onsdag 26. september 2012

PÅ FORBRYTARJAKT



Eg var i gravferd i går. Ein gammal og god kamerat frå tida i Bondeungdomslaget i Bergen var gått bort. Magne Ro, yngst i ein syskenflokk på 12, vart 84 år.
Magne var ein ordens kar, og heldt greie på korleis ein burde føre seg og korleis ting og tang skulle ordnast og ha sin faste plass. Såleis sytte han for å måle ”jenterom” og ”guterom” på dørene til dei to store romma med seks dobbeltsenger på utferdsstaden Selsvik, han tykte lite om at sedløysa no var i ferd med å breie seg ved at ungdommen  fann på å blande seg nattestider på tvers av kjønn….
Magne, Kåre, Kirsten og Annbjørg på Kaffistova.

Ein måndag ettermiddag i februar 1970 hende det noko spanande: Eg hadde som vanleg ete middag på Kaffistova på Torget, og Magne Ro og eg gjekk derifrå i lag.Då me kom rett rundt hjørnet der kafe ”Dovre” var den gongen, kom ein gammal mann farande ut på fortauet og bad oss komme og hjelpe, det var to mann som bråka oppe på kafeen. Me følgde med han, og der kom to typar ut i gangen. Han gamle mannen sa at dei hadde tatt kassen, og at me måtte følgje etter dei.
Me så gjorde, og rundt hjørnet bad me ein drosjesjåfør som stod der om å varsle politiet. Då trudde eg at dei hadde foke på oss, men det gjorde dei no ikkje, og me følgde etter dei eit lite stykke bak. Den eine hadde ei Colaflaske som han truga oss med, ”dersom me ikkje kom oss vekk så….” Så skildest dei,  eg følgde etter den eine og Magne etter den andre, og bak oss eit par jenter i tenåra.
Etter ein samanstøyt i Kong Oscarsgate, heldt eg meg noko lenger bak, og miste han i eit smau noko seinare. Så ringde eg politiet frå isbaren ”Snorre” i Fensal, og måtte møte på stasjonen. Han karen Magne hadde halde auga med, hadde dei teke, men han sa berre at han ikkje kjende  han som han hadde vore saman med. Dei andre involverte – jentene og kafestyrarinna var og der, ranarane hadde truga henne med Colaflaska og teke 150 kroner or kassa.
Så var det gjennomgang i fotoregistret, og biltur med politiet kring i sentrum for å sjå etter karen som dei no hadde fått mistanke til, utan at me såg han. Men i avisa dagen etter var det nemnt at dei hadde funne han.

Ei spanande oppleving for den fredsæle Magne og for meg, og som rann meg i hug no etter gravferda.
Magne var glad i fjellet. Her i "Middagsholo", Voss - Påsken 1971.

tirsdag 25. september 2012

EIT FØRTIÅRSMINNE: 25. SEPTEMBER

Me budde på Studentbyen Natland. Eg dreiv på med mellomfaget mitt i norsk. Anne hadde meir enn nok med den livsglade sonen vår på tre år. Me var unge, glade og optimistiske. Men me var nokså skeptiske til den påemna medlemskapen i EEC - eller EF - eller EU, som det heiter no. Nærsagt alle med makt og posisjonar i landet talte varmt for at me skulle melde oss inn. Bratteli-regjeringa til Arbeidarpartiet, leiarskapen i LO, NHO (eller NAF, som det heitte då), tunge finansinstitusjonar og kapitalinteresser, nesten alle dagsaviser utanom Dagbladet, og jamvel eit overveldande fleirtal av våre folkevalde på Stortinget. For ordens skuld hadde tinget opna for ei rådgjevande folkerøysting. Det skulle dei ikkje ha gjort, viste det seg. Mange angra på at dei lét uansvarlege kvensomhelstarar røyste i ei så alvorleg sak.
   Anne og eg rusla i Sædalen denne fine haustdagen med småguten vår mellom oss, røysta NEI og tasla oss heim att. Me trassa råda frå det veletablerte Noreg, me tok ein sjanse, men me var nokså sikre på at me hadde valt rett. Stemninga på Studentbyen var i overveldande grad på vår side.
   Om kvelden sette me oss ved radioen og høyrde på oppteljinga. Litt før klokka tolv var NRK-folka bra sikre i si sak: Då viste dei opptalde røystene eit klart ja-fleirtal. Fleire storbyar hadde røysta for. I Oslo var om lag 2/3 av røystene ja-røyster. Den svært konservative hovudstadsavisa Morgenbladet tok sjansen på at resultatet skulle halde seg og slo gledestrålande opp over heile framsida: Det ble ja-flertall! Avisa måtte vere klar på trykkeriet ved midnatt.
   Så kom resultata frå distrikts-Noreg tikkande inn. Eit rungande NEI, NEI, NEI ljoma frå alle fylke frå og med Sogn og Fjordane og nordover. Det same skjedde med Rogaland og Hordaland utanom Stavanger og Bergen. Nokre austlandsfylke slo òg følgje med nei-bølgja. Somme kommunar nordpå hadde nesten nitti prosent nei-røyster.
   Dagen etter trefte eg mange medstudentar nede på Sydneshaugen som var svært trøytte etter vakenatta (og kanskje litt feiring), men lukkeleg gjekk og gratulerte kvarandre med 53,5 % nei til norsk medlemskap i EF.
   Me står framleis utanfor EU saman med stormaktene Island, Liechtenstein og Sveits som dei einaste stabukkane i Vest-Europa. Ja til EU har dårlege vilkår i dette søkkrike landet. Men det er knapt noko medlemsland som er meir servile overfor EU-regelverk og forordningar. Det framtids-Noreg som nei-folka drøymde om, vart det truleg lite av. Men slik er no denne hersens freamtida, ho lèt seg ikkje styre. Ikkje eingong av folkerøystingar.
                                         
 
 
 
 

lørdag 22. september 2012

FEM FRANSKE BLAD. 5: DEN (UT)DANNA FRANSKMANNEN

Franskmennene har ikkje ord på seg for å vere venlege mot turistar. I alle fall ikkje i Paris. Det er både fortent og ufortent. Det kan godt hende at dei vert leie av sjølvgode nordmenn eller amerikanarar av og til. Paris er vel dessutan ein av dei mest besøkte stadene i verda, her kjem det gu'veit kor mange millionar turistar kvart år. Ikkje rart at mange parisarar vert dritleie. Jau, eg har høyrt historier om arrogante og firkanta franske tenestefolk, fortalt av truverdige menneske som jamvel kan språket deira.
   Me laut dra heim litt før planen, og me skulle såleis køyre til Paris og levere leigebilen på Orly ein dag før me etter planen og leigekontrakten skulle ha levert han i Nice. Eg balte fælt med å få tak i folk på Europcar, og til slutt lukkast det meg å få snakke med ei dame som på ei skurrande telefonlinje ymta om at dette bytet burde gå bra. Eg var likevel ikkje heilt trygg. Kva ville funksjonæren på Orly seie? Vart det mykje styr, ekstra formalitetar, dyrt? Eg førebudde meg på kva eg skulle seie, og kva slags franske ord eg burde bruke.
   Den siste mila inn til flyplassen gjekk dessutan fru Garmin litt av skaftet. Ho dirigerte oss hit og dit, ombestemte seg og rekalkulerte. Men fram kom me, inn i ein kjellar der Europcar tok imot utleigde bilar. Der dukka det ein ung herre opp, og eg prøvde å bere fram ærendet mitt: "Me har eit problem, eigentleg skulle me ha levert denne bilen i Nice i morgon, men ..." "Problem?" undra gallaren seg. "Det er vel ikkje noko problem, bilen er her, resten fiksar eg, alt i orden!" Eg bukka og takka, og skulle til å lempe ut koffertane. "Vent litt," sa han. "Kvar skal de ta flyet frå?"  Me var på Orly Vest, og flyet vårt skulle gå frå Orly Sør. Då han høyrde det, ba han oss setje oss inn i bilen. "Eg køyrer dykk bort der, så klart, det er så baskje å kome seg bort på Sør med bagasje!" Nesten mållause kom me oss på plass, og fyren køyrde dei få hundre meterane det var. Undervegs fekk eg fram nokre ord om kor takksame me var for det. "Ingen grunn til det, eg gjer berre jobben min." "Service?" sa eg. "Nei, utdanning," svarte han.
   Han skyssa oss nesten til døra på terminalen, og då me var på veg inn med sakene våre, kom han springande etter med solbrillene mine, som eg hadde leita etter ein time tidlegare.
    Han var ikkje berre utdanna. Han var danna.
 

