fredag 11. mai 2012

SIC TRANSIT GLORIA MUNDI


Bror Reidar gjev uttrykk for at han ikkje utan vidare vil blogge om kjærleik med di det er så mange andre som skriv om det temaet, syklar er det derimot berre han, eg og Nordahl Grieg som skriv om.
No er det vel slik at det går an å bli glad i sykkelen sin, kanskje kan ein vel og gløyme det niande bodet at ”Du skal ikkje trå etter eigedomen åt nesten din.” liksåvel som det tiande ”Du skal ikkje trå etter ektemaken eller tilsette eller nokon som høyrer til hjå nesten din”. Korleis gjekk det så med fyrste sykkelen min?
Før eg fortel om den tragiske endelykta , lyt eg vedgå at det ikkje var berre moro å vere eigar av ein tregirs sykkel. Oftare og oftare laut eg med stor møye fram med skiftelykel og andre reiskapar for å vøle det hersens giret som stendig hadde lag til å henge seg opp. Gleda  over å vere einaste girsykkeleigar i bygda var etter kvart i ferd med å slokne, godt var det då at det i kameratflokken var ein annan Steinar som hadde slik illherveleg lyst på ein girsykkel. Han kom med eit tilbod om å byte bakhjul mot eit høveleg mellomlegg. Eg slo til og han overtok giret som hjå ein ukunnig eigar varde ei vekes tid før det skar seg heilt og ikkje let seg reparere – heller ikkje var handelen gjort med garanti, så  det var aldri på tale med omgjerdsle.
Eg var derimot godt tent med sykkelen utan gir. Han var med meg til by’n der eg i to år freista tilværet som ”bondestudent” på HFG, som Kjartan Rødland kallar det i soga om det ærverdige gymnaset. Etter gymnaset var eg eitt år vikarlærar ved Guddal skule, der noverande rektor og laksefiskeentusiast då gjekk i andre klasse, om eg minnest rett – eller var det tredje, med di broren gjekk i fyrste?
Frå Flekke til Guddal er det eit drygt stykke: Eg følgde buss på tomgang 12 km til Nautsund, der skuleruta til Dale starta. Så var det å sykle 5 km til Hovlandsdal og derfrå 8 km med skuleruta fram til skulen. Same vegen heim att, det vart ei sykkelmil for dagen. Vintersdagen var det ikkje alltid like lett å ta seg fram, og ikkje alltid hadde eg bruk for sykkelen heime heller, så sykkelen vart gjerne parkert i vegkrysset i Nautsund.  Ein snørik morgon var ikkje sykkelen å sjå då eg steig av bussen. Etter noko rekognosering viste det seg at snøplogen hadde vore for nærgåande, og sykkelen var ikkje lenger sykkel, men eit vrak.
Sic transit gloria mundi – eller ”slik forgår verdens herlighet” som Store Norske Leksikon nemner det. Men soga er enno ikkje heilt slutt: Eit par år seinare var eg medskuldig i at ein sykkel, eller rettare sagt: framhjulet,  knakk saman då vi skulle prøve om det gjekk an å sykle med tre – eller var det fire? personar på ein sykkel.  No var det slik at framhjulet på mitt sykkelvrak ikkje var verre enn at det let seg nytte, rett nok etter fagleg oppretting som Dørhellen sytte for. Så for det eg veit kan det enno vere i bruk?

torsdag 10. mai 2012

MEIR OVER TEMAET SYKKEL

Bror Steinar meiner at eg bør skrive om det andre temaet i Nordahl Griegs dikt, der eg siterte den siste verselinja for eit par bloggar sidan. Men kjærleiken får vente, eg vil skrive meir om syklar.
   Eg skjønar ikkje heilt korleis eg greidde meg utan, men eg kjøpte min første nye sykkel først i 1990. Vel, sønene hadde syklar, så eg lånte nok hos dei når det trongst. Men altså, i 1990 var eg i by'n i eit heilt anna ærend, og då kjøpte eg ein heilt vanleg klassisk sykkel. Den einaste luksusen var at han hadde tre gir, nett som den første sykkelen til bror Steinar, innkjøpt og teken i bruk andre pinsedag i 1956.
   Eg tok vidunderet med på osbussen. Dette var i dei retteleg gode, gamle dagane då det gjekk båt frå Os til Herøysundet, den snøggaste og billegaste byvegen for oss her i ytre fastlands-Kvinnherad. Eg tok like godt og låste sykkelen på bussen. Ikkje fordi eg trudde nokon ville stele han, der han låg i bagasjerommet midt i bussen. Men bakhjulet behøvde no ikkje liggje der og svive. To lyklar følgde det med, og dei hang på ein liten ring. Dei stappa eg i lommen, halla meg godt attover i setet og slappa av.
   Då me svinga ned mot Øsøyro, tenkte eg som så at eg fekk ta og låse opp sykkelen, så eg kunne trille han dei få meterane ned til båten. Men kvar var lyklane? Eg leitte i alle lommar, og lommar har eg som regel mange av. Ingen lyklar. Eg saumfor kvar ein lomme i ekspressfart ein gong til, og panikken om sigande. Men så kjende eg ned ved setet, både bak og på sida, og takk og lov! Der hadde lyklane smite seg ned. I aller siste liten fekk eg låsen opp og sykkelen ut or bussen.
   Så kunne eg kome heim som den lukkelege eigaren av ein flunkande ny Diamant ttregirs sykkel, ulåst, men med ein kraftig låsebolt klar til å gjere nytte for seg. Det skulle ha teke seg ut om eg hadde måtta ty til baufil og vinkelslipar på nyesykkelen før eg kunne setje fot på trøene.
   For ei skam det hadde vore.

