Denne bloggaren er framleis fransklærar og lyt nesten kommentere det franske valet. Aller først: Gratulerer, herr Hollande, du greidde det! Franskmennene og franskkvinnene fekk ein såkalla sosialistisk president etter sytten års høgreorienterte leiarar. Jubelen er stor på Bastilleplassen, og festen skal vare til langt uti morgontimane.
Dei laga eit flott slagord i revolusjonen på slutten av syttenhundretalet. Rett nok fekk ikkje systrene sin rettkomne plass, det fekk rekke med brorskap. No slit både fransk og tysk med det problemet at dei ikkje har noko vanleg brukt ord for sysken. Då kunne det ha heitt syskenskap. Å gaule slagordet med både fraternité og sororité vart for tungvint, og dessutan var det framleis nokså utenkjeleg at jentene skulle vere likestilte med gutane.
Men eg skulle altså kommentere presidentvalet. No har dei valt ein "Herr Normal" til president, seier franskmennene. Ein vanleg fyr utan dei store skandalane, utan det store jåleriet, utan dei frekke innfalla, ikkje særleg sjarmerande, men ein fornuftig og keisam fyr. Rett nok har han fiksa utsjånaden litt, farga håret og fått seg ny kjærast. Den gamle var presidentkandidat for fem år sidan, men ho tapte grundig for Sarkozy. I dag ser fleirtalet på helten den gongen som ein tulle- og jålebukk, og at Hollande vann, var like mykje eit nei til Sarkozy som eit "Leve sosialismen!"
Endå eit blikk på slagordet i overskrifta. Franske presidentar er lite prega av idealet når det gjeld livsstil og framtoning, og det gjeld både sosialistar og høgreorienterte. Ein av dei mest elitistiske presidentar landet har hatt i nyare tid, heitte Mitterrand. Han oppførte seg som ein keisar, omgav seg med pomp og prakt og levde eit liv som ikkje minte mykje om vår norske Gerhardsen, for å dra eit døme. Men François Mitterrand kalla seg sosialist og vart vald som president då han var leiar for sosialistpartiet.
Det er sytten år sidan han gjekk av, og franskmenn har ikkje gløymt han. Han var ein ærerik landsfader det stod glans av, høgt heva over sitt folk. Slik ein stil passar neppe den nye sosialistpresidenten, François. Trass i ein borgarleg bakgrunn frå ein pen heim og med pen utdanning, er han framleis "Herr Normal" ...
søndag 6. mai 2012
lørdag 5. mai 2012
SORGSAME MAI
Eg tek litt hardt i når eg formulerer overskrifta. Eg skal snart forklare grunnen.
Men me har ikkje gode grunnar for å juble "Kom mai du skjønne milde," i dag då gradestokken så vidt har vore over null, og me hadde snø- og haglflager kring novene då me sat med frukostbordet. Likevel kan det ha vore verre då eg for 54 år sidan skreiv i skriveboka mi eit dikt med den bitre tittelen, eit kunstverk som eg tillèt meg å sitere in extenso:
Sorgsame mai (1958)
1) Og vi skal vera i mai no! Med regn og kulde, med hagl og sno. Ja, det kan sjå ut til å bli eit gasta år, når det kjem med ein slik vår. Ja, vi vestlendingar no for tida, må mangt og mykje lida.
2) Og syttande mai kjem vel med snø, og bjørkelauvet sprett vel ikkje meir enn i ein sjø. Ja, det kjem vel til å bli eit sværa ver, når syttand' mai er her. Ja vi vestlendingar no for tida, må mangt og mykje lida.
Av ein eller annan grunn har ikkje den tolvårige lyrikaren stilt opp diktet i logiske verselinjer, som du ser. Prosodien haltar litt, og rimnauda syner seg. Men eg tykkjer bodskapen kjem tydeleg fram. Og når eg koplar i hop nokre glimt av minne og litt resonnement, kjem eg til at dette kan ha vore den syttandemaien eg omtalte i bloggen for eit par år sidan, ein nasjonaldag heime i Flekke utan eit grønt lauv bortsett frå pyntebuskene i og kring ungdomshuset.
Så gale har me ikkje hatt det i år, trass alt. Allereie i april livna det i lundar og lauvast det i li. Og lat oss verdsetje det positive: Eg slepp slå plenlappane så ofte. Sniglane har knapt synt seg. Ugraset vantrivst. Og i dag har eg med godt samvit halde meg innandørs, og såleis fekk eg tid til å tapetsere ferdig entreéen.

fredag 27. april 2012
LA DERNIÈRE CLASSE
Eg sit og ser på elevane mine i fransk som har den siste heildagsprøva før eksamen, det som me i vår tid kalla for tentamen. Ikkje berre det: Eg er i ferd med å avvikle den siste heildagsprøva i lærarkarrieren min. Ungdommane sit no her og skriv, og nokre av jentene sutrar over at det er så kaldt i rommet. Begge vaktmeistrane våre er ute og rek, og alt er så automatisert at eg kan ikkje hjelpe dei. Jamvel om eg likar å skru.
At elevane no sit og har si siste storprøve i fransk, trur eg ikkje dei tek så tungt. For ei veke sidan kom me heim frå Paris etter ein femdagars skuletur - orsak: ekskursjon - for både desse og ein del andre tredjeklassingar. To fransklærarar, begge med fruer, og ein formgjevingslærar var med og styrte ståket og synte omsorg for dei tjueto elevane. Me dreiv dei hardt om dagane, så om kvelden stupte dei utmødde til køys. På det viset slapp me sitje oppe halve natta med hjartebank for villfarne norske ungdommar. Vêret i Paris var svært heimsleg, regn, vind og åtte-ti grader. Det òg var bestilt; det vart ikkje så freistande for ungdommane å promenere på Pigalle og Montmartre på kveldstid. Me budde berre eit par hundre meter frå Moulin Rouge.
Han som sit og skriv blogg, kjenner ikkje mykje vemod over at det (etter alt å dømme) er den siste heildagsprøva. Men tankane går til Daudets forteljing La dernière classe som stod i alle franskbøker i gamle dagar. Kort sagt handla det om den siste timen med franskundervisning på ein skule i Alsace etter at prøyssarane hadde erobra landsdelen i 1871 og innførte tysk som det einaste skulespråket. Halve bygda var samla i klasserommet, og stemninga var tung. At dette var eit gammalt tysk område der folk flest hadde og har tysk som talespråk, var ikkje vektlagt i forteljinga til Daudet. Sjølv var han frå Sør-Frankrike. Franskmennene hadde grabba til seg Alsace på sekstenhundretalet. Eg trur ikkje dei spurde om lov. Men det gjorde ikkje prøyssarane heller i 1870-71.
Derimot har to fransklærarar, Karl Johan og eg, spurt om lov til å pensjonere oss til ferien. Og me skal ikkje kalle inn halve bygda til siste fransktimen.

fredag 6. april 2012
TOBAKKENS FORBANNINGAR
Sidan no bror min feirar tjuefemårsjubileum for røykjestoppen sin med å leite fram gammalt tobakksrusk og hengje ut brørne sine på feisbukk, tenkte eg som så at eg skal late meg inspirere av tematikken hans.
Eg har før vore innom emnet eit par gonger i bloggane mine ( 27.09.09 og 16.03 i år). Eg vart aldri så flink å røykje som brørne mine, men etter kvart vart eg ein habil fest- og ferierøykjar. Dette heldt eg fram med lenge etter at dei hadde kutta heilt ut. Når Anne og eg var på lange bilturar i det store utlandet før i tida, og me på slutten av ein hektisk og innhaldsrik dag etter ein del prøving og feiling hadde funne ein høveleg teltplass, parkert, sett opp teltet, pumpa opp luftmadrassane, fått ut campingbordet og -stolane, var det ei nyting utan like å opne ein ølboks og kveikje ein sigarett mens kveldssola helste oss velkomne til den nye og spennande staden.
Tidleg i studietida vart eg så forkjust i ei langpipe som pipehandlar Sørensen på Torgalmenningen hadde i hylla si, at eg sneia litt av studielånet og kjøpte henne. Det var ei ekte Lillehammer-pipe frå Mesna pipefabrikk, så det var ikkje noko rusk. Midtstykket kunne med eit lett handgrep takast av etter ønske, men helst brukte eg henne i si fulle lengde i festlege stunder.
Eg var som sagt for det meste ein fest- og ferierøykjar, mens ho som eg forlova meg med for 44 år og 4 dagar sidan, faktisk putla og røykte litt dagleg på den tida. Det tok slutt etter kvart, og ho utvikla seg til ein standhaftig motstandar av denne ekle gifta. Men før den tida tok ho som regel pipa frå meg når eg hadde fått god fyr, for smaken var så framifrå på denne langstrakte reiskapen. Til slutt forbarma Olemann seg over henne og kjøpte henne ei damepipe. Den var ikkje halvparten så god som Lillehammer-langpipa mi, men det hjelpte litt.
For tre og eit halvt år sidan vart eg behandla for hjarteflimmer. Dei gav meg ei sprøyte så eg sovna og var vekke i ti minutt. I mellomtida gav dei meg støyt i bringa, og då eg vakna att, tikka hjartet like taktfast som stoveklokka vår, der ho heng på sørveggen. Eg treng ikkje eingong dra det opp kvar veke, slik eg må med klokka. Etter behandlinga spurde eg ein gammal dokter som sjekka meg: "Eg veit kva du bør svare, men eg spør likevel: Gjer det noko for hjartet om eg tek ein røyk eller to i godt lag?" Han riste på hovudet og sa nei. Likevel slutta eg med fest- og ferierøykinga òg. Men pipa vil eg ikkje hive enno. Lillehammer-pipene har sikkert samlarverdi etter kvart.
lørdag 31. mars 2012
RESIRKULERING
Det kan godt ha hendt same sommaren som då Jan Harald og eg stal novabåten. Me utforska verda høgt og lågt, til dømes løa vår. Der låg det ein del tomme kraftfôrsekker og haugevis med merkelappar som hadde tent sin funksjon, men som såg heilt fine ut. Det var no for gale om dei skulle verte kasta eller brende, tenkte me, kanskje me kunne levere dei inn og få pengar for dei? Nett det med pengar var noko me hadde lite av. Me var ikkje så dumme at me ikkje forstod at det gjekk an å byte pengar mot snop. Og snop var godt. Eller brus? Det var endå betre.
Me plukka og plukka, og snart hadde me lommane fulle med merkelappar frå kraftforsekkene. Så gjekk me på Odd-butikken og gjorde oss viktige. Kor mykje kosta ein slik merkelapp? "Fem øre, kanskje...," rusa Odd handelsmann i farten. Me såg for oss rikdommen kome sildrande over oss, me klemde fast om dei verdfulle lappane og kjende snev av sjokoladesmak i munnen.
Men Odd'n hadde det travelt og vørde oss knapt. Ville han ikkje snart telje lappane og opne kassaapparatet for oss? I hylla bak låg det haugar med karameller og sjokolade, i kassen borte ved veggen bogna det av brunt kandissukker på snøre, og me skimta brusflaskene inne i bakrommet.
Me gjekk der og knika og keik, men fekk etter kvart forståing for at det ikkje vart nokon handel likevel. Om han Odd sa det til oss direkte, eller om me kom oss til sannheits erkjennelse av oss sjølve, hugsar eg ikkje
Eg trur ikkje ein gong me hadde lappane med oss då me rusla heim, like fattige som då me kom.