fredag 21. september 2012

FEM FRANSKE BLAD. 4: GUDLAUS KYRKJEGJENGAR




                                               Mellomalderkatedralen i Auxerre    
                                                                                       
For mange år sidan var eg i Bergen på gjennomreise og rusla i bakgatene ved Korskirken. Borte ved eit hjørne stod det ein litt gusten kar og vinka på meg. Jaja, bomsar har eg treft før i denne byen, tenkte eg, dei er ikkje farlege. Men denne fyren presenterte seg som journalist i den kristne avisa Dagen, som held til like borte i gata. Han gjennomførte ein liten enquete og ville vite om eg gjekk ofte i kyrkja. ”Nei, det gjer eg ikkje,” sa eg, og han ville vite kvifor. ”Eg er ikkje nok religiøs,” sa eg. Så tok han bilete og ville vite kva eg heitte. Men då han høyrde namnet Kyrkjebø, lo han friskt og slo ein vits om ein fråhaldsmann som heitte Skålevik.
   Det eg gløymde i farten, var at eg går svært ofte i kyrkjer når eg er ute og fer, om ikkje nett for å høyre på presten. Nei, eg beundrar og høgaktar arkitektur og inventarkunsten i gamle kyrkjer. Og den sommaren hadde eg vore innom mange kyrkjer: Steinkyrkja i Kinsarvik, Røroskyrkja, Nidarosdomen, mellomalderkyrkja på Stiklestad og Lom stavkyrkje.
   Eg har ikkje tal på kor mange katedralar eg har vore innom på turane våre i Frankrike. Først går eg rundt og skodar dei utvendes, så går eg inn og lèt blikket lyfte seg opp under dei høge kvelva eller mot glasmåleria. Mest gleder eg meg over dei gotiske meisterverka, og kan ikkje anna enn undre meg over steinhoggararbeidet, murmeistrane og dei uendelege detaljane som var mogleg mange hundre år før maskinalderen. Gigantiske dimensjonar. Glasmåleri, skulpturar, bogar og spir …
   Det vart nokre katedralar på frankriketuren i år òg. Den staselegaste var den i Auxerre.
Men så må eg få presentere katedralen i Évry, rett sør for Paris. Han er ikkje meir enn vel tjue år gammal og passar godt inn i eit arkitektonisk landskap frå vår eiga tid. Évry er rett og slett ein ny og hypermoderne by med plan og estetikk.
   Turen innom denne byen hadde eg godt av, eg som helst slepar meg rundt i smaua i mellomalderstroka i gamle franske byar.


   

torsdag 20. september 2012

FEM FRANSKE BLAD. 3: NYESLOTTET TIL PAVEN

                           Restane av nyeslottet til paven frå 1300-talet.

I folkeskuletida mi i Flekke tok læraren vår tak i hjartesaka si og skipa eit barnefråhaldslag. Me samlast i skulehuset enkelte sundagar, høyrde på læraren som forkynte alkoholens forbanningar, og så hadde me nokre leikar og kosa oss i lag. Han var ikkje glad i Frankrike. "Tenkje seg til," tordna han, "dei tvingar oss til å kjøpe vin i byte mot den fine fisken me sel dei!" Og for å skildre kor gale det stod til der nede, la han til: "Hadde franskmennene produsert mat på all den jorda dei brukar til vindyrking, kunne dei ha brødfødd heile Europa!"
   Eg deler langt på veg den skepsisen han hadde til alkoholmisbruk, men dette med matproduksjon på vinmarkene er eg i tvil om. Mange av dei beste vinhagane er bratte skråningar der ein skurdtreskjar aldri kunne ha utført jobben sin. Og så ser me at vinrankar ofte er  planta på steingrunn - bokstaveleg talt. Dei greier seg godt i urder og gamle elveleie der eit steinlag ligg i overflata og samlar varme, så druene modnast snøggare og betre. Her hadde ikkje kornet hatt mykje til vokstervilkår, mens vinstokken sender røtene sine fleire meter ned i grunnen og finn væte om enn sommaren er gloheit og turr.
Her er me altså like ved nyeslottet til paven og saumfer druerankane, tjuvsmakar på frukta og nyt utsikta. Gradestokken nede i byen viste godt over tretti grader den 7. september. No må eg forklare litt: Châteauneuf-du-Pape er mest kjend for ein særs utsøkt vin. Ikkje minst flaskene er vene, med litt ekstra utsmykking, om du ser etter neste gong du smit innpå polet og spanderer på deg ei slik. Så er det namnet på ein liten landsby med vel to tusen innbyggjarar. Og oppe på ein kolle i landsbyen finn me altså restane av nyeslottet til paven - Châteauneuf-du-Pape.
   På trettenhundretalet fann paven ut at Roma var for utriveleg, så han ville heller bu i Avignon, ved elva Rhône i dagens Frankrike. Oppe i åsane dyrka dei ein utsøkt vin som han la sin elsk på. Han drog vekslar på sin formue og sin autoritet for å stimulere utviklinga av denne geskjeften. Og så bygde han eit sommarpalass der oppe - Châteauneuf-du-Pape. Eg fattar ikkje kva mon han såg i å bu her oppe sommarstid, han som hadde slik ein nydeleg heim nede ved elva i Avignon nokre få mil lenger sør. Der kunne han gå rett ut stovedøra og lauge i elva om han ville. Her oppe hadde han utsikt, men langt til badestranda. Ikkje rart at pavane seinare i hundreåret gav opp heile prosjektet, flytte derifrå og lèt nyeslottet forfalle.
   Men vinbøndene gløymde ikkje kunsten å dyrke og produsere ein av dei mest omtykte vinane i heile verda.




onsdag 19. september 2012

FEM FRANSKE BLAD. 2: BURGUND OG BURGUNDARAR

Dersom du vil kjøpe ein burgundar, får du ei flaske vin. Raud eller kvit. Slik var det ikkje for seksten hundre år sidan. Eg vil tru at dei burgundarane som kom stormande innover grensene til Romarriket ikkje var oppflaska på denne drykken. Dei var germanarar og kom frå Tyskland før Tyskland heitte Tyskland. Burgund har ei svært komplisert historie, og eg skal ikkje gjenfortelje den. I dag er det ein region i Frankrike, og på heimespråket heiter han Bourgogne.
   Dette var andre turen vår i landsdelen. Her er dei krye av maten og vinen sin. Sniglar er ein av spesialitetane. Sosekjøt er ein annan, men då heiter det Bœuf Bourguignon og er kokt i ein god skvett raudvin, burgundvin, sjølvsagt. Men det er i grunnen sosekjøt.

 
Ikkje sei det til nokon, men me var på drueslang ute på landsbygda i Burgund. Nett det hadde eg gledd meg til. Dei små, blåraude Pinot Noir-druene var svært lekre, aromatiske og søte. Ikkje rart at dei burgundiske germanarane slo seg ned her. Så trur eg at dei ikkje greidde å ete alle bæra, men laga saft av resten. Så gjæra safta for dei, og gjerrige som dei var, slo dei ikkje ut den utskjemde drykken, men svelgde han ned, den òg. Men sans for butikk hadde dei, og no sel dei mesteparten av stoffet til andre franskmenn og andre land.
   Eg har lese meg til at dei dyrkar ein god del solbær her òg, men me såg ikkje ein einaste solbærbusk på turen. Derimot smakte me på ein annan burgundisk spesialitet: kir. Det er rett og slett kvitvin med ein liten skvett solbærlikør oppi. Det hender at me serverer noko liknande til gjester her heime, for me har bra med solbær i hagen og saftar ein slump kvart år. Burgundarane ville nok ikkje ha godkjent produktet, for me brukar rett og slett av safta vår istadenfor likør. Smaken og fargen vert likevel nokså patent, og me seier at det er kir. Viss me tek utgangspunkt i sprudlevin, vert det kir royal - kongeleg kir.
   Eg må undre meg litt meir over desse burgundarane som kom over Rhinen og snakka noko som likna urnordisk. Lærde folk trur at dei kan ha hatt sitt opphav i Skandinavia og henta namnet sitt frå Bornholm, som kan ha heitt noko slikt som Burgundarholmr i gamle dagar. Frå Bornholm var ikkje vegen lang til Polen og Tyskland, og så kan dei ha flytta seg sørover og enda opp mellom vinrankene i Gallia. No er eg ikkje lenger  historielærar og kan dikte fritt utan å tenkje på min faglege integritet. Difor vil eg lansere teorien om at dei kom frå Kvinnherad. Trøytte og leie av det kommunale bråket om økonomsk misere, med krangel, innsparingar og nedlegging av sjukeheimar og skular, har dei vandra ut med Borgundøy som siste mellomstasjon på vegen mot sør. Og når dei så vart spurde kvar dei kom frå, sa dei at dei kom frå Borgundøy og var burgundarar. Dei skjemdest av å fortelje at dei var kvinnheringar.
   Høyrest ikkje dette sannsynleg ut?
 
 

tirsdag 18. september 2012

FEM FRANSKE BLAD. 1: WENN JEMAND EINE REISE TUT ...