onsdag 9. mai 2012

NYESYKKELEN


Inspirert av bror Reidar som sykla Sandane – Flekke i sin pure ungdom, skal eg våge meg til å fortelje om første sykkelen min.
Men først nokre ord om papen sin sykkel som Reidar lånte med seg til Sandane: Erik i Bakartunet hadde ein onkel som hadde butikk, god gammaldags landhandel, og som forutan vanlege daglegvarer skaffa det meste av det ein kunne ha bruk for. Ein dag bror Arne og eg var i Flekketunet med papen og handla, var Erik ”konge på haugen” og synte oss ”nyesykkelen til onkel Odd ”, ja me fekk jamvel prøve vidunderet kvar vår gong. Reidar var ikkje med, han var nok for liten, og hadde sikkert ikkje lært å sykle heller. Så kom papen ut frå butikken, venteleg etter ei god prateøkt. Han såg seg forvirra ikring, for inn att i butikken og kom ut att i butikkdøra saman med Odden. Med same kom Erik syklande, Odden ropte til han og lurte på kva det var han fann på. Det viste seg at papen hadde kjøpt sykkelen, og Erik vart nok litt lang i maska då det gjekk opp for han at det var ’Ovahogskatane’ og ikkje han som no hadde tilgang til vidunderet.
Mange år seinare venta me tre brørne oss ei syster. Medan me tre var fødde i senga heime, vart mamma no sendt til by’n – det var nok ikkje spøk når ein var i sitt førtiande år og blodtypane varsla at det kunne verte ein riskiofødsel.
Eg gjekk i sjuande klasse, og hadde både denne og førre vinter tent mine første pengar på å fyre i omnane i skulehuset, der lærar Årøy helst ville sjå at termometeret ved tavla synte 21 grader når han kom, noko som ikkje alltid var like lett å få til – eg minnest at det ein gong var minus 8 grader på same termometeret då eg kom for  å kveikje i omnen. No skjønar de nok at eg hadde tent pengar til å kjøpe min eigen sykkel, noko mamma skulle ordne når ho no likevel var i by,n. Ein fetter av henne, Anton Engen, hadde sportsbutikk, og der vart sykkelen kjøpt og skulle sendast heim med dampen.
Syster Liv vart fødd pinseafta, alt gjekk vel, og sykkelen var ventande til Flekke andre pinsedag, mamma og veslejenta laut nok vere i by’n noko lenger. Fetter Asbjørn heldt på å misse motet då alle han fortalde det til, at me hadde fått ei syster, alt visste det. Men Asbjørn har aldri vore kjent for å gje seg så lett, og han konkluderte med at  ”tante Lisbeth veit det sikkert ikkje, for ho er jo i by’n”.
Andre pinsedag kom, og etter middag la eg i veg ned Tunbakken og Gòta i full fres på papen sin sykkel. Farten var høg, og den gamle kvelvingsbrua ved Storakerbutikken gjekk tvert over elva, medan vegen gjekk i S-sving til og frå brua. Og det gjekk ikkje betre enn at svingen vart for knapp, så eine pedalen tok bort i muren ved brukanten , og eg vart kasta hovudstups over sykkelstyret og landa på eine skuldra fleire meter lenger framme.
Godt var det at eg ikkje landa på hovudet, for sykkelhjelm var ukjent den gongen. Men eit kragebeinsbrot vart det, og eg fekk venstre armen plastra fast til kroppen, og laut greie meg i tre veker med ein arm. Seinare på ettermiddagen kom Dampen, og med den sykkelen min. Det var ein brukt sykkel med tre gir, men blå og fin og god som ny, og eg var den einaste i Flekke med girsykkel, og sjølsagt laut han prøvast same dag, sjølv om eg hadde berre ein arm!
Sykling er ein risikosport, og på dagen 55 år etter at eg braut kragebeinet og fekk min nye sykkel same dag, starta bror Arne og eg med våre nære og kjære ein sykkeltur i Portugal. Denne turen hadde me lenge sett fram til, men alt fyrste dagen vart turen avbroten ved ei lei hending, og det vart Arne sin siste sykkeltur. Men det er ei anna soge.

tirsdag 8. mai 2012

O CYKKELSTYRE. O KJÆRLIGHET

I desse dagar passar det å dra fram endå eit femtiårsminne. Men det handlar ikkje i det heile om andre delen av sluttlinja i det vårlege diktet av Nordahl Grieg. Derimot spelar sykkelstyret ei rolle.
   Første året på Firda Gymnas nærma seg slutten. Russen sleit med eksamen, og truleg var dét grunnen til at me andre fekk månadslov ein måndag midt i mai.
   Laurdag sette mange seg på bussen og ville heim til Førde, Dale eller kvar dei no skulle. Men Karl Ekroll og eg fann ut at me skulle sykle heim. Då sparte me nokre kroner, vêret var flott, gauken gol, aplane blømde, syklane var nysmurde, og me fekk utrette ein ærerik dåd.
   Så snart skulen slutta og middagen var komen i magen, la me optimistisk av garde. For Kalle var det snakk om åtte og ei halv mil, berre. For stakkars meg som skulle heilt til Flekke, vart det fem mil ekstra.
   Alt gjekk vel og vakkert. Eg fann ut at Kalle var ein hylar til å sykle, så eg laut verkeleg trø for å halde følgje. Gamle sykkelen eg hadde arva frå papen, hadde aldri opplevd noko liknande. Me heldt 24 minutt på mila i snitt. Snart kvarv Breimsbygda bak den smale Våtedalen, me klatra oss opp forbi Klakegg til Skei og var halvvegs til Førde. Då smakte det med nokre minutts pause og litt mat.
   Sola glitra og skein oss i møte langs det fagre Jølstravatnet, og i ungdommeleg og vårleg overmot tok me av oss på overkroppen, lét sola steikje og vinddraget kjøle ned dei sveitte kroppane. Må eg minne om at i den tida hadde mykje av vegen gammaldags grusdekke. Dumba fauk oss i møte kvar gong det for forbi ein bil. Men me trødde og trødde, og snart nærma me oss grensa til Førde kommune.
   No lei det mot kveld, og sola steikte ikkje så heitt som før. Dessutan var det litt unnabakke ned mot Moskog, så sykkelen greidde seg stort sett sjølv, og eg fann ut at det var best å få på seg på overkroppen. Eg lirka laus skjorta frå bagasjebrette under fart, sleppte styret ein augneblink og prøvde å kle meg opp. No tenkte sykkelen som så at han skulle ta kontrollen sjølv og roe litt ned. Så han tok kursen utfor vegkanten, og mens eg enno baksa med skjorta, fann eg brått meg sjølv liggjande i veggrøfta med ein sykkel med knekt styre. Farten var moderat nett då, og eg fekk ikkje ei skramme.
   Nede ved krysset i Moskog stansa Kalle og venta. Han Reidar vart mistenkjeleg langt bak, tykte han. Men der kom felagen hans susande med eine handa på den friske halvdelen av styret og andre handa veiftande med resten høgt opp i lufta!
   Det var godt me snart var i Førde. Kalle såg løysingar før andre fekk snytt seg. Me kom oss inn på Førde Sport rett før stengjetid. Gutlarvane i Førde brukte å kjøpe racerstyre til syklane sine og bytte inn dei vanlege, gammaldagse. Godt for meg, for ein billeg penge var eg berga i ein fart. Klokka var seks, me hadde nådd Førde på under fire timar, opplevd dramatikk og løyst eit kinkig problem. Kalle kunne trille dei siste meterane heim, mens eg hadde eit godt stykke att.
   Så må eg tilstå at sykkelen og eg tok bussen opp dei bratte kleivane i Halbrendslia, men etter ei mils juks fullførte sykkelen og eg ferda på eiga hand. Endeleg kunne eg sykle inn på tunet i Flekke i halv titida, heilt uventa for dei heime.
   Snipp snapp snute! Eg hadde vel ikkje hugsa så mykje frå våren for femti år sidan viss Kalle og eg hadde vore mindre dumdristige. Men etter dette var både eg og  fleire ute på liknande ekspedisjonar. Utan å knekkje sykkelstyret.