fredag 30. mars 2012
MI KRIMINELLE FORTID
I mine tidlege barneår kom familien Pedersen frå by'n på sommarferie og installerte seg i gamlestova vår. Mora var syskenbarnet til mamma, og dei hadde tre små ungar. Den eldste heitte Jan Harald og var nesten jamgammal med meg, om lag eitt år yngre. Dermed hadde eg leikekamerat ei veke eller to, og me brukte tida godt. Eg var van med sterk sosial kontroll frå to eldre brør, men no vart eg sjefen. Dette handlar om ein vågal ekspedisjon ein fager sommardag då eg var sju år og Jan Harald seks.
For eit par år sidan skreiv eg nokre stykke om herr og fru Noven, som nyleg var flytte til Flekke og hadde ein robåt som låg og duva i stranda. Eg hadde vore i robåt før og visste alt om korleis ei slik skute kunne handterast. Dessutan var eg stor gut, skulle begynne på skulen om eit par-tre veker. Me løyste tauet, kom oss om bord, fiksa ilen og fekk årane ut. Så byrja ferda, Jan Harald i skuten og eg ved årane. Sola blenkte, det glitra i krusingane, måsane song og me var lukkelege.
Heilt til me høyrde eit vræl inne i stranda. Resten av familien Pedersen skulle ha seg ein dukkert i det lunka vatnet og hadde fått auge på piratane. Eg trur at bror Steinar var med dei òg. Så då var det berre å kare seg inn att. Det var fort gjort, me var dessverre (ok, heldigvis, då ...) berre komne nokre få meter frå land.
No gjekk det opp for oss at me var på ville og ulovlege vegar. Det er sikkert einaste gongen eg såg Harald Pedersen verkeleg bøs. Jan Harald sutra og orsaka oss: "Men Reidar er jo så flink å ro." Sjølv la eg på sprang og gøymde meg.
Ei stund seinare fann papen og mellomstebror Steinar meg sovande i høystålet. Papen smilte då eg vakna.

tirsdag 27. mars 2012
BLÅTANN
"Varför man valde namnet Bluetooth var för att forskarne bakom denna tekniska framgång hade ett intresse för medeltiden, speciellt för dess vikingar och kungar. Vikingen kung Harald Blåtand enade Norge och Danmark och var känd som en stor talare och duktig att få människor att enas och prata med varandra. Just därför valde forskarna att använda hans namn och direktöversatte Blåtand till "Bluetooth". Vad som länkar ihop denna gamla vikingakungen med dagens moderna teknik mer är att själva symbolen för bluetooth är en runa." Dette seier den svenske wikipediaen. Så då det svenske Ericsson utvikla blåtannteknologien som gjer at me enkelt og lett kan flytte data trådlaust, gjekk dei til Jelling i Danmark, grov fram minnet om den gamle kongen som ligg der og svalgde rått sjølvskrytet hans på Jellingsteinen.
Lenge før Bluetooth-teknologien dukka opp, dukka det opp ei blå tann i kjeften min. Ei mjølketann som sikkert hadde fått seg ein kakk og tok ein tydeleg blåfarge. Ikkje berre det: Det var ei framtann i øvste rekkja, så ho vart godt synleg. Men så begynte det å vekse opp ei ny tann bakom blåtanna. Då den kom til syne, tenkte nok dei omsorgsfulle foreldra mine at det var best å få blåtanna vekk, slik at den nye tanna kunne få gode vokstervilkår, og at yngsteguten deira ikkje vart gåande livet ut med skeive framtenner. Turen gjekk til Dale og opp til doktor Østby, som henta fram ei stor, blank tang, lirka litt i blåtanna slik at ho losna, og den nye tanna kom tydeleg fram i dagen.
Ho heng der enno, nøyaktig på rett plass attmed nabotanna.

onsdag 21. mars 2012
FRU GARMIN
Me var til Haugesund i går att, Anne og eg. Der har Helse Fonna sin maktbase med kommandosentral, operasjonsrom og sjefsstab. Med i bilen hadde me Garmin-navigatoren vår. Ut or den kjem det ei myndig kvinnerøyst, så me kallar dama for fru Garmin.
Me treng ikkje nett ha med apparaturet for å finne vegen til Haugesund. Men det er greitt å sjå kva tid me er framme, for det er dingsen flink til å opplyse om. Når me rullar i land i Skånevik, står det på skjermen at me er framme klokka då og då, og dette stemmer til vanleg godt.
Derimot rotar fru Garmin ein del når ho skal dirigere oss. Då me trilla ned på ferjekaia på Utåker, ville ho ha oss til å svinge til høgre og om bord i ferja. For det første laut me svinge litt til venstre for å finne rett ferjefil, og dessutan var ferja framleis berre midtfjords. Det skulle ha teke seg ut om me hadde lystra.
På heimvegen begynte ho å geberde seg då me passerte krysset mot Utbjoa. Ho ville absolutt ha oss til å køyre dit og ta ferja til Sydnes. Det kunne me ha gjort, men då hadde me måtta vente halvannan time på kaia. Då me passerte krysset, vart ho heilt ifrå seg og ville ha oss til å snu. Me var nesten komne til Ølen før ho roa seg og foreslo at me likså godt kunne køyre til Skånevik.
For snart to år sidan tok me fru Garmin med på langtur i Europa, og det må seiast at ho gjorde ofte ein bra jobb. Men det hende seg at ho svikta. Som då me nærma oss Dresden, og det var anleggsarbeid og Umleitung på motorvegen. Truleg oversåg me eit skilt, og me hamna ute på småvegar på landsbygda i det som før heitte DDR. Det er rein overtru at alle vegar i Tyskland er så flotte. Fru Garmin kava og ville ha oss tilbake på den stengde Autobahn. Me gjorde fleire forsøk på å køyre litt på måfå i von om å finne eit skilt som kunne gje oss hjelp. Fru Garmin stod på sitt. Til slutt laut det store Tyskland-kartet fram, me sikta oss inn på ein småby eit stykke lenger framme, og då me kom dit, hadde fru Garmin teke til fornuft og foreslo ei fornuftig løysing fram til campingplassen utanfor Dresden.
Dagen etter imponerte ho meg. Me var innom ein liten filleby på vår veg mot sør og vest etter den bedårande vakre Dresden. Her var det korte, tronge gater, men fru Garmin losa oss trygt igjennom, gate for gate, kryss for kryss. Der må ho ha vore før, tenkjer eg. Der var ho lommekjend.
Men du skal høyre henne når me skal til det nye ferjestøet på Årsnes, og me passerer det gamle på Løfallstrand.

fredag 16. mars 2012
SØRGJELEG SESONGDEBUT
Det handlar om sjømat. Skuta Sofie Karoline har dessverre lege gjerandslaus i hamna i månadsvis. Men i går kveld henta eg garna i naustet, løyste båten, drog i startsnora og opplevde at motoren starta utan protestar. Eit garn kom i sjøen, dei andre to hadde vasa seg i hop og får vente til ein annan gong. I dag tidleg drog eg opp garnet. Heilt tomt. Ikkje så mykje som ei sjøstjerne. Men pytt! Meininga var å hente ein heilt annan og svært så delikat matrett etter garntrekkinga.
Blåskjel er nokon forunderlege dyr. Eg trur ikkje dei er så dumme som dei ser ut til. I årevis kunne eg berre gå ned i stranda vår og på berga rett nedanfor heimen og hauste eit drusteleg kveldsmåltid på under halvtimen. I fjor og i år har det nesten ingen ting vore å sjå. Ikkje eingong den talrike flokken med småskjel som klamra seg fast nedanfor stupebrettet, er der lenger. Eg trur dei har rømt. Ryktet om farlege blåskjeletarar har spreidd seg langs stranda, og så har dei søkt ei tryggare hamn ein annan stad i fjorden.
Det har ikkje dei flotte koloniane med storvaksne, lekre skjel ute med Kolsøya. Der kryr det av desse hardhuda dyra, der kan eg berre ta. Båten og eg sette kursen mot sør, og berre sjå kva me kom heim med etter ei kort økt der ute.
Men så var det ei sak, då. Dei siste vekene har det kome positive blåskjelvarsel frå Sydnessund, som ligg rett på i hi sida av Halsnøy: Kan spise skjell! Slik kunngjorde blåskjelvarselet på tekst-TV side 697 då eg i dag drog til sjøs, rett nok i påvente av nytt varsel i dag. For ordens skuld sjekka eg det nye varselet i kveld då eg skulle til å stelle maten. Og korleis lydde bodskapen frå Sydnessund no? Ikke spis skjell!
No står fangsten i bøtta nede i kjellarhalsen og lengtar mot havet.
onsdag 14. mars 2012
MOCHTEZUMAS HEMN
Eg sit og rettar historieprøver og er på det viset midt inne i ei slik stode som eg skildra for to dagar sidan. Men som eg skreiv, retting og blogging skal ikkje vare lenger enn til midnatt, maksimum.
Det handlar mellom anna om koloniseringa av Amerika for fem hundre år sidan. Elevane skriv om likt og ulikt. Somme skriv om lag som når eg ein hende gong kjem til eit overdådig kaldtbord, eg plukkar på måfå litt her, litt der, og før eg veit av det, er eg mett og ferdig. Då ser eg kanskje både ein og to retter som eg absolutt skulle ha forska ut.
Men dei fleste elevane har lagt merke til dei grimme herjingane til dei spanske conquistadorane, til dømes då dei fekk has på aztekarhovdingen Mochtezuma og øydela den overdådig vakre hovudstaden som låg der Mexico by voks fram etter kvart.
Indianarane hadde ein skikk og eit nytingsmiddel som var ukjent for europearane. Dei drog til seg røyk frå eit innturka bladverk, ein røyk med ei særprega lukt og ein tiltalande smak. Dei neste hundreåra anla europearane tobakksplantasjar over uendelege vidder i både den gamle og den nye verda. Industrien produserte millionar av snadder og milliardar av sigarettar og skubba på forbruket med utspekulert reklame. ("Ja, nå røker også jeg Teddy, alle manns venn.")
Sidan klokka nærmar seg midnatt, får eg kome til konklusjonane. Ettrer kvart vart det meir og meir tydeleg at millionar av menneske pådrog seg sjukdom og død takka vere den fredsæle indianarvara. Folketapet i indianarlanda på femtenhundretalet var skremmande stort på grunn av den europeiske invasjonen. Kanskje førti-femti millionar. Men somme granskarar seier at det har døydd fleire menneske av tobakk kring om i verda berre dei siste hundre åra.
Mochtezumas hemn.

tirsdag 13. mars 2012
VÅTT BADEGOLV
Har du nokon gong vore på eit hotell der du slepp at vatnet renn ut frå dusjen og utover heile badegolvet? Vel, det har nok hendt. Men hovudinntrykket er at dei som innreier hotellbad, ikkje har noka god oppskrift for å gå klar problemet.
Som hotell Neptun i Haugesund, der me av ymse grunnar budde ei natt i førre veke, Anne og eg. Rommet var passeleg stort, koseleg og lunt, badet likeså. Men dusjen var altså ei slags glasboble i hjørnet på baderommet der den ovale veggen kunne skiljast i to og dragast ut til kvar side. Inn der kunne me smette, dusje oss reine, og så ut att til turking og påkleding. Desse to dørene - eller kva eg skal kalle dei - hadde jamvel ein pakning mot golvet som skulle hindre vatnet frå å sive ut. Det heldt ikkje heilt, og då eg ville ut att, laut eg sjølvsagt opne dørene slik at resten av vatnet fossa ut. Rett nok stod der ein løvangskost så eg kunne skubbe mesteparten av vatnet inn att i dusjen, men likevel klaga Anne over at det var vått på badegolvet då ho skulle inn og pynte seg før me gjekk i frukostsalen. Frukosten var forresten god, og det var god plass i matsalen.
Eg vil på ingen måte hengje ut hotell Neptun i Haugesund. Våte badegolv og verre tilhøve enn det eg har skildra, har eg støytt på mange gonger på mine hotellopphald. Ja, jamvel i pyntelege, private heimar eksisterer problemet.
Då me innreidde kjellarbadet vårt, bestemte eg meg for å lage eit fysisk skilje mellom inste delen av rommet der dusjen heng, og resten av det knøttvesle badet. Då me støypte golvet, konstrurerte eg ein liten kant, om lag sju-åtte centimeter høg og tilsvarande brei. Røyrleggjaren vår riste på hovudet. Dette kom nok ikkje til å halde, fortalde han. Vatn er ei utruleg lei sak. Det finn seg gangar og hol der ingen skulle tru, trengjer inn over alt, og før du veit av det, er kanten din laus. Meinte røyrleggjaren.
Men framleis, etter tjueåtte år, ligg kanten der og møter vatnet frå dusjen, så eg kan gå turrføtt omkring på den vesle golvflekken utanfor. Så sant eg har dusjforhenget skikkeleg på plass, då.
Eg skal lage ein hotellgaid der etablissement skal få ei ekstra stjerne viss dei har bad der du slepp væte ut heile golvet når du tek deg ein aldri så liten dusj.