„Wenn jemand eine Reise tut, so kann er was erzählen,“ syng tyskarane i ei vise. Men det var før  i tida. No reiser alle folk alltid, og ingen er lenger opptekne av å sjå bilete og høyre på skildringar frå andre sine ferder. Til det er me vortne altfor vekkskjemte med eigne reiseeventyr. I alle fall til Frankrike, som ligg for nær og er nesten som eit granneland å rekne. Hadde det no endå vore Swaziland eller Turkmenistan. Elles er det få som vil høyre på lange utgreiingar om opplevingar frå turar.
   Då var det annleis den gongen Goethe la ut på Italia-reisa si - ja, han reiste på nett den same datoen som me, den 3. september - og skreiv ei tjukk bok med reiseskildringar. Rett nok var han vekke i to år, og det var på slutten av syttenhundretalet, så han hadde ikkje med seg GPS-navigator og dreiv heller ikkje med blogging. Men boka vart populær.
   Jamvel om reiseskildringar frå Europa har gåttt av moten, har eg tenkt å bla opp med fem bloggar om Frankrike, sidan me nyleg var innom dette landet. Viss eg er flink, kjem det eitt blad om dagen denne veka. Då veit du om lag kor lenge du kan halde deg unna ”Tankar om no og då”, viss du helst vil sleppe slike reiseinntrykk.
   Når du set deg inn i ein bil og skal køyre i ukjent lende, er det fleire løysingar for å kome fram. Du kan til dømes studere karta nøye, late sidedama di sitje med ymse kart på fanget, og så prøver ein i fellesskap etter fattige evner å kombinere skilt- og kartlesing. På det viset har me tråkla oss gjennom store delar av Vest-Europa dei siste tjue åra. Det har gått strålande, jamvel om me stundom har hamna på ville vegar for ei kort stund. 
   Dei siste turane har me brukt ein navigator som kallar seg Garmin, eller Fru Garmin, som me kallar dama som med myndig røyst snakkar. (Henne har eg presentert før i ein blogg, berre klikk!) Så då me trilla ut frå Orly med leigebil, kopla me henne på med det same. Ho vart svært forvirra, for det var lenge sidan ho hadde vore i Frankrike. Så mens ho tenkte og rekna, laut me berre køyre anten til venstre eller til høgre ut frå flyplassen. Det var overskya nett då, så me vart ikkje kloke på kva som var sør og nord. Det viste seg at me valde feil då me køyrde til venstre. Skiltinga var ikkje mykje å verte klok på, men me skjønte at me nærma oss den indre bykjerna då Fru Garmin omsider fann ut av stoda og geleida oss i ein stor boge søraustover.
   Me hadde bedt frua om å unngå bomvegar og motorvegar på vår ferd til Chablis. Ho gjorde sitt beste. Såleis fekk me oppleve at det kryr av smale og svingete vegar også nede på det europeiske kontinentet. Det gjekk i kryss og krok gjennom eit svært landleg landskap. Me var innom ei mengd små landsbyar og gardstun, me penetrerte skogar og ålte oss framom lange mais- og solsikkeåkrar, me såg på kvite kyr og beitande sauer. Berre nokre mil utanfor eit byområde med nær elleve millionar menneske.
   Fru Garmin gjorde sitt beste, men det hende at ho ville ha meg til å køyre inn i innkøyring forbode-felt når me var innom ein landsby. Eg tilgav henne og brukte hovudet. Det fanst alltid ein utveg.
   Og så opna dei seg, druemarkene ved den vesle byen Chablis. Eit hovudformål med turen var nettopp dette: Oppleve druehagane i innhaustingstida, og kanskje smake både på råstoffet og det ferdige produktet.
   I Chablis gjorde fru Garmin ein flott jobb; ho førte oss trygt fram til hotellet der me hadde reservert husrom for natta. Der fekk me òg smake på Chablis-vin.


lørdag 1. september 2012

VIDAR THEISEN OG EG

Ein gong i tida brukte eg eit år av livet mitt for å tene landet, som dei sa, på Bodø flystasjon. Det var ikkje særleg frivillig, men eg gjorde vel det beste ut av det.
   Første halve året hadde eg ansvar for å halde greie på ymse tilhøve ved alle flyplassane i Nord-Noreg, og opplyse om det var noko som ikkje var heilt i orden. Nei, eg for ikkje rundt og sjekka, eg innhenta opplysningar frå fjernskrivaren, redigerte i hop det som var av interesse og rapporterte til militærflygarane. Produktet heitte NOTAM, og tydde Notice to Airmen, ei av dei uendeleg mange forkortingane i militærspråket.
   Kvar morgon klokka åtte var det briefing på møterommet oppe i andre etasje på Ops'en (ny forkorting, for operasjonsrommet.) Alle flygarar som skulle opp i lufta om dagen, sat sessa i salen, pluss nokre sjefar, deriblant til vanleg stasjonssjefen. Eg orienterte, peikte på kartet og forklarte. Det tok vel fem minutt, kanskje ti.
   Men før eg slapp til, var det ein stillferdig kar i gråblå lagerfrakk som fekk ordet. Han var sivilist og jobba på "metten" i Bodø. Den saktmodige mannen orienterte om vêret i landsdelen, noko som flygarane var svært interesserte i. Sjølv om meteorologen og eg treftest så å seie kvar yrkedag i eit halvt år, vart me ikkje særleg kjende med kvarandre. Nokre kvardagslege ord fall det kanskje.
   Fleire år seinare dukka han brått opp på fjernsynsskjermen, og resten veit me. I går døydde Vidar Theisen.

lørdag 25. august 2012

KONTIKI PÅ NORDMØRE



Eg må vel av garde og sjå den oppskrytte og storslåtte filmen, eg òg. Boka om Kontiki-ferda var ei av mine store lesaropplevingar i ungdommen. Ei slik eventyrleg sjøreise var noko som appellerte til gutefantasien. Eg skreiv jamvel stil om boka, anten det no var på realskulen eller gymnaset.
   Sjølv om eg hadde aldri så god lyst,  kom eg ikkje så langt i livet at eg kopierte Thor Heyerdahl og kompisane hans. Men det gjorde Larris og Vangsgutane! Dei var i Oslo ein gong midt på femtitalet, og der fekk dei sjå Kontiki-flåten. Då dei kom heim att til Todalen på Nordmøre, gjekk dei straks i gang med å byggje seg ein flåte med hus på, og så drog dei på ein farefull ekspedisjon ned elva til Øra for å finne ut om det budde folk der nede. Hallstein Breiset sponsa dei med materialar til flåten, og Sterk-Ola Bakken hjelpte til med å få fartyet på vatnet. Undervegs vitja dei Eirik på Holmen og tok på seg å frakte sopelimar for han ned til handelsmann Nordvik. Om bord oppstod det skarpe konfliktar mellom eit par  av ekspedisjonsdeltakarane, nett som i Stillehavet, og begge stader fall det ein mann overbord og vart redda.
  Ferda ned Todalselva var vel så vellukka som ferda til Heyerdahl. Han prova nok at det var mogeleg å segle på ein ussel treflåte frå Sør-Amerika til dei polynesiske øyane, men han prova ikkje at det var såleis desse øyane vart folkesette. I dag finst det rikeleg med prov på at han tok feil i hovudhypotesen. Derimot fekk Larris og Vangsgutane rett: Det budde folk på Todalsøra.
   Skal tru kva tid filmen om denne vågale ekspedisjonen kjem?

fredag 24. august 2012

SKATTAR I FJELLET



Denne vesle jenta er ei vaksen kvinne på førtiseks år no, og det fortel oss at biletet er teke for førtifem år sidan. No er knausen i bakgrunnen mykje meir tilgrodd
   Men det var ikkje mi kjære niese Janne Elise eg ville demonstrere, eg tenkte at de skulle få sjå fjellet ovanfor bøgarden, Hellaren. Og då vonar eg at Janne finn seg i å få vere med på kjøpet.
   Eg skreiv sist om jarnvinna ved Flekke skule. Hadde eg vendt fotoapparatet nitti grader mot venstre, kunne eg ha fått eit bilete av skulen. Men då hadde ikke Janne kome med. No skal det handle om skattane i Hellaren. Hellaren er det sentrale partiet i ein bergknaus ovanfor bøgarden vår, og så markant at me kallar heile knausen for Hellaren. Eg skriv "vår", for dette var sjølvsagt i papen si tid som grunneigar. Noverande proprietær vart ikkje fødd før to år etterpå, så dette var i gamle dagar.
   Papen var ikkje rik på klingande mynt, pengar i banken eller edle metall. Men han fabla meir enn ein gong om at det skulle ha vore moro å få granska om det fanst verdfulle mineral oppe i Hellaren. Dei nakne såra i fjellet avslørte mange underlege og fargerike bergartar. Somme stader glinsa det, andre stader taut det ut kalkliknande klumpar. Og ikkje minst: Han Mikal, gardeigaren før papen tok over, hadde gått og snakka om at han hadde funne ein søvklump der oppe. Om papen hadde sett klumpen, hugsar eg ikkje, eg har ialle fall ikkje sett han.
   Så fekk papen ein soneson (han har faktisk bursdag i dag!) som vart geolog. Og ein gong gjorde han bestefaren sin den tenesta at han klauv opp Hellarsurda, glodde, granska og skrapte på berget og kom ned att med konklusjonane sine.
   Nei, rikdommane i Hellaren er godt løynde!

