Dei som måtte leite etter blogginnslag frå meg i sommar, har leita til fånyttes sidan tidleg i juli. Eg tykkjer det er rett og rimeleg at også ein bloggar skal ha nokre vekers sommarferie. No har det slett ikkje vore utevêr heile denne perioden med bloggtørke. Me har ikkje hatt mange dagar utan ein og annan vasskvett. Såleis skulle det nok ha vore både tid og høve til nokre stunder med datamaskina.
Men no er eg altså i gang att. Så berre ta deg ein tur innom i dagane som kjem, viss du gidd. I morgon er det skuledag, den første etter ferien. Rett nok berre for oss som hevar løn der borte, elevane kjem ikkje før onsdag. Etter alle solemerke vert dette eit merkeår, for eg reknar med at det er mitt siste som lærar. Rune (eldste son min) var innom temaet her i sommar, og kommenterte slik: "Ja, men då er du jo russ i år, pappa. Du skal vel berre går rundt og drive med jævelskap på skulen då!" Det var ein fortreffeleg idé som eg skal ha i mente. Spørst kva farge eg ska ha på hua.
Her ein dag trefte eg ein tidlegare elev, som no er vorten ei flott, ung dame. Eg nemnde at det sikkert vart siste året mitt i jobb. "For noko tull, Reidar, du har vel knapt bikka dei femti, du!" Eg såg på det ertande fliret at ho spøkte. Men eg er lett mottakeleg for smiger, så eg takka og bukka for den kommentaren og lest som eg var einig.
søndag 14. august 2011
mandag 4. juli 2011
SKALDYR OG ENGLAR
I går kom garna omsider i sjøen, og i dag var eg ikkje lite fornøgd då eg trekte dei. Opp kom det to pene torskar, to gilde lyrar og ein halvstor pal. Og så ein liten hokrabbe, ei lita kvige, kunne me kanskje kalle dyret.
Men aller mest nøgd var eg med at det ikkje kom ein stor, fin hummar opp or djupet. For då hadde me hatt det gåande. Ein svart og ein kvit engel på kvar si skulder, med hissige og gode råd til den arme fiskaren. Den svarte hadde nok forkynt at eg måtte ta hummaren med heim. "No var du heldig, Reidar, ikkje hiv han ut att i, tenk ikkje på at dette er på kanten av lova, hugs kor herleg han vil smake med eit ørlite glas kvitvin attåt!" Og så hadde han masa og gnålt om at alle andre gjer det same, fiskar hummar i tide og utide, både i garn og teiner og på feil årstid, at det ikkje er min feil at han rotar seg inn i trollgarnet, at det er rikeleg att i sjøen, og så vidare.
Den kvite engelen på hi skuldra ville ha appellert til min naturvernsans og den lovlydige sida mi. "Ikkje lat deg freiste av den gode smaken og utsikter til kvit vin. Ta med deg fiskane og krabben og ver nøgd med dei. Ei sak er at det er ulovleg og straffbart å ta hummaren heim. Ei vel så viktig sak er at det er ein utryddingstruga art. Tenk på artsmangfaldet, hiv hummaren ut att med ein gong!"
Nei, eg er så glad at eg slapp få svarte skaldyr i garna. Det var nok fugleskrik av all måsen som kringsette båten, om ikkje desse to svære vengebeista skulle ha kome òg. Middagen vart ei gastronomisk lukke, Anne fekk begge torskehaua, me kokte fiskelever og den største torsken, ein raud, fin ein, og me åt til me vart sløra i blikket. Me kokte kraft av skinnet, hauet, beina og uggane på palen, filetane åt me til kvelds, krafta skal verte fiskesuppe i morgon. Dei andre fiskane ligg i frysen.
Og den vesle krabbekviga? Ikkje heilt tom, nok til kvar si skive med litt sitronsaft og majones. Nei, det vart ikkje kvitvin, berre eplejus.