mandag 12. mars 2012
Å LOVE BOT OG BETRING
Du har heilt rett i at det har vore puslete med innlegg frå meg i det siste. Eg har ikkje gode unnskyldningar. Tvert imot, eg har hatt god tid til skriveri, jamvel om eg har vore litt ute og reist i det siste. Nei, eg har verken vore i Paris eller på Kanariøyane, berre til Austevoll, Trondheim og Haugesund.
No skal eg love å skrive oftare ei stund framover. Når eg lovar slikt, brukar eg å halde det. Dette knepet har eg stundom brukt som lærar når eg tek til å skjemmast over seindrektig retting. Viss prøvebunken har lege for lenge og elevane masar, lovar eg dei at "i morgon den dag er eg ferdig, då skal de få att makkverka dykkar!" Og når dette er sagt, kan eg ikkje for skams skuld late vere å få rettearbeidet unna.
I gamle dagar, lat oss seie i førre tusenåret, hende det at eg sat til klokka var både tre og halv fire og retta stilar. Det var stilt i huset, mørkt ute, kaffi på kanna, og arbeidet gleid sakte, men sikkert unna. Når eg omsider la meg og visste at eg kunne halde lovnaden, kjende eg ei intens lukke i heile kroppen. Trass i svevnmangel. Neste dag kunne eg med godt samvit unne meg ei lang middagskvild.
Slike nattlege bravadar har det vorte lite av dei siste åra. Men så har eg ikkje undervist i norsk på nokre år, og eg har vorte flinkare til å kome meg i gang med bunkane før dei tek til å mygle, der dei ligg.
Når det gjeld blogging, hender det framleis at eg sit og skriv mens klokka går mot midnatt. Der ein stad går grensa. Og no når eg har lova å verte flittigare, må eg altså leve opp til lovnaden.
Om det så vert seine kvelden.

fredag 24. februar 2012
MORMONS BOK
Amerikanarane kan få ein presidentkandidat som er mormonar. Mitt Romney er ein søkkrik forretningsmann og vil bruke ein del av pengane sine i valkampar: Først vil han stå på for å verte kandidaten til republikanarane, dernest ta kampen opp mot Obama til hausten og kanskje få det ærefulle kvite huset i Washington som bustad nokre år.
Slik det ser ut no, har han gode sjansar til å nå det første målet. Det andre vert verre. Men du skal aldri seie aldri når det gjeld amerikansk politikk. Viss du hadde våga pengar på Obama for godt fire år sidan, hadde du sopt inn ein pen gevinst.
Hadde Mitt dukka opp med meiningane sine i ein norsk valkamp, ville jamvel Frp ha rygga litt. I dei konservative krinsane i USA er han likevel sett på som ein radikal fusentast. I tillegg har han ein tvilsam religion. Men i motsetning til enkelte republikanarar snakkar han ikkje så mykje om kva han trur på. Han er i det heile ein høfleg og danna type som dei superkonservative synest er altfor kjedeleg. Rik og glatt. Då er det noko anna med råskinnet med det vanskelege namnet Newt Gingrich (håpar det vart rett), ein ubehøvla horebukk og flåkjeft som får sjølvaste C.I. Hagen til å framstå som ein sundagsskulegut. I motsetning til mormonaren Romney har han hatt opptil fleire fruer og sikkert like mange elskarinner. Mormonarane meiner som kjent at Gud synest det er greitt med fleirkoneri. Men det er Mitt og ikkje Newt som er mormonar.
Republikanarane har fleire eksentriske kandidatar, og han som for tida er mest i vinden, er den fanatiske bibelfundamentalisten Rick Santorum, ei slags krysning av Finn Jarle Sæle og Børre Knudsen. I desse dagar leier han over Romney på meiningsmålingane. Enn så lenge. Men ekspertane trur at det er mormonaren Mitt som er den einaste som kan slå Obana i det endelege oppgjeret.
Religionen til mormonarane er eit underleg ihopekok. For om lag 180 år sidan skreiv amerikanaren Smith ei tjukk bok og påstod at ho var omsett frå eit oldtidsspråk og skrive på gamle gulltavler som ein engel skaffa han. Boka handlar om eit samfunn på austkysten av dagens USA for eit par tusen år sidan og var etterkomarar av ein utvandra stamme frå Jødeland. På mirakuløs vis hadde dei hamna i "God's own country" der mellom anna Jesus stakk innom rett etter døden og oppstoda, før han slo seg ned for godt i himmelen. Engelen sytte for at gulltavlene forsvann så snart Joseph Smith hadde omsett stoffet til gangbar engelsk: Mormons bok.
Mens eg studerte i Bergen, vart eg ein dag hukka av eit par venlege ungdomar som ville selje meg Mormons bok i norsk utgåve. Prisen var latterleg låg, og eg slo til. Eg hadde framleis bra plass i bokhylla mi. "Men du må be Gud om å hjelpe deg til å forstå teksten skikkeleg når du les," sa dei velmeinande ungdommane.
Eg hadde så nær spurt om boka var så dårleg skriven at det var nødvendig med hjelp ovanfrå. Men det sa eg ikkje, eg takka og bukka.
Boka har kvite permar, og eg tok ho fram og bladde litt i henne her om dagen. Eg treng tydelegvis guddommeleg hjelp for å få utbyte av lesinga. Likevel tykkjer eg at Mitt Romney er den einaste tilnærma normale kandidaten på republikansk side.

tirsdag 21. februar 2012
DEN SØRGJELEGE SOGA OM POSTKASSEN TIL RAGNAR HOVLAND
Me har hatt kulturfestival her i Kvinnherad, og eitt av innslaga var bokbad med forfattaren Ragnar Hovland. Det første han spurde meg om då me treftest, var om eg hadde noko nytt å melde om den forsvunne postkassen hans.
Då Sabine og Ragnar bygde seg hus og flytte inn her på berget for om lag tjueåtte år sidan, skaffa dei seg eigen postkasse, dei til liks med oss andre. Ein pen, grøn og stor postkasse som kunne hyse tjukke manus i retur. Etter nokre få år flytte Ragnar ut, og Sabine ikkje lenge etter. Huset vart selt, og nye eigarar flytte inn. Men postkassen til Sabine og Ragnar hang att, påskriven med store blokkbokstavar: HOVLAND. I mange og lange år hang han der, til åte for rev og ramn, som eigaren nyleg uttrykte det i eit avisinnlegg om saka.
Åra gjekk, og eg la merke til at postkassen etter kvart var smikkfull av reklame, hadde fått stygge bulkar og hang lite grann skeivt. Difor varsla eg eigaren om den vanskjøtta postkassen og åtvara mot Posttjuven. Han som herja i Todalen på femtitalet, vart sett bak lås og slå med god hjelp frå Vangsgutane etter at han prøvde å stele ein hest på marknad i Trondheim, men som sikkert har sona straffa og kanskje er på frifot att.
For om lag fem år sidan var Ragnar og kompani i Kvinnherad på turne med Vestlandsrevyen (ikkje NRK sin, men ein ekte vaserevy med fem lystige vestlendingar). Ragnar gaida dei rundt i bygda, og sjølvsagt var dei på Eikelandsberget, såg huset som Ragnar bygde i sine velmaktsdagar, og hadde ei stille stund med fotografering ved postkassen hans, som framleis hang på postkassestativet. På scena i kulturhuset same kvelden handla eitt av nummera om det grøne klenodiet, som ifølgje Halvor Folgerø no var kome inn på Unescos verdsarvliste.
Så langt, så bra. Men ikkje lenge etter var kassen vekke. Ikkje å sjå. Eg varsla Ragnar per elektronisk brev, og han tok det sjølvsagt tungt. To gonger har han teke opp saka i Innside-spaltene sine i Dag og Tid, siste gongen jamvel med bilete (DoT nr. 4, 27.1.2012). Det var såleis ikkje å undrast at han i spent forventning og blank i blikket spurde meg om eg hadde funne ut meir. Eg sa som sant var, at eg var på sporet.
Sidan det har eg ikkje lege på latsida. Og no veit eg korleis det gjekk med postkassen til Sabine og Ragnar. Nei, det var ikkje Posttjuven frå Nordmøre.
fredag 3. februar 2012
KJÆRE TANTE MÅLFRID: TIL LUKKE MED DAGEN!
I dag fyller ho nitti år. Denne tanta som eg ikkje er i slekt med reint biologisk, men som gifte seg med onkel Anders det året eg vart fødd.
Ein gong sa eg til henne at ho hadde vore minst like mykje tante for meg som systrene til pappa og mamma.
"Ja, eg sku vel meine da!" sa ho.. "Eg he vaska doke i ræva alle i hop, både deg og syskena dine!" I den flotte heimen din har eg vore høgt og lågt og gjort mykje ugagn opp gjennom åra. Viss eg ikkje har uttrykt mi takksemd for tantegjerninga di før, gjer eg det no!
Til lukke med dagen, tante Målfrid!
onsdag 1. februar 2012
ULOVLEG SKIPSLAST
Dette skal òg handle om livet på bryggja i Flekke, men om noko som skilde seg litt ut. På realskulen til Oddleif Fagerheim i Dale kom det elevar frå alle kantar av landet, i alle fall frå dei større byane. Der gjekk dei under strengt oppsyn, og respekten for "Liffen" - kjælenamnet dei hadde på skuleeigaren - var sterk og ekte. På si side hadde Oddleifen og fru Thora klare og greie reglar og rutinar. Ei av ordningane var at jentene og gutane ikkje skulle reise i lag når dei drog på ferie. For mange av dei byrja ferien med ein tur til Bergen, anten fordi dei kom frå by'n, eller fordi dei skulle vidare derifrå. Så denne gongen eg no skal utdjupe, skulle jentene ta bussen til Leirvik eller Lavik og sognebåten derifrå til Bergen, mens gutane vart sende med dalsfjordbåten.
Dermed kom dampen sigande til kai i Flekke ein vakker sundag fullasta med vevangelevar som skulle på ferie. Eg undrast på om det kunne vere påskeferie eller sommarferie. Nok om det, her kom det i land både gutar og jenter som hadde gått på båten i Dale! Dei var blide og omgjengelege, helste på flekkingane, fekk ei rask orientering om bygda, ein tur på Flekke kafé og ein prat med skulekameratar frå Flekke. Blant dei var eldste bror min, Arne, som no fekk høve til å presentere minstebroren sin for klassevenene sine.
Brått kom det ein bil trillande, og ut skreid sjølvaste Oddleif Fagerheim! "Hjelp! Liffen kommer!" skreik dei, og jentene (trur eg) som etter opplegget frå skulestyraren ikkje skulle vere med båten, fauk over landgangen og gøymde seg om bord. Men eit par stykke vart for seine, eg tippar dei sat på kafeen. Dei gøymde seg i busk og kratt ovanfor kaia. Stoda var håplaus. Ikkje kunne dei gå om bord utan å verte oppdaga, og ikkje kunne dei verte att i bygda.
Oddleif prata jovialt med guteelevane og med bygdefolket, og tykte nok at opplegget hans funka flott. Bak i buskane var det derimot full krise. Men eit par av gutane som hadde mest omsorg for dei ulukkelege jentene, klekka ut ein idé. Dei vende seg til bror min, som var lommekjend både på og kring kaia. "Du Arne, du må knabbe en båt og ro jentene over på utsiden av rutebåten." Bror Arne, vel oppseda og rettskaffen, vreid seg: "Eg ha'kje lyst å knabbe noken båt," kvinka han. Men etter eit par rundar med seg sjølv fann han ei råd. Ein robåt vart løyst, jentene kom seg om bord og la seg flate på tiljene i trygg avstand frå utsikta frå bryggja, og båten lurte seg rundt og til hi sida av dampen der hjelpsame gutehender drog jentene om bord.
Alle var nøgde; ferien var der, dampen fekk ei røys med passasjerar, vevangelevane fekk kose seg i lag utan strenge lærarblikk, Oddleifen kunne dra heim og skryte av opplegget, Arne fekk båten pent på plass og var dagens helt, og me som var vitne til spelet, vart ei oppleving rikare.