tirsdag 21. august 2012

JARNVINNE

Sidan eg var innom skulestarten min på Flekke skule i går, kunne det høve å seie noko om berggrunnen ved skulen. Me katane (flekkemål for gutane), fattige som me var, drøymde stundom om ære og rikdom. Så det var ikkje å undrast over at me såg oss om etter verdfulle mineral i skulehusberga. Det var både kråkesølv og brunglinsande årer i steinen. Og så oppdaga me nokre svarte, finkorna årer som heilt sikkert måtte vere eit verdfullt metall.
   Eg gløymde ikkje å ta med ein magnet heimanfrå dagen etter funnet, og til vår endelause glede såg  me at magneten reagerte på den svarte stripa. Me kakka laust litt, finknuste det og lét magneten arbeide. Dei små malmkorna la seg i flotte mønster kring magneten, nett som på biletet i naturkunna. Lærar Årøy vart henta, og han var ikkje mindre oppglødd enn oss. Han skaffa seg ein bra neve jarnstøv til bruk i fysikkøvingane han utførte på kateteret med oss skuleungar i ein halvsirkel gloande med trillrunde auge.
   Me såg for oss storstilt gruvedrift og rykande jarnverk i den vesle heimbygda vår. Rikdommen skulle velte innover oss, og sjølvsagt måtte me som fann dei kostbare skattane, verte drusteleg lønte.
   Men me greidde ikkje å skape den store ihugen for oppdagingane. Til all lukke ligg det verken jarngruver eller smelteverk i den vesle Flekkebygda.
   Og  skulehusberget vart vekksprengt då dei bygde nytt skulehus og la om vegen. Men ein  stad ligg der framleis nokre vesale malmårer og ventar.

mandag 20. august 2012

HIT EIT STEG OG DIT EIT STEG ...

...dansar eg fram på skuleveg.
   Nei ikkje eg, eg er som kjent ute. Men i desse dagar kan eg nok feire sekstiårsjubileum for starten på min sekstiårige karriere i norsk skuleverk. Dette har eg allereie utdjupa i august for tre år sidan, og skal ikkje gå meir inn på det.
   I dag stilte tusenvis av forventningsfulle elevar opp til sin første skuledag, og ein av dei var sonesonen vår, Sigurd. Så me kan nesten snakke om ein jamn kontinuitet i familien. Dessverre sit me her sør på Vestlandet og får ikkje sjå den krye karen den første skuledagen, der han møtte opp på Lade skole i Trondheim i lag med mamma, pappa og syster Frida, som allereie er veteran på skulen med to års fartstid.
   Skal tru om Sigurd vert hekta til skuleverket i seksti år, han òg? Det får ikkje bestefaren vite. Og godt er det.

søndag 19. august 2012

REISERADIOEN


I dag mens me sat og kosa oss med frukostbordet, sende dei den siste utgåva av Reiseradioen for denne sommaren. Det er eit program som i aukande grad er prega av likegyldig skvalder mellom to menneske i eit trongt kott av eit studio på Marienlyst, og av uspennande musikkinslag innimellom blablablaet.
   Skal tru om desse unge menneska veit kva ein reiseradio var? Ein gong i tida var dei vanlege stoveradioane nokre tunge praktmøbel som sjølvsagt ikkje burde flyttast på. Men så var det somme som skaffa seg reiseradioar, radioar som gjekk på batteri og kunne takast med kvar det skulle vere. Batteria i dei eldste modellane eg hugsar, var tunge og klumpete.
   Men tidene forandrar seg. Eldstebror Arne kom i ung alder heim med ein Mascot, som viste seg å vere eit snedde vidunder av ein radio som gjekk på lommelyktbatteri! Korleis kunne dei få til noko så lite og hendig? Jau, her var det brukt små transistorar og ikkje radiorøyr i form av lampar som slukte straum og trong god plass.
  Radioen du ser her, var det bror Steinar som kjøpte for 51 år sidan. Etter kort tid betalte eg han ut og overtok vidunderet. Som sagt, radioen kunne vere med overalt, til dømes følgde han Kalle og meg på ei fjellferd frå Sandane til Førde då andre gymnasåret vårt var slutt. Høgt oppe i gloppefjella kunne me høyre om Profumo-skandalen i England og Kings Bay-debatten her heime. I mange, mange år var det frå dette apparatet eg fekk mykje av dei viktigaste impulsane frå den store verda.
   No har radioen i ei årrekkje hatt det til felles med Reiseradioen i Nrk at han har halde hus i eit trongt kott, men i motsetning til namnebroren har han vore tagal sidan eldste guten vår flytte heimanfrå og kanskje endå lenger. Då han tok ei generalopprydding i sakene sine i sommar, dukka radioen opp.
   Mykje vart ført til Sunnhordland interkommunale miljøverk etter ryddeaksjonen, men me var samde om at vår gamle Kurer Transi måtte skånast.
  

lørdag 18. august 2012

KULTURENS SIGER OVER NATUREN


Som den evige optimisten og kulturpersonen eg er, lèt eg meg ikkje knekkje av nokre skarve spanske sniglar. Eg forstår forresten ikkje korleis iberiasniglane kan ha greidd seg på den turre og heite Pyrenearhalvøya, der dei visstnok har sitt opphav. Her på berget kjem dei helst snikjande fram etter at sola har gått ned, og det kjem eit kjølegare drag i lufta og dogg på bakken. Dei har vel rømt frå det kriseramma, brennheite Spania og funne ut at Noreg både har snigleklima og gode velferdsordningar.
   Skvåsjen er ein velsigna kulturplante når du først får han i skikkeleg vekst. Men i fjor gjekk det ille. Sniglane kom stormande så snart eg hadde plassert dei forkultiverte plantane ut i bedet sitt. Etter nokre dagar i Austevoll såg me knapt spor av stilkane eingong.
   I år var eg verkeleg på vakt. Eg sådde inne og sette dei ut under eit lite plasttak. Rett nok var det vind og væte som var den verste fienden deira dei første vekene. Trass i det svært provisoriske plasthuset, stod dei der og sturte og venta på sommaren. Men dei greidde seg. Etter kvart som dei voks, laut eg fjerne plasten. Då kom brunsniglane. Dei fekk eit kort liv. Eg brukte eit mangesifra timetal på vakthald og snigledrap. Skvåsjplantane var heldigvis litt meir robuste enn dillen og salaten, så dei overlevde. Og når dei først kjem i skikkeleg vekst, maktar ikkje eingong iberiasniglane å halde dei nede. No om kveldane ligg det ein gjeng brune rakkarar kring bedet og diskuterer om dei skal tore å gå til åtak. Ein og annan vågar seg oppi lauvverket, men rekk ikkje å gjere så mykje skade.
   No driv skvåsjplantane og betaler ned på gjelda. Dei leverer rikeleg med faste, fine skvåsjfrukter, som me kan koke, steikje, ha i salatar og ymse grønsakretter, sylte, eller ete rå på brødskivene i lag med skinke eller ost.For ikkje å snakke om den gleda dei gir til auga, der dei står med struttande lauvverk, digre, gule blomar og potente frukter.


  

fredag 17. august 2012

NATURENS SIGER OVER KULTUREN


Alle bloggarar og feisbukkbrukarar med sans for hagebruk skriv og skriv om brunsniglar, og med god grunn. Eg òg er stundom innom det temaet.
   "All kultur er dyrken," heiter det i bondesongen. Ordet kultur tyder nett det, og i gammal latin brute dei ordet om pløying og dyrking av jord. Som den kulturpersonen eg er, lyt eg drive litt hagebruk.
   I vår tenkte eg meg jamvel eit lite tilskot til matauken. Eg sådde dill og salat inne i god tid. Begge sortane spirte og lova godt. Eg sett dei ut i ein liten kasse med jord. Nett då slo vêrgudane til med slagregn og temperaturar så vidt over null. Sniglar og andre utyske tok snart knekken på den delen av avlinga som overlevde gråvêret.
  Så laga eg ein ny og større heim til vokstrane mine (sjå ovanfor.) Eg sådde nye frø, både dill, plukksalat og reddikar. Dei kom villig opp og stod og strekte seg mot lyset, trass i uroleg vêr.
   Då fekk brunsniglane fart på seg og lét seg ikkje affisere av mine hyppige inspeksjonar. Ikkje så radt få brunsniglar laut bøte med livet i kampen om denne åkerflekken min. Men kjærleiken til frisk, grøn dill og frodig plukksalat var sterkare enn dødsangsten hos desse brune sleipingane.
   Til slutt var det berre å konstatere at naturen hadde sigra over kulturen. Der det skulle ha stått frodige dillkruner og duva i sommarbrisen, der det skulle ha vore smikkfullt av knasande sprø, yppig plukksalat, er det berre mold og ugras. Rett skal vere rett: Dei løyvde nokre reddikar til oss, som me har ete opp for lenge sidan. Men ikkje eit salatblad, ikkje ei einaste dillspire.
   No gir dei brune beista blaffen, dei smakar ikkje på graset og ugraset som kjem opp. Så det lyt eg reinske vekk sjølv.