søndag 6. mai 2012

FRIDOM, LIKSKAP, BRORSKAP

Denne bloggaren er framleis fransklærar og lyt nesten kommentere det franske valet. Aller først: Gratulerer, herr Hollande, du greidde det! Franskmennene og franskkvinnene fekk ein såkalla sosialistisk president etter sytten års høgreorienterte leiarar. Jubelen er stor på Bastilleplassen, og festen skal vare til langt uti morgontimane.
   Dei laga eit flott slagord i revolusjonen på slutten av syttenhundretalet. Rett nok fekk ikkje systrene sin rettkomne plass, det fekk rekke med brorskap. No slit både fransk og tysk med det problemet at dei ikkje har noko vanleg brukt ord for sysken. Då kunne det ha heitt syskenskap. Å gaule slagordet med både fraternité og sororité vart for tungvint, og dessutan var det framleis nokså utenkjeleg at jentene skulle vere likestilte med gutane.
   Men eg skulle altså kommentere presidentvalet. No har dei valt ein "Herr Normal" til president, seier franskmennene. Ein vanleg fyr utan dei store skandalane, utan det store jåleriet, utan dei frekke innfalla, ikkje særleg sjarmerande, men ein fornuftig og keisam fyr. Rett nok har han fiksa utsjånaden litt, farga håret og fått seg ny kjærast. Den gamle var presidentkandidat for fem år sidan, men ho tapte grundig for Sarkozy. I dag ser fleirtalet på helten den gongen som ein tulle- og jålebukk, og at Hollande vann, var like mykje eit nei til Sarkozy som eit "Leve sosialismen!"
   Endå eit blikk på slagordet i overskrifta. Franske presidentar er lite prega av idealet når det gjeld  livsstil og framtoning, og det gjeld både sosialistar og høgreorienterte. Ein av dei mest elitistiske presidentar landet har hatt i nyare tid, heitte Mitterrand.  Han oppførte seg som ein keisar, omgav seg med pomp og prakt og levde eit liv som ikkje minte mykje om vår norske Gerhardsen, for å dra eit døme. Men François Mitterrand kalla seg sosialist og vart vald som president då han var leiar for sosialistpartiet.
   Det er sytten år sidan han gjekk av, og franskmenn har ikkje gløymt han. Han var ein ærerik landsfader det stod glans av, høgt heva over sitt folk. Slik ein stil passar neppe den nye sosialistpresidenten, François. Trass i ein borgarleg bakgrunn frå ein pen heim og med pen utdanning, er han framleis "Herr Normal" ...

lørdag 5. mai 2012

SORGSAME MAI

Eg tek litt hardt i når eg formulerer overskrifta. Eg skal snart forklare grunnen.
   Men me har ikkje gode grunnar for å juble "Kom mai du skjønne milde," i dag då gradestokken så vidt har vore over null, og me hadde snø- og haglflager kring novene då me sat med frukostbordet. Likevel kan det ha vore verre då eg for 54 år sidan skreiv i skriveboka mi eit dikt med den bitre tittelen, eit kunstverk som eg tillèt meg å sitere in extenso:

Sorgsame mai (1958)
1) Og vi skal vera i mai no! Med regn og kulde, med hagl og sno. Ja, det kan sjå ut til å bli eit gasta år, når det kjem med ein slik vår. Ja, vi vestlendingar no for tida, må mangt og mykje lida.
2) Og syttande mai kjem vel med snø, og bjørkelauvet sprett vel ikkje meir enn i ein sjø. Ja, det kjem vel til å bli eit sværa ver, når syttand' mai er her. Ja vi vestlendingar no for tida, må mangt og mykje lida.

   Av ein eller annan grunn har ikkje den tolvårige lyrikaren stilt opp diktet i logiske verselinjer, som du ser. Prosodien haltar litt, og rimnauda syner seg. Men eg tykkjer bodskapen kjem tydeleg fram. Og når eg koplar i hop nokre glimt av minne og litt resonnement, kjem eg til at dette kan ha vore den syttandemaien eg omtalte i bloggen for eit par år sidan, ein nasjonaldag heime i Flekke utan eit grønt lauv bortsett frå pyntebuskene i og kring ungdomshuset.

   Så gale har me ikkje hatt det i år, trass alt. Allereie i april livna det i lundar og lauvast det i li. Og lat oss verdsetje det positive: Eg slepp slå plenlappane så ofte. Sniglane har knapt synt seg. Ugraset vantrivst. Og i dag har eg med godt samvit halde meg innandørs, og såleis fekk eg tid til å tapetsere ferdig entreéen.