mandag 30. januar 2012
GJENSTRIDIG KALV
Grannebonden Dagfinn bad meg om hjelp med ein oksekalv som skulle på si siste reis med dampen til by'n. Eller like gjerne den første reisa hans. Kalven hadde vel knapt nokon sinne vore utanfor Finn-floren då me kom og la grime på han for å geleide han til bryggja, der dampen no kom ulande og la seg til. Det var sommar og sundag, så me hadde mange tilskodarar.
Dette kunne ha vore ei fredeleg og ærerik ferd, men kalven ville det annleis. Eit stykke på vegen gjekk det greitt, sjølv om stuteposen ikkje var nokon racer. Men Dagfinn og eg halte og drog, skubba og skjente, så me kom oss steg for steg nærmare kaia. Heilt til kalven fann ut at no er det nok. Då hjelpte det ikkje kor me halte og sleit, lokka og truga. Folkehopen ute på bryggja venta spent. Skipperen på dampen såg på klokka og riste på hovudet.
Då tok ekspeditør Audun affære. Han tok tralla som dei trilla varer med, og med sigaretten mellom lippene la han i veg innover mot oss som framleis hadde vona hangande i snøret. Snart var han inne der me og kalven dreiv og motarbeidde kvarandre, og no var det inga bøn. Me tre karane vippa kalven opp på tralla og fekk han ut på kaia, der beistet fekk seg ein luftetur og kasta eit sårt blikk heim til Finn-floren før han hamna i lasterommet. Endeleg kunne dampen seie dingelingelinng og leggje frå kai.
Oddvar'n fortalde om opptrinnnet etterpå og skildra meg slik: "Håret te Reidar'n sto ende te vêrs, å i enden tå kvert hårstrå hång da ennj svettedrope!"
Nett slik kjende eg meg òg.

lørdag 28. januar 2012
FLEKKE KAFE
Sidan eg har kome i skade for å love fleire opplysningar om Flekke kafé, må eg vel gjere det, då. Kafélivet har teke seg monaleg opp att her landet, og kaffistover finn me over alt. Nei, dei heiter ikkje kaffistover lenger, no er det kaffibarar, der dei sel kaffi i hundre ulike variantar. Viss dei har italienske namn, er dei særskilt gjeve. Då fenomenet kafé oppstod, var det ein stad der du kunne setje deg ned og kjøpe ein kopp av denne vidunderlege drykken. Eg reknar med at me har lånt ordet frå fransk, der café kan tyde både kaffi og kafé. Og om eg no ser på eigne røynsler, må eg tilstå at eg har drukke mange gode koppar kaffi på mange gode kafear.
I mine tidlege ungdomsår var det haugevis av kafear i nabobygda Dale, så dei hadde visseleg mange kaffidrikkarar. Ja, og i tillegg må der har vore flust opp av folk som kjøpte seg lapskaus istadenfor å gå heim og ete. Dei hadde Firda billag-kafeen, Stjernen og Ungdomsheimen. Og så var der gjestgjeveri og pensjonat. Og du kunne setje deg ned med tebrød og bollar både på Øvste- og Nedstebakeriet. Ei stund var det meierikafe og, viss eg ikkje hugsar feil. Her eg bur no, i Valo (=på Valen i meir offisiell målbruk) bur det vel så mange menneske som det gjorde i Dale for femti år sidan, men kafé har me ikkje. Me lyt koke kaffien vår sjølve, heime på kjøkkenet. Me lyt òg lage til middagen vår sjølv, om me då ikkje går på gatekjøkken på Husnes.
Men så var det altså Flekke kafé eg skulle skrive om. Marta og Karl hadde huset sitt så å seie nede på kaia der dampen la til. I eldre tider hadde det vore butikk i kjellaren, noko me kunne sjå spor etter om me keik inn glasa. Ved alle nedlagde rutebåtkaiar på Vestlandet ser du spor etter nedlagde butikkar. Oppe på veggen hang det eit pent og instruktivt skilt: Flekke kafé. Når framandfolk prøve å finne kafeen, vart dei litt i villreie. Kvar var døra? Jau, du måtte opp på baksida og banke på, og då kom Marta og Karl og viste deg veg inn i kleven. Så opna dei kjøkkendøra, skubba eit bord bortåt, sette nokre øskjer med snop fram på bordet og spurde kva du ville ha. Eg kan ikkje hugse at eg kjøpte noko anna enn karameller, femøres viss det var knapt med kontantar, tiøres viss eg skulle flotte meg litt. Dixie eller Smørbukk. Knut David assosierte dette snopet så sterkt til Marta og Karl at han på spøk kalla dei for karlameller. Ein hende gong tok eg meg råd til ei lita flaske brus. Denne nymotens brunsvarte brusen som no var å få, kalla Karl for Kosakola. Stort sett var det slike menyar me ungar satsa på. Vaksne karar kjøpte lagerøl, noko me såg på med skrekkblanda fryd: Verte dei fullje, skatru? Eg har høyrt rykte om at folk til og med kjøpte seg speilegg. Men viss nokon som les dette, har kjøpt andre retter, tykkjer eg dei bør leggje inn ein kommentar, slik at biletet vert komplett.
Ikkje le av Flekke kafé, slik utanbygds verdsvane gjester kunne finne på. Når dampen la frå kai og folk rusla derifrå, kanskje for å treffast med ein kopp kaffi i ei stove, gjekk nok me yngre inn i kleven til Marta og Karl, kjøpte vår karamell og kanskje ei lita brus, og så sat me lunt og godt og let praten gå.
Det var nett det me trong der og då.

mandag 23. januar 2012
DAR KJEM DAMPEN
Me her vest har to fedrelandssongar. Den eldste og beste heiter Nordmannen, men me seier helst Mellom bakkar og berg. Den andre er like god og heiter Dar kjem dampen.
Dette med rutebåten og vestlendingen var eg innom i går. I dag må eg nesten skrive meir om dampen, og atter ein gong går tankane til barndomsbygda Flekke, som miste rutebåten for vel førti år sidan. For ordens skuld: Her sleng kanskje ein og annan ung lesar innom sida mi som ikkje har fylt seksti eingong. Dei treng ei presisering: Dampbåtar var ikkje lenger vanleg ved bryggja heime, og heller ikkje ved andre bryggjer på femti- og sekstitalet. Men av gammal vane sa alle dampen, jamvel om det lukta diesel og solarolje frå maskina, og røyken frå skorsteinen var sparsam. Så veit du det.
Dampen seig inn Flekkefjorden fleire dagar i veka, men det var om sundagane han var mest populær. Når folk hadde ete middag og strekt seg ei stund på sofaen, rusla dei på kaia, alle som ein. Og dar kjem dampen! "Her kjem eg!" signaliserte han med eit langt, mandig ul. Roleg og sindig som fjordagampen la han seg til kaia, fekk trosser og landgang på plass og starta opp vinsjen. Så var det å få mjølsekker og posten på land, kanskje òg ein sofa eller ein motorsykkel, og så heiste dei slakteferdige oksekalvar og utmjølka kyr om bord. Dei fekk seg ein luftetur med vinsjen og hang og dingla ei stund høgt til vêrs med eit teppe under magen og sende forundra blikk til oss som stod på land. Stundom dukka det jamvel opp ein passasjer eller to, men i velmaktsdagane mine reiste me helst med buss til Sogn og tok MS Sognefjord.
Etter ein times tid sa dampen farvel med ein serie bjølleslag: DING... DING...DING... DINGELINGELINGELINGELINGELIN... DING ... DING .....DINNNG og seig vørdeleg ut på fjorden og forsvann på vegen til nye bryggjer, nye folkemøte. Dar for dampen!
Att stod me og let praten gå. Nokre avtalte nonsbesøk etter at Torkjell hadde sortert og delt ut posten, andre stakk opp på Flekke Kafé.
Kafé i Flekke? Den lyt eg nemne i neste blogg.

søndag 22. januar 2012
TEK DU BÅTEN FRÅ EIN GJENNOMSNITTS VESTLENDING
... skreiv ikkje Ibsen om, men han burde ha gjort det. Han kunne ha skapt eit høgreist skjebnedrama, ein tragedie som hadde gjort han endå meir udødeleg, iallfall i kyst-Noreg.
Å miste rutebåten er som å ta vekk litt av sjela vår. For nokre dagar sidan gjorde fylkesrådmannen seg tankar om å spare nokre millionar ved å fjerne snøggbåttilbodet mellom Bergen og Sunnhordland. Politikarane greidde å kvele ideen ved fødselen, ære vere dei for det. Hadde dei ikkje gripe inn, ville me ha fått eit folkeopprør her i Sunnhordland som ville fått sjauen i Egypt i fjor til å minne om eit landsens syttandemaitog.
For ein del år sidan miste Sunde ferja. Rett nok vart det bygt nytt ferjestø i Opsangerneset, så det var ikkje det aller verste som kunne skje. Men for sundebuen var det eit hogg mot hjarteregionen. Kort tid etter følgde snøggbåtane med. Så miste me Os-båten her i ytre Kvinnherad for at indrelutarane skulle få eit båtsamband med Bergen. Det hjelpte ikkje kor me gret og skar tenner her i ytre luten.
Verkeleg stormfullt vart det då ferja slutta å gå om Opsangerneset då Halsnøytunnelen kom. Det nye ferjestøet ligg der som ein diger parkeringsplass. For snøggbåtane går der enno, gudskjelov, og no har pendlarane god plass til bilane sine der på kaia. Så litevetta godt har det sive ut av det fælslege ferjerovet.
Hin dagen laut ferja gå dit, sidan Halsnøytunnelen vart stengd i nokre få timar. Hadde me vore litt vakne, burde me ha mobilisert mannskoret (som ligg på sotteseng), skulekorpset og trekkspelklubben og teke imot henne med fagnad og flagg.
I staden får me halde eit auge med fylkesrådmannen.

lørdag 21. januar 2012
MEININGA MED LIVET
No dreg eg det for langt. men det er av og til lurt å ha ei fengjande overskrift når det ein skriv, er tull og vas. Eg skriv likevel, så får du sjølv avgjere om dette har noko med overskrifta å gjere.
Eg avsluttar hermed - i allefall for overskodeleg framtid - serien om bortkasta og unyttig lærdom. Men først vil eg nemne litt om ein altfor lite påakta roman frå 1985, "Professor Moreaus løyndom" av Ragnar Hovland. Det er litt av ein røvarroman, eit herleg samansurium av galne påfunn. Mot slutten av boka kjem hovudpersonen kaptein Margalo fram til professor Moreau og får oppleve den fantastiske oppfinninga hans. Det er ei diger maskin, seks meter høg og tolv meter lang, samansett av "fleire tusen delar som eigentleg ikkje hadde noko med kvarandre å gjere, men som likevel greip fullkome inn i kvarandre." Så får me ei opprekning av nokre av dei merkelege komponentane, alt frå ein egyptisk mumie, ei symaskin, femti munnspel til ei rad med cockailglas. Professoren startar maskina, ymse figurar livnar til, og det kjem ut ei rad ulike lydar, lys og fargar. Kaptein Margalo er mållaus, gripen av ein eufori. Poenget med maskinen, fortel professoren, er at ho er totalt nyttelaus. Rett nok kan ho mikse herlege drinkar, elles kan ho ikkje brukast til noko som helst. Bortsett frå å sjå på. Og ei slik flott verdsmaskin som er utan ein kvar nytteverdi, er så farleg for stormaktene at dei set alt inn på å få henne øydelagd.
Tilbake til røynslene mine med unyttig og bortkasta kunnskap. Eg gjev til slutt ordet til den kloke storebroren min, som skreiv i ein kommentar: "... det er noko som kallast "livsvisdom", og som er samansett av nyttige og unyttige element i komplekse strukturar."
Sant nok, Steinar!