torsdag 16. august 2012

DAG EIN I DET NYE LIVET

Takk til alle som trufast og tolmodig har opna bloggen min i sommar, og hjarteleg takk til bror Steinar som har freista å halde litt liv i nettsida mens eg har teke ferie. Men no skal eg skjerpe meg og få nokre tekstar av garde dei nærmaste dagane.
   Sist eg skreiv, gjorde eg eit ørlite nummer av at den siste skuledagen min var over, og at pensjonistlivet no hadde teke over for godt. No ser eg det slik at det er dagen i dag eg bør feire. Dei siste åtte vekene har det vore ein relativt normal sommarferie. Men i dag begynner dei på skulen att, dei arme krypane som enno held ut i arbeidslivet på skulen med den keisame forkortinga KVV, og som held hjula i gang, byggjer landet og skaper innkome til seg sjølve og syter for skattepengar til pensjonane våre.
   Eg har fabla om å markere denne dagen skikkeleg. Få med den nyutsprotne medpensjonisten Karl Johan, som òg er ein god granne, opp i vegen med ein ølkasse og kvar sin fluktstol, så kunne me sitje der på morgonkvisten og geipe, le og peike nase til kollegane våre då dei skulle på jobb i dag tidleg. Men som med så mange andre av dei gode ideane mine vart det med tanken, berre.
   I staden stod eg opp klokka fem og fekk av garde den nest eldste sonen vår, som hadde seg ei veke heime hos papen og mamma. Dermed var det slutt på omsorgsarbeidet vårt denne sommaren, som byrja med ei veke hundepass frå og med den tredje juli, utvikla seg med vitjingar av born og barneborn og gjenvitjing og barnepass ei lita veke i Trondheim.
   Men no er eg altså i gang med dag ein i det nye livet. Så får me sjå kor det går.

torsdag 2. august 2012

(G)JENTER OG NYNORSK


I går vart det sett i verk nye rettskrivingsreglar for nynorsk.
Gulruss 1959
Siste store omvelting i så måte var vel innføringa av ny læreboknormal  i 1959. Etter at Oddleifen hadde terpa i tre år på realskulen på ein av yndlingsreglane at ”de skal hugse at ordet gjente kjem av gut, og skal difor skrivast med g!”, kom han i ein av dei siste norsktimane før eksamen med ei retting: Til eksamen var det no vedteke at ein skulle kunne nytte den nye læreboknormalen, slik at det no var høve til å skrive jente, sjølv om det aldri så mykje var avleidd av ”gut”, noko eg sterkt mistenkjer den gode Fagerheimen for å ha funne på sjølv.

Norsklæraren
Førebels er det ikkje utgitt ordlister eller anna tilfang å rette seg etter, men trøysta lyt vere at ein vert ikkje ilagd straff om ein bryt rettskrivingsreglane. Såleis kjem eg nok til å skrive slik eg sjølv vil, liksom Frode Grytten og vil gjere. Mange vil nok gråte ein skvett fordi det ikkje lenger skal vere lovleg å skrive soli og fjelli, godt då at ein slepp å skrive solen og fjellene.
Kva så med (g)jentene?
Eg minnest den gamle vitsen om dei to aldrande herrane som sat og mimra. Den eine sa: ”Hugsar du då me var unge og sprang etter jentene?” Og den andre svara: ”Ja, men eg kan ikkje minnest kvifor….!”.

Me får tru at nynorsken og jentene held seg sunne og friske lenge enno!

søndag 22. juli 2012

GOLF OG BADING

Medan bror Reidar samlar tankane til nye bloggar, vågar eg meg til på nytt.

Golfsporten var vel tidlegare halden for å vere ein ”Sossesport”, vanlege folk hadde korkje råd eller tid til å drive med slikt. No er det helst vorte ein folkesport - sameleis som sydenturar for å få seg eit bad....

Norcanner Brand Bri...
Golfballar og skuter
I min barndom hadde Bakarfolket søppeldynga si om lag tvert over vegen frå huset BakarLarsen seinare bygde. Slike søppeldyngar og ”rennesteinar” var vanlege før i tida då ein gjerne ikkje hadde korkje innlagt vatn eller kloakkanlegg, og lenge før renovasjon og kjeldesortering var kjende omgrep.
Her kunne me finne hermetikkboksar som var brukande til mangslags leikety for den tids gutelarvar som berre kjende ord som ”seilaks”, ”gaffelbitar”, ”ansjos” og   ”brisling” frå juletrefestane med påsmurde snittar med egg og sild som dei vaksne åt, medan me ungane meska oss med bollar – men kvifor skulle det no alltid vere sukat og rosiner i bollane?
Ein leik me fann opp var eit liknament til golf, noko me ikkje visste den gongen. I den store urda under Hellaren ovafor bøgarden heime definerte me ei ”kasterute”, venteleg liknande ei 9 hols golfbane. Så galdt det med færrast mogeleg kast å få hermetikkboksane til å lande på dei fastlagde steinane, utan at me kjende til omgrep som ”birdie”, ”par” eller ”hole in one”.

Ein annan leik me fann opp ved bruk av dei same hermetikkboksane, dersom dei då ikkje var gått tapt i utilgjengelege hol i Hellarsurda, måtte me inn i Stavsdalen til ein høl i elva ved ”Vokneskardva’, om lag der skytebana no ligg. Der sjøsette me dei stolte skutene, så galdt det kven som greidde å flyte lengst nedetter elva….. Den tids rafting..?
Bada gjorde me til vanleg i sjøen medan mamma og papen sov middag, og elles om kvelden når me var ferdige med turrhøytaking eller hesjing. Men stundom lauga me oss i elva som før er nemnd. Ein god badeplass var, som namnet og fortel, ”Lau’vasshølen” - i ”Storehølen” var det noko meir skuggelendt, og gjerne noko kaldare i vatnet.
I elva var der småkjø, som venteleg trong mat. Det hjelpte me dei med: Me skeit på bakken (om me fekk det til), og straks samla det seg fluger kring ruvene, og me kunne slå dei med høvelege bjørkeris. Og kjøene slukte dei med god appetitt, kanskje vaks dei ørlite til me ein annan gong freista lure dei med anglar og meitemakk?

onsdag 11. juli 2012

GODT HUGS - GODT MINNE

Eikeviken, eller "BakarLarsen" som han vart kalla  i dalegtale heime, var mellom anna norsklærar. Eg fekk ikkje oppleve han bak kateteret, på realskulen hadde me derimot i mi tid ein annan dugande norsklærar, Oddleif Fagerheim.
Bror Reidar, derimot, som tok sine første steg fram mot eiga lærargjerning i krysningstida mellom den gamle realskulen og den nye ungdomsskulen i Dale, hadde kanskje den gleda å verte inspirert av BakarLarsen til å bli bloggar?
Eg hugsar Eikeviken i eit anna høve leggje ut om skilnaden på "minnest" og "hugsar" - han meinte at mange brukte desse orda feil. Såleis skulle det heite: "Eg minnest konfirmasjonsdagen min, og hugsar enno det presten sa...". Eller var det omvendt? "Eg hugsar konfirmasjonsdagen min, og minnest det presten sa..."
- Nei, det hugsar eg ikkje....eller bør eg heller seie at det kan eg ikkje minnest?
No er det ikkje tvil om at bror Reidar har eit langt betre langtidsminne enn eg har, noko som er naudsynt for å halde liv i bloggen "Tankar om no og då". Men eg trøystar meg med at langtidsminnet gjerne plar utvikle seg med åra, omvendt proporsjonalt med korttidsminnet. No skal eg vare meg vel for å insinuere at det byrjar å skorte på langtidsminnet til bror Reidar etter at han vart pensjonist på heiltid, men det synest å verte lenger mellom blogginnlegga....
Kanskje Reidar protesterer?
Bror Reidar hadde forresten alt tidleg eit velutvikla minne. Såleis har eg ofte  fått høyre om då mamma og papen skulle fortelje at han var ventandes til verda. Eg hadde gjerne som 2-åring plass "i myljo" i dobbeltsenga, og vart fortald at eg kanskje skulle få ei syster. Då reiste eg meg i senga og utbasunerte: "D'æ'kje plass te noka syste i dinje sengjinne". Ja, ja - så laut det vel verte ein bror, då, og systa laut vente i 11 år til - då var venteleg plassen "i myljo" ledig....
Men eg minnest at då Reidar som liten fekk fortalt denne same episoden, visseleg ikkje for første gong, påstod at det hugsa han godt.....
Ein annan kar som det går mange strofer etter hadde eit liknande godt hugs, han kunne td seie som så: "Eg minnest det som det var i går! Det var endåtil den våren ho mor gjekk med meg.....". Desse strofene skulle utvilsamt vore nedskrivne, sjølv om dei nok gjer seg best i munnleg framføring. Som til dømes: "Det var god termos, det! Eg miste han i snøen ein vinter eg var i skogen og hogg ved. Då våren kom og snøen var vekke, fann eg han att og tok ein slurk av kaffien - men fy ..... som eg brende meg!".
Eller "Det var god klokke, det! Eg kom til å knuse glaset på klokka som eg hadde i vestlomma, og sekundvisaren tok til å veiva seg inn i vestforet. Og hadde eg ikkje vore så eldande snar å få av meg vesten, så hadde ho knipe meg i hel!".
Kanskje det kunne vere ei oppgåve for Sogelaget om å samle desse sogene i skriftleg form før forteljarane som hugsar dei alle døyr ut? Å spørje Arne som var aktiv i Sogelaget er i alle høve for seint, men kanskje bror Reidar?
Eg berre spør!