søndag 3. juli 2011
FERIEFEST OG VÊRVARSEL
Kva gjorde me når me ville vite om vêret før Yr, før dataalderen, før internett? Tja, me kunne slå på radioen, vente til kvelden når Trægde kom dansande inn i tv-ruta, eller me kunne faktisk ringje til Vêrvarslinga på Vestlandet.
For ein mannsalder sidan, trettiein år, tek eg ikkje feil, ville me ha ein skikkeleg sommarfest då skuleåret var slutt. Jon og eg finsnakka med presteenkja Lisen Sande, som var lærar på skulen vår den gongen. Ho budde nede i ei idyllisk vik i Valo med strandlinje og greier, passeleg langt frå innpåslitne grannar. Om me kunne låne stranda hennar til fest?
Lisen drog no på det, men gav oss lov. Me planla å leggje ut eit dansegolv, noko som byggfaglærarane meinte me skulle få til med forskalingsflakane dei hadde liggjande. Så då var det berre dugnadsånd, feststemning og velvillige vêrgudar som laut til.
Då dagen kom, siste skuledagen før ferien, var det regn i lufta, men bra temperatur. Vêrmeldinga om morgonen i radioen var ikkje så oppløftande, men heller ikkje direkte skremmande. Då ringde me til Vêrvarslinga på Vestlandet. Dei kremta og viste velvilje. Det var utrygt for enkelte regnbyger, men truleg lange periodar med opphaldsvêr. Før skuledagen var slutt, ringde me ein gong til. Nei, utsiktene var iallfall ikkje verre enn før på dagen, men dei torde ikkje love oss opphald heile kvelden. Om Valen var særskilt utsett for bygene? Tjaaaa..., me kunne risikere at alle bygene kom i Valo, men det kunne likså godt hende at me ikkje fekk ein drope på oss.
Festnemnda valde å satse på det siste. Om ettermiddagen transporterte me flakar og plank, og etter litt spikring og styr kom danseflaken på plass. Musikken skulle vel låte frå ein stor kassettspelar, vil eg tru, og resten fekk folk syte for sjølve.
Til fastsett tid begynte det å aule med folk i stranda, med grillar, stolar, campingbord og digre sekker med proviant og utanpåklede av ymse slag. Tunge skyer kvilte over Gongstø. Og nett då kom regnet. Me hadde lova Lisen at det ikkje kom på tale å leggje beslag på husrom hos henne, men no tykte ho synd i oss og jaga oss under tak i den vakre, gamle storstova si. Stemninga var spent.
Men etter eit kvarters tid tok regnet slutt, og me labba i stranda, ein smule molefonkne. Og kva så? Det kom ikkje ein regndrope heile natta, festen vart ein knallsuksess som det framleis går gjetord om, og Lisen var nok lukkeleg over at ho slapp så lett. Ho strålte som ei sol dagen etter då me var og rydda og rigga ned dansegolvet.
Så spørst det viss det var Yr.no som skulle ha gitt oss råd om vêret den kvelden. Kanskje me hadde avlyst heile greia? Eller kan det tenkjast at vêret hadde vorte skikkeleg grapse?

lørdag 2. juli 2011
YR.NO
Ja, no er det yr ute. Difor må eg få uttrykkje min harme over den nettstaden eg hatar mest, men elskar å vitje: Yr.no. Gong på gong har me vore innom denne såkalla vêrvarslinga når me har ein utanlandstur eller ei hyggjestund her heime på programmet. Me vil så gjerne ha godt og lagleg vêr til slike evenement. Då begynner me ti dagar i forvegen å sjå på Yr, om me får godvêr eller dritvêr.
Eg trur det er ein regel utan unntak at dei velvyrde vêrprofetane våre endrar prognosane frå dag til dag, ja, stundom frå time til time. Ein gong då me skulle til Berlin, byrja dei med å varsle sol og vår, men dagen etter spådde dei regn og ruskevêr. Slik dreiv dei og leika seg frå dag til dag med varierande utsikter. No kan eg leggje til at vêret vart bra nok på den turen, litt kaldt, men godt byvandringsvêr. Det var den gongen, og eg nektar å gje Meteorologisk institutt æra for det vêret me fekk til slutt.
Så har eg lyst å nemne molofesten, som eg skreiv om for tre veker sidan. Me sikra oss rett nok mot regn, takk og pris, me reiste eit rammeverk av bord- og plankerestar og spente over ein diger presenning. Der plasserte me stolar og bord med festmaten. Men det var på nippet at eg fekk nemnda til å avbryte anleggsarbeidet, for Yr.no melde same dagen heil sol og stille vêr til kvelden. Det gjorde dei jamvel om ettermiddagen rett før festen skulle opnast. Men me var knapt komne i gang med snorklypping og taler før dei første dropane klaska i presenningen, og utetter kvelden avløyste den eine regnbyga den andre.
Kva med dagen i dag? Eg tasta inn Yr.no og vêret på Valen i Kvinnherad. Jau, på timevarselet i føremiddag spådde dei god temperatur, vindstille og skya opphaldsvêr utover kvelden. Grilling og vin! Me har nesten ikkje hatt grillkveldar og lange laurdagskveldar på terrassen i år. Yngste sonen er heime, og kva er betre enn at me gamle foreldre og han sit ute i julinatta med ettersmaken av steikt kamskjel og grilla entrecôte i munnhòla og litt god vin i glasa? Ideen fekk allmenn oppslutnad, og er ikkje heilt skrinlagd enno. Klokka er berre knapt sju. For no har Yr.no ombestemt seg og melder litt yr i kveld. Det tolkar eg dithen at det kanskje vert opphald. Jamvel om små og tette yrdropar væter terrassen nett no.
Min gode ven og eks-kollega Helge var litt innom meteorologistudiet i sin ungdom. Om vêrvarsling har han dette å seie: "Viss dei hadde meldt samma vêret i mårå so idag, hadde treffprosenten vore høgare enn det dei melder!"