onsdag 18. januar 2012
MEIR UNYTTIG TULL
Eg må snart gje meg med dette pratet om unyttig lærdom. Eg har mange moment på lista mi som eg ikkje skal utdjupe. Eg seier berre at hadde det ikkje vore for at eg vart lærar i fleire meir eller mindre unyttige fag, kunne eg nemne:
- Gammalnorsk. Eller norrønt, som me vande oss til å seie på universitetet. Eller gammalislandsk, som islendingane meiner er den rette nemninga.
- Litteraturkunnskap. Kva skal me vel med dette? Ikkje nok med at eg har lese mengder med oppdikta historier om havet, kjærleiken, døden og meininga med livet. I tillegg har eg forsøkt både å lære meg sjølv og å lære andre korleis desse tullehistoriene skal tolkast.
- Fransk. Det har eg nemnt før. No har eg faktisk fått bruk for språket, ikkje berre fordi eg vart fransklærar, men fordi franskmenn helst snakkar og skriv fransk. Hadde dei gjort som engelskmennene og halde seg til engelsk, hadde me sloppe dette. Aller helst burde dei ha gjort som sunnfjordingane, snakka sunnfjordmål og skrive nynorsk. Hadde dei berre gjort det, hadde fransken vore heilt unødvendig og bortkasta. Men den gong ei.
- Historie. Det har eg forklart og grunngitt før.
- Shakespeare. Han måtte me lese om og av på gymnaset. Jau, eg fekk bruk for dette ein gong: eksamen på engelsklinja på Firda i hine hårde dage.
- Avlyd.
- Werners lov.
- Weber-tesane.
- Spinoza.
- Meininga med livet.
No begynner det å gå rundt for den gamle bloggaren, god kveld! (Nei, du tek feil: Eg er klin edru!)

mandag 16. januar 2012
GERUNDIUM OG GERUNDIV
Denne latinen som eg skreiv om sist, fortener ein ekstra bloggtekst. Trass alt kosta det meg litt strev og møye å ta den eksamen. Så sjølv om faget var bortkasta og unyttig, må eg kunne bruke det til bloggmat.
Då eg kjende på kroppen og såg på kalenderen at eksamen nærma seg, fekk eg farten opp på lesinga og pugginga. Eg tapetserte innsida på hybeldøra mi med store papirark der eg hadde skrive opp mønster på bøying av verb og substantiv i alle slags deklinasjonar og konjugasjonar. Så kunne eg stå der og høyre meg sjølv kvar gong eg skulle ut på do, ut etter kaffivatn eller ut på by'n. Det var ein kvisthybel som mange andre; me laut på gangen og bort ein lang korridor for å gjere vårt fornødne eller hente vatn. Kaldt vatn. Skulle eg ha varmt, måtte eg verme det på plata. Dette var ikkje så verst etter 1965-standard: Kamerat Roald laut gå frå kjellaren og til tredje etasje for å få gjort frå seg. Då eg budde på Radøy som erstatsningslærar, laut eg gå ned trappa, ut på garden, rundt skulehuset og inn på utedassen der.
No må eg ikkje gløyme at dette skal handle om latin. Siste par dagane før eksamen sette eg meg ned i lag med Dagfinn og Roald, to gilde nordfjordingar som eg begynte å studere i lag med. Me samarbeidde oss gjennom tekst etter tekst, omsette og kommenterte kvar minste grammatiske snurrepiperi og kjende kor motet voks. Ein av dei aller siste tekstane me greip tak i, var eit stykke frå De bello Gallico av salige Iulius Gaius Caesar. Midt i forteljinga om dei underlege gallarane som han kriga med, dukka det opp eit snurrig uttrykk. Me vart samde om at dette var ein gerundiv. Så viss me får dette til eksamen, skriv me at det er gerundiv, sa me i kor.
På eksamen fekk me stykket frå De bello Gallico. Me gneid oss i hendene, for dette kunne me. Me omsette, kommenterte og synte at me kunne meisle ut nokre setningar på latin som ei omsetjing frå ein kort, lett norsk tekst.Men då eg kom til den før omtalte grammatiske nøtta. fekk eg anfektelsar. Eg drog i tvil vurderinga vår frå kvelden i førevegen og bestemte meg for å skrive at det var gerundium. Så då skreiv eg det, grunngav og leverte inn.
Etterpå hadde me ei lita oppsummering oss imellom. Då tilstod eg at eg hadde skrive at det var gerundium, ikkje gerundiv, og at eg hadde gode grunnar for å meine det. "Kva!" ropte Dagfinn og Roald og skulte stygt. "Var vi ikkje einige om å skrive gerundiv?" Eg vart skulda for å vere usolidarisk og det som verre var. Eit ord er eit ord, ein mann er ein mann.
Me greidde eksamen, alle tre. Rett nok var Roald frykteleg bange, for han meinte at han hadde kome i skade for å bøye posse feil.
I så fall var det ikkje min feil.

torsdag 12. januar 2012
UNYTTIG LATIN
I serien min om bortkasta innsats på unyttig lærdom er turen komen til latin. Her har eg solid støtte i klassisk norsk litteratur. Alexander Kielland tok nærmast livet av ein sympatisk ung mann for å prove at latinen var livsfarleg: "Mensa rotunda," svarede lille Marius og døde. (Romanen Gift, kap. 7.)
Eg gav meg i kast med filologistudiet hausten 1965, og opplevde at første året stort sett skulle gå til nokre førebuande fag: filosofihistorie, psykologi, logikk, fonetikk, språkvitskap og latin. Me prøvde å bille oss inn at alt dette var hyggjeleg og nyttig, og me deklinerte og konjugerte etter fattige evner. Kvart einaste jævla verb kunne finnast i om lag 140 ulike former. Og dette ettertrakta verbet dukka ofte ikkje opp før mot slutten av setninga. At romarane var eit utspekulert og vondskapsfullt herskarfolk, er velkjent. Og språket dei tok med seg og prakka på dei undertrykte folka, var ein svært utspekulert torturreiskap. Ikkje berre det, på same vis som arvesynda har det heimsøkt mange generasjonar i ettertid, berre endå verre enn omtalte synd, som kun skulle gå i tre-fire ættledd. Jamvel me, opp i det høge og frie Nord, som slapp åket frå romarane, laut kjempe med språket deira om ein ville opp og fram.
Eg var nett akkurat så gammal at eg ikkje slapp unna, men kort tid etter min eksamen, avskaffa dei den obligatoriske latinen for filologar. Dei som styrte på haugen, oppdaga brått kor unyttig og bortkasta denne kunnskapen var.
Så kunne eg nok seie med Per degn at eg ikkje ville unnvere latinkunnskapane mine for nokon pris. Det er berre det at mesteparten har hamna i den ovtjukke gløymeboka, saman med store mengder av alt det andre eg har prøvd å lese eller lytte meg til fram gjennom åra.
Eg hadde ein inspirerande, flink lærar på begynnarkurset i latin. Han begynte kvar førelesing med eit latinsk ordtak. Somme av dei var både festlege og tankevekkjande. Oportet nos omnia nescire. (Hugsar eg rett no?) Då eg var heime på juleferie og snakka om mine nyvunne latinkunnskapar med døme frå slike ordtak, vart bror Arne interessert. Han delte lærarrom med soknepresten, som likte å slå om seg med ymse sitat, gjerne på latin. "Eg må lære nokre slike så eg kan dupere presten," sa han. Til dømes ordtaket som eg nett har sitert.
Det er rimeleg at me ikkje veit alt.

onsdag 11. januar 2012
UNYTTIG NATURFAG
No dristar eg meg til å seie at eg opplevde mykje av undervisninga i naturfag for unyttig, keisam og bortkasta. Det galdt delvis på folkeskulen og iallfall både på realskulen og på gymnaset. Me skulle til dømes lære oss korleis tre, plantar og ekle dyr såg ut inni, lære namna på kvar minste bit og helst kunne teikne dei. Eg slong med, men tykte ikkje om det.
Inst inne såg eg nok ein viss nytteverdi i litt av dette faget og meinte ikkje at det var berre unyttig. Men det var vel helst karakteren som gjorde at eg la arbeid i lekser og konsentrasjon i timane. Eg leverte jamvel inn herbariet på ungdomsskulen fullt av flatklemde blomar, men såg det aldri att.
Så må eg endå ein gong fortelje om året som erstatningslærar på Radøy, der eg kom fersk frå gymnaset og underviste fjerde- til sjetteklassingar i mangt og mykje. Mellom anna naturfag. Brått fekk eg bruk for litt av det eg halvt medvitslaust hadde konsumert. Ikkje berre det. Nokre av elevane likte faget og vel så det. Skulehuset låg som bygdeskular flest lagleg til, omkransa av skog, mark, bø og bakkar. Så fleire naturfagtimar kunne gjerast unna ute, me kunne plukke blomar, sjå på tre, busker og småkryp.
I bygda var det dessutan ein 4H-klubb som hadde møte i skulehuset, og som eg vart lokka til å ha eit visst oppsyn med når dei var samla. Her gjekk det òg på kjennskap til og stell av plantar og dyr.
Eg hugsar ein av elevane mine. Han sleit fælt med lesing og skriving, var skrøpeleg i engelsk, men ein kjekk plugg. Han var ein ivrig 4H-ar, han dyrka blomar og grønsaker, og han var blant dei glupaste i naturfag. Eg tillet meg ein gong å prøve å forklare kolsyreassimilasjonen og fotosyntesen, dette smarte krinslaupet mellom plantar og dyr med vatn, luft og sol som hovudelement. Det var ein teoritime som var vanskeleg nok for lærarjyplingen og sikkert for mange av dei håpefulle radværingane. Men han guten som eg nemnde, og som sleit i mange fag, sat med lysande auge og forstod.
Jamen trur eg at naturfagtimane var dei aller kjekkaste både for elevane og meg.

tirsdag 10. januar 2012
ANNUITETAR
Mykje av den matematikken eg hadde på gymnaset, var unyttig og bortkasta lærdom. Me hadde mellom anna om noko som heitte amortisering og annuitetar. Hugsar eg ikkje feil, handla det om nedbetaling av lån. Gjeld har eg hatt i store delar av livet, og pengar har sirkulert mellom meg og banken i ein ujamn rytme. Som regel har banken hatt overtaket, men aldri så mykje at dei har ottast at eg skulle gå overende på ei slik vis at eg kunne dra med meg banken òg.
Men altså, på engelsklinja i det gamle gymnaset hadde me matematikk i to år med eksamen. "Berre me ikkje får ei oppgåve med annuitetsrekning!" sukka mange. Det fekk me. Den oppgåva gjorde eg meg fort ferdig med. Eg rekna først med tabell, deretter med formel (om det då ikkje var omvendt), fekk same svaret og kjende meg trygg på at oppgåva var løyst. Det gjer eg enno.
Kva var så problemet? Vel, eksamen gjekk bra, om det ikkje vart toppkarakter. Eg rota meg borti noko som alle ville rekne som lett, meg sjølv inklusive, ei likningsoppgåve der ein tryllar med plussar og minusar. Som kjent kan ein pluss verte minus og ein minus pluss i matematikken under visse omstende, noko med forteikna, hugsar eg ikkje feil. Hegel og Marx er inne på noko som har ein fjern likskap, ein tese føreset ein antitese, og vips, får du ein syntese som verken er a eller b, men ei større eining, om eg forstår dei rett. Dette reknestykket var i grunnen så lett at eg ikkje oppdaga tabben med skifte av forteikn etter ein minus, eg leita og grov på feile plassar og fekk det berre ikkje til å gå opp. Difor snudde eg oppgåva på hovudet og laga ei løysing med provføring som sensorane sikkert godtok. Men tida gjekk, og dei siste minuttane på eksamen skreiv eg i rasande fart svara på det aller lettaste reknestykket, der eg ikkje kom heilt i mål. Dei som måtte leve att av sensorane, undrar seg nok enno over den eleven som løyste annuitetsoppgåva så lett, men ikkje svarte fullstendig på plankeoppgåva.
Etter den maidagen i 1963 har eg halde meg langt unna annuitetsrekning og stolt på at banken greier det. Sidan eg ikkje hamna i den bransjen, må det seiast at innsatsen min på det feltet var bortkasta strev og unyttig kunnskap.
Men det er kjekt å vite at eg løyste annuitetsoppgåva.