fredag 27. april 2012

LA DERNIÈRE CLASSE

Eg sit og ser på elevane mine i fransk som har den siste heildagsprøva før eksamen, det som me i vår tid kalla for tentamen. Ikkje berre det: Eg er i ferd med å avvikle den siste heildagsprøva i lærarkarrieren min. Ungdommane sit no her og skriv, og nokre av jentene sutrar over at det er så kaldt i rommet. Begge vaktmeistrane våre er ute og rek, og alt er så automatisert at eg kan ikkje hjelpe dei. Jamvel om eg likar å skru.
   At elevane no sit og har si siste storprøve i fransk, trur eg ikkje dei tek så tungt. For ei veke sidan kom me heim frå Paris etter ein femdagars skuletur - orsak: ekskursjon - for både desse og ein del andre tredjeklassingar. To fransklærarar, begge med fruer, og ein formgjevingslærar var med og styrte ståket og synte omsorg for dei tjueto elevane. Me dreiv dei hardt om dagane, så om kvelden stupte dei utmødde til køys. På det viset slapp me sitje oppe halve natta med hjartebank for villfarne norske ungdommar. Vêret i Paris var svært heimsleg, regn, vind og åtte-ti grader. Det òg var bestilt; det vart ikkje så freistande for ungdommane å promenere på Pigalle og Montmartre på kveldstid. Me budde berre eit par hundre meter frå Moulin Rouge.
   Han som sit og skriv blogg, kjenner ikkje mykje vemod over at det (etter alt å dømme) er den siste heildagsprøva. Men tankane går til Daudets forteljing La dernière classe som stod i  alle franskbøker i gamle dagar. Kort sagt handla det om den siste timen med franskundervisning på ein skule i  Alsace etter at prøyssarane hadde erobra landsdelen i 1871 og innførte tysk som det einaste skulespråket. Halve bygda var samla i klasserommet, og stemninga var tung. At dette var eit gammalt tysk område der folk flest hadde og har tysk som talespråk, var ikkje vektlagt i forteljinga til Daudet. Sjølv var han frå Sør-Frankrike. Franskmennene hadde grabba til seg Alsace på sekstenhundretalet. Eg trur ikkje dei spurde om lov. Men det gjorde ikkje prøyssarane heller i 1870-71.
   Derimot har to fransklærarar, Karl Johan og eg, spurt om lov til å pensjonere oss til ferien. Og me skal ikkje kalle inn halve bygda til siste fransktimen.

fredag 6. april 2012

TOBAKKENS FORBANNINGAR


Sidan no bror min feirar tjuefemårsjubileum for røykjestoppen sin med å leite fram gammalt tobakksrusk og hengje ut brørne sine på feisbukk, tenkte eg som så at eg skal late meg inspirere av tematikken hans.
   Eg har før vore innom emnet eit par gonger i bloggane mine (  27.09.09 og   16.03 i år). Eg vart aldri så flink å røykje som brørne mine, men etter kvart vart eg ein habil fest- og ferierøykjar. Dette heldt eg fram med lenge etter at dei hadde kutta heilt ut. Når Anne og eg var på lange bilturar i det store utlandet før i tida, og me på slutten av ein hektisk og innhaldsrik dag etter ein del prøving og feiling hadde funne ein høveleg teltplass, parkert, sett opp teltet, pumpa opp luftmadrassane, fått ut campingbordet og -stolane, var det ei nyting utan like å opne ein ølboks og kveikje ein sigarett mens kveldssola helste oss velkomne til den nye og spennande staden.
   Tidleg i studietida vart eg så forkjust i ei langpipe som pipehandlar Sørensen på Torgalmenningen hadde i hylla si, at eg sneia litt av studielånet og kjøpte henne. Det var ei ekte Lillehammer-pipe frå Mesna pipefabrikk, så det var ikkje noko rusk. Midtstykket kunne med eit lett handgrep takast av etter ønske, men helst brukte eg henne i si fulle lengde i festlege stunder.
   Eg var som sagt for det meste ein fest- og ferierøykjar, mens ho som eg forlova meg med for 44 år og 4 dagar sidan, faktisk putla og røykte litt dagleg på den tida. Det tok slutt etter kvart, og ho utvikla seg til ein standhaftig motstandar av denne ekle gifta. Men før den tida tok ho som regel pipa frå meg når eg hadde fått god fyr, for smaken var så framifrå på denne langstrakte reiskapen. Til slutt forbarma Olemann seg over henne og kjøpte henne ei damepipe. Den var ikkje halvparten så god som Lillehammer-langpipa mi, men det hjelpte litt.
   For tre og eit halvt år sidan vart eg behandla for hjarteflimmer. Dei gav meg ei sprøyte så eg sovna og var vekke i ti minutt. I mellomtida gav dei meg støyt i bringa, og då eg vakna att, tikka hjartet like taktfast som stoveklokka vår, der ho heng på sørveggen. Eg treng ikkje eingong dra det opp kvar veke, slik eg må med klokka. Etter behandlinga spurde eg ein gammal dokter som sjekka meg: "Eg veit kva du bør svare, men eg spør likevel: Gjer det noko for hjartet om eg tek ein røyk eller to i godt lag?" Han riste på hovudet og sa nei.
   Likevel slutta eg med fest- og ferierøykinga òg. Men pipa vil eg ikkje hive enno. Lillehammer-pipene har sikkert samlarverdi etter kvart.
  

lørdag 31. mars 2012

RESIRKULERING

Det kan godt ha hendt same sommaren som då Jan Harald og eg stal novabåten. Me utforska verda høgt og lågt, til dømes løa vår. Der låg det ein del tomme kraftfôrsekker og haugevis med  merkelappar som hadde tent sin funksjon, men som såg heilt fine ut. Det var no for gale om dei skulle verte kasta eller brende, tenkte me, kanskje me kunne levere dei inn og få pengar for dei? Nett det med pengar var noko me hadde lite av. Me var ikkje så dumme at me ikkje forstod at det gjekk an å byte pengar mot snop. Og snop var godt. Eller brus? Det var endå betre.
   Me plukka og plukka, og snart hadde me lommane fulle med merkelappar frå kraftforsekkene. Så gjekk me på Odd-butikken og gjorde oss viktige. Kor mykje kosta ein slik merkelapp? "Fem øre, kanskje...," rusa Odd handelsmann i farten.  Me såg for oss rikdommen kome sildrande over oss, me klemde fast om dei verdfulle lappane og  kjende snev av sjokoladesmak i munnen.
   Men Odd'n  hadde det travelt og vørde oss knapt. Ville han ikkje snart telje lappane og opne kassaapparatet for oss?  I hylla bak låg det haugar med karameller og sjokolade, i kassen borte ved veggen bogna det av brunt kandissukker på snøre, og me skimta brusflaskene inne i  bakrommet.
   Me gjekk der og knika og keik, men fekk etter kvart forståing for at det ikkje vart nokon handel likevel. Om han Odd sa det til oss direkte, eller om me kom oss til sannheits erkjennelse av oss sjølve, hugsar eg ikkje
   Eg trur ikkje ein gong me hadde lappane med oss då me rusla heim, like fattige som då me kom.