torsdag 23. juni 2011
JONSOK OG LØN FOR STREV
Eg har visst nok produsert fleire jonsoktekstar desse tre åra eg har blogga. No kjem det ein til. Eg vil tru det hende for om lag femti år sidan. I alle fall var det tidleg på sekstitalet, og kanskje femti år sidan i dag. Me dreiv og rigga til bål på ein av dei mest brukte stadene heime i Flekke: ved gamleskulen. Og då snakkar eg ikkje om skulehuset som dei bygde om lag 1930 eller deromkring. I atten åtti-åra bygde dei skule like innanfor Lendiga, for dei som er lokalkjende. Då eg voks opp, stod berre litt av murane, og no ser me knapt spor etter husa.
Men altså: Ein guteflokk var i gang og stelte til bål. Det regna og var surt, slik me ofte har det ved jonsok. Men me balte på etter fattige evner. For jonsokbål ville me ha. I nærleiken var det rikeleg med einekrekser (brakje, for deg som ikkje skjønar ordet eine) som me hadde lov å ta, ja, grunneigarane var berre glade til når me heiv oss over slik unyttig småskog.
Christian Bekker var ein av dei som sette farge på bygda. Du kan klikke på lekkja og lese biografien hans. Kort sagt: Han var nokre og åtti år den gongen me streva med bålet vårt. (Han vart 103 år gammal då han døydde.) Der kom han ruslande med ryggsekken sin. Som vanleg spaserte han dei tre kilometrane frå Flekke til Haugland eller omvendt. Han elska å preike med folk, og spesielt ungar. "Til Pigerne havde han skjemtsomme Ord, han spøgte med Byens Børn," kan me seie. Ein gong kom han på besøk heilt inn i skulestova vår i Flekke og deklamerte heile Terje Vigen utanboks. Før eg kjem til poenget mitt med jonsok i grisevêr, får eg skyte inn at han testamenterte eigedommen på Haugland og mykje meir til Røde Kors på vilkår som ligg til grunnen for det noverande Hauglandsenteret og United World College like ved. Bekker hadde vore advokat og ein luring, så han var ein halden mann.
Då han såg oss som strevde med bålet, vart han imponert, drog fram ein femtilapp or den tjukke lommeboka si og forærte oss som løn for strev. Den skulle me kjøpe oss noko godt for, det hadde me fortent, som dreiv og laga bål i slikt dritvêr. Dei to bakarsønene i flokken drog heim i bakarutsalet,og henta bollar og ein kasse brus for pengane (femti kroner var ikkje så lite for femti år sidan!).
Så då vart det festleg. Skal tru om ikkje regnet gav seg og?

onsdag 22. juni 2011
SISTE PAR UT
I haust gav eg meg ut på å presentere ein del barne- og selskapsleikar som eg hugsar frå yngre år. Lista er ikkje komplett, for det er fleire som ikkje sit godt nok fast i minnet til at det er nokon vits i å rekonstruere dei. Men ein leik bestemte eg meg for å vente med til jonsok. Rett og slett fordi eg assosierer han med jonsokfeiring heime i Flekke.
For kva dreiv me med når bålet spraka og tjukk røyk frå våt eine steig til vêrs? Me kunne ikkje berre stå og glane på meisterverket vårt. Me laut finne på noko å leike. No var det forresten kome til ein del vaksne i ymse aldrar òg, noko som gjorde val av leikar utfordrande. Eg har eit par altfor vage minne om fleire leikar og tevlingar, men det eg i alle fall hugsar, var at Siste par ut var populært.
Enkelt og greitt: me stilte opp parvis i ei rekkje. Gamle og unge. (Og no var det mogeleg for gutar å stå med jenter og omvendt! Men noko krav var det ikkje.) Ein av oss stod då åleine fremst og ropte "Siste par ut!" Dermed skulle det paret som stod lengst bak, springe fram og prøve å kome seg fremst i rekkja. Og den som stod fremst og ropte, skulle prøve å fange ein av dei som no var på flukt. Gjekk det bra, vart dette eit nytt par og kunne stille seg opp fremst, mens den som no miste partnaren sin, laut stå aller fremst og rope, i von om å få seg ein ny make.
Slik heldt me på til me vart leie. Og no kjem det eit dikt - ein song - som eg har grave fram or hjernekista, og som eg trur eg dikta i tolv-trettenårsalderen. Du kan med litt velvilje prøve å syngje han til tonen av "Eg vil gifte meg med Brita i Bu ..."
Oppi skogen ein sumarkveld
der brann det ein lystig eld.
Og attmed bålet stod jente og gut
og leika leiken Siste par ut.
Og både Jon og Per dei var med.
Dei måtte mate bålet med ved
så det ikkje skulle slokne ut
medan månen stod opp bakom nut.
Tjaaaa, kva meir? Nikolai Astrup har illustrert songen med nokre målarstykke.

