal meg til mange gode lesestunder i barne- og ungdomsåra. Boksamlinga heime var ikkje så stor, men etter kvart gjorde eg mitt til at ho voks litt. Ein del av inntektene mine i svært tidleg alder gjekk til bøker og blad. Men storparten av lesnaden henta eg nok heim frå skulebiblioteket på Flekke skule.
   I teiknetimen siste skuledagen i veka opna lærar Årøy skåpet med bøkene. Så var det å gå bort til heilagdomen og velje ut ei bok til heimlån. Årøy'en sat med den store protokollen, strauk ut den me leverte inn og skreiv opp det nye utlånet.
   Lærar Årøy hadde ein politikk når det galdt utlån som eg framleis finn merkeleg. Han meinte at det burde rekke å låne ei bok kvar fjortande dag. Me burde ha anna å gjere enn å lese tilfeldige bøker, til dømes hadde me lekser og stilar å ofre oss for. Dei fleste hadde jo plikter i heimen òg.
   Me var litt i utakt med låninga, så skåpet vart opna kvar veke. Dermed tenkte eg som så at eg måtte kunne lure meg til å låne ei bok sjølv om det berre var ei veke sidan sist. Det gjekk fint. Årøy'en sa ikkje noko. Eg min tosk trudde at eg lurte han. Det trur eg ikkje no lenger. Han kunne vel lese sine eigne datoar, vil eg tru, men valde å late som ingenting.
   I alle fall vart helga berga, og som regel var boka utlesen lenge før neste teiknetime. Leksene var det verre med.
 
 

mandag 26. november 2012

DS "DONAU"

I år har årsdagen for deportasjonen av norske jødar vorte bra markert, i radio, fjernsyn og med tilskipingar kringom i landet. No, sytti år etter denne skampletten på norsk historie, er det att éin attlevande frå ferda.
   Sa eg skamplett? Det var stort sett nordmenn som fiksa arrestasjonane og transporten til kaia i Oslo, der fangetransportskipet DS "Donau" låg og venta. Om dette skriv min bloggkollega og tidlegare elev, Frode Thorup, på nettstaden sin: www.danefjell.blogspot.com.
   For tjue år sidan i dag var det altså femtiårsmarkeringar. Dei fanst, om enn i mindre målestokk enn ein skulle tru, og monaleg mindre enn i år. Eg var historielærar, det var torsdag og første time, og det passa utmerka for meg å bruke ein del av timen til nett denne saka. Eg hadde kopiert og delt ut ein del sider frå  "Våre falne". I dette verket er det eit lite portrett av alle krigsoffera i Noreg som dei hadde fått oppspora då verket kom. Ikkje alle var forsynte med bilete, men utruleg nok dei fleste. Inn imellom dukkar det opp heile familiar med jødar, små born, gamle beste- og oldeforeldre. Det gjer inntrykk. Verket stod i hylla heime hos bestemor mi. Eg gløymer ikkje korleis eg reagerte då eg fekk auge på bilete av små, små born som vart gassa i hel. Norske jødar.
   Torsdagen for tjue år sidan kom  ein av elevane mine nokre minuttar for seint, men kom halsande inn med radioen på øyra. Då han fekk summa seg litt og høyrde kva me snakka om, braut han ut: "Vettuka! Akkurat dette heldt dei på med i radioen no!" Eg tilgav han fort den vesle forsømminga.
   Nesten ti år seinare fekk me til ein ekskursjon frå skulen vår til Auschwitz. Me var ein samansett flokk av lærarar, elevar og nokre andre gjester som bussfyll og selskapsvener. Eg har ikkje vore med på nokon viktigare ekskursjon, tør eg seie.
   I ein av monterane viste dei ein del av bagasjen som foreldrelause barneheimsborn hadde hatt med seg inn i leiren. Då gret eg.