mandag 9. januar 2012
FORKLÅRINGA
Me hadde eit underleg fag på folkeskulen som heitte Forklåring. Rettare sagt: Det var ein disiplin i faget kristendom, og han kjem høgt på lista over unyttig lærdom som eg har måtta streve med i min akademiske karriere. Her fekk me prenta inn ei rekkje trusartiklar henta frå den litt meir lettfattelege boka Luthers litle katekisme. Mykje av innhaldet i katekisma var forståeleg nok. Her stod det kva me skulle tru på og kva me skulle gjere og ikkje gjere. Alt var ikkje like klart, saktens. Nattverdssakramentet og Den Heilage Ande er to element som me sleit med.
Men forklåringa var endå merkelegare. Det var ei bok med kvast formulerte spørsmål og like lakoniske svar. Verken spørsmåla eller svara var særleg lette å begripe. Eg trur ikkje ho opna for andre spørsmål om me sat og grunna på noko. Men me pugga dei som stod der med tilhøyrande autoriserte svar, reiste oss opp og lirte spørsmåla og svara av oss, og så var dei gløymde.
Eg er ein tolig mann, men eg slit med å kome på om dei har hatt nokon nytteverdi, desse timane med pugging og utspørjing. Det måtte om så vere evna vår til å pugge. Den evna har ikkje elevar flest i dei klassane eg slit med. Iallfall ikkje når det handlar om franske gloser og grammatiske reglar.
Men det er kanskje avdi dei innser at dette er heilt bortkasta lærdom. Det skjønte ikkje me då me pugga forklåringa.

søndag 8. januar 2012
SKJØNNSKRIFT
I serien om den unyttige lærdommen eg har slite med ut gjennom livet, vil eg ta for meg skjønnskrift. På Flekke skule lærte me å skrive, javisst. Skrivereiskapen var eit kapittel for seg: Pennhaldar, stålpenn, blekkhus med blekk, dyppe pennen i blekkhuset og føre han over papiret utan å søle for mykje. Bruke trekkpapiret med faste mellomrom, og ikkje ha att skriveboka før blekket var turka. Eg lærte det så nokolunde, men ein del småflekker og undødvendige blå strimer vart verande i skriveboka og let seg ikkje viske vekk med særleg hell. Denne kunsten er det lenge sidan eg har hatt bruk for. I nostalgiske stunder drøymer eg nok om å kunne skrive på denne måten, men det er bra at eg heller kan skrive på maskin: Av omsyn til dei som skal lese. For det var ikkje nok finmotorikk i fingrane mine til at eg nokon gong fekk meir enn Godt i skriving på barneskulen. Og særleg betre er det ikkje i dag med den tamen.
Men skrivekunsten skulle førast vidare, me skulle skrive vakkert. Her var det at eg mislukkast, om ein då ikkje roar seg med at karakteren Godt er godt. Skrivetimane på skulen var forresten ikkje så verst. Me fekk utdelt skrivebøker med noko som likna notelinjer, og det stod ein tekst me skulle kopiere. Annakvar remse med hjelpelinjer var blank, og der skulle me skrive. Linjene skulle hjelpe oss til å halde rett dimensjon på bokstavane. Eg skreiv og skreiv, og lærar Årøy kom med ei ny skrivebok når eg hadde skrive ut den gamle.
Men dei tekstane me skulle skrive av, var slett ikkje dumme. Diktet "Då Olav lærde lesa" frå Storegut av Aasmund Olavsson Vinje var ein av dei. Då eg hadde skrive ut ei mengd skrivebøker, kunne eg diktet så godt som utanåt. Ein del sit att framleis:
"Dei seier at tidi ho lid og ho skrid og fram mot eit betre seg søker. Min ungdom fall inn i ei underleg tid då fyrst upp til oss det kom bøker" ... "Ei bok var ei æra, eg minnest det tidt, i høgsetet sat ho som gjesten..."
Og meire til. Det kom altså noko ut av skrivetimane. Det som ikkje hang att, var skjønnskrifta. Den lirka eg og lempa eg på i åra som kom, men skjønn vart ho aldri.
Nokre år seinare stod eg faktisk på Nordanger skule på Radøy og underviste i skriftforming. Ikkje le, eg laut berre ta det som kom i denne sjetteklassen eg hadde hovudansvaret for. Det einaste eg slapp unna, var rekning og sløyd. Eg doserte både bibelkunnskap og song med dei. Men dei hadde ikkje skjønnskrift, dei skulle skrive formskrift. Eg apa etter mønsterbokstavane av fattige evner og viste dei på tavla, og ungane klaga ikkje.
På timeplanen stod det skriving, men mesteparten av innsatsen min i skrivetimane gjekk til høgtlesing. Eg las høgt frå barnebøker eg sjølv hadde likt då eg var unge. Halvor Floden, Ragnvald Vaage og meire til. Reine gutebøker som eg hadde likt, gjekk ikkje godt. Då protesterte jentene. Det laut vere bøker som handla om både jenter og gutar. Der lærte eg noko. Så der sat eg bak kateteret og las, mens dei små balte og forma bokstavar i skrivebøkene sine. Stundom datt pennen ned og munnen opna seg når forteljinga vart altfor spennande.
Skrivetimane var av dei kjekkaste timane me hadde. Og så lærte eg litt formskrift.

fredag 6. januar 2012
RUND DAG
I dag for seks hundre år sidan vart det fødd ei lita jente i den vesle avsides landsbyen Domrémy Frankrike. Tretten år seinare meinte den svært fromme tenåringen at ho høyrde Guds stemme, og at ho såg englar. Som syttenåring insisterte ho på at ho skulle føre den ukrona, tafatte kong Karl til siger mot engelske okkupantar og svikefulle burgundarar fordi Gud hadde pålagt henne dette oppdraget. Det utrulege skjedde at ho fekk dra til kongen sin residens i Loire-dalen og overtalte han til å gjere som ho sa.
Endå meir utruleg var det at ho langt på veg makta rolla som hærførar. Ho kjefta på barske, lurvete krigarar som forguda henne og slutta å banne og oppføre seg bøllete. Dei slost som for livet, jaga engelskmennene på retrett, og franskmennene fekk nytt mot, ny optimisme. Uner leiing av ei syttenårig jente på ein meter og sekstito centimeter og om lag 40 kilo.

To år seinare vart ho teken til fange, ført til Rouen og brend som heks av engelskmennene etter ei merkeleg rettsak. På bålet bad ho om frelse for sjela si og for fiendane sine. Først då angra engelskmennene og uttrykte at "me har teke livet av ei heilag kvinne." Eit par tiår etterpå var engelskmennene jagde frå Frankrike og paven kunngjorde at brenninga var ein tabbe.
Er det rart at franskmennene dyrkar henne som helgen? Og at ho er Anne sitt store førebilete og dermed ei av dei kvinnene eg beundrar mest?
torsdag 5. januar 2012
UNYTTIG LÆRDOM
No på mine gamle dagar går tankane tilbake til så mangt, som du sikkert har merka viss du les bloggen min Til dømes tenkjer eg stundom på alle dei åra eg har brukt på skulegang og utdanning. Mangt og mykje har eg vore innom og lært. Såleis har eg lagt ned mykje tid og krefter i tileigning av unyttig lærdom. Eller i strev med å lære slikt som eg ikkje greidde å lære skikkeleg. Og som eg ikkje fekk bruk for.
I år underviser eg i fransk og historie. Til all lukke er det sjeldan elevane spør om kva dei skal bruke det til, det som eg prøver å få dei til å lære. Slike spørsmål kom oftare før. No spør dei sjeldan. Og viss dei spør, seier eg kanskje at det er opp til dei sjølve. Når det gjeld historie, seier eg stundom at det får dei i alle fall ikkje bruk for. Det er heilt unyttig, viss dei då ikkje skal verte historielærarar. Og det er det dei færraste som, skal. Fransk får dei i alle fall ikkje bruk for viss dei ikkje lærer det. Viss dei ikkje lærer seg noko fransk, kan dei ikkje bruke det til noko anna enn skrekk og åtvaring.
Det var litt om elevane mine. Eg er ikkje så glup til å fortelje dei kva som er vitsen med å lære om føydalismen eller kong Sverre. Eller om gerundiv i fransk. (Det siste greier eg aldri å lære frå meg, forresten. Føydalismen er greiare.) Men viss dei hadde spurt, kunne eg ha fortalt dei om alle timane. dagane, vekene og åra eg har brukt på unyttig kunnskap.
Her har eg bloggmat for store delar av 2012. Så du får følgje med!

søndag 1. januar 2012
GODT ÅR!
Eg har ein eller annan gong bestemt meg for at eg ikkje skal bruke bloggen som dagbok. Men det er kanskje feil. For då kunne eg lett ha fylt nokre linjer kvar dag om skit og ingen ting. Likevel: No skal me ikkje blåse av dei enkle, kvardagslege stundene, dei som me har flest av. Demed vert det nokre få linjer her om laust og fast, ikkje noko mimring frå gamle dagar, ikkje noko spennande frå nye dagar.
Me har hatt ei av dei rolegaste jule- og nyårshelgene eg kan minnast. Retteleg julefred. Dei to yngste gutane våre æra oss med sitt nærvære. Barnebarnet som skulle kome, kom ikkje, ho fekk sykje og greier rett før jul og valde oss vekk. Vegard drog nord att torsdag, men yngste guten vart til i dag. Nyårsnatta gjorde han ære på dei gamle foreldra med sitt nærvære. Me åt ein eksotisk rett (mexikansk?), og etterpå sat i me timevis og såg på elden i peisomnen vår, smatta på noko godt og småprata. Fjernsynet var slått av. Denne jula vart det ikkje skiturar på Tore og meg, slik som i fjor og i forfjor. Hovudgrunnen til det er lett å skjøne når ein ser ut glaset.
Så no er me inne i eit nytt år, og eg har ikkje formulert noko ønske eller lovnad for det nye året. Eg har tenkt på det, men eg tør ikkje.
Eg lovar likevel å skrive ein og annan bloggen i år òg. Ja, eg lovar!
Godt nytt år!