fredag 30. mars 2012

MI KRIMINELLE FORTID

I mine tidlege barneår kom familien Pedersen frå by'n på sommarferie og installerte seg i gamlestova vår. Mora var syskenbarnet til mamma, og dei hadde tre små ungar. Den eldste heitte Jan Harald og var nesten jamgammal med meg, om lag eitt år yngre.  Dermed hadde eg leikekamerat ei veke eller to, og me brukte tida godt.  Eg var van med sterk sosial kontroll frå to eldre brør, men no vart eg sjefen. Dette handlar om ein vågal ekspedisjon ein fager sommardag då eg var sju år og Jan Harald seks.
   For eit par år sidan skreiv eg nokre stykke om herr og fru Noven, som nyleg var flytte til Flekke og hadde ein robåt som låg og duva i stranda. Eg hadde vore i robåt før og visste alt om korleis ei slik skute kunne handterast. Dessutan var eg stor gut, skulle begynne på skulen om eit par-tre veker. Me løyste tauet, kom oss om bord, fiksa ilen og fekk årane ut. Så byrja ferda, Jan Harald i skuten og eg ved årane. Sola blenkte, det glitra i krusingane, måsane song og me var lukkelege.
   Heilt til me høyrde eit vræl inne i stranda. Resten av familien Pedersen skulle ha seg ein dukkert i det lunka vatnet og hadde fått auge på piratane. Eg trur at bror Steinar var med dei òg. Så då var det berre å kare seg inn att.  Det var fort gjort, me var dessverre (ok, heldigvis, då ...) berre komne nokre få meter frå land.
   No gjekk det opp for oss at me var på ville og ulovlege vegar. Det er sikkert einaste gongen eg såg Harald Pedersen verkeleg bøs. Jan Harald sutra og orsaka oss: "Men Reidar er jo så flink å ro." Sjølv la eg på sprang og gøymde meg.
   Ei stund seinare fann papen og mellomstebror Steinar meg sovande i høystålet. Papen smilte då eg vakna.

tirsdag 27. mars 2012

BLÅTANN

"Varför man valde namnet Bluetooth var för att forskarne bakom denna tekniska framgång hade ett intresse för medeltiden, speciellt för dess vikingar och kungar. Vikingen kung Harald Blåtand enade Norge och Danmark och var känd som en stor talare och duktig att få människor att enas och prata med varandra. Just därför valde forskarna att använda hans namn och direktöversatte Blåtand till "Bluetooth". Vad som länkar ihop denna gamla vikingakungen med dagens moderna teknik mer är att själva symbolen för bluetooth är en runa."   Dette seier den svenske wikipediaen. Så då det svenske Ericsson utvikla blåtannteknologien som gjer at me enkelt og lett kan flytte data trådlaust, gjekk dei til Jelling i Danmark, grov fram minnet om den  gamle kongen som ligg der og svalgde rått sjølvskrytet hans på Jellingsteinen.
   Lenge før Bluetooth-teknologien dukka opp, dukka det opp ei blå tann i kjeften min. Ei mjølketann som sikkert hadde fått seg ein kakk og tok ein tydeleg blåfarge. Ikkje berre det: Det var ei  framtann i  øvste rekkja, så ho vart godt synleg. Men så begynte det å vekse opp ei ny tann bakom blåtanna. Då den kom til syne, tenkte nok dei omsorgsfulle foreldra mine at det var best å få blåtanna vekk, slik at den nye tanna kunne få gode vokstervilkår, og at yngsteguten deira ikkje vart gåande livet ut med skeive framtenner. Turen gjekk til Dale og opp til doktor Østby, som henta fram ei  stor, blank tang, lirka  litt i blåtanna slik at ho losna, og den nye tanna kom tydeleg fram i dagen.
   Ho heng der enno, nøyaktig på rett plass attmed nabotanna.

onsdag 21. mars 2012

FRU GARMIN

Me var til Haugesund i går att, Anne og eg. Der har Helse Fonna sin maktbase med kommandosentral, operasjonsrom og sjefsstab. Med i bilen hadde me Garmin-navigatoren vår. Ut or den kjem det ei myndig kvinnerøyst, så me kallar dama for fru Garmin.
   Me treng ikkje nett ha med apparaturet for å finne vegen til Haugesund. Men det er greitt å sjå kva tid me er framme, for det er dingsen flink til å opplyse om. Når me rullar i land i Skånevik, står det på skjermen at me er framme klokka då og då, og dette stemmer til vanleg godt.
   Derimot rotar fru Garmin ein del når ho skal dirigere oss. Då me trilla ned på ferjekaia på Utåker, ville ho ha oss til å svinge til høgre og om bord i ferja. For det første laut me svinge litt til venstre for å finne rett ferjefil, og dessutan var ferja framleis berre midtfjords. Det skulle ha teke seg ut om me hadde lystra.
   På heimvegen begynte ho å geberde seg då me passerte krysset mot Utbjoa. Ho ville absolutt ha oss til å køyre dit og ta ferja til Sydnes. Det kunne me ha gjort, men då hadde me måtta vente halvannan time på kaia. Då me passerte krysset, vart ho heilt ifrå seg og ville ha oss til å snu. Me var nesten komne til Ølen før ho roa seg og foreslo at me likså godt kunne køyre til Skånevik.
   For snart to år sidan tok me fru Garmin med på langtur i Europa, og det må seiast at ho gjorde ofte ein bra jobb. Men det hende seg at ho svikta. Som då me nærma oss Dresden, og det var anleggsarbeid og Umleitung på motorvegen. Truleg oversåg me eit skilt, og me hamna ute på småvegar på landsbygda i det som før heitte DDR. Det er rein overtru at alle vegar i Tyskland er så flotte. Fru Garmin kava og ville ha oss tilbake på den stengde Autobahn. Me gjorde fleire forsøk på å køyre litt på måfå i von om å finne eit skilt som kunne gje oss hjelp. Fru Garmin stod på sitt. Til slutt laut det store Tyskland-kartet fram, me sikta oss inn på ein småby eit stykke lenger framme, og då me kom dit, hadde fru Garmin teke til fornuft og foreslo ei fornuftig løysing fram til campingplassen utanfor Dresden.
   Dagen etter imponerte ho meg. Me var innom ein liten filleby på vår veg mot sør og vest etter den bedårande vakre Dresden. Her var det korte, tronge gater, men fru Garmin losa oss trygt igjennom, gate for gate, kryss for kryss. Der må ho ha vore før, tenkjer eg. Der var ho lommekjend.
   Men du skal høyre henne når me skal til det nye ferjestøet på Årsnes, og me passerer det gamle på Løfallstrand.