tirsdag 21. juni 2011
SOLSNU OG BÅLBERG
Klokka 17:16 idag snur sola. Det gjer ho slett ikkje, men frå i dag vert altså dagane kortare og kortare fram til jul. Eg burde ikkje nemne dette, i og med at me knapt har sett sola på halvannan månad. I grunnen skulle eg ha vore på skulen i dag, men det skjer så lite at eg sit heime og skriv blogg i staden. Derimot var eg der i heile går på pensjonistdagen min, og eg skal vere der i heile morgon på pensjonistdag. Torsdag får me endeleg mønstre av.
Og så har eg ringt brannsjefen i dag og sagt at me vil kveikje bål her på berget jonsokafta. Det hadde me sikkert gjort før, sa ho, og det har ho rett i. Forresten fekk Eikelandsberget namnet Bålberget på skøytet me skreiv med den dåverande eigaren då me kjøpte eigedommen for tretti år sidan. Me spurde han kva dei kalla berga me skulle kjøpe, for eit namn skulle me ha på skøytet. Han vart nesten svar skuldig, men mumla om at "me kalla da ofte for Bålberget..." Ingen andre har høyrt det namnet, men somme vedgjekk at det stundom vart brent jonsokbål her, langt som det var til nærmaste hus.
Men Bålberget har me sjeldan og aldri sagt. Derimot lanserte ei nabokjerring namnet Raudaberget, og det vert framleis brukt blant vondsinna og godlynte utanforståande. Ryktet gjekk på den tida at det var ein frykteleg raddisgjeng som kom og skulle byggje eit kollektivt her på berget. Kommunen derimot avgjorde at gateadressa skulle vere Eikelandsberget. Det er langt og tungt å seie, men me taklar det.
Så spørst det om me får sjå sola når ho snur over Bålberget/Raudaberget/Eikelandsberget i ettermiddag klokka 17:16

torsdag 16. juni 2011
SNIGLEMORD
Tidleg i mai trudde eg at dette skulle verte eit sniglefritt år. Vinteren hadde vore kald og tøff for desse blaute beista, våren var turr og sniglefiendtleg, så frå påske til langt ut i mai var det knapt ein snigel å sjå, verken brune, svarte eller grå. Så kom regnet. Og meir regn. Og etter kvart kom sniglane og. Eg ser ikkje vekk frå at dei kom ovanifrå skyene eller endå lenger ovanifrå. For korleis hadde dei overlevd her mellom dei turre berga og knausane våre? Brått var dei her, både dei brune, dei svarte, dei grå og dei i spraglete hus. Først åt dei opp dei stakkars salat- og dillspirene som våga seg opp or bedet og opp i ein dag fylt av kuling og regn. Så heiv dei seg på georginene, men dei har heldigvis greidd å vekse seg såpass store og sterke at sniglane ikkje greier å halde dei nede. Ja, bortsett frå dei som står lengst vest i bedet. Der har sniglane overtaket. Og eg sette ut nokre frodige squash-planter, men dei er sporlaust vekke. Eg har sterke mistankar om kven som er syndarane.
Slik vandalisme fører automatisk til dødsstraff. Eg brukar tre straffemetodar. Giljotinen og den elektriske stolen har vore diskutert, men eg synest begge er for humane. Mine straffemetodar er:
1) Eit fast og tungt trakk på slya. Viss han ikkje ligg ein stad eg kan trakke, kan eg flytte han med ein pinne til ein høveleg avrettingsstad. 2) Finne ein liten stein eller ein skikkeleg pinne og presse dyret til det vert like klemstra som om eg hadde trakka det. 3) Den tredje metoden vert brukt viss dei er mange, så her snakkar me om masseavretting: Eg tek på meg ein eingongshanske av tunn plast på høgre handa, ei plastbytte med ein skvett vatn i den venstre, plukkar sniglar med eingongshanskeneven, slepper dei opp i bytta, og når eg har gått runden og fått med meg dei eg ser, ruslar eg dei få meterane ned til sjøkanten og hiv innhaldet i bytta resolutt på fjorden. Då er det opp til måsen og lyren om dei vil smake.
Eg et franske sniglar, men desse heimeavla beista fell eg ikkje på. Men kanskje eg burde ha gjort det, så hadde dei sikkert rømt bort til Sven, alle i hop.

tirsdag 14. juni 2011
MOLOFEST
Det finst alltid eit påskot til ein fest. Du kan til dømes byggje ein molo. Det har me gjort her på Eikelandsberget. Rett nok gjekk det litt tid frå dei første steinblokkene hamna i fjorden utanfor berget til festen gjekk av stabelen.
Me var tretten familiar som i 1982 gjekk i gang med eit sjølvbyggjarprosjekt her i Valo (eller på Valen, som folk flest skriv, men som dei innfødde ikkje seier). Utover våren og sommaren det året var det eit ofseleg anleggsområde her som dei tretten husa og hagane no ligg og skin. Overskotsmasse kunne entreprenøren leggje ut som ein molo, det vil seie: opptakten til ein molo. Spesifikasjonane for nett denne ørvesle delen av det store anleggsprosjektet var lite detaljerte. Men ein slags molo vart det, ei steinrøys som gjekk som ein hake ut i sjøen. Bevares, han har fungert som molo i alle dei år, men steinar sig ut, massen på toppen har vorte vaska vekk, og den reint estetiske utforminga var så som så.
Fleire gonger har me fylt på med meir stein og masse, men fundamenteringa får me nok fleire problem med i åra som kjem. Men i fjor fekk me faktisk summa oss til å strigle moloen med ei støypt plate på toppen og nesten vakre kantar på innsida, kledde med trykkimpregnerte bord.
Og då måtte me ha innviingsfest. Den hadde me første pinsedag. Små og store deltok, me hadde snorklypping, avduking av redningsbøye i eit vakkert oppheng, reker, kaffi og kaker. Me skrytte av kvarandre for god innsats og godt naboskap. Heilt fortent. Alle dei trettiåtte festdeltakarane kom vel frå det utan at nokon fekk bruk for redningsbøya frå forsikringsselskapet Tryg (bøya har fått namnet Trygve, forresten).
Somme meinte at me måtte byggje fleire moloar for å få påskot til ny molofest.