fredag 23. desember 2011
HUGS SMÅFUGLANE!
Slik avslutta klassekamerat Harald russekorthelsingane sine. Me hadde nok alle våre knep for å fange merksemd. Eg kan ikkje hugse at han var særleg oppteken av fugl, anna enn i russetida på Firda i det herrens år 1964.
Dei første åra i her på Eikelandsberget prøvde me oss med julenek til jul. Dei var vakre å sjå på, men me såg aldri ein fugl i dei. Ikkje så mykje som ein liten albatross, ikkje eingong ein struts eller ein fuglekonge. Og slett ikkje sporv, slik som på julekorta. Eg trur ikkje her er sporv her i bygda. Derimot voks det opp havre i blomebedet nedanfor.
Meiser, trast og måsar er her. Og stundom ei skjor. Sidan me gjekk over til fuglebrett, har me spandert kilovis med havregryn og brødkromlar, og i buskane heng det meisebollar. Trasta har førsteretten på brettet, og meisene på meisebollane. Katten til Egil er ikkje velkomen, anten det no er havregryna eller fuglen han er ute etter. Skjorene vert heller ikkje så godt mottekne, jamvel om det er dissens i heimen om dette spørsmålet. Eg for min del har ein viss sympati med skjora. Måsar vil eg derimot ikkje ha på brettet.
Anne meiner at ei hotrast kom tilbake på brettet årvisst; ho kjende fuglen på faktene, meinte ho. Men dei siste par åra meiner ho at den gamle trasta er vekke. Anten det er slik eller slik, her er flust med traster. Og meiser. Jamvel om vintervêret uteblir. I fjor og året før hadde småfuglen stort sett berre oss å lite på.
Trasta takkar for maten med å skite til både matfatet, léveggen kring brettet og terrassen. Ho eig ikkje skam.
Men me har ikkje nissar her på garden, så me trøystar oss med fuglen.
torsdag 22. desember 2011
NIFS NISSE
For folk som ikkje trur på nissen, har eg endå nokre ord å seie. Sjølvsagt var det juletrefestar i ungdomshuset heime så langt tilbake som eg kan minnast. Det var som regel to festar i barndommen. På den første festen var det skuleungane som stod for det meste av programmet. Eg er faktisk i tvil om kven som var den offisielle og formelle arrangøren, skal tru om det var ungdomslaget som hadde ansvaret? Denne festen var i romjula. Så var det ein fest litt seinare, omkring trettandedagen, om eg ikkje tek heilt feil.
Den første festen var langt på veg vår fest. Me baud på opplesing, spørjetevlingar, ja, kanskje eit lite juletablå på scena. Og så gjekk me rundt treet og song mens Veberg'en spelte på det gebrekkelege orgelet.
Høgdepunktet var når nissen kom med appelsiner eller kva det no var han hadde i sekken. Og då må eg fortelje at eit av dei aller tidlegaste minna eg har oppe i skolten, er knytt til nett dette. Kan eg ha vore to og eit halvt år? Tre og eit halvt? I alle fall vart eg så skremd av denne skjeggute fanten at eg hylskreik og gav blaffen i appelsina som eg vart bydd. Eg lét meg ikkje trøyste, i alle fall ikkje før nissen letta på maska og avslørte at det var onkel Anders som løynde seg bak det ofselege, kvite skjegget. Heilt trygg var eg truleg ikkje, då heller. Det var vanskeleg å skjøne at ein skummel nissefant samstundes kunne vere ein snill onkel. Jamvel om han baud på appelsiner.
Du ska'kje ta imot ka so helst hos fremmende manna...

onsdag 21. desember 2011
TUNVÒRDEN
Denne segna fortalde dei gamle. Han gamle Hans var bonde på garden vår midt på attenhundretalet. I Vinjes Dølen står det på trykk ein fyldig variant av segna, nedskriven av ei lærd og tiltaksrik kvinne i bygda. I den varianten står det at det var Søren i Flekke som opplevde dramaet. Far til Hans heitte Søren. Det er vel kanskje slik at dei gamle i barndommen min ønskte å dra soga nærmare si eiga tid. Men slik hugsar eg segna:
Da va rett fyre jul atte Gamle-Hansen hadde vo i Dale et ærend. Da va åt å skymast då han rei heimatte, å då han va komen néom Stavsbrekka, trefte han et par fremmunde kara attemæ Storesteinane. Dei hadde mæ seg ei store drikkekrus, å dei bau han tå bryjja sitt å sa: ”Du ve vel ikkje bere ut jula fy oss?” Krusa va kjøle fine og fyseggjore med syllj og gullj, men Hans’n tømde drikke so va i’inne attom seg. Noke kom på hesteryggjen, å da va so sterkt atte da svei håra tå hesta. Då vart fremmundkarane rasande å prøvde å få fat i an. Men Hans’n rei da fortaste han vannj, å krusa hadde han mæ. Å karane itte. Sørnin i Gara horde spetakkele helt ner i Garatune då dei kom riandes ner Vellereina.
Hans’n gredde så vidt å halde dei unda helt te an kom heim i ovahogstune..Då ropte han på Tunvòren atte han måtte komme å hjelpe te. Tunvoren kom, å da vart ett gruelde basketak. Men Tunvoren vannj yve dei te slutt, men då va an helt utsleten. ”Du må aldre komme so tungt te gars oftare, husbonden min,” sa an.
Den fine krusa vart verande på gara, men eg he’kje sitt’ne. Tunvòren budde på gamlestaulofta, å den som prøvde å leggje seg i senja hass, risikerte å verte hivde ut.
tirsdag 20. desember 2011
NISSETID
På trehundretalet budde det ein snill biskop i Vesle-Asia som heitte Nikolaus. Han skapte seg eit ettermæle som ein snill og gjevmild fyr. Ja, så generøs var han at han vart tilkjend helgenstatus med minnedag den 6. desember. Og då kunne folk minnast gubben med gåver til verdige trengande eller andre snille folk. Men ikkje berre det: Sidan det no var jul, slo folk like godt i hop nikolausmarkeringa med julefeiring, så slapp dei å blakke seg heilt på presangar. Og Nikolaus vart til Nils, som vart til Nisse, eller til Klaus, Klaas eller Claus. Med heilag (eller Sankt eller noko liknande) framfor. Neste gong du ser den amerikanske versjonen i sid kåpe, kan du tenkje på ein bisp i fullt skrud. Kva nordpolen har å gjere med fyren, forstår eg ikkje.
Her oppe i Norden tok me til takke med ein liten, hauggammal gubbe som stort sett budde på låven eller i eit anna uthus. Ja, ofte budde han i ein haug ved tunet - Haugbonden eller Haugkallen. Han heitte ikkje nisse før danskane begynte å forveksle han med bispen frå Myra. Svenskane kallar han for Tomten eller Tomtegubben den dag i dag: Gubben som heldt til på tomta, eller i tunet. Tuftekallen var eit anna namn. Eller Tunvorden, som tyder tunvaktaren. I grunnen var han gjenferdet etter han som rydda garden, difor kalla somme han for Rudkallen. Og hans lagnad og misjon var at han ikkje kunne døy skikkeleg, men passe på at garden og folket der var på stell. Det minste ein då kunne gjere for han, var å gje han eit fat graut julenatta.
Eg er så heldig å vere oppvaksen på ein gard der det budde ein tunvord, som dei sa. Han budde ikkje i løa, men i "gamlestaua" - gamlastovo ville det verte på sunnhordlandsk. Oppe på loftet der stod ei seng, og der sov tunvorden. Viss du tillèt deg å leggje deg i den senga, risikerte du at han kasta deg ut. Så seier segna. Gamlestaua er riven, og eg er slett ikkje sikker på kvar tunvorden held til lenger.
I morgon tek eg og skriv om då han verja husbonden mot trollpakket i Stavsdalen.

mandag 19. desember 2011
BEINET SOM GJER AT SAUEN IKKJE KAN SNAKKE
Me hadde skoltesundag i går i Bekkjarvik. No er det å seie at eg har ikkje eigenhendig flådd, salta og røykt skoltane i år. Liekeeins som i fjor gjekk me på krambua og kjøpte. Dei kom frå Voss, heitte smalahove, var svidde og ikkje flådde, var i meste laget salta og skamrøykte. Alle rundt bordet (Anne, Tore og eg) var samde om at sjølvgjort er velgjort. Sist me flådde skoltar sjølve, var Tore delaktig. I år har eg fått mykje sneiord frå den kanten for at eg ikkje har kome meg til med flåing sjølv. Men neste år, seier han, neste år får eg goood tid til å hente heim skoltar og flå. Ja, hente frå slaktehuset i Ølen, meiner han nok. Så drastisk er ikkje han heller at han meiner eg skal til skogs og jage heim smale til flåing.
I barndommen min brukte dei gamle å vise fram eit bein som ligg i overgangen frå tunge til svelg i saueskolten. "Sjå her," sa dei og heldt beinet opp i vêret mellom tommelen og peikefingeren, "her er da beine so gjere at sauen ikkje kan snakke!" Sjølv har eg nok gjort det same gong etter gong. Men i går var det Anne som i triumf rette fram beinet: "Her er det beinet du snakkar om, som gjer at sauen ikkje kan snakke!"
Eit slikt bein har nok ikkje eg bak i kjeften.

onsdag 14. desember 2011
PRODUKSJON AV JULEHEFTE
På denne dagen, som hadde vore bursdagen til Arne storebror om han hadde fått leve, kan eg ikkje unngå å dra han inn i forteljinga. Eg knyter dessutan skrivinga opp til gårsdagen og temaet julehefte.
Eg var ikkje fornøgd med berre å lese og selje hefte i gamle dagar. Eg fann det nødvendig å produsere eit hefte sjølv. Eg hadde (og har) fire syskenborn som eg hadde mykje omgang med - i alle fall dei tre gutane Ove, Asbjørn og Peter. Else Karin er nokre år yngre, ho er jente og heldt heller lag med systera mi, for dei er jamgamle. No har eg fått presentert syskenborna mine i Flekke. Dei budde eit par kilometer frå heimen vår, Peter eldstemann er nokre månader yngre enn meg, og så var det om lag to års aldersskilnad mellom dei tre gutane.
Så var det julehefteproduksjonen. Eg reiv ut nokre midtsider or stileboka, skreiv og teikna. Men dette siste var ikkje mi sterkaste side. Derimot hadde eg ein storebror som meistra det meste. Også å teikne. Eg leigde han inn til å teikne ei lita steinhytte som gutane i ei forteljing lødde opp ein uvêrsdag. Det var - slik eg trur eg hugsar det - ei naudløysing dei tydde til for å få tak over hovudet. Men hytta vart for fin til å passe med forteljinga. Arne sette nok si ære i å teikne ei pen steinbu. Dermed laut eg skrive eit tillegg til forteljinga: Gutane la seinare ned tid, omtanke og arbeid i å mure seg ei pen leikehytte der den samanraska bua stod.
Eg var tidleg ute, eg begynte arbeidet med heftet i oktober. Til jul fekk ilkjensungane overrekt produktet, som kanskje var til større glede for utgjevaren enn for dei potensielle lesarane.

tirsdag 13. desember 2011
JULEHEFTA
Kvar i all verda er
julehefteseljarane? Me har ikkje hatt
nokon slike handelsfolk på døra i år. Rett nok hadde dei nok kome til fånyttes,
for me har kjøpt inn dei hefta me treng. Smørbukk, Tuss og Troll, Vangsgutane, Stomperud, Blondie og Nemi. I år som i fjor.
Og året før. I mange år. Dei kjem på bordet julafta og hamnar i ein boks oppe på hemsen om lag samtidig med
at juletreet vert kasta ut. Nemi har me ikkje mange årgangar av, men samlinga
av dei andre tek etter kvart imponerande dimensjonar. Me har ein del av dei som eg
gøymde og hegna om i min barndom og. Ja, ein gong eg hadde pengar til overs,
kjøpte eg ein bunke gamle smørbukkar frå førtiåra. Nokre av dei eksisterer framleis.
Eg dreiv nokre år og gjekk på dørene med hefte, eg og. Det var vel rundt komfirmasjonsalderen, plluss/minus. Hugs på at me vart tidleg vaksne på den tida og konfirmerte som fjortenåringar. Takka vere heftesalet sopte eg inn litt kapital som kom vel med i julestria. Eit par år gjorde eldste son min det same. Me budde på Husnes, han var vel åtte-ni år, og han rusla rundt med ein bunke Smørbukk, Tuss og troll og Juletre. I dei dagar skreiv eg noko som kan kallast forteljingar og fekk på trykk i Norsk Barneblad og jamvel i Juletre. Gutlarven brukte meg som argument for å få selt bladet: »Pappa har skrive i det.» Eg veit ikkje om det hjelpte det grann. Dei kjøpte iallfall Smørbukk, men der hadde ikkje eg noko ansvar for verken tekstar eller teikningar, heldigvis for bladet.
I min barndom, og før eg begynte som agent for julehefte, var det ein godt vaksen kar frå ei nabobygd som la ut på handlarferd med julehefte i veska. Jul etter jul. Nokre kroner vart det. Men vel så god butikk gjorde han på at han fekk både middag og nonsmat hos dei potensielle kundane sine dei dagane.
Så lur var ikkje eg.