torsdag 21. juni 2012

SOLSNU

Kva skal eg skrive om dagen eg nett har lagt bak meg? Seint på kvelden snudde sola, som folk seier. Det gjorde ho ikkje, men det er ein måte å forklare det på, det som skjer med årssyklusen. No vert dagane stuttare, nettene lengre og kveldane mørkare.
   Ikkje dra for raske slutningar. Men dagen i går var siste arbeidsdagen min. Og for Karl Johan. Han har vore ein god kollega  og granne gjennom 33 år. Me to vart hylla på skueleavslutninga, me fekk blomar og  kvar si avskilsgåve. Me er pensjonistar på fulltid frå no av.
   Me tek det ikkje tungt, og om dagane vert stuttare, nettene lengre og kveldane mørkare, skal me nytte dagane våre på ein heilt annan måte enn me har gjort. I kveld bad Karl Johan og Sigrunn oss opp til ei lita otiumsfeiring.
   Betre kan ein knapt ha det.

torsdag 7. juni 2012

VEIK TIL OLJELAMPEN

Takk og pris for at me ikkje er avhengige av parafinlykter og oljelampar. me kan berre skru på brytaren - nei, no for tida slepp me å skru, me berre trykkjer på han - så kjem lyset fløymande ut or lampane.
   Men til nostalgisk hugnad, til campingkveldar og til seine utestunder på terrassen er det både nyttig og stemningsfullt med oljelampen. Det er berre det at me har brukt opp veiken på lampen vår. Og kva gjer me så?
   Butikkane på Husnes og på Stord bognar av alskens varer og av alle tenkjelege og utenkjelege duppedittar. Difor går eg og spør: "Har de veikar til parafinlykter og oljelampar?" Det har dei ikkje. Mange veit ikkje kva det er eingong. Somme stader sel dei faktisk lykter og søte lampar, men ikkje veikar. På ein byggvarebutikkk fann eg forresten veikar i metervis, men dei var meinte for oljebrennnarar i parafinomnar. Eg kjøpte ein stump og klypte til, og han funka nesten. 
   Sist helg var me i Bekkjarvik og fekk med oss opninga  av det nye handlesenteret. Der inne var det også ei krå med utstilling av butikkutstyr frå gamle dagar. Eit svært umoderne kassaapparat stod på disken, og mange nostalgiske døme på krambukram låg utstilte. Der låg det forsyne meg nokre buntar med lampeveikar òg! Eg hadde så nær gjort meg til kjeltring og teke ein veik, men moral og samvit var for sterkt, dessutan var det så mykje folk der at eg sikkkert haddde vorte oppdaga. I staden gjekk eg og bar fram ærendet mitt ein stad der dei selde både olje og oljerelaterte artiklar. Bak disken stod det ei svært ung kvinne, og eg spurde like ut: "Har de veikar til oljelampar til sals?" Jenta opna munnen litt, vibrerte med leppene og såg blått på meg med store, spørjande auge. Attmed meg stod det ein kar på min alder som skaut inn: "Ho er nok for ung til å vite kva det er!" Eg forklarte og demonstrerte, men veik hadde ho ikkje, ikkje ho heller.
   På bokmål heiter det veke. Franskordbøkene våre omset dessverre berre til og frå bokmål. Ein gong var det ein av franskelevane mine som skulle skrive noko og hadde bruk for det  franske ordet for ein sjudagarsperiode. I teksten som eg då fekk å rette, opererte han med eit fransk ord eg ikkje kjende den gongen: une mèche. Jau, han hadde slått opp og tenkt nynorsk, stakkaren. Slik lærte eg kva ho heiter på fransk, denne tyremsa som syg opp oljen i lampen, og som me kveikjer på så det kjem blafrande, nostalgisk lys ute på terrassen ein mørk sommarkveld.
   No er nettene så lyse at eg sikkert gløymer heile lampen. Og den skrøpelege veiken.
  

søndag 20. mai 2012

DEN SOM SPARER, HAR

Dette vart ei litt for flott overskrift. Det kunne ha stått at 'Den som ingen ting kastar, har kjellaren full av skrot'... Det ville nok mi kjære kone ha sagt.
   Men me som vart unnfanga under krigen, og no snakkar eg ikkje om krigen mot iberiasniglar, men den 2. verdskrigen, me har lært oss til at alt kan kome til nytte ein gong. Så eg kvir meg på å hive gjenstandar viss eg ikkje er overtydd om at dei aldri kan brukast til noko.
   Difor er det mykje rart som ligg og flyt i garasjen og kjellaren. Hadde eg hatt ein gammal låve å lagre i, slik ein god granne og kollega har, kunne eg ha gøymt på mykje meir.
   For nokre år sidan pussa me opp kjøkkenet vårt. Me gjorde ikkje slik som folk med for mykje pengar, me nøgde oss med å pusse opp og måle den gamle innreiinga. Men dei gamle treknottane til skuffer og skåpdører skrudde me av, og i staden kom det nye, hendige små metallhandtak.
   No burde vel dei gamle treknottane ha gått i omnen eller i restavfallet. For kva skulle me vel med dei? Likevel smugla eg dei ned i kjellaren og opp i ein boks der det låg mange slags dingsar frå ymse hald. Der har dei lege trygt nokre år.
   I går kveld tok me opp den elektriske terrassevarmaren og kopla på. Det førte til at me - yngstesonen Tore, Anne og eg - vart sitjande ute til klokka halv eitt og venta på sommaren, som skulle kome i natt. Terrassevarmaren er ei nesten to meters høg, slank søyle med ein rund sokkel og ein rund hatt, med varmeelementa under hatten. Han er lett å flytte og kjekk å ha når nettene er lange og kulda setter inn. Om våren og sommaren, altså. Eg snakkar ikkje om kuldegrader og vinterkveldar i denne samanheng.
   Under foten på denne terrasevarmaren var det seks plastknottar som var skrudde til understellet. Ein etter ein har dei roke, og no stod han og halta på berre to heile knottar. Og då kjem me til poenget: Korleis kan ein vøle ein slik fot? Tore foreslo å lage treknottar. Der slo det meg at me hadde fiks ferdige knottar i kjellarne. Det var berre å hente dei opp, bore høvelege hol og skru dei fast under foten der dei skrøpelege plastknottane var festa. Som tenkt, så gjort. No står varmaren stødig og fjongt på seks velforma treknottar.
   Men både dei heile og dei øydelagde plastknottane ligg i kjellaren i boksen der treknottane hadde lege. Kanskje dei kjem til nytte ein dag?

torsdag 17. mai 2012

17. MAI 1947

Dette året vart eg fotografert i fløyelsdressen min borte ved ungdomshuset i Flekke. Eg hadde jamvel ein flokk interesserte tilskodarar ved den høgtidssame handlinga.
   Eg hugsar ikkje hendinga, kan du vite, eg var ikkje fylt to år. Men bestedressen min hugsar eg. Han vart nedpakka og sendt til Korea tre-fire år seinare, då han av naturlege årsaker var for liten for meg. Der var det krig og naud, og eg håpar han kom til nytte.
  Til lukke med nasjonaldagen vår!