fredag 16. mars 2012

SØRGJELEG SESONGDEBUT


Det handlar om sjømat. Skuta Sofie Karoline har dessverre lege gjerandslaus i hamna i månadsvis. Men i går kveld henta eg garna i naustet, løyste båten, drog i startsnora og opplevde at motoren starta utan protestar. Eit garn kom i sjøen, dei andre to hadde vasa seg i hop og får vente til ein annan gong. I dag tidleg drog eg opp garnet. Heilt tomt. Ikkje så mykje som ei sjøstjerne. Men pytt! Meininga var å hente ein heilt annan og svært så delikat matrett etter garntrekkinga.
   Blåskjel er nokon forunderlege dyr. Eg trur ikkje dei er så dumme som dei ser ut til. I årevis kunne eg berre gå ned i stranda vår og på berga rett nedanfor heimen og hauste eit drusteleg kveldsmåltid på under halvtimen. I fjor og i år har det nesten ingen ting vore å sjå. Ikkje eingong den talrike flokken med småskjel som klamra seg fast nedanfor stupebrettet, er der lenger. Eg trur dei har rømt. Ryktet om farlege blåskjeletarar har spreidd seg langs stranda, og så har dei søkt ei tryggare hamn ein annan stad i fjorden.
   Det har ikkje dei flotte koloniane med storvaksne, lekre skjel ute med Kolsøya. Der kryr det av desse hardhuda dyra, der kan eg berre ta. Båten og eg sette kursen mot sør, og berre sjå kva me kom heim med etter ei kort økt der ute.
   Men så var det ei sak, då. Dei siste vekene har det kome positive blåskjelvarsel frå Sydnessund, som ligg rett på i hi sida av Halsnøy: Kan spise skjell!  Slik kunngjorde blåskjelvarselet på tekst-TV side 697 då eg i dag drog til sjøs, rett nok i påvente av nytt varsel i dag. For ordens skuld sjekka eg det nye varselet i kveld då eg skulle til å stelle maten. Og korleis lydde bodskapen frå Sydnessund no?  Ikke spis skjell!
   No står fangsten i bøtta nede i kjellarhalsen og lengtar mot havet.
  

onsdag 14. mars 2012

MOCHTEZUMAS HEMN

Eg sit og rettar historieprøver og er på det viset midt inne i ei slik stode som eg skildra for to dagar sidan. Men som eg skreiv, retting og blogging skal ikkje vare lenger enn til midnatt, maksimum.
   Det handlar mellom anna om koloniseringa av Amerika for fem hundre år sidan. Elevane skriv om likt og ulikt. Somme skriv om lag som når eg ein hende gong kjem til eit overdådig kaldtbord, eg plukkar på måfå litt her, litt der, og før eg veit av det, er eg mett og ferdig. Då ser eg kanskje både ein og to retter som eg absolutt skulle ha forska ut.
   Men dei fleste elevane har lagt merke til dei grimme herjingane til dei spanske conquistadorane, til dømes då dei fekk has på aztekarhovdingen Mochtezuma og øydela den overdådig vakre hovudstaden som låg der Mexico by voks fram etter kvart.
   Indianarane hadde ein skikk og eit nytingsmiddel som var ukjent for europearane. Dei drog til seg røyk frå eit innturka bladverk, ein røyk med ei særprega lukt og ein tiltalande smak. Dei neste hundreåra anla europearane tobakksplantasjar over uendelege vidder i både den gamle og den nye verda. Industrien produserte millionar av snadder og milliardar av sigarettar og skubba på forbruket med utspekulert reklame. ("Ja, nå røker også jeg Teddy, alle manns venn.")
   Sidan klokka nærmar seg midnatt, får eg kome til konklusjonane. Ettrer kvart vart det meir og meir tydeleg at millionar av menneske pådrog seg sjukdom og død takka vere den fredsæle indianarvara. Folketapet i indianarlanda på femtenhundretalet var skremmande stort på grunn av den europeiske invasjonen. Kanskje førti-femti millionar. Men somme granskarar seier at det har døydd fleire menneske av tobakk kring om i verda berre dei siste hundre åra.
   Mochtezumas hemn.
 

tirsdag 13. mars 2012

VÅTT BADEGOLV

Har du nokon gong vore på eit hotell der du slepp at vatnet renn ut frå dusjen og utover heile badegolvet? Vel, det har nok hendt. Men hovudinntrykket er at dei som innreier hotellbad, ikkje har noka god oppskrift for å gå klar problemet.
   Som hotell Neptun i Haugesund, der me av ymse grunnar budde ei natt i førre veke, Anne og eg. Rommet var passeleg stort, koseleg og lunt, badet likeså. Men dusjen var altså ei slags glasboble i hjørnet på baderommet der den ovale veggen kunne skiljast i to og dragast ut til kvar side. Inn der kunne me smette, dusje oss reine, og så ut att til turking og påkleding. Desse to dørene - eller kva eg skal kalle dei - hadde jamvel ein pakning mot golvet som skulle hindre vatnet frå å sive ut. Det heldt ikkje heilt, og då eg ville ut att, laut eg sjølvsagt opne dørene slik at resten av vatnet fossa ut. Rett nok stod der ein løvangskost så eg kunne skubbe mesteparten av vatnet inn att i dusjen, men likevel klaga Anne over at det var vått på badegolvet då ho skulle inn og pynte seg før me gjekk i frukostsalen. Frukosten var forresten god, og det var god plass i matsalen.
   Eg vil på ingen måte hengje ut hotell Neptun i Haugesund. Våte badegolv og verre tilhøve enn det eg har skildra, har eg støytt på mange gonger på mine hotellopphald. Ja, jamvel i pyntelege, private heimar eksisterer problemet.
   Då me innreidde kjellarbadet vårt, bestemte eg meg for å lage eit fysisk skilje mellom inste delen av rommet der dusjen heng, og resten av det knøttvesle badet. Då me støypte golvet, konstrurerte eg ein liten kant, om lag sju-åtte centimeter høg og tilsvarande brei. Røyrleggjaren vår riste på hovudet. Dette kom nok ikkje til å halde, fortalde han. Vatn er ei utruleg lei sak. Det finn seg gangar og hol der ingen skulle tru, trengjer inn over alt, og før du veit av det, er kanten din laus. Meinte røyrleggjaren.
   Men framleis, etter tjueåtte år, ligg kanten der og møter vatnet frå dusjen, så eg kan gå turrføtt omkring på den vesle golvflekken utanfor. Så sant eg har dusjforhenget skikkeleg på plass, då.
   Eg skal lage ein hotellgaid der etablissement skal få ei ekstra stjerne viss dei har bad der du slepp væte ut heile golvet når du tek deg ein aldri så liten dusj.