mandag 13. juni 2011
FOLKESKULEEKSAMEN
Nei, eg skal ikkje trøtte deg med å skrive om alle eksamenane eg har teke fram gjennom åra. Eg skal heller ikkje fortelje noko særleg om eksamenane eg laut ta etter sju års folkeskule. Då var me oppe i dei to faga som ein såg på som heilt grunnleggjande: rekning og norsk stil. Eksamen var organisert innanfor kommunen, iallfall var sensuren det. Om dei laga oppgåvene lokalt, veit eg ikkje. Men det var tre ærverdige sensorar som las stilane våre og sjekka reknekunsten vår. Dette hugsar eg, for papen var med nokre år. Mon tru om dei var engasjerte i treårsperiodar, og at ein av dei vart skift ut kvart år?
Papen hadde altså slengt seg med. Korleis det hadde seg, veit eg ikkje, om han vart spurd eller om han søkte. Om det var eit tillitsverv eller ein betalt jobb, veit eg heller ikkje. Men han fekk mykje å fylle tida med mellom vårvinna og slåtten. Han kom i selskap med røynde lærarar og kanskje presten. Sjølv hadde han ein akademisk karriere med sju år i folkeskulen pluss nokre vekers snikkarskule. Papen var ein framifrå reknemeister, men han kjende seg meir utrygg på stilane. Difor var han ikkje lite nervøs første gongen han møtte opp og skulle diskutere karakterane. Men det gjekk betre enn han frykta, dei var godt samstemte om dommane. For unge lesarar kan eg referere karakterskalaen: Særs godt, Mykje godt, Godt, Nokså godt og Lite godt.
Men kva med meg og folkeskuleeksamen? Nei, dette hugsar eg ingen ting av. Skal tru om produkta våre ligg arkiverte ein stad inst i kjellaren på kommunehuset i Fjaler?

søndag 12. juni 2011
EKSAMENSNERVAR
Eg nemnde sist at eg ikkje har særleg medynk med elevane mine når dei skal opp til eksamen. Men kan det vere slik at eg vil hemne meg på dei for slikt eg sjølv har vore ute for? Eg har hatt mine eksamenar, eg òg. Ikkje alle har vore like smertefrie.
For femti år sidan i desse dagar (eller kanskje nokre veker tidlegare på våren, ) var eg opp til eksamen i matematikk på realskulen. Det eg hugsar best frå den dagen, er at eg var frykteleg nervøs. Matematikk var det beste faget mitt, så eg burde ikkje vere så uroleg. Men nervøs var eg, og det kan ha prega innsatsen. Eg rota med enkle ting, og mot slutten kom eg i tidsnaud. Eg sat med ein brøk som burde ha vore nedkorta, men det rakk eg ikkje.
Vel, det vart ein M, så eg trong ikkje syte. Nokre veker seinare sat eg i det minste klasserommet på Firda Gymnas i lag med nitten andre i B-klassen på engelsklinja. Det vart med andre ord ikkje fleire eksamenar på realskulen. Me kunne begynne på treårig gymnas etter andre klasse på treårig realskule.
At det vart engelsklinja, var det somme som stussa på, mellom andre to eldre brør som begge hadde gått reallinja. No var eg sterkt interessert i engelsk på den tida, så det var ikkje eit heilt tilfeldig val. Men kva om eg hadde smotte gjennom matteeksamen med karakteren S? Hadde eg då for skams skuld søkt reallinja? Det veit eg ikkje, og eg veit heller ikkje kva eg hadde drive det til i livet om eg hadde valt den vegen for femti år sidan.
Men eg angrar ikkje. Trur eg.

torsdag 9. juni 2011
EKSAMENSTID
Eg får meg ikkje til å synast synd på elevar som kjem opp til eksamen. Eg nektar å vedgå at det har noko med kynisme eller sadisme å gjere. Nei, eg går rundt og trur at dei har godt av det, iallfall dei fleste normale elevane. Og så bør dei vite frå første skuledagen om hausten at skuleåret kanskje endar med eksamen.
Forresten vekkjer eksamen intense gleder i mange. Når dei har gått og kvidd seg ei stund, teke seg i hop og gjennomført prøva etter fattige evne, vert dei så glade, så glade for at det heile er over. Spesielt etter munnleg eksamen, ein situasjon som har nokså dårleg ord på seg blant elevar, men som faktisk er eit høve dei har til å få betre karakter enn standpunktkarakteren. Og det skjer oftare enn at dei dalar i karakter, iallfall på skulen vår. Det betyr ikkje at me er for påhaldne med standpunktkarakteren, men at elevane skjerpar seg ekstra, ekstra når dei bur seg til munnleg.
Og denne erfaringa bør dei ha med seg. Først smerte, så ein innsats, og til slutt utløysing av lettelse og glede. Noko slikt har dei jamen fortent, krapyla. Det er ein viktig lærdom.