                                                     


mandag 14. mai 2012

PLOMMETREET SOM GAV ALT

Det har gått frå gale til vere med maivêret. For nokre blogginnlegg sidan trøysta eg meg sjølv så godt eg kunne, men no veit eg ikkje om tolmodet held stort lenger. Isande kald kuling og hissige regnbyger, dag og natt. Det er ikkje nett så ille med oss, me har framleis ved, og me har panelomnar. Eg tenkjer meir på det strålande morelltreet vårt som står og lyser med eit blomehav, men utan iltre humler og bier summande frå blom til blom. Eg engstar meg litt for plommetrea òg, sjølv om dei ikkje er heilt utsprotne. Det har likevel vore vere før. For ein del år sidan slo opalplommetreet til med bløming i april, fekk ei natt med sludd og frost, og vips! Dagen etter glitra isklumpane om kapp med dei vakre blomane i sola. Me fekk ikkje mange plommene det året.
   At lagnaden til eit tre kan gjere meg rørt, er heldigvis sjeldsynt. Men høyr berre! For mange år sidan stod plommetreet til bror Arne med familie i full bløming oppe i Bakken i Flekke. Det var ikkje berre det at det blømde, det strålte i overdåd og prakt, det var knapt råd å skimte stamme og greiner, berre blome på blome på blome. Det gav alt, satsa hugheilt på eit plommeår utanom det vanlege. Sola skein, og plommetreet glitra tilbake i ungdommeleg vågemot som eit Soria Moria-slott.
   Men så kom det ei frostnatt. Ei skikkeleg kvass ei. Blomane falma og datt av. Og ikkje berre det: Det tapre, vesle plommetreet gav opp, det visna ned og dauda.
   Dei gamle grekarane ville kalle dette for hybris. Då bror min fortalde soga, vart eg så rørt at det ikkje var langt inn til tårene.

søndag 13. mai 2012

PÅ MED HJELMEN

Dei gode kollegaene mine, ekteparet Anne Dorthea og Olav, kjefta ofte på meg for at eg sykla utan hjelm. Dei kom frå Utåker og trilla varsamt forbi meg i bilen sin, mens eg trødde meg opp dei knappe, smale svingane mot Reset, og uvørdne bilar pressa seg framom. Dei tykte eg var skøytelaus og tankelaus som ikkje hadde hjelm på meg: "Du er ikkje mykje redd for liv og helse!" "Eg har ikkje hjelm, og eg har ikkje vit til å vere redd," unnskylda eg meg med.
   Så tenkte eg på alle dei åra i oppveksten og i gymnastida, då sykkelen var eit hovudinnslag i dagssyklusen. Ramla eg av sykkelen? Sykla eg meg overende? Tja, det har vel hendt. Men eg kan ikkje skryte av særlege skadar. Ikkje hugsar eg andre som slo seg i hovudet etter sykkelvelt. Det verste uhellet var nok då bror Steinar braut kragebeinet i mai 1956, og som han har skildra for nokre  dagar sidan her på bloggsida.
   Ein dag på skulen stod det ei pent innpakka øskje på arbeidspulten min på skulen. Gjevaren var anonym, men det følgde med ei helsing som handla om å ta vare på vitale kroppsdelar. Eg pakka ut, og skjønte straks kven som var donoren. Eg var eigar av ein sykkelhjelm!
   Olav nekta ikkje rolla si då eg takka pent, han ønskte meg lukke til. Rett nok laut eg byte hjelmen, for eg er utstyrt med stort haue og lite vit. Men det let seg raskt ordne, og endeleg var eg på heimveg - min aller første sykkeltur med hjelm.
   I hellinga ned mot Podlen (før Halsnøytunnelen og rundkøyringa kom på plass) var det eitt eller anna på sykkelstien eg ikkje ville få under hjulet. I staden kom eg for nær autovernet og tryna så det foreslo. Eg fauk med hovudet rett mot ein autovernstolpe så det song i hjelmen. Hjelmen heldt, det same gjorde hovudet. Litt omtåka og tankefull kunne eg samle opp meg sjølv og sykkelen og trø vidare.
   Dorthea og Olav er kloke menneske.

lørdag 12. mai 2012

NYESYKKELEN KJEM I BRUK

Dei som ikkje likar å lese bloggstykke om gamle syklar, får vente eit par dagar. No kjem det meir om den nykjøpte sykkelen min for eit par og tjue år sidan.
   Gutane mine viste levande interesse for nyvinninga, sjølv om det var ein sykkel av det enklaste slaget. Vegard gjekk på vidaregåande (nett som faren, men med ei anna rolle) og fekk låne sykkelen neste dag. Me snakkar om fem kilometers trøing. Turen gjekk strålande. Guten kom vel fram, sette sykkelen frå seg og utførte sine plikter som elev. Men tydelegvis hadde han ikkje parkert med stor nok grad av omhug. Ei vindròse la sykkelen i asfalten, og den vesle girspaken av eit altfor spøtt materiale rauk tvers av.
   Far hans laut på Sport'n, kjøpte ein reservedel og sette på. Då ville vår yngste son, Tore, låne sykkelen på skulemusikkøving på Husnes. Det gjekk ikkje bra. På ein eller annan måte fekk han notestativet sitt inn i eit sykkelhjul - med uhellsvangert resultat. Eit par spiler rauk, andre vart forvridde, og hjulet var ikkje like rundt som det hadde vore. Notestativet var heller ikkje som før. Guten var like heil.
   Så då laut papen til att som sykkelreparatør, nett som i gamle dagar. Å skifte spiler og beinke sykkelhjul har eg lært meg.  Kanskje eg skal satse på slike jobbar når eg går av med pensjon?

fredag 11. mai 2012

SIC TRANSIT GLORIA MUNDI


Bror Reidar gjev uttrykk for at han ikkje utan vidare vil blogge om kjærleik med di det er så mange andre som skriv om det temaet, syklar er det derimot berre han, eg og Nordahl Grieg som skriv om.
No er det vel slik at det går an å bli glad i sykkelen sin, kanskje kan ein vel og gløyme det niande bodet at ”Du skal ikkje trå etter eigedomen åt nesten din.” liksåvel som det tiande ”Du skal ikkje trå etter ektemaken eller tilsette eller nokon som høyrer til hjå nesten din”. Korleis gjekk det så med fyrste sykkelen min?
Før eg fortel om den tragiske endelykta , lyt eg vedgå at det ikkje var berre moro å vere eigar av ein tregirs sykkel. Oftare og oftare laut eg med stor møye fram med skiftelykel og andre reiskapar for å vøle det hersens giret som stendig hadde lag til å henge seg opp. Gleda  over å vere einaste girsykkeleigar i bygda var etter kvart i ferd med å slokne, godt var det då at det i kameratflokken var ein annan Steinar som hadde slik illherveleg lyst på ein girsykkel. Han kom med eit tilbod om å byte bakhjul mot eit høveleg mellomlegg. Eg slo til og han overtok giret som hjå ein ukunnig eigar varde ei vekes tid før det skar seg heilt og ikkje let seg reparere – heller ikkje var handelen gjort med garanti, så  det var aldri på tale med omgjerdsle.
Eg var derimot godt tent med sykkelen utan gir. Han var med meg til by’n der eg i to år freista tilværet som ”bondestudent” på HFG, som Kjartan Rødland kallar det i soga om det ærverdige gymnaset. Etter gymnaset var eg eitt år vikarlærar ved Guddal skule, der noverande rektor og laksefiskeentusiast då gjekk i andre klasse, om eg minnest rett – eller var det tredje, med di broren gjekk i fyrste?
Frå Flekke til Guddal er det eit drygt stykke: Eg følgde buss på tomgang 12 km til Nautsund, der skuleruta til Dale starta. Så var det å sykle 5 km til Hovlandsdal og derfrå 8 km med skuleruta fram til skulen. Same vegen heim att, det vart ei sykkelmil for dagen. Vintersdagen var det ikkje alltid like lett å ta seg fram, og ikkje alltid hadde eg bruk for sykkelen heime heller, så sykkelen vart gjerne parkert i vegkrysset i Nautsund.  Ein snørik morgon var ikkje sykkelen å sjå då eg steig av bussen. Etter noko rekognosering viste det seg at snøplogen hadde vore for nærgåande, og sykkelen var ikkje lenger sykkel, men eit vrak.
Sic transit gloria mundi – eller ”slik forgår verdens herlighet” som Store Norske Leksikon nemner det. Men soga er enno ikkje heilt slutt: Eit par år seinare var eg medskuldig i at ein sykkel, eller rettare sagt: framhjulet,  knakk saman då vi skulle prøve om det gjekk an å sykle med tre – eller var det fire? personar på ein sykkel.  No var det slik at framhjulet på mitt sykkelvrak ikkje var verre enn at det let seg nytte, rett nok etter fagleg oppretting som Dørhellen sytte for. Så for det eg veit kan det enno vere i bruk?

torsdag 10. mai 2012

MEIR OVER TEMAET SYKKEL

Bror Steinar meiner at eg bør skrive om det andre temaet i Nordahl Griegs dikt, der eg siterte den siste verselinja for eit par bloggar sidan. Men kjærleiken får vente, eg vil skrive meir om syklar.
   Eg skjønar ikkje heilt korleis eg greidde meg utan, men eg kjøpte min første nye sykkel først i 1990. Vel, sønene hadde syklar, så eg lånte nok hos dei når det trongst. Men altså, i 1990 var eg i by'n i eit heilt anna ærend, og då kjøpte eg ein heilt vanleg klassisk sykkel. Den einaste luksusen var at han hadde tre gir, nett som den første sykkelen til bror Steinar, innkjøpt og teken i bruk andre pinsedag i 1956.
   Eg tok vidunderet med på osbussen. Dette var i dei retteleg gode, gamle dagane då det gjekk båt frå Os til Herøysundet, den snøggaste og billegaste byvegen for oss her i ytre fastlands-Kvinnherad. Eg tok like godt og låste sykkelen på bussen. Ikkje fordi eg trudde nokon ville stele han, der han låg i bagasjerommet midt i bussen. Men bakhjulet behøvde no ikkje liggje der og svive. To lyklar følgde det med, og dei hang på ein liten ring. Dei stappa eg i lommen, halla meg godt attover i setet og slappa av.
   Då me svinga ned mot Øsøyro, tenkte eg som så at eg fekk ta og låse opp sykkelen, så eg kunne trille han dei få meterane ned til båten. Men kvar var lyklane? Eg leitte i alle lommar, og lommar har eg som regel mange av. Ingen lyklar. Eg saumfor kvar ein lomme i ekspressfart ein gong til, og panikken om sigande. Men så kjende eg ned ved setet, både bak og på sida, og takk og lov! Der hadde lyklane smite seg ned. I aller siste liten fekk eg låsen opp og sykkelen ut or bussen.
   Så kunne eg kome heim som den lukkelege eigaren av ein flunkande ny Diamant ttregirs sykkel, ulåst, men med ein kraftig låsebolt klar til å gjere nytte for seg. Det skulle ha teke seg ut om eg hadde måtta ty til baufil og vinkelslipar på nyesykkelen før eg kunne setje fot på trøene.
   For ei skam det hadde vore.