mandag 12. mars 2012

Å LOVE BOT OG BETRING

Du har heilt rett i at det har vore puslete med innlegg frå meg i det siste. Eg har ikkje gode unnskyldningar. Tvert imot, eg har hatt god tid til skriveri, jamvel om eg har vore litt ute og reist i det siste. Nei, eg har verken vore i Paris eller på Kanariøyane, berre til Austevoll, Trondheim og Haugesund.
   No skal eg love å skrive oftare ei stund framover. Når eg lovar slikt, brukar eg å halde det. Dette knepet har eg stundom brukt som lærar når eg tek til å skjemmast over seindrektig retting. Viss prøvebunken har lege for lenge og elevane masar, lovar eg dei at "i  morgon den dag er eg ferdig, då skal de få att makkverka dykkar!" Og når dette er sagt, kan eg ikkje for skams skuld late vere å få rettearbeidet unna.
   I gamle dagar, lat oss seie i førre tusenåret, hende det at eg sat til klokka var både tre og halv fire og retta stilar. Det var stilt i huset, mørkt ute, kaffi på kanna, og arbeidet gleid sakte, men sikkert unna. Når eg omsider la meg og visste at eg kunne halde lovnaden, kjende eg ei intens lukke i heile kroppen. Trass i svevnmangel. Neste dag kunne eg med godt samvit unne meg ei lang middagskvild.
   Slike nattlege bravadar har det vorte lite av dei siste åra. Men så har eg ikkje  undervist i norsk på nokre år, og eg har vorte flinkare til å kome meg i gang med bunkane før dei tek til å mygle, der dei ligg.
   Når det gjeld blogging, hender det framleis at eg sit og skriv mens klokka går mot midnatt. Der ein stad går grensa. Og no når eg har lova å verte flittigare, må eg altså leve opp til lovnaden.
  Om det så vert seine kvelden.

fredag 24. februar 2012

MORMONS BOK

Amerikanarane kan få ein presidentkandidat som er mormonar. Mitt Romney er ein søkkrik forretningsmann og vil bruke ein del av pengane sine i valkampar: Først vil han stå på for å verte kandidaten til republikanarane, dernest ta kampen opp mot Obama til hausten og kanskje få det ærefulle kvite huset i  Washington som bustad nokre år.
   Slik det ser ut no, har han gode sjansar til å nå det første målet. Det andre vert verre. Men du skal aldri seie aldri når det gjeld amerikansk politikk. Viss du hadde våga pengar på Obama for godt fire år sidan, hadde du sopt inn ein pen gevinst.
   Hadde Mitt dukka opp med meiningane sine i ein norsk valkamp, ville jamvel Frp ha rygga litt. I dei konservative krinsane i USA er han likevel sett på som ein radikal fusentast. I tillegg har han ein tvilsam religion. Men i motsetning til enkelte republikanarar snakkar han ikkje så mykje om kva han trur på. Han er i det heile ein høfleg og danna type som dei superkonservative synest er altfor kjedeleg. Rik og glatt. Då er det noko anna med råskinnet med det vanskelege namnet Newt Gingrich (håpar det vart rett), ein ubehøvla horebukk og flåkjeft som får sjølvaste C.I. Hagen til å framstå som ein sundagsskulegut. I motsetning til mormonaren Romney har han hatt opptil fleire fruer og sikkert like mange elskarinner. Mormonarane meiner som kjent at Gud synest det er greitt med fleirkoneri. Men det er Mitt og ikkje Newt som er mormonar.
   Republikanarane har fleire eksentriske kandidatar, og han som for tida er mest i vinden, er den fanatiske bibelfundamentalisten Rick Santorum, ei slags krysning av Finn Jarle Sæle og Børre Knudsen. I desse dagar leier han over Romney på meiningsmålingane. Enn så lenge. Men ekspertane trur at det er mormonaren Mitt som er den einaste som kan slå Obana i det endelege oppgjeret.
   Religionen til mormonarane er eit underleg ihopekok. For om lag 180 år sidan skreiv amerikanaren Smith ei tjukk bok og påstod at ho var omsett frå eit oldtidsspråk og skrive på gamle gulltavler som ein engel skaffa han. Boka handlar om eit samfunn på austkysten av dagens USA for eit par tusen år sidan og var etterkomarar av ein  utvandra stamme frå Jødeland. På mirakuløs vis hadde dei hamna i "God's own country" der mellom anna Jesus stakk innom rett etter døden og oppstoda, før han slo seg ned for godt i himmelen. Engelen sytte for at gulltavlene forsvann så snart Joseph Smith hadde omsett stoffet til gangbar engelsk: Mormons bok.
   Mens eg studerte i Bergen, vart eg ein dag hukka av eit par venlege ungdomar som ville selje meg Mormons bok i norsk utgåve. Prisen var latterleg låg, og eg slo til. Eg hadde framleis bra plass i bokhylla mi. "Men du må be Gud om å hjelpe deg til å forstå teksten skikkeleg når du les,"  sa dei velmeinande ungdommane.
   Eg hadde så nær spurt om boka var så dårleg skriven at det var nødvendig  med hjelp ovanfrå. Men det sa eg ikkje, eg takka og bukka.
  Boka har kvite permar, og eg tok ho fram og bladde litt i henne her om dagen. Eg treng tydelegvis guddommeleg hjelp for å få utbyte av lesinga. Likevel tykkjer eg at Mitt Romney er den einaste tilnærma normale kandidaten på republikansk side.