onsdag 8. juni 2011
EIT STEG VIDARE
Gravferda er over. Det tok tid å få broren heim frå Portugal. Det måtte både obduksjon og ymse formalitetar til. Obduksjonen slo fast at det var eit kraftig infarkt som tok knekken på den uvanleg spreke syttiåringen.
I går stod me og såg båra med bror min verte firt ned i ei grop på kyrkjegarden i Dale. Det fall mange, mange tårer frå mange raude auge. Arne storebror hadde ein stor familie og mange vener. Steinar er no den eldste broren min, to og eit halvt år eldre enn eg. Han og eg stod og gret i armane på kvarandre ved jordfestinga. Nokre minuttar tidlegare presenterte eg kransen frå oss sysken med familiar. Eg hadde nokre ord på tunga i tillegg til teksten på kransesløyfa. Men det skar seg.
Etterpå var det minnestund med betasupper med meir for dei som ønskte å vere med så lenge det var plass i bedehuskjellaren. Tonen var eit godt hakk lysare no, og kjøkemeister Liv, likkjesysta vår, presiserte som sant var at Arne slett ikkje var nokon sentimental fyr, så no var det lov både å le og klappe for gode historier. Og det fall mange gode ord som Arne burde ha fått høyrt.
I dag er me heime att. Men det som eg kunne ha sagt ved kransnedlegginga, var nokre linjer av Arne Garborg:
Og um me kjenner gråt og gru
og saknad sår,
so må me lerkesongen tru
som lovar vår

lørdag 21. mai 2011
ELDSTEBROREN VÅR
Eg hadde ikkje tenkt å skrive om dette idag, men no gjer eg det likevel. Eg orkar ikkje og får ikkje til å skrive så mange orda. Men eg skriv likevel.
Eldstebroren, Arne, døydde brått og uventa i dag på sykkelferie i Portugal. Han var saman med den nest eldste broren, Steinar, og damene deira. Dei drog heimanfrå glade og forventningsfulle i går, begynte å sykle i dag, så fekk Arne eit illebefinnande og gjekk bort før noko kunne gjerast med det.
Arne vart sytti år. Så sprek og vital han var, kunne ingen ha tenkt seg noko slikt på lang, lang tid. Eldstebroren er ikkje meir.
fredag 20. mai 2011
DERRICK
Ein derrik er ein borerigg eller ein slags heisekonstruksjon. men ikkje berre det: Derrick var vår store helt om fredagskveldane gjennom eit par tiår. Me som hugsar tilbake til førre tusenåret, ser for oss denne godt vaksne høviske tyske polizisten med torskeauge og pløsete kjakar, sikkert etter alt for mykje godt, bayersk øl. Han trilla pynteleg av garde i sin blanke BMW, var iført dress, slips med slipsnål og velkjemd manke og prata roleg og danna med skurkar og heidersfolk til han fekk avslørt den store syndaren. Nei, her var det lite villmannskøyring eller springing i bratte trapper, ei heller vifting med pistolar og knyttnevar. Likevel fekk han has på minst ein mordar kvar bidige fredagskveld i eit par tiår. Wikipedia fortel forresten at dei første åra tøffa han seg mykje meir med både våpen, neveslag og kjeftbruk, men det hugsar ikkje eg. Dei laga 282 episodar med Derrick mellom 1974 og 1998, fortel Wikipedia, og då er det nok sant.
Eg trur ikkje me såg radt alle, men han Derrick og kompisen Harry var trufaste gjester om fredagskveldane mens me kosa oss med raudvin og pizza. Ja, ungane kunne jamvel få vere med og sjå, sidan dei to kompisane såg så snille ut, og det meste var teatralske samtalar.
No har dei sendt reprisar på Derrick i lang tid på NRK 2, og me har ofte snakka om eit lite gjensyn med vår store helt frå det førre tusenåret. Men så går serien på eit tidspunkt når me sjeldan tykkjer det er fjernsynstid. I ettermiddag slo me til. Ute var det så surt og guffent at me rett og slett sette oss ned med kaffi, kake og Derrick. Forventningane var skyhøge. Men så var det denne Bjednekniv-effekten. Du les kanskje ikkje Rasmus Løland, men eg siktar til forteljinga om guten som miste kniven sin (som han hadde fått hos han Bjedne), drøymde om tapet i mange år, fann att kniven, men såg at han slett ikkje var så framifrå som guten meinte å hugse.
I denne episoden må Derrick ha gjort uvanleg slett etterforskingsarbeid. Rett nok fekk han ein sterk mistanke i rett lei temmeleg snart, den ros skal han ha. Men kvifor sette han ikkje inn mykje meir kraft og fart i åstadsgranskinga? Kvifor gjorde han ikkje ein skikkeleg rekonstruksjon av hendinga? Detaljar som han burde ha fått med seg med ein gong, dukka opp lenge etterpå. Folk som burde ha vore krysseksaminerte på politistasjonen i München, gjekk og småprata med polizistane i ein gemyttleg tone. Eit par av dei viktigaste personane var han berre så vidt i kontakt med. I staden for å snu kvar ein stein, gjekk både Stephan og Harry der og vreid lippene og visste verken ut eller inn, sjølv om dei kjende seg sikre på både at det var eit drap og kven som var drapsmannen. Derrick satsa alt på eitt kort: Få kronvitnet til å slutte å dekkje den korrupte forretningsmannen som var den skuldige. TV-produsenten hjelpte Derrick til å lukkast med dette i eit siste, teatralsk forsøk på å få fram sanninga, og rettferda sigra.
Men Wallander og Rejseholdet hadde skamma seg viss dei hadde slurva slik og berre stolt på flaksen. Skal eg gje Derrick ein ny sjanse ein annan ruskevêrsdag klokka fem om ettermiddagen?