onsdag 9. mai 2012

NYESYKKELEN


Inspirert av bror Reidar som sykla Sandane – Flekke i sin pure ungdom, skal eg våge meg til å fortelje om første sykkelen min.
Men først nokre ord om papen sin sykkel som Reidar lånte med seg til Sandane: Erik i Bakartunet hadde ein onkel som hadde butikk, god gammaldags landhandel, og som forutan vanlege daglegvarer skaffa det meste av det ein kunne ha bruk for. Ein dag bror Arne og eg var i Flekketunet med papen og handla, var Erik ”konge på haugen” og synte oss ”nyesykkelen til onkel Odd ”, ja me fekk jamvel prøve vidunderet kvar vår gong. Reidar var ikkje med, han var nok for liten, og hadde sikkert ikkje lært å sykle heller. Så kom papen ut frå butikken, venteleg etter ei god prateøkt. Han såg seg forvirra ikring, for inn att i butikken og kom ut att i butikkdøra saman med Odden. Med same kom Erik syklande, Odden ropte til han og lurte på kva det var han fann på. Det viste seg at papen hadde kjøpt sykkelen, og Erik vart nok litt lang i maska då det gjekk opp for han at det var ’Ovahogskatane’ og ikkje han som no hadde tilgang til vidunderet.
Mange år seinare venta me tre brørne oss ei syster. Medan me tre var fødde i senga heime, vart mamma no sendt til by’n – det var nok ikkje spøk når ein var i sitt førtiande år og blodtypane varsla at det kunne verte ein riskiofødsel.
Eg gjekk i sjuande klasse, og hadde både denne og førre vinter tent mine første pengar på å fyre i omnane i skulehuset, der lærar Årøy helst ville sjå at termometeret ved tavla synte 21 grader når han kom, noko som ikkje alltid var like lett å få til – eg minnest at det ein gong var minus 8 grader på same termometeret då eg kom for  å kveikje i omnen. No skjønar de nok at eg hadde tent pengar til å kjøpe min eigen sykkel, noko mamma skulle ordne når ho no likevel var i by,n. Ein fetter av henne, Anton Engen, hadde sportsbutikk, og der vart sykkelen kjøpt og skulle sendast heim med dampen.
Syster Liv vart fødd pinseafta, alt gjekk vel, og sykkelen var ventande til Flekke andre pinsedag, mamma og veslejenta laut nok vere i by’n noko lenger. Fetter Asbjørn heldt på å misse motet då alle han fortalde det til, at me hadde fått ei syster, alt visste det. Men Asbjørn har aldri vore kjent for å gje seg så lett, og han konkluderte med at  ”tante Lisbeth veit det sikkert ikkje, for ho er jo i by’n”.
Andre pinsedag kom, og etter middag la eg i veg ned Tunbakken og Gòta i full fres på papen sin sykkel. Farten var høg, og den gamle kvelvingsbrua ved Storakerbutikken gjekk tvert over elva, medan vegen gjekk i S-sving til og frå brua. Og det gjekk ikkje betre enn at svingen vart for knapp, så eine pedalen tok bort i muren ved brukanten , og eg vart kasta hovudstups over sykkelstyret og landa på eine skuldra fleire meter lenger framme.
Godt var det at eg ikkje landa på hovudet, for sykkelhjelm var ukjent den gongen. Men eit kragebeinsbrot vart det, og eg fekk venstre armen plastra fast til kroppen, og laut greie meg i tre veker med ein arm. Seinare på ettermiddagen kom Dampen, og med den sykkelen min. Det var ein brukt sykkel med tre gir, men blå og fin og god som ny, og eg var den einaste i Flekke med girsykkel, og sjølsagt laut han prøvast same dag, sjølv om eg hadde berre ein arm!
Sykling er ein risikosport, og på dagen 55 år etter at eg braut kragebeinet og fekk min nye sykkel same dag, starta bror Arne og eg med våre nære og kjære ein sykkeltur i Portugal. Denne turen hadde me lenge sett fram til, men alt fyrste dagen vart turen avbroten ved ei lei hending, og det vart Arne sin siste sykkeltur. Men det er ei anna soge.

tirsdag 8. mai 2012

O CYKKELSTYRE. O KJÆRLIGHET

I desse dagar passar det å dra fram endå eit femtiårsminne. Men det handlar ikkje i det heile om andre delen av sluttlinja i det vårlege diktet av Nordahl Grieg. Derimot spelar sykkelstyret ei rolle.
   Første året på Firda Gymnas nærma seg slutten. Russen sleit med eksamen, og truleg var dét grunnen til at me andre fekk månadslov ein måndag midt i mai.
   Laurdag sette mange seg på bussen og ville heim til Førde, Dale eller kvar dei no skulle. Men Karl Ekroll og eg fann ut at me skulle sykle heim. Då sparte me nokre kroner, vêret var flott, gauken gol, aplane blømde, syklane var nysmurde, og me fekk utrette ein ærerik dåd.
   Så snart skulen slutta og middagen var komen i magen, la me optimistisk av garde. For Kalle var det snakk om åtte og ei halv mil, berre. For stakkars meg som skulle heilt til Flekke, vart det fem mil ekstra.
   Alt gjekk vel og vakkert. Eg fann ut at Kalle var ein hylar til å sykle, så eg laut verkeleg trø for å halde følgje. Gamle sykkelen eg hadde arva frå papen, hadde aldri opplevd noko liknande. Me heldt 24 minutt på mila i snitt. Snart kvarv Breimsbygda bak den smale Våtedalen, me klatra oss opp forbi Klakegg til Skei og var halvvegs til Førde. Då smakte det med nokre minutts pause og litt mat.
   Sola glitra og skein oss i møte langs det fagre Jølstravatnet, og i ungdommeleg og vårleg overmot tok me av oss på overkroppen, lét sola steikje og vinddraget kjøle ned dei sveitte kroppane. Må eg minne om at i den tida hadde mykje av vegen gammaldags grusdekke. Dumba fauk oss i møte kvar gong det for forbi ein bil. Men me trødde og trødde, og snart nærma me oss grensa til Førde kommune.
   No lei det mot kveld, og sola steikte ikkje så heitt som før. Dessutan var det litt unnabakke ned mot Moskog, så sykkelen greidde seg stort sett sjølv, og eg fann ut at det var best å få på seg på overkroppen. Eg lirka laus skjorta frå bagasjebrette under fart, sleppte styret ein augneblink og prøvde å kle meg opp. No tenkte sykkelen som så at han skulle ta kontrollen sjølv og roe litt ned. Så han tok kursen utfor vegkanten, og mens eg enno baksa med skjorta, fann eg brått meg sjølv liggjande i veggrøfta med ein sykkel med knekt styre. Farten var moderat nett då, og eg fekk ikkje ei skramme.
   Nede ved krysset i Moskog stansa Kalle og venta. Han Reidar vart mistenkjeleg langt bak, tykte han. Men der kom felagen hans susande med eine handa på den friske halvdelen av styret og andre handa veiftande med resten høgt opp i lufta!
   Det var godt me snart var i Førde. Kalle såg løysingar før andre fekk snytt seg. Me kom oss inn på Førde Sport rett før stengjetid. Gutlarvane i Førde brukte å kjøpe racerstyre til syklane sine og bytte inn dei vanlege, gammaldagse. Godt for meg, for ein billeg penge var eg berga i ein fart. Klokka var seks, me hadde nådd Førde på under fire timar, opplevd dramatikk og løyst eit kinkig problem. Kalle kunne trille dei siste meterane heim, mens eg hadde eit godt stykke att.
   Så må eg tilstå at sykkelen og eg tok bussen opp dei bratte kleivane i Halbrendslia, men etter ei mils juks fullførte sykkelen og eg ferda på eiga hand. Endeleg kunne eg sykle inn på tunet i Flekke i halv titida, heilt uventa for dei heime.
   Snipp snapp snute! Eg hadde vel ikkje hugsa så mykje frå våren for femti år sidan viss Kalle og eg hadde vore mindre dumdristige. Men etter dette var både eg og  fleire ute på liknande ekspedisjonar. Utan å knekkje sykkelstyret.