tirsdag 21. februar 2012

DEN SØRGJELEGE SOGA OM POSTKASSEN TIL RAGNAR HOVLAND

Me har hatt kulturfestival her i Kvinnherad, og eitt av innslaga var bokbad med forfattaren Ragnar Hovland.  Det første han spurde meg om då me treftest, var om eg hadde noko nytt å melde om den forsvunne postkassen hans.
   Då Sabine og Ragnar bygde seg hus og flytte inn her på berget for om lag tjueåtte år sidan, skaffa dei seg eigen postkasse, dei  til liks med oss andre. Ein pen, grøn og stor postkasse som kunne hyse tjukke manus i  retur. Etter nokre få år flytte Ragnar ut, og Sabine ikkje lenge etter. Huset vart selt, og nye eigarar flytte inn. Men postkassen til Sabine og Ragnar hang att, påskriven med store blokkbokstavar: HOVLAND. I mange og lange år hang han der, til åte for rev og ramn, som eigaren nyleg uttrykte det i eit  avisinnlegg om saka.
   Åra gjekk, og eg la merke til at postkassen etter kvart var smikkfull av reklame, hadde fått stygge bulkar og hang lite grann skeivt. Difor varsla  eg eigaren om den vanskjøtta postkassen og åtvara mot Posttjuven. Han som herja i Todalen på femtitalet, vart sett bak lås og slå med god hjelp frå Vangsgutane etter at han prøvde å stele ein hest på marknad i Trondheim, men som sikkert har sona straffa og kanskje er på frifot att.
   For om lag fem år sidan var Ragnar og kompani i Kvinnherad på turne med Vestlandsrevyen   (ikkje NRK sin, men ein ekte vaserevy med fem lystige vestlendingar). Ragnar gaida dei rundt i bygda, og sjølvsagt var dei på Eikelandsberget, såg  huset som Ragnar bygde i sine velmaktsdagar, og hadde ei stille stund med fotografering ved postkassen hans, som framleis hang på postkassestativet. På scena i kulturhuset same kvelden handla eitt av nummera om det grøne klenodiet, som ifølgje Halvor Folgerø no var kome inn på Unescos verdsarvliste.
   Så langt, så bra. Men ikkje lenge etter var kassen vekke. Ikkje å sjå. Eg varsla Ragnar per elektronisk  brev, og han tok det sjølvsagt tungt. To gonger har han teke opp saka i Innside-spaltene sine i Dag og Tid, siste gongen jamvel med bilete (DoT nr. 4, 27.1.2012). Det var såleis ikkje å undrast at han i spent forventning og blank i blikket spurde meg om eg hadde funne ut meir. Eg sa som sant var, at eg var på sporet.
   Sidan det har eg ikkje lege på latsida. Og no veit eg korleis det gjekk med postkassen til Sabine og Ragnar.  Nei, det var ikkje Posttjuven frå Nordmøre.

fredag 3. februar 2012

KJÆRE TANTE MÅLFRID: TIL LUKKE MED DAGEN!

 1964: Onkel Anders og tante Målfrid kjem heim til oss i juleselskap 


I dag fyller ho nitti år. Denne tanta som eg ikkje er i slekt med reint biologisk, men som gifte seg med onkel Anders det året  eg vart fødd.
   Ein gong sa eg til henne at ho hadde vore minst like mykje tante for meg som systrene til pappa og mamma.
"Ja, eg sku vel meine da!" sa ho.. "Eg he vaska doke i ræva alle i hop, både deg og  syskena dine!" I den flotte heimen din har eg vore høgt og lågt og gjort mykje ugagn opp gjennom åra. Viss eg ikkje har  uttrykt mi takksemd for tantegjerninga di før, gjer eg det no!
   Til lukke med dagen, tante Målfrid!



onsdag 1. februar 2012

ULOVLEG SKIPSLAST

Dette skal òg handle om livet på bryggja i Flekke, men om noko som skilde seg litt ut. På realskulen til Oddleif Fagerheim i Dale kom det elevar frå alle kantar av landet, i alle fall frå dei større byane. Der gjekk dei under strengt oppsyn, og respekten for "Liffen" - kjælenamnet dei  hadde på skuleeigaren - var sterk og ekte. På si side hadde Oddleifen og fru Thora klare og greie reglar og rutinar. Ei av ordningane var at jentene og gutane ikkje skulle reise i lag når dei drog på ferie. For mange av dei byrja ferien med ein tur til Bergen, anten fordi dei kom frå by'n, eller fordi dei skulle vidare derifrå. Så denne gongen eg no skal utdjupe, skulle jentene ta bussen til Leirvik eller Lavik og sognebåten derifrå til Bergen, mens gutane vart sende med dalsfjordbåten.
   Dermed kom dampen sigande til kai i Flekke ein vakker sundag fullasta med vevangelevar som skulle på ferie. Eg undrast på om det kunne vere påskeferie eller sommarferie. Nok om det, her kom det i land både gutar og jenter som hadde gått på båten i Dale! Dei var blide og omgjengelege, helste på flekkingane, fekk ei rask orientering om bygda, ein tur på Flekke kafé og ein prat med skulekameratar frå Flekke. Blant dei var eldste bror min, Arne, som no fekk høve til å presentere minstebroren sin for klassevenene sine.
   Brått kom det ein bil trillande, og ut skreid sjølvaste Oddleif Fagerheim! "Hjelp! Liffen kommer!" skreik dei, og jentene (trur eg) som etter opplegget frå skulestyraren ikkje skulle vere med båten, fauk over landgangen og gøymde seg om bord. Men eit par stykke vart for seine, eg tippar dei sat på kafeen. Dei gøymde seg i busk og kratt ovanfor kaia. Stoda var håplaus. Ikkje kunne dei gå om bord utan å verte oppdaga, og ikkje kunne dei verte att i bygda.
   Oddleif prata jovialt med guteelevane og med bygdefolket, og tykte nok at opplegget hans funka flott. Bak i buskane var det derimot full krise. Men eit par av gutane som hadde mest omsorg for dei ulukkelege jentene, klekka ut ein idé. Dei vende seg til bror min, som var lommekjend både på og kring kaia.  "Du Arne, du må knabbe en båt og ro jentene over på utsiden av rutebåten."  Bror Arne, vel oppseda og rettskaffen, vreid seg: "Eg ha'kje lyst å knabbe noken båt," kvinka han. Men etter eit par rundar med seg sjølv fann han ei råd. Ein robåt vart løyst, jentene kom seg om bord og la seg flate på tiljene i trygg avstand frå utsikta frå bryggja, og båten lurte seg rundt og til hi sida av dampen der hjelpsame gutehender drog jentene om bord.
   Alle var nøgde; ferien var der, dampen fekk ei røys med passasjerar, vevangelevane fekk kose seg i lag utan strenge lærarblikk, Oddleifen kunne dra heim og skryte av opplegget, Arne  fekk båten pent på plass og var dagens helt, og me som var vitne til spelet, vart ei oppleving rikare.