onsdag 18. mai 2011
PRYDEN PÅ BERGET
Me har eit krydderbed, ein krydderkasse med fleire rom og ymse grøne krydderurter. Ei av dei mest villige urtene har vore svært treg i vår. Me ser berre nokre få, små grøne spirer. Derimot kjem det til syne frodige dottar av den same sorten både her og der på Eikelandsberget. Ein av dei står attmed jordbæra våre.
Eg har ein mistanke om at alle desse optimistiske krydderdottane har forvilla seg frå hagane. og skal eg tru på litteraturen om emnet, så er det nok gode naturlege vilkår her omkring.
Når me kjøper krydder i boks, i potte på hagesenteret eller frø på Europris, heiter det oregano. Namnet kjem frå gresk og tyder noko slikt som bergpryd, og siktar til at den fagre planten likar seg i turre bergsprekker. Og det finn han fleire av her på berga våre. Kanskje han slett ikkje likar å stå i ein krydderkasse med rikeleg jord? Han har forresten kome trufast og gjeve rik avling der òg.
At han har fått eit slikt rosande namn, er underleg. Fargen på lauvet er frisk, grøn og grei, men blomane er lilla og smålåtne. Visst er han pen, men det er det òg mange andre plantar som er. Men kva veit eg, kanskje det ikkje var så flust av pene blomar i dei greske bergskortene?
Så finst det ein norsk vill variant som heiter bergmynte eller kung. I floraen står det at denne er kraftigare og betre på smak enn den importerte. Spørsmålet mitt er om det er innvandrarar eller innfødde nordmenn me har så rikeleg av på Eikelandsberget. Det har eg problem med å finne ut av. Og det får vere det same: Pizzaen som sønene våre lagar, er iallfall smikkfull av heimeavla bergstas og smakar fortreffeleg.
tirsdag 17. mai 2011
GRUNNLOVSDAGEN
Dagen har tjue minutt att før han tek slutt. Me har hatt ein svært fredeleg dag og vore for det meste inne i våre eigne varme stover mens det har vore om lag ti grader ute og skifte mellom regn og små solglytt.
Dei siste trettiseks åra har me nesten årvisst vorte vekte natta til den 17. Stundom kjem dei i sjutida, men dei siste åra i tre-firetida om natta. I natt kom dei halv fire. Småvåte, men med raude huver optimistisk på snei stod dei og gaula ute på trappa. Me gjorde det same på Sandane for førtisju år sidan og tykte det var stas. Lærarane såg rimeleg blide ut då me vekte dei, men ingen veit korleis dei såg ut på innsida. Leiv Døssland kom ut med ei julenissemaske då han skulle vekkjast. Så kreativ har ikkje eg vore, jamvel om han seinare vart min sjef og rektor dei første åra på Kvinnherad gymnas, seinare Kvinnherad vidaregåande skule.
Då gutane våre var små, var det så som så med denne vekkinga. Ikkje berre Anne og eg (pluss alle grannane som forbanna naboskapet vårt den dagen) vart vekte, men dei tre ungane våre òg, som kom i himmelhøg stemning og der og då avslutta nattesøvnen framfor ein strevsam dag med allslags aktivitetar for store og små. Tøffaste dagen i året? Spesielt når me i tillegg til alt det andre stod og selde is og pølser for skulemusikken.
Vel, eg vart observert i syttandemaitoget gjennom Valebygda i år òg. Ei sytten år gammal jente heldt tale for dagen, og ho kom frå det med ære. For om lag tjuefem år sidan heldt eg talen. Eg snakka om poteta. Sidan har dei ikkje spurt meg om å tale her i Valo. Men det hender faktisk enno at folk nemner for meg at eg snakka om poteta den gongen.
Det beste med syttandemaien i år var rømmegrauten og spekekjøtet som Anne og eg sette til livs heime hos oss sjølve. Og rabarbrapaien ho hadde komponert til kaffimat. Med piska krem!
Lat meg leggje til at eg har gått med slips, kvit skjorte og dress i heile dag. Kom ikkje der og sei at eg ikkje gjer stas på grunnlovsdagen!