mandag 12. desember 2011
BLESMETID
Eg spurde ein sauebonde som sit på arbeidsrommet på skulen om sauene hans hadde blesma bra no i det siste. Han såg spørjande på meg og lurte på kva eg meinte. Eg laut fram med ei forklaring, og då kunne han opplyse at det stod bra til i sauefloren. "Kva seier de då om sauer når dei vil parast?" "Tja, me kan no seie at dei byr seg ...," var svaret, som kom med usikker røyst.
No tenkte eg med meg at denne bonden, som er lærarson frå Voss og gift til ein gard i Kvinnherad, ikkje har gjort seg nok kjend med terminologien i faget. Så eg spurde ein annan sauebonde, innfødd kvinnhering frå indre luten, kor det stod til med blesminga. Han var like undren. Men språkinteressert er han og ville gjerne vite etymologien bak ordet. Til no har eg ikkje funne ut det. Men ordet er oppslagsord i fleire slags ordbøker og finst jamvel både på Island og i Sverige. Det er altså ikkje noko som me sunnfjordingar har dikta opp.
Eg vil tru at dei fleste sauene har fått sitt no, at julestemninga snart kjem sigande til saueflorane, og at desse ullute beista ikkje får mistanke om kva me skal ha på duka bord julafta.
Det er ikkje mykje eg har å fortelje om blesming og saueparing frå mi tid som bondegut i Flekke. Frå og med 1961 var eg som regel heilt andre stader enn i og kring saueflorane. Men eitt år, truleg første året i studietida, kom eg tidleg heim om hausten. Ferdig med mitt philosophicum. Då vart eg send ned etter avlsvêren fordi det var sauer i floren vår som blesma. Eg gjekk og henta vêren, som følgde meg med verdige, rolege steg opp vegen, over brua og forbi Finnfloren. Der ville han inn. Han insisterte, men eg protesterte. Eg måtte hale og dra, lokke og truge for å få han derifrå og med meg heim.
"Korleis finn han rette sauene?" spurde eg papen. Det var dumt spurt, skjønte eg: "Da he'kjan nòke problem mæ," fekk eg til svar.
Då er det sikkert verre for mannfolka.

lørdag 19. november 2011
ENDÅ EIN BURSDAG
Om lag slik såg ho ut på den tida eg for første gong var med og feira bursdagen hennar. Då ho naut denne frukosten, hadde det gått nokre månader sidan omtalte feiring, me var nyforlova og vel forlikte.Det er eit svært rundt år ho fyller. Del det på to, del det ein gong til på to, del det du då fekk, på to, del det på to ein gong til og endå ein gong. Og del det på to for siste gong. Kva fekk du då?
For førtifire år sidan var eg med for første gong og feira dagen hennar. Sjølve bursdagen begynte nok klokka tolv den festnatta. Me var nokre få selskapsløver og selebrerte henne og eit par av veninnene hennar som hadde bursdagar nett på den tida. Strengt teke burde eg ha sete heime på hybelen på Lægdene og lese meg opp til eksamen i historie, som gjekk av stabelen i dei dagar. Men kva gjer ikkje riddaren for ei jomfru?
Den bursdagen hennar eg hugsar best, var ti år etter den eg no har skrive om. Me budde på Husnes, me var svært så etablerte med tre fortryllande gutar, me feira trettiårsdagen til Anne, og me venta gjester frå Os: Sunniva, Anders og dottera deira. Dei skulle kome med herøysundsbåten om kvelden, og Anne drog av garde med Asconaen og skulle hente. Det var snakk om ei mils køyring. Den hausten kom vinteren tidleg, det var kuling og snøkave,og slett ikkje noko vêr å dra ut i. Eg sat att åleine med dei tre smårollingane og venta.
Då tida var moden for heimkome, var det ingen bil, ingen Anne og ingen bjørkelofamilie å sjå eller høyre. Tida gjekk, eg vart meir og meir fælen. Ute ulte det, og snøen fauk horisontalt, vertikalt, og i endelause mengder. Klokka gjekk, ein halv time, tre kvarter, ein time over tida. Hugs at det ikkje var mobiltelefonar i kvar ein lomme på den tida; skulle du ha noko slikt, måtte du betale ein formue og ha svært god plass, dei var store som amerikakoffertar. Nei, me hadde ikkje eingong fasttelefon på den tida. Ikkje lett å finne ut kva for grusam ulukke som hadde hendt. Eg såg for meg ein bil som låg endevend utfor ein hammar med ei sundslegen trettiårs jente, eg heldt på å sprengjast av panikk. Kva skulle eg seie til gutane, som lurte på kvar mamma vart av?
Der kom det folk på døra! Lensmann og prest, kanskje? Nei, under over under, inn kom tre store festsugne og ein liten søvnig snømann, alt vel, båten var berre halvannan time for sein på grunn av uvêret.
Heldigvis har eg sjåføren enno! Men i kveld er det ikkje snø i lufta, temperaturen er oppunder ti varmegrader og det er vindstille.
Me har hatt ei roleg feiring med yngsteguten. Ingen gjester frå Os i år, nei! Og herøysundsbåten er innstilt for fleire år sidan.
onsdag 9. november 2011
KARL DEN STORE
I dag skal eg ikkje skrive om hendingar på taket. I dag skal eg bable om laust og fast. Til dømes om Karl den store. Elevane mine i historie har fått som oppgåve å lage eit kjapt historisk spel om kroninga av Karl juledag år 800. Det har tidlegare elevar gjort med vekslande hell. Dei fleste har kosa seg litt med det. Klassen er oppdelt i grupper på fire-fem elevar, og alle gruppene skal altså spele denne sentrale hendinga i europeisk historie. Kvar gruppe får fem-seks minutt.
Han Karl hadde nyleg redda paven frå eit fornedrande fangenskap hos langobardane. Såleis hadde kongen eit godt tak om den maktglade paven. No var Karl på julevitjing i Roma, og under messa i den gamle Peterskyrkja kom forlåte meg paven bort og sette keisarkrona på hovudet til frankarkongen. Heilt utan varsel, er det sagt. Vest-Europa hadde ikkje hatt keisarar sidan den siste vestromerske keisaren med det strålande namnet Romulus Augustulus vart avsett i året 476 av germanarhovdingen Odovakar. Då var det om lag ingen ting att av det mektige Romarriket, trass i det flotte namnet på keisaren. Det vil seie, med Konstantinopel som hovudstad var den austlege delen av riket i full vigør.
Kong Karl var frankar, altså av germansk ætt, og no skulle han rykkje Romarriket ut or dvalen. Eg er søren meg ikkje sikker på om kongen tykte meir om denne uvarsla pavegjerninga enn han Obama tykte om å få Nobels fredspris. Det å få gåver og utmerkingar har sin pris. "Eg fryktar grekarane, og spesielt når dei gjev oss gåver," sa trojanaren då han fann den digre trehesten på torget. Like etter sprang dei væpna grekarane ut or hesten og inntok byen.
Ut gjennom mellomalderen brukte paven og tilhengjarane hans å peike på hendinga juledag år 800 når praten kom inn på kven som skulle styre kven, keisaren eller paven: "Sjølvaste Karl den store fekk keisarmakta frå paven ved kroninga. Ergo står paven øvst!" sa kyrkjefolket. Dei laga jamvel forfalska dokument som skulle prove at Karl var samd i ei slik rangordning.
I 1804 henta førstekonsul Napoleon paven frå Roma til Paris, men diktatoren sette keisakrona på sitt eige hovud og på fru Joséphine. Paven fekk berre sjå på.

tirsdag 8. november 2011
ULING MOT MÅNEN
Eg har vore oppå andre tak enn vårt. For om lag tjuefem år sidan hadde me ei festsleg samkome på Husnes hos Svanhild og Gunnar. Dei var våre nære grannar i nokre år, og Gunnar var dåverande kollega og er noverande bloggkollega. Me feira at skuleåret var slutt, at ferien var komen, at sommaren var i full bløming, og at me kunne ta ein fest i lag.
Utpå kvelden oppdaga eg at det var folk på taket. Eg stod på verandaen deira, som har utgang frå stova i andre etasje. Korleis kunne dei ha kome seg opp, tru? Eg ville ikkje vere dårlegare enn dei som sat og skravla der oppe. Då var eg altså tjuefem år yngre og eit kvart hundreår ledigare og sprekare enn no, så opp kom eg, langs takrenner og hjørnebord. Først då såg eg stigen som stod på ein annan kant.
På mønet sat forfattaren Ragnar Hovland, som på den tida var vår gode granne og lærarkollega, saman med eit par andre festdeltakarar. "Kva er det de driv med her?" spurde eg. "Eg fekk så lyst å ule mot månen," fortalde Ragnar.
Så då sat me der og ulte mot månen ei stund før me klatra ned og tilslutta oss festlyden att. Denne gongen brukte eg stigen, eg òg.
Det ryktest i grannelaget at det hadde vore ei underleg dyrisk læte i Haugavegen den natta. Kunne det ha noko med festen hos han Sandvik å gjere? Elle gjekk det ville dyr og luska kring husnovene?
Mange år seinare gjorde Odd Nordstoga suksess med songen om grisen som står og yler. (Somme hefter seg unødvendig med detaljar og meiner at griser yler ikkje, dei gryler. Men denne grisen ylte altså, og det kan me godt seie om stemma frå ein gris i yttarste dødsfare.) Det var Ragnar som skreiv teksten til visa, ikkje han Odd sjølv. Gunnar meinte at songen måtte vere inspirert frå seansen på taket hans. Men dette har Ragnar avsanna: Visa var skriven fleire år tidlegare. Då måtte det i så fall vere omvendt: Tanken om å klatre på taket kan ha vorte inspirert frå testen.
Taket til Svanhild og Gunnar er ikkje så bratt som vårt, men månen er nesten like fin på Husnes som her i Valo.

mandag 7. november 2011
ENDELEG PÅ BANA ATT, OG PÅ TAKET
No har bloggtørken vore heilt urimeleg lang og grunnlaus. Etter press frå bloggfansen (rett nok berre to av dei) har eg bøygt meg for presset og kasta meg over tastaturet. Så skulle ein tru at eg har samla opp eit lass med gode idear. Nei, det kan eg ikkje skryte av. Dermed vert det eit par kommentarar til noko eg har gjort i det aller siste.
Eg har vore på taket. På huset vårt. Eg likar meg godt der oppe når vêret er lagleg og lufta klår. Det er ikkje ofte eg er der, det kan gå år mellom kvar gong. I fjor var eg forresten opp og skrapte laus litt mose. Det ærendet eg hadde no, var å slemme skorsteinspipa. Det gjer eg av og til. Ikkje kvart år, ikkje annakvart heller, men når eg tykkjer ho krev det. Det kan vere to årsaker til det. Dei første åra etter at huset var bygd, trekte ho litt væte, som viste seg på soverommet der ho kjem fram i dagen under taket.. Ein gong kom det forlåte meg ei våt stripe heilt ned i stova.
Huset vårt står på "en værhaard Plæt", som Henrik skreiv. (Nei, han nemnde ikkje huset vårt, det galdt noko heilt anna). Når søraustkulingen og regnet står på som verst, skal det ei god pipe til for å halde alt vatnet på utsida. Det kan finne på å trengje inn i pussen og krype nedover. Det har eg lært. Og då hjelper det med litt Hey'di år om anna.
Men denne gongen var det helst kosmetiske grunnar til at eg klatra opp på taket. Pipa såg litt for grimete ut. Det hadde runne nokre sotflekker ned på sidene, og det grodde grønske her og der. No skin ho som ei brur og er sikkert tett som ein ... tja, kva passar det å skrive her? Brudgom? Nei, det passar ikkje. Nok om det.
Det var synd at eg hadde arbeid føre meg der oppe. Kanskje eg heller burde ha klatra opp for å sitje der og nyte utsikta, sole meg eller syngje "Grisen står og hyler"? Det er fint på taket.
Men det kan vere farleg på eit tak. Kong David sat ein gong på taket og såg grannekona Batseba som lauga seg i hagen sin. Han vart så teken av synet at han fall i synd, og det utvikla seg til ei sørgjeleg historie.
Men eg såg ikkje noka grannekone der eg sat, eg.

Abonner på:
Innlegg (Atom)