mandag 16. mai 2011
REGNSKOG OG UTSIKT
Nei, eg har ikkje nokon aktverdig grunn for å ha slurva med blogging i nær fjorten dagar. Tida rullar og går, det hender ikkje så merkelege ting i og kring heimen, våren var her i slutten av april og fram til førre helg, og no har me hustre syttande mai-vêr med temperaturar nær ti og regnbyer. Det får me i morgon òg, trur dei.
Men eg har halde varmen med vedhogst nokre av dei siste dagane, vedbering og kubbekløyving er noko som driv kroppsvarmen i vêret. Ei diger, omstridd bjørk er felt her på Eikelandsberget og eg var ein av dei som etter fellinga gjekk laus på den feitaste delen av stammen. No er ein god del av bjørka på plass oppe i garasjen. .
Denne grenda vår (eller byggjefeltet, som me framleis seier, tjueåtte år etter at me bygde dei tretten husa våre) er på om lag tjue mål, der halvparten er private tomter og resten er fellesareal og sameige. På delar av fellesarealet har det vore og er litt småskog og ein del meir eller mindre ruvande bjørker. Det er delte meiningar om desse siste. Somme synest dei er svært vakre, andre mislikar dei fordi dei stel utsikt, atter andre meiner at me kan ikkje klandre regnskoghogst dersom me raserer vår eigen skog, og nokon nemner at somme av bjørkene lett kan blåse ned og valde tort og skade. Atter andre ønskjer litt billeg ved, nokon mislikar bjørkeriset som vert att etter fellinga, mens somme rett og slett gjev blaffen og lèt andre krangle. Dette med tap av utsikt er eit argument som råkar dei fleste store trea, for det er ikkje berre oss tretten det skal takast omsyn til. I nord, vest og aust for eigedommane våre sit det andre grannar og grem seg over bjørker som skyggjer, og det er aldri same bjørka dei siktar til. Eg forstod forresten kva dei meinte då grannen vår i vest felte ein heil liten granskog han hadde ned mot sjøen. Brått oppdaga me at fjorden strekte seg uendeleg langt ut; frå terrassen vår kan me no sjå til Stord, ja kanskje heilt til Bømlo der me før såg ei rad høge graner.
Nok om det, i vår vart det atter ein gong felt tre-fire pene, men irriterande bjørker, og musklane mine veks for kvar kubbe som vert frakta på plass og knerta sund. Og til vinteren vert det endå meir varme frå dei. Så får me vone at CO2-rekneskapen ikkje vert for miserabel for oss her på berget, slik at drivhuseffekten gjer veden vår overflødig.

Bloggtørke?
Bror Reidar ser ut til å ha gått tom. Endå det er konfirmasjonstid og snart syttande mai! Så det skulle vere rikeleg stoff å ta fat i.
Her nokre bilete frå 17. mai i Flekke frå ei tid attende:

![]() |
| "Olemann" Hellebust, Sonja Solheim, Ove Igelkjøn, Anna Hustveit |
![]() |
| Asbjørn Flekke, Sonja Solheim, Anna Hustveit |
![]() |
| Sonja Solheim, Arne Kyrkjebø |
![]() |
| "Olemann", Sonja, Asbjørn, Anna, Ove, Arne |
tirsdag 3. mai 2011
BRYLLAUP OG GRAVFERD
Mens me hadde langhelg i Bekkjarvik utan datamaskin og nettverk, hende det mangt som kunne ha fortent ein bloggkommentar. Me var opptekne med vedhogst og hagearbeid, mens dei i London rigga til storbryllaup med glitter og stas. For oss republikanarar var fredag ein vond dag. Men me fekk støtte frå den gamle monarkikritiske Dagbladet, som meinte - rett nok gjennom eit innvikla resonnement som eg ikkje forstod - at bryllaupet mellom ein arveprins og ei jente frå borgarskapet kunne vere byrjinga til slutten for det britiske monarkiet. Resten av avisa fullare enn full med konge- bryllaups- og englandsstoff. Bergens Tidende trykte same dagen ein kommentar av ein skarpskodd indisk-britisk skribent - Kenan Malik - som dundra med storsleggja mot det britiske kongehuset, som etter hans meining hadde så mange skamplettar at det knapt stod tilbake for dei verste kjeltringar. Det gjorde godt for eit republikanarhjarte å lese.
Det var sikkert eit staseleg bryllaup. Sjølv greier eg ikkje å mobilisere den heilt store interessa. Slike fjernsynsreportasjar er for meg nesten like engasjerande som eit lærarmøte. Førre gongen britane stod på hauet, var då ho Diana vart innlemma i den kongelege familien. Eg forstod aldri kva så var så flott med henne. Eg tykte ho var om lag like sexy som ei potteplante. Då synest eg nok at den nye prinsessa er meir til dame, ei dame med kjøt og blod, og heldigvis ikkje nett blått blod, då.
Når elevane spør meg om kva makt kongen vår har, forklarer eg at han ikke brukar og skal ikkje bruke den makta Grunnlova gjev han. Då stussar dei og ymtar om at me ikkje treng han. "Ka ska me mæ 'an då?" Og eg forsvarar han etter beste evne og seier at me har han så lenge det norske folk ønskjer å ha eit kongedøme. Eg har som lærar forsvart monarkiet vårt så mange gonger at elevane sikkert trur eg er monarkist på min hals. Men ein gong spurde ei jente rett ut kva eg meinte, og eg tilstod at eg var republikanar. Ho bad om og fekk ei grunngjeving òg. Ho sa seg einig, men braut ut at det hadde ho ikkje venta av meg. Gamle gubben, veit du! Forresten er det truleg unge jenter som er dei mest ihuga rojalistane, og skal tru kor mange småjenter som går rundt med prinsessedraumen?
I overskrifta står det at denne bloggen skal handle om bryllaup og gravferder, men eg trur at eg kuttar ut å skrive om døden og gravferda til Osma bin Laden i dag.

Abonner på:
Innlegg (Atom)